Bygningssakkyndig Førde

  • Studiefakta

    • Fagområde
      Bygg
    • Studiepoeng
      120
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieform
      Nett
    • Startsemester
      2023 Haust

Bygningssakkyndig Førde

Om studiet

Utdanning som bygningssakskyndig for tilstandsanalyse dekker eit viktig samfunnsbehov. Utdanninga er med på å fastsette krav til kompetanse for aktørar som utarbeider tilstandsanalysar for bruk ved omsetnad av bustadar.

Behovet for å etablere denne utdanninga i fagskulen er vel fundert og dokumentert. Det offentlege Takstlovutvalget leverte i 2009 utgreiinga NOU 2009: 6 Tilstandsrapport ved salg av bygning. Utvalet tilrådde fleire endringar i avhendingslova for å auke bruken av tilstandsrapportar ved sal av bustadar i forbrukarforhold. Utgreiinga var på høyring i 2009 og 2017/-18, der siste høyring blei følgt opp med ein lovproposisjon om tryggare bustadhandel som blei vedtatt av Stortinget.

Utdanninga er på 120 studiepoeng og er ei fordjuping innanfor utdanning for bygg- og anleggsteknikk ved Fagskulen Vestland. Utdanninga blir utvikla og tilbydd i samarbeid med næringslivet, representert ved Norges Eiendomsakademi (NEAK). NEAK er ein utdanningstilbydar som er eigd av Norsk takst, ein bransjeorganisasjon for takstmenn og takstingeniørar, og NITO, ein fagorganisasjon for ingeniørar og teknologar. NEAK har som formål å sørge for utdanning og etterutdanning av god kvalitet, slik at kompetansen i takstbransjen blir heva, og at bygningssakkyndige kan operere i marknaden og gi tryggleik i bustadhandelen.

Dette tilbodet vil utdanne bygningssakkyndige i samsvar med dei minimumskrava som følger av Justisdepartementet sine forskriftsførebuingar (krav til innhaldet i tilstandsrapportar). I tillegg vil utdanninga dekke risikokonstruksjonar og andre forhold som takstbransjen, forsikringsselskap og forbrukarinteresser meiner er av vesentleg betydning for å sikre ein opplyst og trygg bustadhandel.

Kandidatar med denne utdanninga vil òg vere godt kvalifiserte for vidareutdanning og eit utvida arbeidsfelt innanfor liknande fagområde, som verdivurdering, uavhengig kontroll, skadetaksering, næringstaksering m.m.

Læringsutbyte

Kunnskapsdepartementet har fastsett "Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring" (NKR). Ei toårig utdanning på fagskulenivå skal vere på nivå 5.2 i NKR. For alle utdanningar vert det utarbeidd læringsutbyttebeskrivingar (LUB) for utdanninga som heilskap og for kvart emne. Ein brukar då omgrepa overordna LUB og emne LUB.

Læringsutbyttebeskrivinga viser dei kvalifikasjonane studenten minst skal ha etter fullført utdanning.

Kunnskap

Studenten:

·     har kunnskap om omgrep og teoriar som blir brukte i takst-, bygge- og anleggsbransjen innan berekningsfag, energiberekning, kontroll og vurdering av tilstand, skade, areal og teknisk verdi, reklamasjon, leiing, økonomistyring, marknadsføring, planlegging, geoteknikk og HMT.

·     har god forbrukarvenleg munnleg og skriftleg formidlingsevne om den tekniske tilstanden på bygningsdelar, konsekvens ved avvik og tiltak for utbetring.

·     har kunnskap om kalkulasjon for utbetring av skade på bygningsdelar.

 ·    har kunnskap om digitale og analoge verktøy som blir brukte i arbeidet ved prosjektering, kontroll og utføring, teikneprogram, dokumentasjonsprogram, planleggingsverktøy og oppdragsstyring, oppslagsverk (tekniske og juridiske), og kartlegging/ landmålings-utstyr og vedlikehaldsplanar

·     har kunnskap om dei ulike prosessane og ansvarsforhold i eit bygge- eller anleggsprosjekt og grensesnitt til andre bransjar som elektro og VVS.

·     har kunnskap om korleis ein ved god planlegging kan effektivisere og sikre god kvalitet i eit prosjekt.

