Psykisk helsearbeid og rusarbeid 2025-2027
Studiefakta
- FagområdeHelsefag
- Studiepoeng60
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadFørde, Nordnes, Nettbasert studium
- StudieformDeltid, Nett
- Startsemester2025 Haust
Psykisk helsearbeid og rusarbeid 2025-2027
Om studiet
Høgare yrkesfagleg utdanning i Norge er variert og tilpassa samfunnets behov for fagleg kompetanse. Formålet med denne utdanninga er å gi praktisk kunnskap som kan avvendast direkte i arbeidslivet, utan behov for ytterlegare opplæring.
Utdanning innan psykisk helsearbeid og rusarbeid skal styrka studentanes ferdigheiter til å jobba med personar som har psykiske lidelser, rusproblem eller kombinasjonen av desse (ROP-lidelser). Den legg også vekt på helsefremjande og førebyggjande arbeid, sett i eit folkehelseperspektiv og med tanke på heile livsløpet.
Psykiske lidelser er ein betydeleg årsak til helsetap gjennom livet. Sentrale retningslinjer understreker behovet for eit samfunn som fremmer meistring, tilhørighet og meining. Helsetenesta skal gje brukarane innflytelse over både sin eigen behandling og utforminga av tenestene.
Mange born og unge vil oppleve psykiske plager i løpet av oppveksten. God psykisk helse er viktig for barns utvikling, skulegang og overgangen til vaksenlivet. Barnehager og skuler har difor ei sentral forebyggjande rolle ved å sikre trivsel, meistring og inkludering. På grunn av det høge omfanget av psykiske lidelser er førebyggjande tiltak for barn og unge avgjørande.
Ruslidelser og psykiske lidelser påvirker kvarandre gjensidig og krever koordinert oppmerksomhet. Personer med ROP-lidelser kan oppleve bedring både i symptomer og livskvalitet hvis behandlinga av begge lidelsane koordinerast.
Samhandlingsreforma frå 2012 medførte en omfordeling av oppgåver mellom spesialist- og primærhelsetenesta, noko som har økt behovet for kompetanse i kommunane. Nasjonale strategiar peiker på fagskuleutdanning som viktig for å heve kompetansen, redusere fråfallet frå sektoren og styrke rekrutteringa til helse- og oppvekstfag. Målet er å auke antallet ansatte med vidareutdanning innan psykisk helse og rus, og dermed sikre betre kvalitet og kompetanse i det tverrfaglege kommunale arbeidet.
Ansvars- og funksjonsområde
Fagskoleutdanning i Psykisk helsearbeid og rusarbeid skal utdanna reflekterte yrkesutøvarar som med høg yrkesetisk forståing som tar initiativ til, organiserer og iverksetjer tiltak i samarbeid med tenestemottakar, deira pårørande, medarbeidarar, andre yrkesgrupper, bruker- og pårørandeorganisasjonar og frivillige innan helse- og omsorgssektoren. Regjeringen har som mål at kommunane skal tilby heilhetlige og samordna tenester som omfattar førebyggande tiltak, behandling, akuttberedskap, rehabilitering og habilitering. Vidare er oppfølging av pårørande ein sentral del av studiet.
Fagskuleutdanningen i Psykisk helsearbeid og rusarbeid kvalifiserer blant annet for arbeid innan rusomsorg og psykisk helse i:
-den kommunale helse- og omsorgstenesten
-spesialisthelseteneste
-bu- og omsorgssentre
-rehabiliteringssentre og aktivitetssentre
-ungdomsklubbar, barnehagar, skuler og skulefritidsordningar
-oppfølging av arbeidstrenings- og attføringstiltak
Denne lista er ikkje uttømmande.
Læringsutbyte
Overordna læringsutbyttebeskriving
Dei overordna læringsutbyttebeskrivelsane også kalt O-LUB skal gje uttrykk for kva ein kandidat som har gjennomført ein høgare yrkesfagleg utdanning skal inneha av kompetanse beskrevet som kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse, i tråd med nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR), nivå 5.1.
