Automatisering Nordnes

  • Studiefakta

    • Fagområde
      Automasjon
    • Studiepoeng
      120
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Nordnes
    • Studieform
      Heiltid, Nett
    • Startsemester
      2024 Haust

Automatisering Nordnes

Antall studieplasser

40

Om studiet

Automatiseringsstudiet byggjer på den solide yrkesutdanninga til studentane og allsidige praksis som fagarbeidarar. Den teoretiske utdanninga blir støtta av praktiske øvelser i alle grunnlags- og fordjupingsemne, skal vidareutvikla og utvida evna studentane har til å nytta kunnskapane sine på det automatiseringstekniske området på ein hensiktsmessig og sikker måte. 

Gjennom studiet skal studenten utvikla gode fagkunnskaper og leiareigenskapar med evna til samarbeid på tvers av fagområda.  Det er også viktig at studentane får ei forståing for behovet i samfunnet for hva automatisering kan bidra med og at oppdatert kunnskap er en livslang prosess. 

Grunnstammene i utdanninga er reguleringteknikk, styringsteknikk med PLS, robotteknologi, instrumentering og industriell nettverkssikkerhet. 

Desse emna vert støtta av grunnleggjande forståing av elektroteknikk, elektroniske systemer, matematikk, fysikk, programering, yrkesretta kommunikasjon og  LØM(Ledelse, økonomi og markedsføring).  

I det avsluttende hovudprosjektet skal studentane fordjupa seg i relevante faglege problemstillingar. 

Undervisninga tek sikte på å utdanna fagskuleingeniører som samfunnet har behov for. Det kan være: 

  • Automatiseringsingeniør 

  • Service og sal innan fagområdet 

  • Elektromekanisk industri 

  • Drift og veldikeholds ingeniør 

  

Stillingar og arbeidsområde for ein fagskuleingeniør er mange, sidan utdanninga er tverrfagleg og automatisering går føre seg innom dei fleste bransjar. Utdanninga kvalifiserer også som plattform for å bli faglærar i vidaregåande skule. 

Det er også mulig og bygge på med elkraft på fagskulen 

Utdanninga gir også avkorte studieløp på Høgskolen i Vestland sin linje for automatisering og robotikk. 

Læringsutbyte

Læringsutbytteskildringane viser det kandidatane skal kunna etter fullført fagskuleutdanning innan automatisering, i form av kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse.

Det overordna målet for utdanninga er å utdanna fagingeniør med dokumentert kompetanse innan automatisering.

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om elektrotekniske begrepar, teoriar, berekningsmodellar, styrings- og reguleringsprinsipp, prosessar, komponentar og verktøy nytta i automatiserte anlegg og -system
  • har kunnskap om måle-, analyse- og berekningsverktøy for automatiserte- og elektriske system og elektroniske kommunikasjonssystem
  • har kunnskap om elektrotekniske komponentar til bruk i automatiserte produksjonslinjer og prosessanlegg
  • har kunnskap om drift og vedlikehald av automatiserte anlegg, -system og -utstyr
  • har kunnskap om økonomistyring, organisasjon, HR-funksjon og leiing samt marknadsføringsleiing
  • har kunnskap om prosjekt- og kvalitetsstyring
  • har kunnskap om generelle prinsipp innan logistikk og produksjonsflyt knytt til eige fagområde
  • kan vurdera eige og arbeidet til andre i samsvar til lovar, forskriftar, normar og standardar som gjeld ved automatiserte anlegg
  • har kunnskap om automatiseringsbransjen og kjennskap til yrkesfelt innanfor denne industrien
  • kan oppdatera den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor automatisering med faglitteratur og relevante forum innanfor bransjen, slik at ein kan halde seg fagleg oppdatert og kan omstilla seg og heva kompetansen si i takt med den teknologiske utviklinga
  • kjenner til historia i automatiseringsbransjen, tradisjon, eigenart og plass i samfunnet lokalt, nasjonalt og internasjonalt
  • har innsikt i eigne utviklingsmoglegheiter innan automatisering

