Maritim dekksoffisersutdanning Måløy
Studiefakta
- FagområdeMaritime Fag
- Studiepoeng120
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadMåløy
- StudieformHeiltid
- Startsemester2024 Haust
Maritim dekksoffisersutdanning Måløy
Antall studieplasser
Læringsutbyte
Hensikta til studiet er å utdanne dekksoffiserar med moral, haldningar, kompetanse og yrkesetikk som kjenneteikn på den kvalitet som krevjast for å møte utfordringar i næringa.
Utdanninga skal sikre internasjonale og nasjonale krav til kompetanse ved at:
- Opplæringa skal legge grunnlag for ei åtferd som gjer at helse, miljø og sikkerheit blir teke vare på.
- Opplæringa skal gi studentane forståing for samspelet mellom teknikk, miljø og samfunn.
- Opplæringa skal også bidra til å utvikle samarbeid, kommunikasjon og evne til å løyse problem.
- Opplæringa skal gi studentane evne til å navigere, laste og losse eit skip uansett storleik og kunne leie mannskapet om bord.
«Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring» (NKR) ble i 2011 fastsett av Kunnskapsdepartementet. Dette er knytt til European Qualification Framework (EQF), noko som gjer det mogeleg å samanlikne kvalifikasjonar i alle EU- og EØS-land.
NKR beskriv ulike nivå av kvalifikasjonar i form av læringsutbytte. Læringsutbyttet skal beskrive kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse som studentane oppnår ved fullført utdanning.
For alle utdanningar blir det utarbeidd læringsutbyttebeskrivingar (LUB) både på overordna nivå og for kvart emne i utdanninga.
Utdanninga dekksoffiser er ei toårig utdanning på fagskulenivå, og høyrer heime på nivå 5.2 i NKR.
For utfyllande informasjon om NKR sjå: www.regjeringen.no og www.nokut.no.
Kunnskap
På operativt nivå:
Studenten:
- har kjennskap til maritime disiplinar i samsvar med kapittel A-II/2 i STCW-konvensjonen og har ei overordna og bevisst forståing av profesjonen.
- har kunnskap om navigasjon på operativt nivå.
- har kunnskap om behandling av last og stuing på operativt nivå.
- har kunnskap om kontroll av skipets drift og omsorg for personer om bord på operativt nivå.
- har kunnskap om skipsadministrasjon og kulturforståing.
- har kunnskap om sikkerheitsleiing og organisasjonsteori.
- har kjennskap til nasjonale og internasjonale reglar og forskrifter som omhandlar behandling og operasjon av skip.
- har kunnskapar i matematikk, fysikk, maritim engelsk, økonomi og leiing relatert til behandling og operasjon av skip.
- har kunnskap om maritim historie, rollen til sjøoffiserar og sjømenn i samfunnet, utvikling av maritim teknologi og har kunnskap om sosiale, miljømessige, etiske, sikkerheitsmessige og økonomiske konsekvensar av maritime aktivitetar.
På leiingsnivå:
Studenten:
- har inngåande kjennskap til maritime disiplinar etter kapittel A-II/2 i STCW-konvensjonen og har ei overordna og bevisst forståing av profesjonen.
- har kunnskap om navigasjon på operativt nivå og leiingsnivå.
- har kunnskap om behandling av last og stuing på operativt og leiingsnivå.
- har kunnskap om kontroll av skipets drift og omsorg for personer om bord på operativt nivå og leiingsnivå.
- har kunnskap om skipsadministrasjon og kulturforståing.
- har kunnskap om sikkerheitsleiing og organisasjonsteori.
- har inngåande kjennskap til nasjonale og internasjonale reglar og forskrifter som omhandlar behandling og operasjon av skip.
- har kunnskapar i matematikk, fysikk, maritim engelsk, økonomi og leiing relatert til behandling og operasjon av skip.
- har kunnskap om maritim historie, rollen til sjøoffiserar og sjømenn i samfunnet, utvikling av maritim teknologi og har kunnskap om sosiale, miljømessige, etiske, sikkerheitsmessige og økonomiske konsekvensar av maritime aktiviteter.