·     har kunnskap til å vurdere eige arbeid i høve til lover, forskrifter, standardar og regelverk i bransjen

·     har kunnskap om eldre regelverk for oppføring av bygningar.

·     har kunnskap om kva yrket inneber, og kan med denne bakgrunnen leie og følge opp eit prosjekt når det gjeld planlegging, utføring, kontroll, økonomi og HMT.

·     har kunnskap om risikokonstruksjonar, ulike bygningsmateriale sine eigenskapar, og kan utføre berekningar og vurderingar av tilstand og levetid på konstruksjonar av tre, stål, mur og betong.

·     har kunnskap om fuktproblematikk i bygningskonstruksjonar og kunnskap om utbetringsmetodar.

·     kan oppdatere kunnskap når det gjeld endringar og nyvinningar i bransjen ved å delta på aktuelle kurs, ta i bruk digitale læringsplattformer og å følge med i fagmiljøet og fagtidsskrift.

·     har kunnskap om bransjen si historie og tradisjonelle byggemetodar, stilartar, verktøy og materiale som er nødvendige ved arbeid på eller ved verneverdige bygg eller anlegg.

·     har innsikt i moglegheiter for fagleg utvikling innan takst-, bygge- og anleggsfaget.

Ferdigheter

Studenten kan:

·     gjere greie for aktuelle risikokonstruksjonar, val av materiale og metodar for utføring og utbetring etter tidlegare og gjeldande lover, forskrifter og regelverk i bransjen.

·     reflektere over eiga fagleg utøving når det gjeld prosjektering, utføring og kontroll av bygningskonstruksjonar, og kan justere eige arbeid under rettleiing.

·     reflektere over HMT, kvalitetssikring og eiga fagleg utøving for å oppnå eit godt arbeidsmiljø.

·     gjere greie for faglege val av materiale og metodar for utføring og utbetring som sikrar trygge, varige og sunne bygg og anlegg.

·     finne og syne til teknisk, juridisk informasjon, normer, standardar og fagstoff, og kan vurdere

relevansen for eige arbeid.

·     kartlegge ein bygge- eller anleggsplass og identifisere faglege problemstillingar og vurdere behov for å sette i verk tiltak.

·     kalkulere utbetringar av skade på bygningsdelar.

·     administrere ein tilstandsanalyse-, bygge- eller anleggsprosess gjennom planlegging, økonomistyring, teknisk kontroll, personalleiing, kontraktsoppfølging og HMT.

·     ulike arbeidsmåtar innanfor kommunikasjon og samhandling.

·     formidle godt skriftlege og faglege tekniske rapportar retta mot vanlege forbrukarar.

Generell kompetanse

Studenten kan:

·     prosjektere og utføre byggeprosjekt og kontrollaktivitet, både som ansvarleg leiar og som deltakar i gruppe i tråd med gjeldande lover, forskrifter, regelverk og etiske krav i bransjen.

·     utveksle synspunkt og samarbeide med andre i bransjen, eller samarbeidande bransjar, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis i oppføring av varige og velfungerande bygg og anlegg.

·     bidra til å utvikle prosedyrar og kvalitetssystem for ei bedrift i bransjen.

·     brukast som uavhengig mellomledd, ved å bruke praktisk bakgrunn og teoretiske kunnskapar.

·     bygge relasjonar med kollegaer i bransjen og samarbeidande bransjar, og med byggherrar og styresmakter for å utvide eigen kunnskap.

·     prosjektere, kontrollere, analysere og rapportere tilstand og leie utføringa av større og mindre byggeprosjekt i samsvar med behova til kundane.

·     planlegge, kontrollere og leie gjennomføringa av vedlikehaldsarbeid i samarbeid med eigarar og bygningsstyresmakter.

praktisere «21st Century Skills»-kompetansar, det vil seie kompetansar og læring tilpassa det 21. hundreåret

Opptak

Søkjer må ha fullført og bestått videregående opplæring med fagbrev/svennebrev/vitnemål fra relevant yrkesutdanning fra videregående skole. Søkere som kan dokumentere at de skal gjennomføre fagprøven etter søknadsfristen kan få opptak på betingelse av at fagprøven bestås

Formelle opptakskrav

For studiet bygningssakkyndige for tilstandsanalysar er relevante fagbrev/sveinebrev frå eit av følgjande utdanningsprogram:

  • Tømrarfaget
  • Byggdriftarfaget
  • Betongfaget
  • Murarfaget
  • Røyrleggarfaget
  • tak- og membrantekkarfaget
  • ventilasjons- og blekkslagarfaget

Fagskulen kan etter eiga vurdering gi fritak frå emne som del av ei fagskuleutdanning. Det må då gjerast ei vurdering av omfanget og relevansen av kandidatens bakgrunn i høve til læringsutbyttebeskrivingane i fagskuleutdanninga.

Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse. Realkompetansen må tilsvare læreplanmål i videregående opplæring innen relevant programområde, i tillegg til kompetanse i felles allmenne fag som tilsvarer VG1 og VG2 i yrkesfaglig utdanningsprogram.

Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.

Organisering av studiet

Utdanninga har følgjande gjennomføringsmodell:

  • To-årig utdanning fordelt over tre år som nettbasert studium

 

Utdanninga er bygd opp av emne. Emna består av fleire tema. Kvart emne vert tildelt studiepoeng etter den relative vekta det har i arbeidsbelastning for studentane og læringsutbytte i utdanninga. Det vert gitt 60 studiepoeng for læringsutbytte oppnådd på bakgrunn av eitt års bestått fagskuleutdanning på heiltid og 40 studiepoeng for læringsutbytte oppnådd på bakgrunn av eitt års bestått nettstudium. Ved gjennomført nettbasert studium vert det totalt 120 studiepoeng.

 

 

Timebelastninga for studiumet er på 3400 timar totalt, det vil seie 1130 timar per studieår. Det inkluderer all lærarstyrt rettleiing/undervisning, praksis, eksamensførebuing og berekna eigearbeid for studentane, sjå tabell 3 og 4 i kap. 9.

 

Microsoft Teams vert brukt som læringsplattform for å administrere studiet, og til å formidle oppgåver og prosjekt til studentane. Studentane leverer oppgåver og får tilbakemeldingar på Teams. Teams vert òg brukt til rettleiing av ein eller fleire studentar. Vi nyttar funksjonar som chat, deling av dokument og kommunikasjon gjennom samtale eller video og samtale. Rettleiinga kan vere samtale om kva studenten skal gjere for å utvikle seg vidare.

Arbeidsmengde i Bygningssakkyndig Førde

EmnebeskrivelseEgenstyrt
aktivitet
Timeplanfesta
timer
UndervisningSjølvstudiumSum
65TX00A E1 Realfagleg reiskap00286190476
65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon00152131283
65TX00C E3 Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)00000
65TB00D E4 Byggeprosess00182158340
65TB00G E5 Bygg og anleggskonstruksjonar0019829227
65TB00E E6 Byggesaken00000
65TB58A E7 Tilstandsanalyse av byggverk1321700149
65TB58B E8 Tilstandsanalyse av bustad3785100429
65TB58C BS E9 Bygningsfysikk2424100283
65TX00D E10 Hovudprosjekt00000
65TB58D E11 Geofag og bygningsskade2344600280
65TB58E E12 Offentlege krav og reglar2344600280
Sum12202018185082747
Bygningssakkyndig Førde

Læringsformer

I vårt arbeid som læringsleiar vil mange undervisningsformer og læringsaktivitetar verte brukte. Prinsippet om variasjon i undervisninga gjer at vi nyttar mange læringsaktivitetar. Studentane får høve til å medverke når læringsaktivitetane vert bestemt. Det faglege innhaldet i undervisninga vil i mange høve styre læringsaktiviteten.

 

I nettstudium nyttar vi dei pedagogiske prinsippa vi har skissert over. Vi nyttar digital kommunikasjon for å gjennomføre læringsaktivitetane i periodane utanom samling. Det vert lagt vekt på rettleiing og oppfølging gjennom dialog.

Undervisningsformer

Undervisninga ved Fagskulen Vestland tek utgangspunkt i nyare pedagogisk forsking. Våre lærarar har fokus på å vere læringsleiarar og på den måten gjennomføre effektiv læring for studentane. Å vere læringsleiar er i hovudsak å legge til rette for at studentane vert aktivisert i læringsarbeidet. Vi vel å aktivisere studentane samstundes som vi kortar ned einvegsdialog der lærer føreles i lengre periodar. Sentrale element i vår pedagogikk er læraren sin relasjon og dialog med studentane og studentane sin eigenaktivitet og eigenvurdering.

