Rehabilitering, kvardagsmestring og velferdsteknologi
Studiefakta
- FagområdeHelsefag
- StudiestadNordnes
- StudieformDeltid, Nett
- Startsemester2023 Haust
Rehabilitering, kvardagsmestring og velferdsteknologi
Antall studieplasser
Om studiet
Høgare yrkesfagleg utdanning i rehabilitering og velferdsteknologi skal bidra til å styrke kompetansen i møte med brukarar som har behov for rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering. Mål for utdanninga er å utdanne reflekterte yrkesutøvarar med høg yrkesetisk forståing som tar initiativ til, kan kartleggje, planleggje, iverksette og evaluere tiltak i samarbeid med brukarane, deira pårørande, frivillige medarbeidarar og andre yrkesgrupper. Det skal bli lagt til rette for at brukarane kan oppleve meistring i kvardagen uansett funksjonsnivå og leve meiningsfulle liv sjølv om dei har alvorlege sjukdomar og lidingar. Fagskoleutdanninga Rehabilitering, kvardagsmeistring og velferdsteknologi skal fyrst og fremst bidra til å styrke kompetansen i direkte arbeidet med brukarar og pårørande. Det er ofte dei mest sårbare og vanskelegstilte brukarane som har størst behov for å bli møtt av ein heiltalig helse- og omsorgsteneste.
Kompetanse om velferdsteknologi og universell utforming er viktig for å klare og sjå teknologien i ein helse- og omsorgskontekst og i samhandling med pasient/brukar og pårørande. “Velferdsteknologi har i Norge og internasjonalt fått auka fokus dei siste åra. Nasjonalt velferdsteknologiprogram skal bidra til at velferdsteknologi blir ein integrert del av helse- og omsorgstenestene”. (Helsedirektoratet)
Fagskoleutdanninga i Rehabilitering, kvardagsmeistring og velferdsteknologi skal sikre at den enkelte-, samfunnets og arbeidslivets behov for kompetanse, er i tråd med dagens og framtidas oppgåver og utfordringar innan helse- og omsorgstenesta.
Hensikten med utdanninga er å utdanne reflekterte yrkesutøvarar som har høg yrkesetisk forståing, tar initiativ til, organiserer og iverksett tiltak for nedsett funksjonsevne i samarbeid med barn, unge, vaksne og eldre, deira pårørande, frivillige medarbeidarar og andre yrkesgrupper.
Kvardagsrehabilitering kan vera eit av fleire tiltak for å bidra til betre helse, kvardagsmeistring og eit aktiv livslaup. Kvardagsrehabilitering og rehabilitering er førebyggjande mens brukaren bur i heimen. Eit sentralt spørsmål er: Kva er viktig for deg? Erfaring visar at tidleg kartlegging av rehabiliteringspotensialet og tilsvarande tidleg og intensiv opptrening aukar meistringsevna og redusera hjelpebehovet.
Læringsutbyte
Læringsutbyttebeskrivinga viser dei kvalifikasjonane studenten minst skal ha etter fullført utdanning.
Kunnskap
Studenten:
· har kunnskap om rehabilitering, kvardagsmeistring og velferdsteknologi i
samarbeid med bruker, pårørande og nettverk for å bidra til økt funksjons -og meistringsevne.
· har kunnskap om rehabiliteringsprosessen og brukarmedverknad
· har kunnskap om kommunikasjon i samhandling.