- kan sjølvstendig oppdatere sin kunnskap gjennom litteratur, samarbeid og vurdering av egen praksis.
Ferdigheter
Operativt nivå:
Studenten:
- kan løyse teoretiske, tekniske og praktiske problem relatert til navigasjon, behandling av last og til behandling og operasjon av skip, på operativt nivå.
- kan navigere et fartøy frå ei hamn til en anna på ein sikker og effektiv måte, laste og losse lasta samt reagere og handle i naudsituasjonar.
- kan bruke og vise til relevant informasjon, litteratur og fagstoff og framstille og drøfte dette slik at det belyser ei problemstilling, både skriftleg og munnleg, både på norsk og engelsk.
- kan sjølvstendig oppdatere sin kunnskap gjennom litteratur, samarbeid og vurdering av eigen praksis.
Leiingsnivå:
Studenten;
- kan løyse teoretiske, tekniske og praktiske problem relatert til navigasjon, behandling av last og til behandling og operasjon av skip, på operativt nivå og leiingsnivå.
- kan nytte metodar, simulatorar og andre hjelpemiddel som er basis for sikker og effektiv operasjon av skip og bidra til analytiske, strukturerte og innovative arbeidsprosessar.
- kan demonstrere ferdigheiter i operasjonell leiing både individuelt og i grupper, inkludert i eit multikulturelt arbeidsmiljø.
- kan navigere eit fartøy frå ein hamn til ein annen på ein sikker og effektiv måte, laste og losse lasten samt reagere og handle i naudsituasjonar.
- kan bruke, analysere og syne til relevant informasjon, litteratur og fagstoff og framstille og drøfte dette slik at det belyser ei problemstilling, både skriftleg og munnleg, både på norsk og engelsk.
- viser evne til innovativ tenking og bidrar til utvikling og realisering av viktige og brukbare produkt, system og løysningar.
Generell kompetanse
Operativt nivå:
Studenten:
- har kunnskap om miljømessige, etiske og økonomiske konsekvensar som følge av maritime aktivitetar i eit lokalt og globalt perspektiv og kan bruke dette i sitt arbeid om bord.
- kan formidle maritim kunnskap til forskjellige målgrupper, verbalt og skriftleg, både på norsk og engelsk.
- har ei realistisk oppfatning av eigen kompetanse og ferdigheiter, har respekt for andre fagområde og fagpersonar, kan bidra i tverrfagleg arbeidsgrupper og tilpasse eigen fagutøving til faktiske arbeidssituasjonar og forhold.
- kan aktivt delta i profesjonelle diskusjonar, er i stand til å dele sin kunnskap og erfaring med andre og kan bidra i utvikling av beste praksis.
Leiingsnivå:
Studenten:
- har kunnskap om miljømessige, etiske og økonomiske konsekvensar som følge av maritime aktivitetar i eit lokalt og globalt perspektiv og kan bruke dette i sitt arbeid om bord.
- kan formidle maritim kunnskap til forskjellige målgrupper, verbalt og skriftlig, både på norsk og engelsk.
- kan delta i debattar som fokuserer på den samfunnsmessige betyding og konsekvensar av maritime aktivitetar.
- har ein realistisk oppfatning av eigen kompetanse og ferdigheiter, har respekt for andre fagområde og fagpersonar, kan bidra i tverrfaglig arbeidsgrupper og tilpasse eigen fagutøving til faktiske arbeidsstasjonar og forhold.
- kan aktivt delta i profesjonelle diskusjonar, er i stand til å dele sin kunnskap og erfaring med andre og kan bidra i utvikling av beste praksis og innovative prosessar.
Opptak
Personar som har fullført og bestått vidaregåande opplæring med fagbrev som matros (Maritime fag), fagbrev som fiskar (Fiske- og fangstlina) eller med realkompetanse.
Formelle opptakskrav
Det generelle grunnlaget for opptak er:
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med fagbrev som matros eller fiskar.