Ferdigheter

Studenten

  • kan gjera greie for sine faglege val av løysningar, prosessar, komponentar og verktøy som blir nytta i automatiserte anlegg
  • kan gjera greie for val av vedlikehaldsstrategi
  • kan gjera greie for val av metodar og prinsipp innan prosjektplanlegging, prosjektstyring, logistikk og produksjonsflyt innanfor eige fagområde
  • kan reflektera over eigen og den faglege utøvinga til andre innan automatisering og justera denne ved behov for optimalisering av automatiserte anlegg
  • kan finna og visa til informasjon og fagstoff knytt til automatisering og vurdera relevansen for automatiserings- og elektrofaglege problemstillingar
  • kan kartleggja ein situasjon i automatiserte produksjonslinjer og prosessanlegg og identifisera avvik og kartleggja behov for iverksetjing av tiltak
  • kan vurdera den økonomiske situasjonen, marknads- og leiingsutfordringane i bedrifta, og treffa formålstenlege og grunngjevne val

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggja, prosjektera, gjennomføra og kvalitetssikra automatiserte system i industri og bygg, åleine og som deltakar eller leier i gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer som gjeld for miljø og kvalitet nasjonalt og internasjonalt
  • kan utføre arbeid etter bedriftas og/eller oppdragsgivars behov
  • kan byggja relasjonar med fagfellar innan automatisering og på tvers av fag som elektro, bygg og anlegg, olje og gass produksjon, samt med eksterne målgrupper som kundar, entreprenørar, styresmaktar og kommunale instansar ved å opprette og utvikle team og nettverk
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innan automatisering og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
  • kan bidra til organisasjonsutvikling ved å følgja med på ny teknologi innan automatisering som kan føra til kvalitetsheving, nyskapning og innovasjon

Opptak

Opptak av studentar til Fagskulen Vestland skjer gjennom Samordna opptak, www.samordnaopptak.no .

Formelle opptakskrav

Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er anten relevant fag- eller sveinebrev eller treårig yrkesfagleg opplæring.

Søkere som kan dokumentere at de skal gjennomføre fagprøven etter søknadsfristen kan få opptak på betingelse av at fagprøven bestås.

Relevant yrkesutdanning

  • automatiseringsfaget
  • avionikerfaget
  • CNC maskineringsfaget
  • dataelektronikarfaget
  • elektrikarfaget
  • elektroreparatørfaget
  • energimontørfaget
  • energioperatørfaget
  • fjernstyrte undervannsoperasjonar
  • flymotormekanikarfaget
  • flystrukturmekanikarfaget
  • flysystemmekanikarfaget
  • heismontørfaget
  • industrimekanikar
  • industrirøyrleggjarfaget
  • industrisaumfaget
  • kulde- og varmepumpemontørfaget
  • låsesmedfaget
  • maritim elektrikarfaget
  • produksjonselektronikar
  • romteknologi
  • signalmontørfaget
  • skipselektrikerfaget
  • tavlemontørfaget
  • telekommunikasjonsmontør
  • togelektrikarfaget
  • ventilasjonsteknikkfaget
  • viklarfaget
  • viklar- og transformatormontørfaget

Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.

Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.

Organisering av studiet

Studiet har totalt 120 studiepoeng. Studiet har to gjennomføringsmodellar:

  • 2 års utdanning på dagtid (heiltids studium) forventa arbeidsinnsats ca 40 timer i uka
  • 3 års utdanning nettbasert med vekesamlingar (nettstøtta studium), forventa arbeidsinnsats ca 25 timer i uka

 Studiepoeng i eit poengsystem som er særskilt for skuleslaget.

Eitt års fagskuleutdanning på heiltid svarer til normalt ti månader. Studiepoeng skal brukast ved vurdering av innpassing av utdanning mellom fagskuler og i karakterutskrifter for gjennomførte emne frå fagskuleutdanning.

 

Først året består av emne som dannar grunnlaget før spesialiseringa vidare i studiet. I en del av emna vil det være naturleg med praktisk laboratoriearbeid for å bidra til fagleg breidde og fordjuping.

Den avsluttande hovudprosjektoppgåva skal være knyta til eit eller flerre emna i utdanninga. Gjennom prosjektarbeidet vises refleksjon, praktiske og teoretiske ferdigheiter.

Etter studie har du moglegheit til å bygge på med elkraft utdanninga hjå oss. Du tek då 60 studiepoeng frå elkraft sin studieplan. Du kan ta det heiltid eller deltid.

Du har også moglegheit for opptak høgskolar i inn- og utland.

