Automatisering Nordnes
Studiefakta
- FagområdeAutomasjon
- Studiepoeng120
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadNordnes
- StudieformHeiltid, Nett
- Startsemester2023 Haust
Automatisering Nordnes
Om studiet
Automatiseringsstudiet byggjer på den solide yrkesutdanninga til studentane og allsidige praksis som fagarbeidarar. Den teoretiske utdanninga, som blir støtta av laboratorieøvelser i alle grunnlags- og fordjupingsemne, skal vidareutvikla og utvida evna studentane har til å nytta kunnskapane sine på det automatiseringstekniske området på ein sikker måte.
Studiet skal utvikla gode leiareigenskapar og evna til samarbeid med grunnlag i økonomisk/administrative fag og prosjektarbeid. Denne kombinerte leiar- og fagutdanninga skal ikkje berre gi grunnlag, men også skapa interesse for livslang læring. Det er også viktig at studentane får ei forståing for behovet i samfunnet for produktivitetsauke ved hjelp av automatisering i ein stadig meir globalisert økonomi.
I den reint faglege delen av studiet blir det vektlagd på ei grunnleggjande forståing av kjernefaga elektroteknikk, elektronikk, måleteknikk med kalibrering, instrumentering, feltbuss-system, PLS-programmering, reguleringsteknikk, pneumatikk, hydraulikk, robotprogramering, motorstartarar, forskrifter, teikning og dokumentasjon. Studentane vil også ha tilstrekkeleg med kunnskapar om tryggleik i elektriske anlegg og skal kunna fungera som automatiseringsleiar. I det lokale tilpassingsemnet og i hovudprosjektet kan studentane fordjupa seg i relevante faglege problemstillingar.
Undervisninga tek sikte på å utdanna fagskuleingeniører for følgjande stillingar innan automatisering:
- Automatiseringsleiar
- Planlegging
- Service og sal innan olje/prosessindustri
- Elektromekanisk industri
- Elektrisk industri
- Byggautomatisering
- Osb.
Stillingar og arbeidsområde for ein fagskuleingeniør frå automatiseringslinja er mange, sidan utdanninga er tverrfagleg og automatisering går føre seg innom dei fleste bransjar. Utdanninga kvalifiserer også som plattform for å bli faglerar og instruktør i vidaregåande skule.
Læringsutbyte
Læringsutbytteskildringane viser det kandidatane skal kunna etter fullført fagskuleutdanning innan automatisering, i form av kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse.
Det overordna målet for utdanninga er å utdanna fagingeniør med dokumentert kompetanse innan automatisering.
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om elektrotekniske begrepar, teoriar, berekningsmodellar, styrings- og reguleringsprinsipp, prosessar, komponentar og verktøy nytta i automatiserte anlegg og -system
- har kunnskap om måle-, analyse- og berekningsverktøy for automatiserte- og elektriske system og elektroniske kommunikasjonssystem
- har kunnskap om elektrotekniske komponentar til bruk i automatiserte produksjonslinjer og prosessanlegg
- har kunnskap om drift og vedlikehald av automatiserte anlegg, -system og -utstyr
- har kunnskap om økonomistyring, organisasjon, HR-funksjon og leiing samt marknadsføringsleiing
- har kunnskap om prosjekt- og kvalitetsstyring
- har kunnskap om generelle prinsipp innan logistikk og produksjonsflyt knytt til eige fagområde
- kan vurdera eige og arbeidet til andre i samsvar til lovar, forskriftar, normar og standardar som gjeld ved automatiserte anlegg
- har kunnskap om automatiseringsbransjen og kjennskap til yrkesfelt innanfor denne industrien
- kan oppdatera den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor automatisering med faglitteratur og relevante forum innanfor bransjen, slik at ein kan halde seg fagleg oppdatert og kan omstilla seg og heva kompetansen si i takt med den teknologiske utviklinga
- kjenner til historia i automatiseringsbransjen, tradisjon, eigenart og plass i samfunnet lokalt, nasjonalt og internasjonalt
- har innsikt i eigne utviklingsmoglegheiter innan automatisering
Ferdigheter
Studenten
- kan gjera greie for sine faglege val av løysningar, prosessar, komponentar og verktøy som blir nytta i automatiserte anlegg
- kan gjera greie for val av vedlikehaldsstrategi
- kan gjera greie for val av metodar og prinsipp innan prosjektplanlegging, prosjektstyring, logistikk og produksjonsflyt innanfor eige fagområde
- kan reflektera over eigen og den faglege utøvinga til andre innan automatisering og justera denne ved behov for optimalisering av automatiserte anlegg
- kan finna og visa til informasjon og fagstoff knytt til automatisering og vurdera relevansen for automatiserings- og elektrofaglege problemstillingar
- kan kartleggja ein situasjon i automatiserte produksjonslinjer og prosessanlegg og identifisera avvik og kartleggja behov for iverksetjing av tiltak
- kan vurdera den økonomiske situasjonen, marknads- og leiingsutfordringane i bedrifta, og treffa formålstenlege og grunngjevne val
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggja, prosjektera, gjennomføra og kvalitetssikra automatiserte system i industri og bygg, åleine og som deltakar eller leier i gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer som gjeld for miljø og kvalitet nasjonalt og internasjonalt
- kan utføre arbeid etter bedriftas og/eller oppdragsgivars behov
- kan byggja relasjonar med fagfellar innan automatisering og på tvers av fag som elektro, bygg og anlegg, olje og gass produksjon, samt med eksterne målgrupper som kundar, entreprenørar, styresmaktar og kommunale instansar ved å opprette og utvikle team og nettverk
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innan automatisering og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
- kan bidra til organisasjonsutvikling ved å følgja med på ny teknologi innan automatisering som kan føra til kvalitetsheving, nyskapning og innovasjon
Opptak
Opptak av studentar til Fagskulen Vestland skjer gjennom Samordna opptak, www.samordnaopptak.no .
