Mjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi, Mo
Studiefakta
- FagområdeGrøne og gastronomiske utdanningar
- Studiepoeng60
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadMo
- StudieformDeltid
- Startsemester2023 Haust
Mjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi, Mo
Om studiet
Mjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi» er eit 1-årig fagskuletilbod. Studietilbodet er delt opp i fire hovudemne. Studiet er tenkt for noverande og framtidige mjølkebønder, tilsette i leverandørindustrien og rådgjevarar innan for moderne mjølkeproduksjon. Studiet går som eit deltidsstudium over to skuleår/fire semester.
Norske bønder har vore raske med å ta i bruk ny teknologi for å optimalisere eigen produksjon. Teknologiutviklinga med blant anna nye maskiner, traktorar, driftsbygningar og automatisering har vært produktivitetsfremjande og arbeidseffektiviserande, og det har endra måten landbruket blir drive på.
Landbruket er ei næring som krev mykje kompetanse, både teoretisk og praktisk. Bonden krev agronomisk og økonomisk kompetanse. Og no, i kanskje enda større grad enn tidlegare, er data teknisk kompetanse også blitt naudsynt i endå størregrad. Landbruket er inne i ei stor omstillingsfase. Spesielt store omveltingar ser vi innanfor mjølkeproduksjon. Om lag 57 % av dagens mjølkeproduksjon går føre seg i nye robotfjøs. På landsbasis er det no i overkant av 1700 robotfjøs. Denne nye driftsforma krev ny kompetanse utover det ein tradisjonelt har trengt i dei tradisjonelle båsfjøsa. Moderne teknologi ser vi er på veg inn i landbruket utafor fjøset også.
Moderne teknologi ser vi er på veg inn i landbruket utafor fjøset også, på det agronomiske området. Innan dyrkingsteknikk har det og skjedd mykje innan presisjonsjordbruk. Eit nytt fagskuletilbod innan «Mjølkeproduksjon med bruk av robot-teknologi» vil kunne møte fleire av dei nye faglege utfordringane som trengst.
Norsk landbruk er sterkt mekanisert i verdsmålestokk. Ein tredjedel av mjølkemengda blir no mjølka av ein robot. Dei første mjølkerobotane ble installert i 2000, i 2006 var det 170 mjølkerobotar og ved utgangen av 2015 var det 1 610 mjølkerobotar i landet. Denne mekaniseringa har mellom anna ført til at totalt utført arbeidsforbruk pr. bedrift, er redusert med ein tredjedel. Det skuldas mekanisering, effektivisering av arbeidsprosessane og i nokre grad auka innleigde tenester.
Ut i frå landbruksbarometeret 2017 ser vi at tal mjølkebruk har gått betrakteleg tilbake dei siste 20 åra. Men vi ser og at tal mjølkebruk med over 30 mjølkekyr aukar. Mjølkeproduksjon med eit større driftsapparat er utviklinga vi ser innan for mjølkeproduksjon i Norge. Dette er ei ny produksjonsform for dei aller fleste bønder, noko som krev ny kompetanse. Men vi ser også at ei ny trend er på veg inn i landbruket. Fleire bønder set no inn mjølkerobotar i besetningar på 18-20 kyr. Mobile mjølkerobotar er også på veg til Norge. Dei vil bli brukt både på hovudbruket og på stølen. Fleire bønder ser at mjølkeroboten kan endre delar av deira livsstil. Det kan vere ei endring i korleis ein tradisjonelt sett også har sett på økonomien. Mange ser no i i større grad på totaløkonomien på garden og familiesituasjonen som ein heilskap.
Norsk Institutt for bioøkonomi (NIBIO) ser også no ein stor auke i interessa for det som har med presisjonslandbruk og bruk av ny teknologi knytt til det agronomiske. NIBIO meiner at det vil skje enormt mykje disse neste åra på denne fronten. Dette vil også ha betydning for mjølkebønder som produserer og har behov for store menger grovfôr.
