65PS10C Grovfôrproduksjon

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Grøne og gastronomiske utdanningar
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
    • Studiestad
      Mo
    • Studieprogram
      Mjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi, Mo
    • Startsemester
      2023 Haust

Om emnet

Tema 1: Jordkultur og jordbearbeiding:

-      jordartanes brukseigenskaper, jordbiologi og jordstruktur

-        bruk av jordsmonnskart

-        jordarbeiding og ny teknologi

-        jordpakking og tiltak

-        kjemiske prosesser i jord (jordreaksjonar/pH)

-        drenering og vedlikehald av dreneringssystem

-        nydyrking og bruk av arealressurskart

 

Tema 2: Plantekultur

-         kunnskap om nye sortar gras og grønfòr tilpassa eit varmare og våtare klima

-        nye proteinvekstar

-        karbohydratrike vekstar som supplement til kraftfòr

-        beitebruk og robotfjøs

-        aktuelle beitevekstar til mjølkeproduksjon

 

Tema 3 Presisjonsjordbruk

-        presisjonsgjødsling med bruk av GPS

-        ny spreiingsteknikk for kalk, kunstgjødsel og husdyrgjødsel

-        analyseverktøy for næringsinnhald i husdyrgjødsel

-        jordanalyse og gjødselplan med bruk av digitalt verktøy

-        presisjonsbekjempelse av ugras (kjemisk og mekanisk)

-        avansert landbruksteknikk (autostyring, reiskapsstyring, beslutningsstøtte)

-        robotisering og automatisering

-        presisjonslandbruk – betydning for miljø og økonomi

 

Tema 4: Landbruk og miljø

landbruk og miljø i samfunnsperspektiv

-        effekt av forureining på biologisk system

-        sentrale tema som plantevernmiddel, miljøgifter, klimagass, sur nedbør og mikroplast

-        «Klimasmart Landbruk»

 

Tema 5: Hausting og ensilering

-        Ensileringsprosessen og ensileringsmiddel

-        Grovfôrmodellen – prognoser for avling og kvalitet

-        Ulike hausteteknikkar – ny teknologi

 

Tema 6 Husdyrgjødsel

-        Handtering av gjødsel i fjøset

-        Lagring av gjødsel

-        Ulike spreiesystem

-        Gjødselverknad

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

-        har kunnskap om ny teknologi innanfor presisjonsjordbruk

-        har kunnskap om dei mest aktuelle konserveringsmetodane for grovfôr

-        har grunnleggjande kunnskap knytt til forureining av jord, luft og vann.

-        har forståing for verknad av miljøgifter på organismar, populasjonar og økosystem.

-        har fått innsikt i forhold som karakteriserer norsk fôrproduksjon og kunnskap om dei mest aktuelle fôrmidla, inkludert nye proteinvekstar og vekstar tilpassa klimaendringar

-        har kunnskap om dei mest aktuelle konserveringsmetodane for grovfôr

-        har kunnskap om ulike fôranalyser som brukast, kva for prosessar som analysane byggjer på, og begrunnelse for bruk av dei ulike analysane

Ferdigheter

Studenten:

-        kan vurdere konsekvensane av ulike drifts- og konserveringsmessige forhold på avling og kvalitet av heimavla fôr og korleis dette påverkar behovet for kraftfôr

-        kan formidle grunnleggjande kunnskap om miljøgifter og anna forureiningsproblematikk

-        kan berekne grovfôrkostnader ut frå tilgjengelige data

-        kan nytte seg av nyteknologi i det daglege arbeidet som gardbrukar med robotfjøs

-        kan bruke presisjonsverktøy i drifta

Generell kompetanse

Studenten:

 

-        har grunnleggjande kunnskap om problem knytt til forureining av luft og vatn, samt verknad av miljøgifter på dyr, planter og økosystem.

-        Har grunnleggjande kunnskap om jorda og næringsstoffa

-        har kompetanse om oppbygginga av ein gjødselplan og korleis nytte dette verktøyet innanfor presisjonsjordbruk

-        har innsikt i ny teknologi som er tatt i bruk og er på veg inn i norsk landbruk

Undervisningsformer og aktivitet

Forelesingar, øvingar og prosjektoppgåve.

-     Fleire øvingar i bruk av digitale verktøy i grovfôrproduksjonen. 

-     Studentane skal være med på markdag utanom samling.

-     Studentane skal ha forsøk i ensilering.

Vurdering

Tilbakemelding og rettleiing frå faglærar

Avsluttande ensileringsprosjekt blir brukt til å sette karakter i faget.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
123 Time(r)
Sjølvstudium
160 Time(r)

Arbeidskrav

Tre obligatoriske innleveringsoppgåver 

Obligatorisk deltaking på ekskursjon/praktiske øvingar

Fagressursar

Grovfôrproduksjon

Daugstad m.fl, Næringsinnhold i husdyrgjødsel – Analyser av husdyrgjødsel frå storfe, sau, svin og fjørfe.

Drenering. Teori og praksis 2013. Fylkesmannen i Rogaland, Bioforsk, Norsk Landbruksrådgiving. Bondevennen 2013.

Skaland, Nils. Grønnfôrvekster.

Mo, Magne (2005). Surfôrboka. Oslo: Landbruksforlaget. ISBN 82-5292-883-8

Kompendium, satt samen av fagartiklar/litteratur frå forskningsmiljø og rådgjevingsmiljø.

Undervisningsmateriell som deles ut undervegs, eller leggjast ut på Teams, reknast som pensum.

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Mjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi, Mo

Emneansvarlig

Ole Johnny Solberg
Stig Svendsen Savland