 

Læringsaktivitetane skal vere relevante og målretta i høve til læringsutbyttebeskrivingane for utdanninga. I det pedagogiske arbeidet vektlegg vi i tillegg til fagleg utvikling, at studentane utviklar evne til sjølvstendig arbeid, kommunikasjon, samarbeid og praktisk yrkesutøving. Vi vel òg å legge vekt på at studentane skal utvikle evne til å sjå teknologien i eit breiare samfunns- og miljøperspektiv og at dei skal kunne foreta etiske refleksjonar.

 

Vi ser det som vesentleg å nytte tovegs dialog i undervisninga. Når fagstoff vert presentert av læraren kan han nytte studentane sine praktiske erfaringar. Erfaringane er gode å knytte til teorien og det skaper gode diskusjonar

Vurdering

Fagskulen Vestland nyttar arbeidskrav i dei fleste emne. Føremål med arbeidskrav er å sikre progresjonen i læringa og ein jamn arbeidsinnsats gjennom studiet. Arbeidskrav inngår i den formative delen av læreprosessen.

 

Arbeidskrav kan bestå av ulike læringsaktivitetar og kan vere individuelle eller i gruppe. Dei mest vanlege er innleveringar, munnlege framlegg/presentasjonar, refleksjonsnotat og medstudentvurdering av refleksjonsnotat.

 

Faglærar vurderer arbeidskrava. For å få sluttvurdering må studenten ha utført dei arbeidskrav som vert kravd i emnet og arbeidskrava må vere godkjende.

 

Dersom studenten ikkje har levert arbeidskravet innan fristen for innlevering, vert arbeidskravet ikkje godkjent. Studentane har høve til å kontakte lærar før innleveringsfristen. Lærar kan i slike tilfelle lage avtalar med studentane. Til vanleg vert det gitt fleire oppgåver enn det som er arbeidskrav. På denne måten kan studenten oppnå det tal arbeidskrav som vert kravd i emnet.

Hovudprosjekt er ein sentral del av studiet. Studentane vil møte prosjekt som arbeidsform når dei skal ut i arbeidslivet. Hovudprosjektet vil difor bli god trening og eit nyttig reiskap.

 

Sjølv om hovudprosjektet skal vere sjølvvalt, ønskjer skulen at studentane i størst mogleg grad samarbeider med næringslivet. Det skaper større realisme og gjer prosjektet meir relevant.

Prosjektoppgåva skal uansett knytast til aktuelle tema i næringslivet.

 

Rettleiing

Prosjektgruppene er sjølv ansvarlege for gjennomføring av prosjektet. Dei har høve til å få rettleiing av lærar i hovudprosjekt-emnet og i noko grad av faglærarane i andre emne. I tillegg får studentane utlevert ei rettleiande prosjekthandbok.

 

Lærarane har rolle som rettleiarar. Kvar enkelt student må ta sjølvstendige avgjersler til beste for gruppa. Eksterne personar i næringslivet kan nyttast ved behov.

Sluttvurdering

Studentane får èin karakter for kvart emne. Emnekarakter gir utrykk for kompetanse som er oppnådd i ulike vurderingssituasjonar i emnet.

I kvart emne skal det gjerast ei sluttvurdering av studenten etter læringsutbyttet i emnet. Vurderingsgrunnlag og -kriterium er beskrive i den enkelte studieplanen. Det skal vere ei heilskapsvurdering av kunnskapane, ferdigheitene og den generelle kompetansen til studenten i alle tema i emnet.

Det er lærarane i emnet som gjer sluttvurderinga. Om vurderingsforma i emnet er ein eksamen, vert det i tillegg oppnemnde ein medsensor (sjå kapittel 7.2 Eksamen).

Arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan få endeleg karakter i eit emne.

 

Sjå Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland, 2022, §5-3 på www.lovdata.no for utfyllande informasjon om klage på emnekarakter.

Eksamen kan brukast som vurderingsform inn mot ein emnekarakter. Studentane skal sikrast ei upartisk vurdering av kunnskapar og ferdigheiter. Ein fagkyndig person vert oppnemnd som medsensor.

Sjå Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland, 2022, §5-4 på www.lovdata.no for utfyllande informasjon om klage på eksamensvurdering.