I arbeidet med å bli meir sjølvforsynte med protein i fôret vil vi kunne sjå at nye proteinvekstar vil bli tatt i bruk. Vekstar som vil tole større nedbørsmengder kan også få eit oppsving. Parallelt med klimaendringar vil fokus på miljø vere enda viktigare enn vi ser berre i dag.
Hovudmålet er at utdanninga skal vere både samtidsretta og framtidsretta med hovudvekt på teori i praksis. Studentane skal etter avslutta utdanning forvalte eigne landbruksføretak eller kunne gje gode råd etter næringa og samfunnets behov.
Læringsutbyte
Læringsutbytte er ein beskriving av kva ein student veit, kan og er i stand til å gjere som resultat av ein læringsprosess. Læringsutbytte er i forhold til krava i «Nasjonalt Kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring» (NKR). Denne fagskuleutdanninga ligg i læringsutbyttebeskrivinga på nivå 5.1. i kvalifikasjonsrammeverket då den er eit eittårig studium. For alle utdanningar vert det utarbeidd læringsutbyttebeskrivingar (LUB) for utdanninga som heilskap og for kvart emne. Ein brukar då omgrepa overordna LUB og emne LUB. Læringsutbyttebeskrivinga viser dei kvalifikasjonane studenten minst skal ha etter fullført utdanning.
Fagskuleutdanninga skal gi ei heiskapeleg forståing innanfor mjølkeproduksjon og robotteknologi. Fokuset er retta mot utvikling og optimalisert drift av landbruksføretak med robotfjøs som hovudfokus. Presisjonslandbruk, miljø, leiing og økonomi er også i varetatt i studiet.
Etter gjennomført studie skal studentane kunne
- Drive eit eige landbruksføretak med hovudvekt på mjølkeproduksjon i robotfjøs.
- Kunne nytte seg av og vurdere ulike planer og styringsverktøy for utvikling av landbruksføretaket ut i frå bedriftsøkonomiske og agronomiske vurderingar.
- Kunne nytte moderne robotteknologi i lausdriftsfjøs, både i ein planleggingsfase, og i den daglege drifta.
- Kunne nyttiggjere seg av presisjonslandbruk i fôrdyrking
- Kunne kommuniserer og vidareformidle faglege råd innan for mjølkeproduksjon
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om mogelegheiter innan robotteknologi og presisjonsjordbruk som ein kan nyttiggjere seg av
- har kunnskap om relevant dataverktøy som blir nytta innanfor mjølkeproduksjon
- har kunnskap om bedriftsleiing og økonomi i landbruket, med spesielt vekt på mjølke – og kjøtproduksjon i robotfjøs
- har kunnskap om dyrevelferd og helse i robotfjøs
- har kunnskap om fôrplanlegging i robotfjøs
- har innsikt i relevant nasjonalt lovverk og kvalitetskrav
- har kunnskap til å oppdatere sine yrkesfaglege kunnskapar innan robotteknologi i husdyrhald.
Ferdigheter
Studenten:
- kan anvende ulike økonomiske analyser og berekningar som har innverknad på drifta
- kan anvende aktuelle planleggings – og styringsverktøy og bruke dei i eigen drift og/eller ved rettleiing av andre
- kan anvende kunnskapen sin til å styre produksjonen og løyse utfordringar på ein framtidsretta måte,
- kan anvende ny teknologi for å betre resultata i drifta
- kan kartlegge drifta og gjennomføre nødvendige tiltak
- kan nytte produksjonsrapportar til forbetring av drifta
- har økonomisk kompetanse for drift av eit føretak
Generell kompetanse
Studenten:
- Kan utvikle gode arbeidsmetodar og produkt for optimalisering av drifta på føretaket, kan vurdere aktuelle samarbeidsmodellar
- Har forståing og handlingskompetanse til å gjennomføre gode og berekraftige avgjerder for eigen drift og samfunnsmessige mål
- Kan utvikle gode arbeidsmetodar for ei rasjonell drift av føretaket
- Kan gjennom planer og praktisk utført arbeid produsere mjølk og kjøt som held god kvalitet.