Formelle opptakskrav
Studenten må ha fullført og bestått videregående opplæring med fagbrev/svennebrev/vitnemål fra relevant yrkesutdanning fra videregående skole. Søkere som kan dokumentere at de skal gjennomføre fagprøven etter søknadsfristen kan få opptak på betingelse av at fagprøven bestås.
Relevant yrkesutdanning
-Utdanningsprogram elektrofag, programområde Automatisering
- Automatiseringsfaget
- FU-operatør
- Tavlemontørfaget
- Viklerfaget
- Låsesmedfaget
-Utdanningsprogram elektrofag, programområde Elenergi
- Elektrikerfaget
- Skipselektrikerfaget
- Elektroreparatørfaget
- Energimontørfaget
- Energioperatørfaget
- Heismontørfaget
- Signalmontørfaget
- Togelektrikerfaget
-Utdanningsprogram elektrofag, programområde Datateknologi og elektronikk
- Dataelektroniker
- Produksjonselektroniker
- Telekommunikasjonsmontør
-Utdanningsprogram teknikk og industriell produksjon, programområde Industriteknologi:
- CNC-maskineringsfaget,
- Industrimekaniker,
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Fagskulen Vestland gjennomfører realkompetansevurdering i tråd med forskrift om høgare yrkesfagleg utdanning og retningslinjer frå Kompetanse Norge. Kompetansen til søkjaren blir vurdert opp mot læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevante yrkesutdanning.
Organisering av studiet
Utdanninga er bygd opp av emne. Kvart emne blir tildelt studiepoeng etter den relative vekta det har i arbeidsbelastning for studentane og læringsutbytte innanfor utdanninga. Utdanninga har eit omfang på 120 studiepoeng i eit poengsystem som er særskilt for skuleslaget.
Eitt års fagskuleutdanning på heiltid svarer til normalt ti månader. Studiepoeng skal brukast ved vurdering av innpassing av utdanning mellom fagskuler og i karakterutskrifter for gjennomførte emne frå fagskuleutdanning.
Organisering av emne
Reiskapsemna skal brukast som støtte i utdanninga. Reiskapsemna skal integrerast i resten av emna.
Emnet kommunikasjon består av:
- Norsk kommunikasjon
- Engelsk kommunikasjon
Dette emnet skal gi studenten dei nødvendige språkferdigheitene og kommunikasjonsferdigheiter til å kunna vurdera, beskriva, dokumentera og kommunisera emna i den aktuelle utdanninga på ein tydeleg og forståeleg måte. Emnet skal i tillegg gi kompetanse i læringsteknikkar, refleksjon, samarbeid, prosjektarbeid osb.
Emnet realfaglege reiskapar består av:
- Matematikk
- Programmering
Dette emnet skal gi studenten eit tilstrekkeleg grunnlag i matematikk og programmering til å kunna utføra nødvendige berekningar, dimensjoneringar og andre regnetekniske oppgåver i den aktuelle utdanninga.
Leiing, økonomi og marknadsføringsleiing (LØM-emnet) skal gi studentane kompetanse på økonomiske og administrative fagområde, samt innan leiing. LØM-emnet består av tema:
- Marknadsføringsleiing
- Organisasjon og leiing
- Økonomistyring
Det blir trekt vekslar på praktisk erfaring frå arbeidslivet, slik at teoretisk kunnskap i størst mogleg grad yrkesrettes og blir integrert i opplæringa. Planen for LØM-emnet dekkjer Meisterbrevnemndas krav.