Vurdering vert gjennomført slik at fagskulen kan vurdere på eit sikkert grunnlag om studenten har nådd læringsutbyttet i studieplanen for utdanninga, jf. fagskoleloven § 21 første ledd.

Det skal nyttast bokstavkaraktar frå A til F. Karakteren A er beste karakter, og F inneber at emnet eller eksamen ikkje er bestått.

 

 

Sjå Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland, 2022, §3 på www.lovdata.no for utfyllande informasjon om vurdering og eksamen.

Sluttdokumentasjon

Studentane som fullfører og består fagskuleutdanning, får eit vitnemål som dokumentasjon.

På vitnemålet står utdanning, eventuell fordjuping og tittel på hovudprosjektet. Vitnemålet inneheld dei emna som inngår i utdanninga. To-årig utdanning på heiltid og tre-årig nettutdanning med samling utgjer 120 studiepoeng. I kvart emne står det omfang i form av studiepoeng og oppnådd karakter. For at det skal kunne skrivast ut vitnemål, må heile studiet vere fullført, og eksamen vere avlagt og bestått.

 

Etter avbroten utdanning eller ikkje bestått utdanning vert det skrive ut ei karakterutskrift som dokumentasjon på kva enkeltemne som er bestått.

 

Vitnemålet vert merka med Vocational Diploma VC, med tanke på internasjonalt bruk. Vitnemålet vil i tillegg innehalde overordna læringsutbyttebeskriving.

Emneinnhold i Bygningssakkyndig Førde

EmnebeskrivelseInnholdStudiepoeng
65TX00A E1 Realfagleg reiskap

Matematikk (6 sp) 

Fysikk (4 sp)

10
65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon

Norsk (7 sp)

Engelsk (3 sp)

10
65TX00C E3 Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)

Organisasjon og leiing

Økonomistyring

Marknadsføring

10
65TB00D E4 Byggeprosess

Energi- og miljøeffektive bygg og anlegg

Tekniske installasjonar

Grunnleggande BIM

Geomatikk 1

12
65TB00G E5 Bygg og anleggskonstruksjonar

Mekanikk

Materialkunnskap

8
65TB00E E6 Byggesaken
  • Søknadsprosedyrer
  • Anbod og kontrakter
  • Kvalitetsstyring og HMS
10
65TB58A E7 Tilstandsanalyse av byggverk
  • Rammer og regelverk NS 3424
  • Etikk
  • Fukt og fuktmåling
  • Rapportformer
  • Tekniske anlegg
  • Konstruksjonar
  • Kalkulasjon
5
65TB58B E8 Tilstandsanalyse av bustad
  • Rammer og regelverk
  • NS 3600, forskrift til avhendingslova
  • Teknisk verdi
  • Konstruksjonar
  • Våtromsnorma – grunnmodul
  • Våtromsnorma - Modul C
  • Uavhengig kontroll
15
65TB58C BS E9 Bygningsfysikk

Bygningsfysikk og inneklima

10
65TX00D E10 Hovudprosjekt10
65TB58D E11 Geofag og bygningsskade
  • Geofag
  • Biologiske skadegjerar
  • Treskadeinsekt og andre skadedyr.
  • Mugg- og råtesoppar
10
65TB58E E12 Offentlege krav og reglar
  • Areal og volumberekning, NS 3940: 2023 
  • Teknisk forskrift med rettleiing
  • PBL med forskrifter og rettleiingar frå 1924
  • Endringar i lovene og forskriftene, eldre byggereglar frå 1924
  • Byggeskikk / Byggteknikk
  • Fagkyndig vitne i retten
  • Fyringsanlegg, skorsteinar og eldstader
10
Sum120

Pensumliste

Bygningssakkyndig Førde

EmnebeskrivelsePensumliste
65TX00A E1 Realfagleg reiskap

Lærebøker E1 Realfagleg reiskap

Ekern, T. & Guldahl, Ø. & Holst, E. (2008) Matematikk for fagskolen. Oslo, NKI Forlaget.

Ekern, T. & Guldahl, Ø. (2009) Fysikk for fagskolen. Oslo, NKI Forlaget.

Tabellar

Pedersen, S. E. & Gustavsen, J. & Kaasa, S. & Olsen, O. (1998) Teknisk formelsamling med tabeller. Oslo, Gyl- dendal.