- Har praktiske ferdigheiter til å etterleve krav til dyrevelferd ved stell og fòring i storfehaldet
- Kan bygge relasjonar med fagfolk, på tvers av fagområde og med eksterne målgrupper innan husdyrhald
Opptak
Søkjarane kan tas opp på to vilkår. Anten gjennom ordinært opptak, basert på fullført treårig vidaregåande opplæring innanfor naturbruk. Det er i tillegg mogeleg å bli tatt opp til studiet på bakgrunn av realkompetansevurdering.
Formelle opptakskrav
Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjar skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev.
Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.
Søkjarane må ha fullført treårig vidaregåande opplæring innanfor naturbruksprogrammet basert på VG3 landbruk eller tilsvarande fagbrev.
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse. Realkompetansen må oppfylle læreplanmål i videregående opplæring innen relevant programområde, i tillegg til kompetanse i felles allmenne fag som tilsvarer VG1 og VG2 i yrkesfaglig utdanningsprogram.
Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.
Organisering av studiet
Nettstudiet med samling er bygd opp av fire hovudemne som består av fleire undertema. Dei tre første emna er definert som grunnlagsemne for det siste fagemnet, gjennomføring av hovudprosjekt.
Det blir lagt opp til 8 samlingar per skuleår. Samlingane vil gå over 3 dagar med 10 timar undervisning mandag og tirsag og 6 timar onsdag. Undervisningsmateriell og oppgåver vert lagt ut i den digitale læringsplattforma Teams.
Kommunikasjonen mellom studentane (gruppe- og refleksjonsarbeid) og mellom lærar og student vil mellom samlingane gå føre seg på denne læringsplattforma Teams.
Studiet vil gå over to skuleår (fire semester). Undervisninga er i hovudsak lagt til samlingane, men undervisning vil også gå føre seg på nett mellom samlingane. Undervisninga mellom samlingane vert avtalt på samlingane. Det same vert felles rettleiing. Lærar set opp rettleiingsøkter som vil forgå i digitale klasserom.
I tillegg til teoriundervisning vil delar av samlingane nyttast til praktisk undervisning og til relevante gardsbesøk. Studiet føreset at studentane arbeider mykje med teorien mellom samlingane.
Fordeling av ulike undervisningsformer og læringsaktivitetar på dei ulike emna, for samlingsbasert deltidsstudium.
Emne- kode |
Emnenamn |
Studie- poeng | Under- visning på samling | Rettleiing, nettunder- visning mellom samling |
Sjølv- studiu m | Utferd/ bedrifts -gards- besøk | Gruppe- arbeid (inkl. via nett) | Eksam ens- førebui ng |
Sum |
E1 | Økonomi og driftsleiing | 10 | 65 | 20 | 123 | 5 | 50 | 20 | 283 |
E2 | Grovfôr- produksjon | 10 | 65 | 20 | 133 | 10 | 35 | 20 | 283 |
E3 | Mjølke- produksjon og robotteknologi |
30 |
250 |
60 |
341 |
80 |
60 |
60 |
851 |
E4 | Hovudprosjekt | 10 | 38 | 60 | 140 | 20 | 5 | 20 | 283 |
| Totalt | 60 | 418 | 160 | 737 | 115 | 150 | 120 | 1700 |
Arbeidsmengde i Mjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi Mo, deltidsstudium
Emnebeskrivelse | Undervisning | Sjølvstudium | Sum |
---|---|---|---|
65PS10A Driftsleiing og økonomi | 65 | 218 | 283 |
65PS10B Mjølkeproduksjon i robotfjøs | 250 | 601 | 851 |
65PS10C Grovfôrproduksjon | 123 | 160 | 283 |
65PS10D Prosjektoppgåve | 38 | 245 | 283 |
Sum | 476 | 1224 | 1700 |
Undervisningsformer
Det blir lagt opp til variert undervisning. Det vil være tradisjonelle førelesningar i klasserom, i tillegg til mykje øvingar i skulen sitt fjøs. Det blir også lagt opp til bedrifts- og gardsbesøk. Dette for at studentane skal komme ut å sjå ulike problemstillingar bli løyst på ulike måtar i praksis. Det er fagansvarleg som er ansvarleg for val av studiebesøk.