· har innsikt i relevante lover/forskrifter, samt yrkesetiske retningslinjer og FN - konvensjon som regulerer tenesteyting i kommune - helsetenesta
· har kjennskap til relevant forsking og utviklingsarbeid i rehabiliteringsfeltet
· ha kunnskap om migrasjonshelse og minoritetane sine tilleggsutfordringar og barrierar ved nedsett funksjonsevne og deira behov for rehabilitering
· har kunnskap om kartlegging til person med nedsett funksjonsevne
· har kunnskap om studieteknikk og studiets arbeidsformer
· har kjennskap til e-helse og universell utforming
Ferdigheter
Studenten:
· kan finne og anvende relevant fagstoff i teori og praksis
· kan anvende kommunikasjon med brukarar, pårørande og medarbeidarar
· kan kartlegge rehabiliteringsbehov i samarbeid med andre fagpersonar
· kan anvende kunnskap om faglag forsvarleg i yrkesutøvinga
· kan anvende kunnskap om velferdsteknologi og universell utforming, samhandling med brukar, pårørande og helsepersonell
· kan anvende fagleg kunnskap om samfunnsskapt barrierar og rehabiliteringsbehov for å sikra inkludering og deltaking
· kan anvende relasjon- og rettleiingskompetanse
Generell kompetanse
Studenten:
· har utvikla forståing for etiske utfordringar i møte med brukar og pårørande
· kan utføre og utvikle egen rehabiliteringskompetanse gjennom, rettleiing og etisk refleksjon i praksis
· har forståing for ulike nivå, arena og organisering i rehabiliteringsfeltet
· kan bygga relasjonar og samhandlar med brukarar, pårørande og helsepersonell både fleirfagleg -og tverretatleg i rehabiliteringsfeltet
· har forståing for at ein rehabilitering bidrar til verdiskaping i samfunnet
· har forståing for etiske og juridiske vurderingar knytt til velferdsteknologi
· kan utøve endrings- og utviklingsarbeid innan eit valt tema, formulere ei problemstilling, innhenta og bearbeida teori, samt drøfte samanheng mellom teori og praksis
Opptak
Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjar skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev.
Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.
Formelle opptakskrav
For studium Rehabilitering, kvardagsmeistring og velferdsteknologi er relevante fagbrev/sveinebrev som dannar grunnlag for opptak:
- Vitnemål: Hjelpepleiar
- Fagbrev: Helsefagarbeidar/helsearbeidarfaget, Omsorgsarbeidar, Barne- og ungdomsarbeidarfag, og Aktivitør
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.
Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.
Andre bestemmelser
Skikkethetsvurdering
For denne utdanninga gjennomførast det ei skikkavurdering i samsvar med Forskrift om høgare yrkesfagleg utdanning §27 (1).
Ei skikkavurdering skal sikra at studenten har dei nødvendige føresetnadane for å utøve yrket. Ein student som i utdanninga eller i framtidig yrkesutøving utgjere fare for liv, fysisk og/eller psykisk helse, rettigheitar og sikkerheit til born, unge eller vaksne i sårbare situasjonar, er ikkje skikka for yrket.
Politiattest
I utdanningar der studentar kan kome i kontakt med mindreårige som del av klinisk undervisning eller praksis må studenten levere politiattest i hht politiregisterloven § 39 første ledd. For denne utdanninga krevjast politiattest.
Organisering av studiet
Dette er ei eittårig utdanning på deltid over to år
Ein kan ta studiet som eit reint nettbasert studium eller stadbasert
Studiet har et omfang på 60 studiepoeng og er inndelt i 5 emne. Utdanninga er organisert som et deltidsstudium/heiltidsstudium over 2/1 år.
Oversikt over emne og studiepoeng
Emnekode | Emnenavn | Studiepoeng |
64HH83A | Emne 1: Etikk, kommunikasjon og samhandling | 10 |
64HH83B | Emne 2: Nedsatt funksjonsevne, rehabilitering og kvardagsmeistring | 10 |
64HH83C | Emne 3: Velferdsteknologi | 10 |
64HH83D | Emne 4: Yrkesutøving og tenestetilbod | 10 |
64HH83E | Emne 5: Praksis og fordjuping | 20 |
Til saman |
| 60 |
Timebelastninga for eit studium på heiltid er 1700 timar per studieår. Det inkluderer all lærarstyrt rettleiing/undervisning, praksis, eksamensførebuing og berekna eigearbeid for studentane.
Microsoft Teams og it’slearning vert brukt som læringsplattform for å administrere studiet, og til å formidle oppgåver og prosjekt til studentane.