- realkompetanse
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.
Det er krav til kunnskapar i norsk og engelsk tilsvarande VG2 yrkesfagleg utdanningsprogram samt matematikk og naturfag tilsvarande VG1 på yrkesfagleg utdanningsprogram. Relevant praksis kan vere innanfor mekaniske fagområde (for eksempel verkstad, mekanisk industri, elektroinstallasjon) og innanfor logistikk og sjøfart.
- Det er krav om minimum 36 månadar relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy for søkarar til dekksoffisersutdanninga.
Krav til dokumentasjon
All praksis, utdanning og andre forhold som skal gje grunnlag for opptak, må dokumenterast med attesterte kopiar. Attestar for praksis må vise lengda på arbeidsforhold, stillingsprosent og arbeidsinnhald. Attestar må vidare vere datert for å kome i betraktning. Attestar reknast berre fram til datoen dei er skrivne ut, sjølv om søkaren opplyser at arbeidsforholdet held fram utover dette tidspunktet.
Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.
Organisering av studiet
Læringsplattform
Fagskulen Vestland, Studiestad Måløy nyttar læringsplattforma Microsoft Teams som eit digitalt klasserom der ein kan samarbeide uavhengig av tid og stad. Teams har funksjonar til å ivareta både all informasjonsflyt og publisering av planar og fagstoff i alle emna. Plattforma har gode funksjonar for å lage individuelle oppgåver, testar og prøver.
Studenten må disponere eigen PC og kunne nytte vanlege dokumentasjonsverktøy.
Arbeidsmengde i Maritim dekksoffisersutdanning Måløy
Emnebeskrivelse | Egenstyrt aktivitet | Timeplanfesta timer | Sum |
---|---|---|---|
00TM01A Navigasjon på operativt nivå | 284 | 396 | 680 |
00TM01B Lastehandtering, stuing og skipsteknikk på operativt nivå | 148 | 206 | 354 |
00TM01C Kontroll av skipets drift og omsorg for personar om bord på operativt nivå | 89 | 124 | 213 |
00TM01D GMDSS (GOC) på operativt nivå | 42 | 100 | 142 |
00TM01E Maritim engelsk på operativt nivå | 35 | 50 | 85 |
00TM01F Fysikk på operativt nivå | 35 | 50 | 85 |
00TM01G Matematikk på operativt nivå | 35 | 50 | 85 |
00TM01H Norsk kommunikasjon på operativt nivå | 35 | 50 | 85 |
00TM01I Navigasjon på leiingsnivå | 213 | 297 | 510 |
00TM01J Lastehandtering, stuing og skipsteknikk på leiingsnivå | 118 | 165 | 283 |
00TM01K Kontroll av skipets drift og omsorg for personar om bord på leiingsnivå | 237 | 330 | 567 |
00TM01M Maritim engelsk på leiingsnivå | 35 | 50 | 85 |
00TM01N Fysikk på leiingsnivå | 35 | 50 | 85 |
00TM01O Matematikk på leiingsnivå | 35 | 50 | 85 |
00TM01P Norsk kommunikasjon på leiingsnivå | 35 | 50 | 85 |
Sum | 1411 | 2018 | 3429 |
Læringsformer
Skulen vil nytta følgande læringsaktivitetar for at studentane skal nå overordna læringsutbytte for utdanninga:
- Lærarstyrt undervisning og førelesingar i klasserom
- Simulatorbruk
- Praktisk arbeid i skule
- Praktiske demonstrasjonar med logg og refleksjon
- Individuelle arbeidsoppgåver
- Prosjektarbeid og prosjektoppgåver (både i grupper og individuelt)
- Presentasjonar
- Bedriftsbesøk og studieturar
- Diskusjonar
Simulatorane blir nytta begge skuleåra. Fagskulen har fire navigasjonssimulatorar, seks desktopp-stasjonar, maskinromssimulatorar og ein lastesimulator.