Tilrådd litteratur

Ekern, T., Guldahl, Ø. & Holst, E. (2016) Matematikk for fagskolen (løsningsforslag). Oslo, NKI Forlaget.

Ekern, T. & Guldahl, Ø. (2018) Fysikk for fagskolen (løsningsforslag). Oslo, NKI Forlaget.

65TX00B E2 Yrkesretta kommunikasjon

Fagbøker E2 Yrkesretta kommunikasjon

Norsk

Federl, Marion og Arve Hoel (2020): Norsk for fagskolen, 3. utgåve, Vigmostad & Bjørke AS, Fagbokforlaget, Bergen.

Hellevik, Alf m. fl., 2012: Nynorsk ordliste. Oslo: Samlaget.

Hjulstad, Håvard og Sødal, Lars, 2008: Bokmålsordliste. Oslo: Samlaget.

 

Engelsk

Ytterdal, Marianne Roald (2020): Crossover – Practical and Technical English, 4. utgåve, Vigmostad & Bjørke AS, Fagbokforlaget, Bergen.

Haslerud, Vibecke og Henriksen, Petter (red.), 2007: Engelsk blå ordbok. Engelsk - norsk / norsk engelsk.

Oslo: Kunnskapsforlaget.

65TX00C E3 Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)

Hjertnes, Frode: Markedsføring, organisasjon og ledelse for LØM-emnet. Fagbokforlaget 2018.

ISBN: 9788245024609

Hjertnes, Frode og Skorpen, Brynjulf: Økonomistyring for LØM-enmet. Fagbokforlaget 2018.

ISBN: 9788245024678

Økonomi-illustrator, modul Entreprenør, utgitt av Learning by doing AS: Boka blir delt ut av faglærar, og rekning vil bli sendt frå Fagskulen Vestland.

65TB00D E4 Byggeprosess

Lærebøker E4 Byggeprosess

Skogset, T, Norberg, D. (2014) Grunnleggende landmåling, Gyldendal Norsk forlag AS, Oslo.

Espedal, K. J. (2017) Bygningsfysikk, Byggenæringens forlag AS, Lillestrøm.

Digital lærebok på MyLearnView. Grunnleggende BygingsInformasjonsModellering (BIM) , bestilles på www.mylearnview.com

 Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

65TB00G E5 Bygg og anleggskonstruksjonar

Lærebøker E5 Bygg og anleggskonstruksjonar

Lærebok i materialkunnskap vert opplyst om ved studiestart.

Vollen, Ø. (2010) Mekanikk for ingeniører: statikk og fasthetslære. 2. utg. Oslo, NKI Forlaget.

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

65TB00E E6 Byggesaken

Lærebøker E6 Byggesaken

Bua K., Digernes, A. & Hansen, V. M. (2019) Byggesaken. 7. utg. Sandefjord, Læremiddelforlaget AS.

Thune, T.E. (2020) Kvalitetsstyring og HMS i bygg og anlegg. Oslo, Byggenæringens forlag AS.

J.Karlsen (2023)Byggesaksboka for ansvarlig søker og byggsakstudenter .www.byggesaken.no

Studentabonnement på Norsk Standard www.standard.no
 

65TB58A E7 Tilstandsanalyse av byggverk

Studentabonnement på Norsk Standard www.standard.no

Lærebøker og andre abbonement vert opplyst av faglærar ved studiestart.

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

65TB58B E8 Tilstandsanalyse av bustad

E8 Tilstandsanalyse av bustad

Studentabonnement på Norsk Standard www.standard.no

Lærebøker og andre abbonement vert opplyst av faglærar ved studiestart.

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

65TB58C BS E9 Bygningsfysikk

Espedal, K.J. (2017) Bygningsfysikk, Byggenæringens forlag AS, Lillestrøm.

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

Tilgang til Norsk standard  www.standard.no

Tilgang til byggforskserien www.byggforsk.no

65TX00D E10 Hovudprosjekt
65TB58D E11 Geofag og bygningsskade

Lærebøker og abbonement vert opplyst av faglærar ved studiestart.

 

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

Norsk Standard

65TB58E E12 Offentlege krav og reglar

Lærebøker og abbonement vert opplyst av faglærar ved studiestart.