Grunnlagsemne, fordjupingsemne og lokal tilpassing
Grunnlagsemne er nemninga på emne som er felles for fleire fordjupingar innan ei fagretning. I grunnlagsemne skal det vera praktisk laboratoriearbeid, der det er relevant.
Fordjupingsemne er nemninga på emne som er spesifikke for kvar enkelt fordjuping. I fordjupingsemne skal det være praktisk laboratoriearbeid, der det er relevant.
Lokal tilpassing skal bidra til fagleg breidde eller oppfylla opptaksvilkår for vidareutdanning i inn- og utland og/eller bidra til fagleg fordjuping.
Hovudprosjekt
Hovudprosjektet er eit eige emne som blir gjennomført mot slutten av studiet. Gjennomføringa omfattar mellom anna førebuing og planlegging, gjennomføring og ein presentasjon.
Poengfordeling
Kvart enkelt emnes omfang blir angitt i studiepoeng.
Emne | Studiepoeng |
Realfaglege reiskap | 10 studiepoeng |
Yrkesretta kommunikasjon | 10 studiepoeng |
LØM-emnet | 10 studiepoeng |
Grunnlags- og fordjupingsemne | 80 studiepoeng |
Hovudprosjektet | 10 studiepoeng |
Totalt | 120 studiepoeng |
Omfang av utdanninga
Studiet har totalt 120 studiepoeng. Studiet har to gjennomføringsmodellar:
- 2 års utdanning på dagtid (heiltids studium)
- 3 års utdanning nettbasert med vekesamlingar (nettstøtta studium)
Læringsformer
Fagskulen i Vestland legg til rette for læringsformer der studentane kan bruka denne kompetansen. Emne er nemninga på minste eining som skal vurderast med karakter, i tråd med praksis i annan tertiærutdanning.
Til kvart emne skal det utarbeidas arbeidskrav.
Tverrfaglege problemstillingar er det normale i arbeidslivet og er derfor godt eigna til å demonstrere heilskapen i utdanninga. Arbeid med slike problemstillingar blir då sentralt i studiet.
Undervisningsformer
Arbeidsformene skal vera relevante og formålstenlege i samsvar med læringsutbytteskildringane for utdanninga. Dette inneber at studentane i tillegg til fagleg utvikling også skal utvikla evne til sjølvstendig arbeid, kommunikasjon, samarbeid og praktisk yrkesutøving. Studentane skal vidare utvikla evne til å sjå teknologien i eit breiare samfunns- og miljøperspektiv og kunne gjennomføra etiske refleksjonar.
Studentane har praktisk erfaring innan eigne fagområde, som gir anledning til å legge til rette for erfaringsbaserte læringsformer. Variasjon i val av læringsmetodar er nødvendig for å oppnå ein heilskapleg kompetanse som omfattar både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Prosjekt gir gode moglegheiter for opne problemstillingar som utfordrar studentane til å søkja gode, fagleg forsvarlege løysningar, der kreativitet og samarbeid blir styrkt. Samtidig får rettleiing ein naturleg plass i gjennomføringa av prosjekta.
Gjennom pedagogisk leiing skal studentane motiverast til sjølvstende og aktiv refleksjon over eigen læringsprosess. Det blir føresett at studentane tek initiativ og tek ansvar for eiga læring og felles læringsmiljø.
Nettstøtta studium er eit nett- og samlingsbasert deltidsstudium som går over tre år. Studiet består av samlingar på studiestad Nordnes. For nettstøtta utdanning på Stord gjeld eigne retningslinjer.
Undervisninge kan være synkron og asynkron, gruppearbeid, rettleiing, laboratoriearbeid og sjølvstudium
Læringsressursar kan inkludera; bøker, dokumentasjon, lenkjer til nettsider, videosnuttar, opptak av forelesningar m.m.
Vurdering
Vurdering blir gjennomført med emnekarakter for kvart emne, i samsvar med læringsutbyttebeskrivingane. Det nyttast bokstavkarakter frå A til F.
Vurderinga har til hensikt å dokumentera læringsutbyttet til studenten og oppnådde kompetanse etter enda opplæring.
Vurdering gjennomføres i henhold til. «Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland».
Sluttdokumentasjon
Studentar som fullfører og består utdanninga vil få utdelt vitnemål og oppnår tittelen:
Fagskuleingeniør – Automatisering
For at dette skal fungera godt internasjonalt, skal omgrepet Vocational Diploma (VD) brukast på vitnemålet.