Navigasjonssimulatorane og desktop-stasjonane skal nyttast til følgande praktisk opplæring:
- Trene på å planlegge ein seglas, slik at denne er trygg, hensiktsmessig og oversiktleg og etter anerkjende prinsipp.
- Trene på å nytte peilingar, fyrsektorar, parallell-indekslinjer (PI), peilelinjalar (EBL) og avstandsringar (VRM) for å sikre seglasen.
- Bruk av navigasjonsinstrument for å trygge ein seglas.
- Opplæring i å betene navigasjonsutstyr, bruke navigeringsfunksjonane, vurdere all relevant informasjon og gjere riktige tiltak i tilfelle feil. Studentane skal kunne forklare potensielle feil i viste data og dei vanlege feiltolkingane.
- Trene på teamarbeid, og gjennom øvingane skape ein god åtferd og gode haldningar på brua.
- Føring av dagboka og andre skipsdokument etter anerkjente prinsipp og reglar, og sikre at alle nødvendige data er innført på ein tydeleg måte.
- Trene på å navigere etter sjøveisreglane og tolke desse rett, slik at ein unngår samanstøt med andre fartøy.
- Trene på å kommuniserer med bruteamet og eksternt, og bruk av kommunikasjonen etter prinsippet om «closed loop».
- Bruke engelsk kommunikasjon og IMO standarduttrykk, slik at studentane kan gjere seg forstått og kommunisere hensiktsmessig og effektivt med andre.
- Trene på ulike beredskapssituasjonar om bord og sikre etterleving av beredskapsplanar.
- Kunne fordele arbeidsoppgåvene på ein god måte, slik at ein sikrar ein trygg seglas og tryggleik for passasjerar og mannskap.
- Trene på VTS-kommunikasjonsrutinar mellom skip og land.
Eigenskapane til simulatorane:
- Kunne simulere eit sanntidsmiljø for sjøgåande fartøy og kunne gjennomføre hamneoperasjonar, inkludert kommunikasjon med relevante instansar.
- Gje mogelegheit til å simulere og legge inn feil i på maskineriet.
- Simulere at dei ytre forhold endrast, slik at dei kan påverke operasjoner, slik som vêr, djupgangen til fartøyet, sjøvass- og lufttemperaturar osb.
- Simulere at instruktørstyrte ytre forhold endrast, slik som for eksempel, istilhøve, feil på framdriftsmaskineriet og lastekondisjon.
- Skape eit sanntids driftsmiljø, herunder navigasjonskontroll, kommunikasjon og bruk av instrument og utstyr som passar til navigasjon og vaktoppgåver som skal utførast.
- Gje eit realistisk visuelt scenario for dag og natt, inkludert variable sikttilhøve.
- Kunne simulere eige skip sin dynamikk i opent farvann, herunder effekter av vêr, tidevasstrøm, strøm og samhandling med andre skip.
- Kunne simulere eige skip sin dynamikk i avgrensa farvatn, slik som grunnvatns- og bankeffektar.
Rettleiing:
Det er viktig for fagleg utvikling at studentane får god rettleiing frå skulen; både for å sjå heilskapen i utdanninga og til sjølvstendig arbeid. Emnelærar vil gi tilbakemeldingar og rettleiing knytt til arbeidskrava i emnet.
Fagsamtalar skal skje etter behov.
Undervisningsformer
Undervisningsformene i studiet skal vere relevante for fagfeltet og hensiktsmessige i høve læringsutbyttet for utdanninga. Det vert lagt stor vekt på å nytta varierte læringsaktivitetar og ei praktisk tilnærming i kvart emne. Det er viktig at studentane får både teoretisk og praktisk forståing av faget og bransjen.