 

Arbeidsmengde i Automatisering Bergen, nettstøttet studium

EmnebeskrivelseEgenstyrt
aktivitet
Timeplanfesta
timer
Sum
64TE01F Matematikk med programmering414169583
00TE01L Yrkesrettet kommunikasjon414169583
64TE01B Elektroteknikk414169583
64TE01I Elektronikk414169583
64TE01J Realfag for automatisering414169583
00TX00A EL Ledelse, økonomi og markedsføringsledelse 414169583
64TE01L Instrumentering414169583
64TE01K Nettverk og sikkerhet414169583
64TE01N Robotteknologi414169583
64TE01M Reguleringsteknikk414169583
64TE01D Styringssystem414169583
58TE01M N Hovudprosjekt414169583
Sum496820286996

Arbeidsmengde i Automatisering Bergen, heltidsstudium

EmnebeskrivelseEgenstyrt aktivitetTimeplanfesta timerSum
64TE01F Matematikk med programmering414169583
00TE01L Yrkesrettet kommunikasjon414169583
00TX00A EL Ledelse, økonomi og markedsføringsledelse 414169583
64TE01B Elektroteknikk414169583
64TE01I Elektronikk414169583
64TE01J Realfag for automatisering414169583
64TE01K Nettverk og sikkerhet414169583
64TE01L Instrumentering414169583
64TE01N Robotteknologi414169583
64TE01M Reguleringsteknikk414169583
64TE01D Styringssystem414169583
58TE01M N Hovudprosjekt414169583
Sum496820286996
Automatisering Bergen, nettstøttet studium
Automatisering Bergen, heltidsstudium

Læringsformer

Fagskulen i Vestland legg til rette for læringsformer der studentane kan bruka denne kompetansen. Emne er nemninga på minste eining som skal vurderast med karakter, i tråd med praksis i annan tertiærutdanning.

Til kvart emne skal det utarbeidas arbeidskrav. 

Tverrfaglege problemstillingar er det normale i arbeidslivet og er derfor godt eigna til å demonstrere heilskapen i utdanninga. Arbeid med slike problemstillingar blir då sentralt i studiet.

 

Undervisningsformer

Arbeidsformene skal vera relevante og formålstenlege i samsvar med læringsutbytteskildringane for utdanninga. Dette inneber at studentane i tillegg til fagleg utvikling også skal utvikla evne til sjølvstendig arbeid, kommunikasjon, samarbeid og praktisk yrkesutøving. Studentane skal vidare utvikla evne til å sjå teknologien i eit breiare samfunns- og miljøperspektiv og kunne gjennomføra  etiske refleksjonar.

Studentane har praktisk erfaring innan eigne fagområde, som gir anledning til å legge til rette for erfaringsbaserte læringsformer. Variasjon i val av læringsmetodar er nødvendig for å oppnå ein heilskapleg kompetanse som omfattar både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Prosjekt gir gode moglegheiter for opne problemstillingar som utfordrar studentane til å søkja gode, fagleg forsvarlege løysningar, der kreativitet og samarbeid blir styrkt. Samtidig får rettleiing ein naturleg plass i gjennomføringa av prosjekta.

Gjennom pedagogisk leiing skal studentane motiverast til sjølvstende og aktiv refleksjon over eigen læringsprosess. Det blir føresett at studentane tek initiativ og tek ansvar for eiga læring og felles læringsmiljø.

Nettstøtta studium er eit nett- og samlingsbasert deltidsstudium som går over tre år. Studiet består av samlingar på studiestad Nordnes. For nettstøtta utdanning på Stord gjeld eigne retningslinjer.

Undervisninge kan være synkron og asynkron, gruppearbeid, rettleiing, laboratoriearbeid og sjølvstudium

Læringsressursar kan inkludera; bøker, dokumentasjon, lenkjer til nettsider, videosnuttar, opptak av forelesningar m.m.

 

Vurdering

Vurdering blir gjennomført med emnekarakter for kvart emne, i samsvar med læringsutbyttebeskrivingane. Det nyttast bokstavkarakter frå A til F. 

Vurderinga har til hensikt å dokumentera læringsutbyttet til studenten og oppnådde kompetanse etter enda opplæring.

Vurdering gjennomføres i henhold til. «Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland».

Sluttdokumentasjon

Studentar som fullfører og består utdanninga vil få utdelt vitnemål og oppnår tittelen:

Fagskuleingeniør – Automatisering

For at dette skal fungera godt internasjonalt, skal omgrepet Vocational Diploma (VD) brukast på vitnemålet.