Kunnskapar | Ferdigheter | Generell kompetanse |
Forståelse av teorier, fakta, begrep, prinsipp, prosedyrer innanfor fag, fagområder og/ eller yrker. | Evne til å løsye problem og oppgåver. Det er ulike typer ferdigheter: kognitive, praktiske, kreative og kommunikasjonsferdigheter. | Evne til å anvende kunnskap og ferdigheter på sjølvstendig vis i ulike situasjoner gjennom å visa samarbeidsevne, ansvarlighet, evne til refleksjon og kritisk tenkning i studier og yrke. |
Kunnskap
Kunnskapar
Studenten:
- har kunnskap om psykiske lidingar, psykisk helsearbeid og rusarbeid og kva for omgrep, prosessar og verktøy som er sentrale innanfor dette arbeidsområdet
- har innsikt i sentrale lover, forskrifter og rettleiarar som regulerer rettar og plikter og gir anbefalingar innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- har bransjekunnskap og kjennskap til korleis tenester er organiserte innan psykisk helsearbeid og rusarbeid i helse-, omsorgs- og oppvekstsektoren
- kan oppdatera sin yrkesfaglege kunnskap om psykisk helsearbeid og rusarbeid
- forstår betydninga av arbeid med psykisk helse og rus i eit folkehelse- og samfunnsperspektiv
Ferdigheter
Studenten:
- kan anvenda fagleg kunnskap og samhandlingskompetanse ved prakstiske og teoretiske problemstillingar innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan anvenda relevante faglege verktøy og teknikkar for å fremma psykisk helse, førebygga rusproblemstikk og bidra til meistring hos ulike aldersgrupper
- kan finna informasjon og fagstoff innan psykisk helsearbeid og rusarbeid som er relevant for ei yrkesfagleg problemstilling
- kan kartlegga ein situasjon og identifisera faglege problemstillingar inna psykisk helsearbeid og rusarbeid og behov for iverksetting av tiltak
Generell kompetanse
Studenten:
- har forståelse for yrkes- og bransjeetiske prinsipp, utfordringar og dilemma innan psykisk og rusarbeid
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøving av yrket som kjem til syne gjennom refleksjon og handling, samt i møte med mangfald, migrasjonshelse, ulike kulturar og urfolk
- kan utføra arbeidet etter utvalde målgruppers behov
- kan bygga relasjonar med pasient/brukar, pårørande, fagfeller, tverrfagleg og med eksterne målgrupper innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan utvikla arbeidsmetodar for å vidareutvikla beste praksis på eigen arbeidsstad
Opptak
Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjar skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev.
Opptak til utdanninga skjer på grunnlag av fullført og bestått vidaregåande opplæring innan helsefag med:
· fagbrev i helsearbeidarfaget
· fagbrev i aktivitørfaget
· fagbrev i ambulansearbeidarfaget
· fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
· vitnemål som apotekteknikar
· vitnemål i helsesekretærfaget
Formelle opptakskrav
Betinga opptak ved sein fagprøve
Søkere som kan dokumentere at de skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve innan første semester etter opptak.
Språkkrav for søkarar med utanlandsk utdanning
Søkere med bestått og fullført vidaregåande opplæring frå dei andre nordiske landa er kvalifiserte for opptak utan tilleggskrav i norsk.
For informasjon om språkkrav sjå Forskrift om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoleforskriften) § 9.Utfyllende regler om språkkrav for søkere med utenlandsk utdanning Forskrift om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoleforskriften) - Kapittel 2. Opptakskrav - Lovdata - Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland - Lovdata
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er den relevante kompetansen til studiet ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.
Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.
Andre bestemmelser
Skikkethetsvurdering
For denne utdanninga gjennomførast det ei skikkavurdering i henhold til Forskrift om høgare yrkesfagleg utdanning §27 (1).
Ei skikkethetsvurdering skal avdekka om studenten har dei nødvendige forutsetningane for å kunne utøve yrket. Ein student som i utdanninga eller i framtidig yrkesutøvelse kan utgjøra fare for liv, fysisk og/eller psykisk helse, rettigheter og sikkerhet til born, unge eller vaksne i sårbare situasjoner, er ikkje skikka for yrket.
Politiattest
I utdanningar der studentar kan kome i kontakt med mindreårige som del av klinisk undervisning eller praksis må studenten levere politiattest i hht politiregisterloven § 39 første ledd.
For denne utdanningen kreves politiattest.
Organisering av studiet
Fagskulen legg til rette for eit inspirerande læringsmiljø der studentane gjennom ei eittårig utdanning på deltid over to år får moglegheit til å nytte og vidareutvikle eiga yrkes- og utdanningsbakgrunn. Det er lagt opp til studentmedverknad i undervisninga og andre læringsaktivitetar. Studiet er nettbasert med samlingar.
Emne | Emne kode | Emnenamn | Studie-poeng | Studieinnsats timer |
1 | 64HH95A | Etikk, samhandling og kommunikasjon | 10 | 267 |
2 | 64HH95B | Helsefremmande og sjukdomsførebyggande arbeid | 10 | 267 |
3 | 64HH95C | Psykiske lidingar og ruslidingar, symptom og behandling | 10 | 267 |
4 | 64HH95D | Målretta miljøarbeid - brukarmedverknad og relasjonskompetanse i praksis | 10 | 267 |
5 | 64HH95E | Praksis | 10 | 267 |
6 | 64HH95F | Fordjuping i psykisk helsearbeid og rusarbeid | 10 | 267 |
Sum |
|
| 60 | 1600 |
Timebelastninga for eit studium på deltid er 1600 timar fordelt over to studieår jmf. § 2-2 Forskrift om akkreditering av og tilsyn med høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoletilsynsforskriften) - Kapittel 2. Krav til fagskoleutdanning - Lovdata Det inkluderer all lærarstyrt rettleiing/digital undervisning, praksis, eksamensførebuing og berekna eigearbeid for studentane.