Det er lagt opp til rettleiingstid individuelt og i grupper. Fagleg rettleiinga i noko grad gå føre seg i undervisningstimane på samling, men i stor grad mellom samlingane. Studentane kan avtale klassevis rettleiing, rettleiing i små grupper eller individuell rettleiing. Lærar vil sette opp tidspunkt som passar.
All fagskuleutdanning krev at utdanninga er fagleg retta. Gjennom oppgåveløysing blir det lagt til rette for at studentane aktivt kan byggje på dei tidlegare erfaringane sine, og kan reflektere over erfaringane gjennom møte med relevante døme og problemstillingar.
Val av læringsaktivitetar er gjort for at studentane skal få ei vidareutdanning som skal gi studentane ei praktisk og teoretisk spesialisering. I tillegg skal dei utvikle evna til sjølvstendig arbeid, kommunikasjon, samarbeid og praktisk yrkesutføring. Dette skal dei mellom anna vise gjennom hovudprosjekt som er lagt til slutten av studiet.
Sjølvstendig arbeid er ein stor del av nettstudiet. Det er viktig at studentane er bevist dette før dei tek til på studiet. På første samlingar vert studentane oppfordra til å danne studiegrupper.
Faglærarar ved fagskulen, avd. Mo, vil i hovudsak verte nytta til undervisning. Det er også naudsynt å hente inn spisskompetanse både frå næringslivet i fylket, men også nasjonalt. Dette for å sikre best mogleg kvalitet på undervisninga for det einskilde emne. Vi vil primært nytte oss av ressurspersonar frå våre samarbeidspartar, det vil sei organisasjonar i næringa.
Vurdering
Vurdering ved Fagskulen Vestland har fleire mål. Vurderinga skal kunne måle kompetansen til studentane og fremje læring.
Fagskulen vestland nyttar arbeidskrav i dei fleste emne. Føremål med arbeidskrav er å sikre progresjonen i læringa og ein jamn arbeidsinnsats gjennom studiet.
For å få sluttvurdering og moglegheit til å gå opp til eksamen må arbeidskrava vera godkjende. jf. Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland § 3-3
Når vurderinga skal måle kompetanse vert omgrepet sluttvurdering nytta. Sluttvurderinga skal måle kompetansen på slutten av undervisning av eit emne. For å måle kompetanse nyttar vi mellom anna eksamen, heildagsprøve, vurderingsmappe, prosjektoppgåver, gruppeoppgåver, innleveringar og liknande.
Sluttvurdering
Når vurderinga skal måle kompetanse vert omgrepet sluttvurdering nytta. Sluttvurderinga skal måle kompetansen på slutten av undervisning av eit emne. For å måle kompetanse nyttar vi mellom anna eksamen, prosjektoppgåver, gruppeoppgåver, framføringar, innleveringar og liknande.
Studentane skal gjennomføre 3 eksamenar. Eksamen vert gjennomført etter følgande plan:
- Hovudprosjekt. Hovudprosjektet vert avslutta med individuell munnleg eksamen med bakgrunn i hovudrapport og oppsummeringsnotat.
- Driftsleiing og økonomi. I emnet driftsleiing og økonomi er det en individuell praktiskmunnleg eksamen.
- Mjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi. Mjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi er en individuell munnleg eksamen der studenten trekker hovudtema.
- Grovfôrproduksjon. Grovfôrproduksjon har ikkje eksamen, men eit større prosjekt som omhandlar ensilering. Prosjektet er praktisk med ei større innlevering til slutt.
Studentane skal sikrast ei upartisk vurdering av kunnskapar og ferdigheiter. Eksterne fagkyndige personar vert oppnemnde som sensorar.
Sluttdokumentasjon
Studentane som fullfører og består fagskuleutdanning får eit vitnemål som dokumentasjon. På vitnemålet står utdanning og tittel på hovudprosjekt. Vitnemåla inneheld alle emna med oppnådd karakter og antall studiepoeng for studiet.