Arbeidsmengde i Rehabilitering, kvardagsmestring og velferdsteknologi
Emnebeskrivelse | Praksis | Asynkron undervisning | Undervisning | Sjølvstudium | Rettleiing | Sum |
---|---|---|---|---|---|---|
64HH83A Etikk, kommunikasjon og samhandling | 0 | 111 | 54 | 117 | 0 | 282 |
64HH83B Nedsatt funksjonsevne, rehabilitering og kvardagsmestring | 0 | 111 | 54 | 117 | 0 | 282 |
64HH83C Velferdsteknologi | 0 | 111 | 54 | 117 | 0 | 282 |
64HH83D Yrkesutøving og tenestetilbod | 0 | 111 | 54 | 117 | 0 | 282 |
64HH83E Praksis og fordjuping | 225 | 0 | 10 | 254 | 6 | 495 |
Sum | 225 | 444 | 226 | 722 | 6 | 1623 |
Sluttvurdering
Vurderingsuttrykket A til F, eller Bestått/Ikkje bestått vert nytta.
I emna er det fastsett ulike obligatoriske arbeidskrav som studenten må gjennomføre for å kunne få sluttvurdering.
Kva type sluttvurdering og kva arbeidskrav som vert nytta i dei einskilde emna kjem fram av emneoversikta.
Sluttdokumentasjon
Fullført og bestått fagskuleutdanning på 60 stp gir vitnemål og ein fagskulegrad.
Emneinnhold i Rehabilitering, kvardagsmestring og velferdsteknologi
Emnebeskrivelse | Innhold | Studiepoeng |
---|---|---|
64HH83A Etikk, kommunikasjon og samhandling | Tema:
1a Etikk · Etisk teoriar og prinsipp · Etisk dilemma · Etikk og teknologi · Heilskapande menneskesyn
1b Kommunikasjon i samhandling · Brukerperspektivet. Brukars behov – Kva er viktig for deg? · Relasjonkompetanse og relasjonsbygging · Kommunikasjon i samhandling med tjenestemottakar og samarbeidspartnar · Gruppeprosess og konflikthandtering
1c Lover og forskrifter · Relevante lover, forskrifter og offentlege dokumenter for utdanninga studentar og tenestemottakar
1d Psykologi og sosiologi
| 10 |
64HH83B Nedsatt funksjonsevne, rehabilitering og kvardagsmestring | Tema i emne er:
2a Nedsatt funksjonsevne
2b Deltaking og innkludering
Minoritetshelse ved nedsatt funksjonsevne og rehabilitering
2c Rehabilitering
2d Kverdagsmeistring og kvardagsrehabilitering
| 10 |
64HH83C Velferdsteknologi | 3a Velferdsteknologi og tenesteinovasjon
3b Fagleg, etisk og juridisk vurderingar knytt til velferdsteknologi
| 10 |
64HH83D Yrkesutøving og tenestetilbod | Emne tek for seg 4a Aktørar, organisering og samhandling i tenestetilbodet
4b Yrkesutøvelse, kommunikasjon- og rettleiingskompetanse
| 10 |
64HH83E Praksis og fordjuping | Praksis Praksis er ein obligatorisk del av utdanninga, og skal ha eit omfang på 225 timar, organisert samanhengande over 8 veker. Praksisplass og gjennomføring skal alltid vera godkjent av skulen. Det er mogleg å velgje mellom to ulike former for gjennomføring: Praksisutplassering på ein arbeidsplass innanfor helse- og omsorgstenesta: Denne form for praksis blir anbefalt for studentar som ikkje har sitt daglege arbeid innan fagfeltet og trenger praktisk erfaring frå slike arbeidsplassar. Studenten skal gjennomføre en fordjuping. Praksis på eigen arbeidsplass: Dette er aktuelt for studentar som har sitt daglege arbeid innanfor fagfeltet. Studenten skal gjennomføre fordjuping som et utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass med sjølvvalgt tema frå læringsuttbytta i emna. Utviklingsarbeid skal bli gjennomført etter fastlagte retningslinjer og har som målsetting å bidra til fagutvikling i praksisfeltet som også kommer pasientar og pårørande til gode. Det er viktig at det blir gjort ein formell avtale mellom studenten og arbeidsgjevar, slik at studenten får tilstrekkeleg tid til sitt utviklingsarbeid. Alle studentar som er ute i praksis – enten det er på egen eller en ekstern arbeidsplass, skal ha rettleier på praksisplassen. Rettleinga er ein forutsetning for å nå læringsutbytta for praksisstudiet. Målet med rettleiing er at studenten lærer å reflektere over eigen fagleg utvikling og der igjennom bygger opp sin kompetanse i arbeidet med pasientar og pårørande innanfor fagområdet. Fordjuping: Studentane skal gjennomføra ein obligatorisk fordjuping, med sjølvvalde tema frå emne 1-4. | 20 |