Alle studentar blir tilknytt fagskulen si læringsplattform It’s learning og Teams. Læringsplattform er nytta for å administrere studiet, og til å formidle oppgåver og prosjekt til studentane. Dette krev at studentane har eller tileignar seg naudsynt digital kompetanse og har tilgang til pc og internett under studiet.
Læringsformer
Studentaktive læringsmetodar
Variasjon i metodar, oppgåver og læringsarenaer, kombinert med høg grad av studentaktivitet, er sentrale i fagskulens syn på læring. Gjennom utdanninga blir studentane utfordra til kritisk tenking gjennom refleksjon og diskusjon. Læringsmiljøet skal vere prega av respekt, samarbeid og deling av ulike perspektiv, kunnskap og erfaringar mellom studentar, lærarar og andre involverte aktørar. Studentane blir dermed ein ressurs både for seg sjølv og kvarandre, og medansvarlege for eiga og andre si læring.
Fleksibel læring – IKT-støtta undervisning
Fleksible undervisnings- og læringsformer er viktige i studiet, og digitale verktøy blir mykje brukt i undervisning, rettleiing, gruppearbeid og eksamensavvikling. Alle studentar blir tilknytt fagskulen si læringsplattform It’s learning og Teams. Læringsplattform er nytta for å administrere studiet, og til å formidle oppgåver og prosjekt til studentane. Dette krev at studentane har eller tileignar seg naudsynt digital kompetanse og har tilgang til pc og internett under studiet.
Fagleg skriving, fag- og utviklingsarbeid
Det er forventa at alt helsepersonell, inkludert helsefagarbeidarar, kan skrive og uttrykke seg godt på norsk, er kjende med relevant lovverk, arbeider i tråd med helsepolitiske føringar og kan dokumentere aktivitetar i samsvar med desse. I tillegg til å dokumentere eigne oppgåver i praksis skal studentane levere obligatoriske læringsaktiviteter, faglege refleksjonsnotat eller studieoppgåver i kvart emne, følgje gjeldande retningslinjer for oppgåveskriving.
Læring og danning gjennom refleksjon
Refleksjon er ein vesentleg del av læringsprosessen til studentane. Utdanninga inneber ein lærings- og danningsprosess, både fagleg og personleg. Studentane blir oppfordra til å reflektere over eigen læringsprosess, haldningar, verdiar og relasjonar gjennom heile utdanninga. Refleksjon bidreg til bevisstgjering rundt kva kompetanse ein tar med seg inn i utdanninga, kva ein har lært, kva læringsstrategiar som fungerer best, og korleis ein kan jobbe vidare for å nå læringsmåla. Refleksjon kan òg vere eit verktøy for verdiarbeid og for å handtere krevjande situasjonar med medvit om ulike strategiar og tilnærmingar. Refleksjonsnotat, både individuelt og i grupper, er derfor ein del av dei obligatoriske arbeidskrava i studiet.
Undervisningsformer
Fagskulen har som mål å utdanne fagarbeidarar som ser verdien av å samarbeide for å sikre kvalitet i oppgåve- og problemløysing, og som har erfaring med samarbeid i grupper. Det blir derfor lagt til rette for at studentane får innføring i gruppeprosessar og deltek i ulike former for gruppearbeid i både teoretiske og praktiske studiar.
Studentane skal ha obligatorisk rettleiing individuelt eller i gruppe gjennom heile studieløpet. Rettleiinga er knytt til både teoretiske studiar og praksis, med mål om å hjelpe studentane med å tileigne seg og integrere lærestoff frå ulike emne.
Døme på arbeids- og undervisningsformer:
Ressursførelesning
Workshop
Ferdigheitstrening/simulering
Audiovisuell undervisning
Refleksjonsgrupper og gruppearbeid
Problembasert læring (PBL)
Flipped classroom
Praksisstudium
Oppgåver, sjølvstudium, eigeninnsats
Rettleiing
Vurdering
Obligatoriske læringsaktiviteter og vurderingskrav
I alle emna er det fastsett ulike obligatoriske læringsaktiviteter (godkjent/ ikkje godkjent) som studenten må gjennomføre for å kunne få sluttvurdering. Obligatoriske læringsaktiviteter er oppmøte på workshopdagar, 80 % oppmøte på morgonsamlinger. I tillegg kan det være refleksjonsvideoar, logger, test deg sjølv oppgåver, diskusjonar, og evaluering av emnet.