I tillegg til fagleg utvikling skal studentane utvikle evne til samarbeid, kommunikasjon og praktisk problemløysing. Skulen forventar at studentane viser initiativ, tar ansvar for eige studiearbeid og felles læringsmiljø og viser ei konstruktiv og kritisk haldning til studieopplegget. Studentane har praktisk erfaring innan eigne fagområde frå tidlegare utdanning og praksis, og dette gjev høve til å legge til rette for erfaringsbaserte og studentsentrerte læringsformer. Gjennom pedagogisk leiing skal studentane trekkast aktivt med og trenast opp til refleksjon omkring eigen læringsprosess. Variasjon i val av læringsaktivitetar er nødvendig for at studentane skal oppnå heilskapleg kompetanse som omfattar både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Undervisning i skulen
Det vert førelesningar og gjennomgang av teori, spesielt knytt til presentasjon av basiskunnskapar. Til dette vert det nytta tavle, presentasjonar, video, internett, diskusjonar og dialogundervisning for å få variasjon og deltaking frå studentane.
Studiet legg vekt på å knyta teorien til praktiske demonstrasjonar og øvingar på skulen sine simulatorar. Desse aktivitetane vert gjennomført av emnelærarane.
Det vert nytta prosjektarbeid som læringsaktivitet i nokre emne, både individuelt og i grupper, tilpassa tema. Nokre prosjektarbeid vert avslutta med presentasjonar.
Studentane skal arbeide med teoretiske oppgåver, dokumentere demonstrasjonar og praksis med logg og refleksjon samt med diskusjonar i klassen.
Læringsaktivitetane skal gjennom pedagogisk leiing motivere studentane til sjølvstendig og aktiv refleksjon over eigen læringsprosess og bidra til at læringsutbytta for studiet
Vurdering
Fagskulen Vestland, Studiestad Måløy har obligatoriske arbeidskrav i alle emne. Dette er gjort for å sikre progresjonen i læringa. I tillegg kan arbeidskrav bidra til ein jamnare arbeidsinnsats gjennom semesteret.
Arbeidskrav ved Fagskulen Vestland, Studiestad Måløy er rekna som ein serie av obligatoriske krav til arbeid som blir gjennomført som del av det pedagogiske opplegget i emnet. Studenten må ha gjort, og fått godkjent, arbeidskravet for å få gå opp til eksamen. Arbeidskrav kan bestå av obligatoriske innleveringar, munnlege framlegg, undervisning, praksis og liknande.
Arbeidskrava som blir gitt som innlevering/hjemarbeid blir vurdert med bestått/ikkje bestått, med påfølgende prøve som blir vurdert med karakter.
Til slutt blir alle karakterer underveis slått sammen til en karakter i emnet, som blir vektet med eksamens karakteren etter tabell i denne studieplanen
Karakterskala for Fagskulen Vestland:
Universitets- og Høgskulerådet (UHR) har utarbeidt fylgjande karakterskala og forklaring som grunnlag for karaktersetting som Fagskulen bruker. Forklaringa byggjer på dei grunnprinsippa som blir lagt til grunn for det nasjonale karaktersystemet på alle studienivå i universitets- og høgskulesystemet.
Symbol | Nemning | Generell, ikkje-fagspesifikk beskriving av vurderingskriterier |
A | Framifrå | Framifrå prestasjon som klart utmerkar seg. Studenten viser svært god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende. |
B | Mykje god | Mykje god prestasjon. Studenten viser mykje god vurderingsevne og sjølvstende. |
C | God | Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områder. Studenten viser god vurderingsevne og sjølvstende på de viktigaste områda. |
D | Nokså god | Ein akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Studenten viser ei viss grad av vurderingsevne og sjølvstende. |
E | Tilstrekkeleg | Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Studenten viser liten vurderingsevne og sjølvstende. |
F | Ikkje bestått | Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Studenten viser både manglande vurderingsevne og sjølvstende. |
Vurdering skal organiserast og gjennomførast i tråd med reglementet ved utdanningstilbodet og regel I/6 i STCW-konvensjonen.
Vurderingar skal ta utgangspunkt i heilskapen og spegle kompetansen til studenten etter dei måla og kriteria som er gitt.
Arbeidskrav
Alle arbeidskrav må vere godkjend for å ta eksamen. Arbeidskrava er beskrive under det enkelte emne og skal til saman dekke læringsutbyttebeskrivingane til emnet. I dei tilfelle kor arbeidskrava ikkje har vore individuelle, skal det i tillegg gjennomførast ei individuell vurdering i etterkant.