Sum | 60 |
Pensumliste
Rehabilitering, kvardagsmestring og velferdsteknologi
Emnebeskrivelse | Pensumliste |
---|---|
64HH83A Etikk, kommunikasjon og samhandling | Emne 1: Etikk, kommunikasjon og samhandling Grasaas, K. G., Sjursen, M. og Stordalen, J. (2019). Fag, etikk og kommunikasjon. Cappelen Damm Akademisk. ISBN: 9788202616625 Hanssen, Ingrid (2019) Helsearbeid i et flerkulturelt samfunn. (4 utg) Oslo: Gyldendal. ISBN: 9788205517738 Helgesen, Leif. A.,Grasaas, Kari. K og Sjursen, Marit (2016) Psykologi og sosiologi, for fagskoleutdanningene. Cappelen Damm. ISBN: 9788202421342
Nettressurser: Etiske retningslinjer for yrkesgruppene i seksjon Helse og sosial. Fagforbundet Eide T & Aadland E. Etikkhåndboka i kommunenes helse og omsorgstjenester. Etikkhandboka. E-læring Etikk og refleksjon KS. https://www.ks.no/fagomrader/demokrati-og-styring/etikk/e-laringsprogram... Helse- og omsorgsdepartementet (2016): Opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering. 2017-2019 Integrerings- og mangfoldsdirektoratet: https://www.imdi.no/ Integrering og mangfolddirektoratet, IMDI: imdi.no/om-imdi/brosjyrer-handboker-og-veiledere/ Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven) Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (Helse- og omsorgstjenesteloven) Lov om pasient- og brukerrettigheter (Pasient- og brukerrettighetsloven) Mayers prinsipper Omsorg 2020 St. meld. nr. 15 (2017 –2018) Leva hele livet VI og DE, en håndbok om kommunikasjon på tvers av kulturer: https://www.imdi.no/globalassets/dokumenter/andre-filer/vi-og-de-en-hand... Studie har også andre nettressursar som fagartikler, forskningsrapporter, lovar, forskriftar, offentlige dokument, mm. på læringsplattforma.
Tilleggslitteratur: Dalland, Olav. (2020). Metode og oppgaveskriving. Oslo: Gyldendal akademisk. Eide, H. & Eide, T. (2017). Kommunikasjon i relasjoner. Samhandling, konfliktløsning og etikk. Oslo: Gyldendal Akademisk. FHI Helse i innvandrerbefolkningen: https://www.fhi.no/nettpub/hin/grupper/helse-i-innvandrerbefolkningen/ Lingås, L. og Herheim, Å. (2020) Kommunikasjon og samarbeid – utvikling av relasjonskompetanse
|
64HH83B Nedsatt funksjonsevne, rehabilitering og kvardagsmestring |
Normann. T, Sandvin. J. T, Thommesen. H (2013) Om rehabilitering. Helhetlig, koordinert og individuelt tilpasset. Oslo. ISBN: 9788244621649 Slettebø, Å og Solvang, P.K (2012) Rehabilitering. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag AS. ISBN: 9788205419414 Tuntland, Hanne og Nils Erik Ness (2014): Hverdagsrehabilitering, Gyldendal Akademisk ISBN: 9788205458864 Tveiten, S. (2019) Veiledning – meir enn ord 4 utgave. Fagbokforlaget ISBN: 9788245028515
