64HH47B Demens, psykiske lidingar og plager hos eldre

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Helsefag
    • Studiepoeng
      5
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
    • Studiestad
      Nordnes
    • Studieprogram
      Demensomsorg og psykisk helsearbeid til eldre
    • Startsemester
      2024 Haust

Om emnet

  • Aldringsprosessen og grunnleggande behov
    • Psykologisk
    • Sosial
    • Livets slutt
  • Aldringsrelaterte problemområde som kan forvekslast med demens og psykiske plager
    • Sansar
    • Døgnrytme og søvnforstyrrelse
    • Smerte
    • Sosial isolasjon og tap
    • Krenkelse og overgrep
    • Medikamentbruk
  • Demenssjukdommar
    • Altzheimers sjukdom
    • Vaskulær demens
    • Frontotemporallappsdemens
    • Demens ved Lewy legeme
    • Alkoholdemens
    • Andre demenssjukdommar
    • Kognitiv svikt av andre årsaker
    • Psykisk sjukdom hos eldre
      • Depresjon
      • Angst
      • Psykosar
      • Delirium
      • Personelegdomsforstyrringar
    • Rusproblem hos eldre
    • Suicidalitet og sjølvmord

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • kjenner til ulike hjernesjukdommar som fører til demens og om demenstilstanden
  • kjenner til psykisk sjukdom hos eldre som depresjon, angst, delirium, personlegdoms-forstyrringar, psykose og rusavhengigheit
  • har innsikt i korleis psykisk sjukdom hos eldre og demens påverkar behov, ressursar, funksjonsevne, meistring og livskvalitet, og verkar inn på dei grunnleggjande psykologiske behov
  • innsikt i nasjonale tilrådingar for kvalitet, utgreiing, tilrettelegging og behandlingstilbod for eldre med psykisk sjukdom og personar med demens
  • kjenner til om organiseringa av demensomsorga og psykisk helsearbeid til eldre, og aktørar og samarbeidspartar sitt ansvar og oppgåver

Ferdigheter

Studenten kan:

  • observera og gjenkjenna symptom på ulike psykisk sjukdommar og demenssjukdommar
  • bruka kunnskap om pårørande sine behov
  • observera, kartleggja og rapportera endringar hos pasienten som fører til endring i tiltak- og behandlingsplan
  • kartleggja ein situasjon og identifisera  faglege problemstillingar i forhold til dei ulike sjukdomstilstandane innan alderspsykiatri og demens

Generell kompetanse

Studenten:

  • reflekterer over korleis omsorga for demente og eldre med psykiske problem og lidingar bør organiserast på eigen arbeidsplass
  • reflekterer over korleis ein best kan ivareta pårørande til demente og eldre med psykisk sjukdom
  • kan argumentera med bakgrunn i nasjonale tilrådingar og fagleg kunnskap for korleis ein best kan leggja til rett for best mogleg livskvalitet for menneske med demens og/eller eldre med psykiske problem og lidingar.

Undervisningsformer og aktivitet

ndervisninga vil vera studentaktiv. Det vil seia at studentane må vera førebudd til samlingane. Dette er dei ved å ha nytta seg av nettundervisninga som lærarane har lagt ut i forkant av samlingane og gjera arbeidskrav innan tidsfristane. På samlingane skal studentane arbeida med fagstoffet ved å løysa caseoppgåver i grupper. Dersom ein ikkje har arbeidd med fagstoffet på førehand vil ein ikkje ha godt utbytte av den studentaktive undervisninga.

Undervisninga baserer seg i stor grad på fagtekstar, forelesingar, rettleiing, refleksjonar og arbeid med oppgåver og oppgåveløysing individuelt og i gruppe. I tillegg blir det brukt video relatert til aktuelt lærestoff og rollespel. Undervisninga  og rettleiinga skjer både samlingsbasert og digitalt.