Dersom arbeidskrava ikkje er levert innan fastsett frist beskriven i framdriftsplanen, reknast dette som eit forsøk.
Fristen for andre forsøk er ti (10) yrkedagar frå innleveringsfrist for første forsøk.
Søknad for utsetjing av eit forsøk må framstillast minimum tre dagar før utløpet av innleveringsfristen.
I særskilte tilfelle kan rektor gi utsett innleveringsfrist etter skriftleg søknad.
Studenten har to forsøk på å få et arbeidskrav godkjend. I særlege tilfelle kan rektor gi dispensasjon for eit tredje og siste forsøk.
Søknad om et tredje forsøke sendast rektor innen 5 dager etter resultat av andre forsøke er gjort kjent.
Alle arbeidskrav må vere bestått for å få emnekarakter.
Sluttvurdering
Tabell viser eksamen etter fullført første året:
Studentar som skal framstille seg til eksamen i eit emne må ha bestått emnet i form av emnekarakter. Vurderingsform for kvart einskilde emne vert beskriven under emnet.
Eksamen er nærare beskriven i skulen sitt eksamensreglement. Alle eksamenar er utarbeidd internt og godkjent eksternt.
Emnekode | Emnebeskriving | Førebuing | Eksamensform |
00TM01A/I | Navigasjon | Alle arbeidskrav bestått | 5 timar skriftleg eksamen med intern og ekstern sensur |
00TM01B/J | Lastehandtering, stuing og skipsteknikk | Alle arbeidskrav bestått | 5 timar skriftleg eksamen med intern og ekstern sensur |
00TM01C/K | Kontroll av skipets drift og omsorg for personar om bord | Alle arbeidskrav bestått | 5 timar skriftleg eksamen med intern og ekstern sensur |
00TM01D | GMDSS (GOC) |
| Eksamen etter telenor sitt eksamensreglement.* ** |
00TM01E/M | Maritim engelsk | Alle arbeidskrav bestått | 4 timar skriftleg eksamen med intern og ekstern sensur |
00TM01F/N | Fysikk | Alle arbeidskrav bestått | 4 timar skriftleg eksamen trekkfag med intern og ekstern sensur |
00TM01G/O | Matematikk | ||
00TM01H/P | Norsk kommunikasjon |
*GOC- eksamen er ein sertifikatprøve som vurderast til bestått/ikkje bestått jamfør retningslinene i FOR 1992 -12-14 nr 1258: Forskrift om sertifikat for radiooperatørar i GMDSS-systemet.
** eksamenforma til telenor pr. 06.2023 er 90 minutt «multiple choice» og 60 minutt praktisk muntleg.
Tabell viser eksamen etter fullført andre år:
Emnekode | Emnebeskriving (FTM01H) | Eksamensform |
00TM01I | Navigering på leiingsnivå | 5 timar skriftleg eksamen med intern og ekstern sensur |
00TM01J | Lasting, lossing og stuing på leiingsnivå | 5 timar skriftleg eksamen med intern og ekstern sensur |
00TM01K | Kontroll av skipets drift og omsorg for personer om bord på leiingsnivå | 5 timar skriftleg eksamen med intern og ekstern sensur |
00TM01M | Maritim engelsk på leiingsnivå | 4 timar skriftleg eksamen med intern og ekstern sensur |
00TM01N | Fysikk på leiingsnivå | Eit av disse emna trekkast ut til en 4 timar skriftleg eksamen med intern og ekstern sensur |
00TM01O | Matematikk på leiingsnivå | |
00TM01P | Norsk kommunikasjon på leiingsnivå |
*GOC- eksamen er ein sertifikatprøve som vurderast til bestått/ikkje bestått jamfør retningslinene i FOR 1992 -12-14 nr 1258: Forskrift om sertifikat for radiooperatørar i GMDSS-systemet.