Vitnemålet skal innehalda:
- Emne som inngår i utdanninga.
- Omfang av emn og oppnådd karakter.
- Overordna læringsutbytte.
- Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) 5.2 og kvalifikasjonen som ble oppnådd.
- Karaktersystemet som blir brukt og tal på studiepoeng.
- Namn på utdanning og tittel på hovudprosjektet.
Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan be om ein karakterutskrift som visar fullførte og beståtte emne og eventuelt eksamenar.
Pensumliste
Automatisering Bergen, nettstøttet studium
Emnebeskrivelse | Pensumliste |
---|---|
64TE01F Matematikk med programmering | Litteraturliste Matematikk med programmering Sinus matematikk forkurs Tore Oldervoll m. fl. (2022), Oslo, Cappelen Damm, ISBN: 9788202753023, Programmering: Nettressurser |
00TE01L Yrkesrettet kommunikasjon | Litteraturlist Yrkesrettet kommunikasjon Norsk for ingeniører. Talmo, T. M., Ulstein, A., & Stifoss-Hanssen, A. (2022). (3.utgave) Universitetsforlaget, ISBN: 9788215063171 281 sider Crossover, Marianne Roald Ytterdal, (2021), (4.utgave) Oslo, Fagbokforlaget, ISBN: 9788245034264 330 sider |
64TE01B Elektroteknikk | Litteraturliste Elektroteknikk El-lære 1, Likestrøm Th. P. van Pelt, E. H. Knol (2009), Oslo, NKI-Forlaget, ISBN: 9788256220922, 220 sider El-lære 1 - Oppgavesamling, Th. P. van Pelt, E. H. Knol (2009), Oslo, NKI-Forlaget, ISBN: 9788256220946, 220 sider El-lære 2A, Vekselstrøm Th. P. van Pelt, E. H. Knol (2009), Oslo, NKI-Forlaget, ISBN: 9788256220960, 199 sider El-lære 2A – Oppgavesamling, Th. P. van Pelt, E. H. Knol (2009), Oslo, NKI-Forlaget, ISBN: 9788256220991, 61 sider
|
00TE00E NY Elektroniske systemer og nettverk | Elektroniske systemer for teknisk fagskole, Rolf Haug (2012), Oslo,Yrkeslitteratur AS,ISBN: 9788242005564, 154 sider Elektroteknisk formelsamling, Peter Bastian, Hans Rinn, Günther Springer, m.fl. (2014) Oslo, Elforlaget, ISBN: 9788273454119, 50 sider Programvare: MyDAQ, Multisim, LabView. Kjøpes via FV. pris er ca. kr. 3000,-
|
64TE01J Realfag for automatisering | Sinus Forkurs Grunnbok (2022) Tore Oldervoll, Otto Svorstøl og Robin Bjørnetun Jacobsen Bokmål, Innbundet, Akademisk, ISBN 9788202753023 Fysikk for fagskolen, Trond Ekern, Øyvind Guldahl (2009), Oslo, NKI-forlaget, ISBN: 9788256269518, 235 sider Kalkulator: Casio fx-82 (alle typar: ES, ES Plus, EX, Solar m.m.) |
00TX00A EL Ledelse, økonomi og markedsføringsledelse | Organisasjon og ledelse: https://www.fagbokforlaget.no/Organisasjon-og-ledelse/I9788245048698 Økonomi: https://www.fagbokforlaget.no/%C3%98konomistyring/I9788245048186 Markedsføringsledelse: https://www.fagbokforlaget.no/Markedsf%C3%B8ringsledelse/I9788245048704 |
64TE01L Instrumentering | Litteratur utleveres ved starten av emnet
|
64TE01O Tegning og dokumentasjon | Elektroniske systemer for Tekniskfagskole av Rolf Hauge Simulerings- og dokumentasjonsprogram |
64TE01P Nettverkssikkerhet | Forelesningsnotater, videoer og online kilder. Opplyses ved studiestart. |
64TE01N Robotteknologi | Litteratur som utleveres ved studiestart:
Det kan forventes bruk av en del plasskrevende programvare på egen datamaskin |
64TE01M Reguleringsteknikk | Forelesningsnotater og programvare tilpasset reguleringsteknikk og systemanalyse |
64TE01D Styringssystem | Litteraturliste Styringssystem Programmerbare Logiske Styringer, Dag Håkon Hanssen (2015), Bergen, Fagbokforlaget, ISBN: 9788245017977, 462 sider
|
58TE01M N Hovudprosjekt |