Ein vil i stor grad leggja opp til casebasert undervisning og refleksjon. Rettleiing på arbeidskrav er ein del av undervisninga. Den digitale undervisninga vil veksla mellom å vera asynkron og synkron.

Forkunnskapskrav

Modulane byggjer på kvarandre. Ein må ha fullført modul 1 for å starta på modul 2.

Arbeidsinnsats

Største delen av den nettbaserte undervisninga er asynkron, det vil seia at studentane kan arbeida med lærestoffet på tidspunkt som høver den enkelte. Studiet er tilrettelagt for å kombinera det med å vera i arbeid. Lærarstyrt aktivitet utanom samlingane er eit gruppearbeid der gruppene får rettleiing frå lærar. På samlingane vil ein i stor grad leggja opp til casebasert undervisning og refleksjon. Denne forma krev at studenten er førebudd til samlingane og har arbeidd med det asynkrone lærestoffet i forkant av samlingane. Denne modulen utgjer ca 150 arbeidstimar totalt for studenten.

Vurdering

Vurderingsforma er mappevurdering.

Mappa inneheld:

  • 3 oppgaver

Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
30 Time(r)
Deltid
Asynkron undervisning
20 Time(r)
Deltid
Lærerstyrte aktiviteter utenom samlinger
15 Time(r)
Deltid
Sjølvstudium
150 Time(r)
Deltid

Arbeidskrav

  • deltaking på 5 samlinger
  • 2 refleksjonsloggar
  • 3 "test-deg-sjølv"-oppgåver

For å ha rett til å gå opp til vurdering i emnet, så må arbeidskrava vere fullført og bestått.

Fagressursar

ISBN

Litteratur

Pensum

 

9788280613868

Tretteteig, S.(red.)(2020) Psykiske sykdommer hos eldre. Aldring og helse

Kap. 1, 2, 4 - 10,14 (ca 125 s)

978-82-8061-260-1

Tretteteig, S. (red) (2017) Demensboka. Aldring og helse

Kap. 1-5, 26

(ca 89 s)

978-82-05-53111-6

Kirkevold, M., Brodkorb, K., Ranhoff, A. H. (red.)  (2020) Geriatrisk sykepleie. Gyldendal   KOMPENDIUM

Kap.18,19,21,22, 25 (70 s)

9788278419144

Häikiö, K. (2019) Smerter hos eldre og personer med demens. Medlex norsk helseinformasjon

63 s

 

Tann og munnhelse https://www.aldringoghelse.no/demens/behandling-og-oppfolging/medisinsk-og-helsefaglig-oppfolging-pa-sykehjem/tann-og-munnhelse/

(= ca 5 sider)

 

Tilleggslitteratur (ikkje pensum)

 

978-82-8061-260-1

Tretteteig, S. (red) (2017) Demensboka. Aldring og helse

Kap.6-7

9788280613240

Johannesen, A., Bara, M.L., Engedal, E. og Haugen, P.K. (2017)Yngre personer med demens. Aldring og helse

 

 

Omfanget av vold og overgrep mot eldre mennesker i Norge (2019) https://www.idunn.no/doi/pdf/10.18261/9788215032320-2019-07

 

97882-8216-146-6

Engedal, K. og Bjørkløf ,G.H. (2020) Depresjon hos eldre. Hertvig Forlag

 

Nettressurs

Demensplan 2025: https://www.regjeringen.no/contentassets/b3ab825ce67f4d73bd24010e1fc05260/demensplan-2025.pdf

CAM - skåringsskjema for delir

Medisinsk og helsefaglig oppfølging på sykehjem

Cornell skala for depresjon ved demens (CSDD):

Rettleiiar for utfylling av skjema: https://www.aldringoghelse.no/ah-archive/documents/Cornell_Retningslinjer_Sk%C3%A5r_2019_INT00012_WEB.pdf

MOBID-2: Skåringsverktøy for smerte hos personer med demens

E-læringskurs Depresjon hos eldre

 

Emneansvarlig

Marianne Moberg
Oda Marie Nilsen
Renate Alvestad