Vitnemålet skal innehalda:

  • Emne som inngår i utdanninga.
  • Omfang av emn og oppnådd karakter.
  • Overordna læringsutbytte.
  • Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) 5.2 og kvalifikasjonen som ble oppnådd.
  • Karaktersystemet som blir brukt og tal på studiepoeng.
  • Namn på utdanning og tittel på hovudprosjektet.

Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan be om ein karakterutskrift som visar fullførte og beståtte emne og eventuelt eksamenar.

Pensumliste

Automatisering Bergen, nettstøttet studium

EmnebeskrivelsePensumliste
64TE01F Matematikk med programmering

Vi anbefaler å avvente med å kjøpe faglitteratur til studiet starter, da endringer kan forekomme frem mot studiestart. Dette gjelder alle emner.

Sinus matematikk forkurs Tore Oldervoll m. fl. (2022), Oslo, Cappelen Damm, ISBN: 9788202753023,  

Programmering:  Nettressurser

kalkulator: Casio fx-82 (alle typar: ES, ES Plus, EX, Solar m.m.) 

00TE01L Yrkesrettet kommunikasjon

Litteraturliste Yrkesrettet kommunikasjon

Norsk for ingeniører. Talmo, T. M., Ulstein, A., & Stifoss-Hanssen, A. (2022). (3.utgave) Universitetsforlaget, ISBN: 9788215063171 281 sider

Crossover, Marianne Roald Ytterdal, (2021), (4.utgave) Oslo, Fagbokforlaget, ISBN: 9788245034264 330 sider

 

64TE01B Elektroteknikk

Litteraturliste Elektroteknikk

El-lære 1, Likestrøm

Th. P. van Pelt, E. H. Knol (2009), Oslo, NKI-Forlaget, ISBN: 9788256220922, 220 sider

El-lære 1 - Oppgavesamling,

Th. P. van Pelt, E. H. Knol (2009), Oslo, NKI-Forlaget, ISBN: 9788256220946, 220 sider

El-lære 2A, Vekselstrøm

Th. P. van Pelt, E. H. Knol (2009), Oslo, NKI-Forlaget, ISBN: 9788256220960, 199 sider

El-lære 2A – Oppgavesamling,

Th. P. van Pelt, E. H. Knol (2009), Oslo, NKI-Forlaget, ISBN: 9788256220991, 61 sider

 

64TE01I Elektronikk

Elektroniske systemer for Tekniskfagskole av Rolf Hauge

Simulerings- og dokumentasjonsprogram 

64TE01J Realfag for automatisering

Sinus Forkurs Grunnbok (2022) Tore Oldervoll, Otto Svorstøl og Robin Bjørnetun Jacobsen 

Bokmål, Innbundet, Akademisk, ISBN 9788202753023 

Fysikk for fagskolen, Trond Ekern, Øyvind Guldahl (2009), Oslo, NKI-forlaget, ISBN: 9788256269518, 235 sider

Kalkulator: Casio fx-82 (alle typar: ES, ES Plus, EX, Solar m.m.) 

00TX00A EL Ledelse, økonomi og markedsføringsledelse

Organisasjon og ledelse: https://www.fagbokforlaget.no/Organisasjon-og-ledelse/I9788245048698 

Økonomi: https://www.fagbokforlaget.no/%C3%98konomistyring/I9788245048186

Markedsføringsledelse: https://www.fagbokforlaget.no/Markedsf%C3%B8ringsledelse/I9788245048704 

64TE01L Instrumentering
64TE01K Nettverk og sikkerhet
64TE01N Robotteknologi

Litteratur som utleveres ved studiestart:

  •  Systemdokumentasjon fra produsenter
  •  Kompendier fra faglærer
  •  Undervisningsvideoer

Det kan forventes bruk av en del plasskrevende programvare på egen datamaskin

64TE01M Reguleringsteknikk

Forelesningsnotater og programvare tilpasset reguleringsteknikk og systemanalyse

64TE01D Styringssystem

Litteraturliste Styringssystem

Programmerbare Logiske Styringer,

Dag Håkon Hanssen (2015), Bergen, Fagbokforlaget, ISBN: 9788245017977, 462 sider

 

58TE01M N Hovudprosjekt