For at det skal kunne skrives ut vitnemål, må heile studiet være fullført, eksamen må være avlagt og bestått.
Vitnemålet vert merka med Vocational Dipoloma VC, med tanke på international bruk. vitnemåle vil i tillegg innehalde læringsutbyttebeskriving.
Etter fullført studium oppnår studentane tittelen «Agroteknikkar».
Emneinnhold i Mjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi Mo, deltidsstudium
Emnebeskrivelse | Innhold | Studiepoeng |
---|---|---|
65PS10A Driftsleiing og økonomi | Tema 1: Rammevilkår: Internasjonale rammevilkår:
Tema 2: Bedriftsøkonomi
Tema 3: Rekneskapsforståing:
Tema 4: Leiing, inkludert arbeidsgjevaransvar
Tema 5: Yrkesretta kommunikasjon:
| 10 |
65PS10B Mjølkeproduksjon i robotfjøs | Tema 1: Mjølkeproduksjonens utvikling - lover og forskrifter for hold av produksjonsdyr - rådgivings – og forskningsmiljø innafor mjølkeproduksjon - kukontroll – bruk og nytte av verktøyet i daglig drift - planlegging og produksjonstilpassing med utgangspunkt i føretakets samla ressursgrunnlag
Tema 2: Robotteknologi: - ulike robotar i husdyrproduksjonen - datastyring og robot som styringsverktøy - funksjon, kontroll og enkelt vedlikehald av ulike robotar - automasjon, styringar, hydraulikk og pneumatikk - ulike løysingar for driftsbygningar tilpassa robotløysingar - bruk av relevante rådgjevingsprogram og verkty for kartlegging, planlegging og styring av drifta - tolke og analysere data, og bruke data og dataverktøy aktivt i drifta - moderne utstyr til handtering og lagring av fôr og gjødsel
Tema 3: Ernæring - fôranalyser; prosedyrar og vurderingar - fordøyelse og absorpsjon, omsetning av næringsstoffa (stoffskiftet), med spesiell vekt på energi- og proteinstoffskiftet - prinsipp for fôrmiddelvurdering
Tema 4: Fôring i robotfjøs - fôrplanlegging og fôroptimalisering i robotfjøs - fôring og stell av kalv, sinkyr og slaktedyr
Tema 5: Dyrehelse, dyrevelferd avl og fruktbarhet i robotfjøs - dyrevelferd og helse - helse – fôring – produksjon - førebyggjande arbeid i lausdriftsfjøs - fruktbarheit - ulike typar kutrafikk - klauvhelse
| 30 |
65PS10C Grovfôrproduksjon | Tema 1: Jordkultur og jordbearbeiding: - jordartanes brukseigenskaper, jordbiologi og jordstruktur - bruk av jordsmonnskart - jordarbeiding og ny teknologi - jordpakking og tiltak - kjemiske prosesser i jord (jordreaksjonar/pH) - drenering og vedlikehald av dreneringssystem - nydyrking og bruk av arealressurskart
Tema 2: Plantekultur - kunnskap om nye sortar gras og grønfòr tilpassa eit varmare og våtare klima - nye proteinvekstar - karbohydratrike vekstar som supplement til kraftfòr - beitebruk og robotfjøs - aktuelle beitevekstar til mjølkeproduksjon
Tema 3 Presisjonsjordbruk - presisjonsgjødsling med bruk av GPS - ny spreiingsteknikk for kalk, kunstgjødsel og husdyrgjødsel - analyseverktøy for næringsinnhald i husdyrgjødsel - jordanalyse og gjødselplan med bruk av digitalt verktøy - presisjonsbekjempelse av ugras (kjemisk og mekanisk) - avansert landbruksteknikk (autostyring, reiskapsstyring, beslutningsstøtte) - robotisering og automatisering - presisjonslandbruk – betydning for miljø og økonomi