Nettressurser: Aldring og helse: https://www.aldringoghelse.no/ Helsedirektoratet (2017): Veileder om rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator: https://oslo-universitetssykehus.no/Documents/Samhandling/Rehabilitering... Helsedirektoratet (2015) Veileder til barn og unge med habiliteringsbehov: https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/barn-og-unge-med-habilitering... Aktiv omsorg: Utviklingssenter for sykehjem- og hjemmetjenesten: http://www.utviklingssenter.no Covid -19. (2022): https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/koronavirus/Senf%C3%B8lger-og... 2 Konvensjon om rettigheter til mennesker med nedsatt funksjonhemming:https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/bld/sla/funk/konvensjon_w... Lov om behandling av personopplysninger (Personopplysningsloven) Lov om helsepersonell m.v. (Helsepersonelloven) Lov om helseregistre og behandling av helseopplysninger (Helseregisterloven). Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (Helse- og omsorgstjenesteloven) Lov om pasient- og brukerretigheter (Pasient- og brukerrettighetsloven) Lungerehabilitering. (2022): https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/kols/lungerehabilitering... Nasjonalt kompetansesenter for læring og mestring: https://mestring.no/hva-er-laering-og-mestring/ St. meld. nr. 15 (2017 –2018) Leva hele livet St. meld. nr. 24 (2022 -2023) Bu trygt heime Studie har også andre nettressursar som fagartikler, forskningsrapporter, lovar, forskriftar, offentlige dokument, mm. på læringsplattforma.
Tilleggslitteratur: Bufdir: Artikkel 19. Rett til et selvstendig liv og til å være en del av samfunnet (for mennesker med nedsatt funkjsonsevne) https://ny.bufdir.no/fagstotte/produkter/crpd/#heading-contentlink-7871 FN`s verdenserklæring om menneskerettigheter: https://www.fn.no/om-fn/avtaler/menneskerettigheter/fns-verdenserklaerin... Helsedirektoratet. Barn og unge med habiliteringsbehov: https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/barn-og-unge-med-habilitering...
|
64HH83C Velferdsteknologi | Eide & Eide (2019). Kommunikasjon i relasjoner. Personorientering, samhandling, etikk. Oslo: Gyldendal. ISBN: 9788205500563.
Eide T & Aadland E. Etikkhåndboka i kommunenes helse og omsorgstjenester. Etikkhandboka.pdf (unit.no)
Nakrem, S., Sigurjonsson, J.B. (Red.). (2018). Velferdsteknologi i praksis. Oslo: Cappelen Damm AS. ISBN: 9788202532369
Nettressurser: e-helse. (2022). Norm for informasjonssikkerhet og personvern innen helse- og omsorgssektoren. Versjon 6.1 Normen – Norm for informasjonssikkerhet og personvern i helse- og omsorgssektoren - ehelse Helsedirektoratet. (2023). Temaside for velferdsteknologi. https://www.helsedirektoratet.no/tema/ velferdsteknologi Helsedirektoratet (2012): «Fagrapport om velferdsteknologi. Implementering av velferdsteknologi i de kommunale helse- og omsorgstjenestene 2013-2030.» Helsedirektoratet. (2014). Anbefaling på valg av standarder/rammeverk for velferdsteknologi. Rapport IS-2200. Hentet fra https://helsedirektoratet.no/Lists/Publikasjoner/Attachments/832/Anbefaling-pa-valg-avstandarder-rammeverk-for-velferdsteknologi-IS-2200.pdf. Lov om behandling av personopplysninger (Personopplysningsloven) Lov om helsepersonell m.v. (Helsepersonelloven) Lov om helseregistre og behandling av helseopplysninger (Helseregisterloven). Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (Helse- og omsorgstjenesteloven) Lov om pasient- og brukerrettigheter (Pasient- og brukerrettighetsloven) Meld. St. 24 (2022–2023) Melding til Stortinget Fellesskap og meistring Bu trygt heime; https://www.regjeringen.no/contentassets/a8280e2548c04d3ea6898078480bfa0c/nn-no/pdfs/stm202220230024000dddpdfs.pdf Målrettet grep for å inkludere fleire, sosialt og digitalt (2022): https://ehealthresearch.no/nyheter/2022/malrettede-grep-for-a-inkludere-flere-sosialt-og-digitalt Najonal e-helse strategi 2023 https://www.ehelse.no/strategi/nasjonal-e-helsestrategi-for-helse-og-omsorgssektoren/_/attachment/inline/e1d4dc61-9158-4bde-baec-62aeb75c9215:420e028dd18e45cc32e84b3e55d13c716290cab2/Nasjonal%20e-helsestrategi%20v.1.0.pdf Nasjonal e-helsestrategi for helse og omsorgssektoren (2023-2030): https://www.ehelse.no/strategi/nasjonal-e-helsestrategi-for-helse-og-omsorgssektoren Nasjonalt senter for aldring og helse. Kartlegging av behov for velferdsteknologi: Kartlegging av behov for velferdsteknologi - Nasjonalt senter for aldring og helse Nasjonalt senter for E-helseforskning: Hjem | Ehealthresearch.no (NO) Nasjonalt velferdsteknologi program: https://www.helsedirektoratet.no/tema/velferdsteknologi/velferdsteknologi Normen for informasjonssikkerhet og personvern i helse- og omsorgsektoren: NOU: 2023. Tid for handling Personellet i en bærekraftig helse- og omsorgstjeneste: NOU 2023: 4 (regjeringen.no) Pasientjournalforskriften Forskrift om pasientjournal (pasientjournalforskriften) - Lovdata Personopplysningsloven (2018). Lov om behandling av personopplysninger (LOV-2018-06-15-38). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2018-06-15-38?q=personopplysningsloven Rotvold, G. H., Knarvik, U., Trondsen, M. V. (2018) Innføring av velferdsteknologi for barn og unge med funksjonsnedsettelser: https://helsedirektoratet.no/Documents/Velferdsteknologi/NSE-rapport_2018- 01_Innforing_av_velferdsteknologi.pdf Slik kan ny teknologi gi økt trygghet i hjemmet. Sykepleien 2019 (107). https://doi.org/10.4220/Sykepleiens.2019.76626 Veikart for tjenesteinnovasjon: KS - KS Velferdsteknologi for personer med demens https://omsorgsforskning.brage.unit.no/omsorgsforskning-xmlui/bitstream/handle/11250/3072628/Velferdsteknologi%20for%20personer%20med%20demens.pdf?sequence=1&isAllowed=y
Studie har også andre nettressursar som fagartikler, forskningsrapporter, lovar, forskriftar, offentlige dokument, mm. på læringsplattforma.
|
64HH83D Yrkesutøving og tenestetilbod | Iversen, Anita og Haugsdottir, Nanna (red) (2020) Tverrprofesjonell samhandling og teamarbeid. Kjernekompetanse for fremtidens helse- og velferdstjenester. Oslo: Gyldendal ISBN: 9788205516717 Tveiten, S. (2019) Veiledning – meir enn ord. Fagbokforlaget ISBN: 9788245028515
Nettressurser Barn som pårørende får ikkje den oppfølging de trenger https://sykepleien.no/sites/default/files/pdf-export/pdf-export-88379.pdf FHI Gode pasientforløp - Kva er viktig for deg https://www.fhi.no/kk/forbedringsarbeid/pasientforlop/eldre-og-kronisk-s... Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (Helse- og omsorgstjenesteloven) Lærings og mestringssenteret Tromsø. https://unn.no/avdelinger/nevro-ortopedi-og-rehabiliteringsklinikken/reh... Studie har også andre nettressursar som fagartikler, forskningsrapporter, lovar, forskriftar, offentlige dokument, mm. på læringsplattforma.
|
64HH83E Praksis og fordjuping | Dalland, Olav, (2020). Metode og oppgaveskriving. Oslo: Gyldendal akademisk. ISBN: 9788205543089 Thorenfeldt, Anne: Prosjektnøkkelen ISBN: 9788256273263 Tuntland, H. & Ness, N.E. (red.). (2014). Hverdagsrehabilitering. Oslo: Gyldendal Akademisk. ISBN: 9788205458864
I tillegg: Sjølv litteratur frå Emne 1-4 til Fordyping Studie har også andre nettressursar som fagartikler, forskningsrapporter, lovar, forskriftar, offentlige dokument, mm. på læringsplattforma. Med atterhald om endring. |