** Eksamensform til Telenor pr. 06.2023 er 90 minutt "multiple choice" og 60 minutt praktisk muntlig.
Emnekarakter og eksamenskarakter blir slått saman til ein karakter etter 2 semester og 4 semester og slått saman til ein karakter på vitnemål.
Grunnlaget for avsluttande vurdering (KV) i eit emne omfattar elementa:
- Emnekarakter (K1)
- Eksamenskarakter (K2)
- Karakter vitnemål (Kv)
K1 | K2 | Kv | K1 | K2 | Kv | K1 | K2 | Kv | K1 | K2 | Kv | K1 | K2 | Kv | ||||
A | A | A | ||||||||||||||||
A | B | A | B | B | B | |||||||||||||
A | C | B | B | C | B | C | C | C | ||||||||||
A | D | B | B | D | C | C | D | C | D | D | D | |||||||
A | E | C | B | E | C | C | E | D | D | E | D | E | E | E | ||||
A | F | F | B | F | F | C | F | F | D | F | F | E | F | F |
Kvart av disse to elementa K1 og K2 er likeverdige og må vere bestått før dei samordnast etter tabellen over til ein samla karakter KV, som er den karakteren som kjem fram på vitnemålet.
Utvikling av oppgåver til eksamen
STCW-konvensjonane og Forskrift om kvalifikasjonar og sertifikat for sjøfolk legg sterke føringar for korleis kompetanse skal vurderast og kva for kriteria som skal ligge til
grunn for vurderinga. Maritime fagskular samarbeider om godkjenning av eksamensoppgåver, sensur og klagesensur.
Spesielle krav til sertifisering
Det føreligg helsekrav for offiserar og mannskap som skal tenestegjere på skip. Helsekrava er spesifisert i «Forskrift om helseundersøking av arbeidstakaren på skip» FOR 2001-10-19 nr. 1309.
Denne fagskuleutdanninga tilfredsstiller både STCW A-II/1 (og B-II/1) og STCW A-II/2 (og B-II/2) og vil saman med nødvendig fartstid gi grunnlag for kompetansesertifikat for dekksoffiser klasse 4, 3, 2 og 1. All undervisning og vurdering er i tråd med STCW-konvensjonen sin regel I/6 og
avsnitta A-I/6 og B-I/6 og FOR-2011-12-22-1523 «Forskrift om kvalifikasjonar og sertifikata for sjøfolk».
Sluttdokumentasjon
Studenten får vitnemål når emna for studiet er bestått med emnekarakter og eksamen.
Studenten får tittelen Fagskulekandidat
Vitnemålet skal innehalda:
- Emne som inngår i utdanninga.
- Omfang av emne og oppnådd karakter.
- Overordna læringsutbytte.
- Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) 5.2 og kvalifikasjonen som ble oppnådd.
- Karaktersystemet som blir brukt og tal på studiepoeng.
- Namn på utdanning og tittel på hovudprosjektet.
Omgrepet Vocational Diploma (VD) brukast på vitnemålet for å sikre at det også kan nyttast internasjonalt.
Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan be om eit karakterutkrift som visar fullførte og beståtte emne og eventuelt eksamenar.