Tema 4: Landbruk og miljø landbruk og miljø i samfunnsperspektiv - effekt av forureining på biologisk system - sentrale tema som plantevernmiddel, miljøgifter, klimagass, sur nedbør og mikroplast - «Klimasmart Landbruk»
Tema 5: Hausting og ensilering - Ensileringsprosessen og ensileringsmiddel - Grovfôrmodellen – prognoser for avling og kvalitet - Ulike hausteteknikkar – ny teknologi
Tema 6 Husdyrgjødsel - Handtering av gjødsel i fjøset - Lagring av gjødsel - Ulike spreiesystem - Gjødselverknad | 10 |
65PS10D Prosjektoppgåve | Prosjektbeskriving: Studentane kan sjølv velje kva prosjekt/hovudtema/problemstilling det skal skrivast om. Prosjektet skal vere godkjent av prosjektansvarleg før ein kan ta til på forprosjektrapport. Problemstillinga skal ta utgangspunkt i eit eller fleire tema som studiet har berørt. Forprosjektrapport Forprosjektrapport inneheld disposisjon, struktur og beskrivelse av arbeidsmetode. Forprosjektrapport må vere godkjent av prosjektansvarleg før ein kan ta til på hovudrapport. Hovudrapport: Hovudrapport skal ha ein oversiktleg disposisjon og struktur. Referansar skal brukast rett. Språket må vere godt forståeleg. Det faglege nivået skal liggje på same nivå med fagskulestudiet elles.
| 10 |
Sum | 60 |
Pensumliste
Mjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi Mo, deltidsstudium
Emnebeskrivelse | Pensumliste |
---|---|
65PS10A Driftsleiing og økonomi | Driftsleiing og økonomi Det blir gitt nærmare henvisningar i litteraturen ved studiestart. Faglærar oppdaterer med nyare artiklar og faktaark. Undervisningsmateriell som deles ut undervegs, eller leggjast ut på Teams, reknast som pensum.
Landbrukets særlover, Plan og bygningsloven, Arbeidsmiljøloven Matmerks ordningen innenfor kvalitetssikring i landbruket. (NETTLINK) www.lovdata Aktuelle lover i landbruket. Arbeidsmiljøloven. Fagartiklar, samla i kompendium |
65PS10B Mjølkeproduksjon i robotfjøs | Mjølkeproduksjon i robotfjøs Faglitteratur frå Geno og Tine. Ruud, Lars Erik et al. (2015). Hus for storfe : norske anbefalinger. (4. utg.). [Ås]: Helsetjenesten for storfe. ISBN 978-82-998578-1-9 Hulsen, jan (2009). Robotmelking. [Zutphen]: Roodbont forlag. ISBN 978-90-874005-0-7 Hulsen, Jan (2013) Tørrperioden, kyr som trenger spesielt stell og behandling [Zutphen]: Roodbont forlag ISBN 978-90-874014-4-3 Hulsen, Jan og Aerden, Dries Fôringssignaler - fôring av kyr for god helseog produksjon, en praktisk veileder [Zutphen]: Roodbont forlag ISBN 978-90-874017-4-0 Undervisningsmateriell som deles ut undervegs, eller leggjast ut på Teams, reknast som pensum. |
65PS10C Grovfôrproduksjon | Grovfôrproduksjon Daugstad m.fl, Næringsinnhold i husdyrgjødsel – Analyser av husdyrgjødsel frå storfe, sau, svin og fjørfe. Drenering. Teori og praksis 2013. Fylkesmannen i Rogaland, Bioforsk, Norsk Landbruksrådgiving. Bondevennen 2013. Skaland, Nils. Grønnfôrvekster. Mo, Magne (2005). Surfôrboka. Oslo: Landbruksforlaget. ISBN 82-5292-883-8 Kompendium, satt samen av fagartiklar/litteratur frå forskningsmiljø og rådgjevingsmiljø. Undervisningsmateriell som deles ut undervegs, eller leggjast ut på Teams, reknast som pensum. |
65PS10D Prosjektoppgåve | Prosjektoppgåve |