Obligatoriske vurderingskrav kan være 1 individuell oppgåve og eit gruppearbeid med framlegg. Vurderingskrav vurderast til bestått/ ikkje bestått.
Utganspunktet for all vurdering er læringsutbyttebeskrivelsene, både på overordna nivå og på emnenivå. Vurderingsform kjem an på formålet med vurderingen og vil kunne variere mellom ulike emner og studieforløp. Vurderingsuttrykket A til F, eller Bestått/Ikkje bestått vert nytta. I emna er det fastsett ulike obligatoriske læringsaktiviteter som studenten må gjennomføre for å kunne få sluttvurdering. Kva type vurdering og kva obligatoriske læringsaktiviteter som vert nytta i dei einskilde emna kjem fram av emneoversikta.
Formativ og summativ vurdering
Fagskulen praktiserer både formativ og summativ vurdering. Formativ vurdering er prosessorientert og støttar opp under læringa til studentane, medan summativ vurdering seier noko om kva for sluttkompetanse studenten har oppnådd.
Eksamen blir halden i samsvar med forskrift om opptak, studium, eksamen og grader ved Fagskulen Vestland. Vurderingsformene er knytt til læringsutbytte i dei enkelte emna og kan vere både individuelle og gruppebaserte. I emne med krav om oppmøte, må studentane ha vore til stades i samsvar med krava for å kunne ta eksamen. Dette er nødvendig sidan utdanninga kombinerer workshop med ferdigheitstrening, praksisstudium, gruppearbeid og refleksjonsgrupper. I praksisstudium og ferdigheitstrening er det alltid krav om obligatorisk oppmøte.
Fordjuping og eksamen
Fagskulen har utarbeidd eigne retningslinjer for gjennomføring av fordjupingsemne og eksamen. Fordjuping skal vere praksisretta og knytt til eitt eller fleire tema innanfor dei fagspesifikke emna i utdanninga. Studenten skal gjennom fordjupingsarbeidet vise refleksjon og bruke relevant teori og erfaringar frå praksisfeltet.
Gjennom førebuing og planlegging skal studenten utarbeide og levere ein prosjekt- og framdriftsplan med problemstilling, relevante overordna læringsutbyttebeskrivingar og forslag til aktuell litteratur. Eksamensforma blir omtalt i emnebeskrivingane, og vurderingskriteria blir gjort kjende for studentane ved starten av kvart emne. Eksamen blir halden i samsvar med forskrift om opptak, studium, eksamen og grader ved Fagskulen.
Sluttvurdering
Vurderingsuttrykk
Vurderingsuttrykket bestått/Ikkje bestått vert nytta på vurderingskrav som individuelle oppgåver og gruppearbeid med framlegg.
Bestått
Prestasjon som tilfredsstiller de faglige minimumskravene. Studenten viser både tilfredsstillende vurderingsevne og selvstendighet.
Ikke bestått
Prestasjon som ikke tilfredsstiller de faglige minimumskravene. Studenten viser både manglende vurderingsevne og selvstendighet.
Det kjem fram i dei ulike emna kva som er obligatoriske læringsaktiviteter og kva som er vurderingskrav. For å ha rett til å gå opp til vurdering i emnet, må dei obligatoriske læringsaktivitetane vere fullført og godkjent. Alle vurderingskrav må være bestått for å få bestått emnet og kunne gå vidare til neste emne
Obligatoriske læringsaktiviteter (godkjent/ikkje godkjent) :
Refleksjonsloggar/diskusjonsinnlegg/ refleksjonsvideo
Test deg sjølv oppgåver
Obligatorisk oppmøte på morgonsamlingar og i refleksjonsgrupper og framlegg.
Vurderingskrav(bestått/ikkje bestått):
1 individuell oppgåve
1 gruppeoppgåve med framlegg
I emne 6 (fordjupningoppgåve/utviklingsprosjekt) blir vurderingsuttrykket A-F nytta på den munnlege eksamen.
Sjå § 3-2 i forskrift om studium ved Fagskulen Vestland: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2021-09-17-3061
Sluttdokumentasjon
Fullført og bestått fagskuleutdanning på 60 stp gir vitnemål og ein fagskulegrad. Vitnemålet skal innehalda:
- Emne som inngår i utdanninga.
- Omfang av emne og oppnådd karakter.
- Overordna læringsutbytte.
- Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) 5.1 og kvalifikasjonen som ble oppnådd.
- Karaktersystemet som blir brukt og tal på studiepoeng.
- Namn på utdanning og tittel på hovudprosjektet.
Omgrepet Vocational Diploma (VD) brukast på vitnemålet for å sikre at det også kan nyttast internasjonalt.
Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan be om eit kompetansebevis som visar fullførte og beståtte emne og eventuelt eksamenar.