Pensumliste
Maritim dekksoffisersutdanning Måløy
Emnebeskrivelse | Pensumliste |
---|---|
00TM01A Navigasjon på operativt nivå | Vi anbefaler å avvente med å kjøpe faglitteratur til studiet starter, da endringer kan forekomme frem mot studiestart. Dette gjelder alle emner. Elektroniske og akustiske navigasjonssystem, Norvald Kjerstad Sjøvegsreglar, K52, Tor Åge gravdal Framføring av skip med navigasjonskontroll, Norvald Kjerstad Navigasjon for maritime studie, Norvald Kjerstad Navigasjon, K34, R. Ditlevsen / Ottar Brandal Maritim Radar K39 |
00TM01B Lastehandtering, stuing og skipsteknikk på operativt nivå | Litteraturliste Last handtering, stuing og skipsteknikk K07 Lasteberekningar og behandling av last Inge Tellnes, lastas ned frå marfag.no ASTM D1250-80(2002): Standard Guide for Petroleum Measurement Tables BA Chart D.6083: Load Line Rules - Zones, Areas and Seasonal Periods - United Kingdom Hydrographic Office - United Kingdom Hydrographic Office (UK D-6083) K12/K22 Lasting, lossing og stuing, lastas ned frå marfag.no K48 oppgavesamling last, skipsteknikk og stabilitet, lastes ned frå marfag.no K19 Lekkstabilitet, lastas ned frå marfag.no K03 Ressurshefter, lastas ned frå marfag.no |
00TM01C Kontroll av skipets drift og omsorg for personar om bord på operativt nivå |
|
00TM01D GMDSS (GOC) på operativt nivå | Litteraturliste GMDSS/GOC GMDSS Volume 5, Admiralty Kompendium |
00TM01E Maritim engelsk på operativt nivå | Litteraturliste Maritim engelsk Maritime standarduttrykk engelsk–norsk, Sjøfartsdirektoratet, U-forlaget, 07882-0042-401-7 Engelskbøker som ligg på Marfag.no Kompdium |
00TM01F Fysikk på operativt nivå | Litteraturliste Fysikk Rom Stoff Tid Forkurs : Arne Auen Grimnes, Per Jerstad; Bjørn Sletbak |
00TM01G Matematikk på operativt nivå | Litteraturliste Matematikk Sinus Forkurs for ingeniører; T. Oldervoll / O. Orskaug / A. Vaaje / Orskaug / HALS |
00TM01H Norsk kommunikasjon på operativt nivå | Norsk for fagskulen |
00TM01I Navigasjon på leiingsnivå | Sjøvegsreglar, K52, Tor Åge gravdal Navgiasjon, K34, R. Ditlevsen / Ottar Brandal Elektroniske og akustiske navigasjonssystem, Norvald Kjerstad Framføring av skip med navigasjonskontroll, Norvald Kjerstad Navigasjon for maritime studie, Norvald Kjerstad K39 Maritim radar |
00TM01J Lastehandtering, stuing og skipsteknikk på leiingsnivå | K07 Lasteberekningar og behandling av last Inge Tellnes, lastas ned frå marfag.no ASTM D1250-80(2002): Standard Guide for Petroleum Measurement Tables BA Chart D.6083: Load Line Rules - Zones, Areas and Seasonal Periods - United Kingdom Hydrographic Office - United Kingdom Hydrographic Office (UK D-6083) K12/K22 Lasting, lossing og stuing, lastas ned frå marfag.no K48 oppgavesamling Last, Skipsteknikk og Stabilitet, lastas ned frå marfag.no K19 Lekkstabilitet, lastas ned frå marfag.no K03 Ressurshefter, lastas ned frå marfag.no |
00TM01K Kontroll av skipets drift og omsorg for personar om bord på leiingsnivå | • Kompendium • Sjørett og økonomi, Per Aasmundseth • Sjørett og økonomi, oppgåvesamling, Per Aasmundseth • Organisasjon og ledelse, Mette Holan og Per Høiseth • Økonomistyring, Mette Holan og Per Høiseth • Fartøyleiing og kontroll av skipets drift, Odd Jarl Borch K33 Kontroll av skipets drift og omsorg for personer ombord |
00TM01M Maritim engelsk på leiingsnivå | Maritime standarduttrykk engelsk–norsk, Sjøfartsdirektoratet, U-forlaget, 07882-0042-401-7 Engelskbøker som ligg på Marfag.no |
00TM01N Fysikk på leiingsnivå | Rom Stoff Tid Forkurs : Arne Auen Grimnes, Per Jerstad; Bjørn Sletbak |
00TM01O Matematikk på leiingsnivå | Sinus Forkurs for ingeniører; T. Oldervoll / O. Orskaug / A. Vaaje / Orskaug / HALS |
00TM01P Norsk kommunikasjon på leiingsnivå | NORSK FOR FAGSKULEN
|