Maritim dekksoffisersutdanning Måløy
Studiefakta
- FagområdeMaritime Fag
- StudiestadMåløy
- StudieformHeiltid
- Startsemester2023 Haust
Maritim dekksoffisersutdanning Måløy
Læringsutbyte
Hensikta til studiet er å utdanne dekksoffiserar med moral, haldningar, kompetanse og yrkesetikk som kjenneteikn på den kvalitet som krevjast for å møte utfordringar i næringa.
Utdanninga skal sikre internasjonale og nasjonale krav til kompetanse ved at:
- Opplæringa skal legge grunnlag for ei åtferd som gjer at helse, miljø og sikkerheit blir teke vare på.
- Opplæringa skal gi studentane forståing for samspelet mellom teknikk, miljø og samfunn.
- Opplæringa skal også bidra til å utvikle samarbeid, kommunikasjon og evne til å løyse problem.
- Opplæringa skal gi studentane evne til å navigere, laste og losse eit skip uansett storleik og kunne leie mannskapet om bord.
«Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring» (NKR) ble i 2011 fastsett av Kunnskapsdepartementet. Dette er knytt til European Qualification Framework (EQF), noko som gjer det mogeleg å samanlikne kvalifikasjonar i alle EU- og EØS-land.
NKR beskriv ulike nivå av kvalifikasjonar i form av læringsutbytte. Læringsutbyttet skal beskrive kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse som studentane oppnår ved fullført utdanning.
For alle utdanningar blir det utarbeidd læringsutbyttebeskrivingar (LUB) både på overordna nivå og for kvart emne i utdanninga.
Utdanninga dekksoffiser er ei toårig utdanning på fagskulenivå, og høyrer heime på nivå 5.2 i NKR.
For utfyllande informasjon om NKR sjå: www.regjeringen.no og www.nokut.no.
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om skipskonstruksjon, vedlikehald og drift av skip med tilhøyrande verktøy og system, samt behandling av last, tilsvarande krav satt i STCW-konvensjonen for overstyrmann og skipsførar
- har kunnskap om navigering og planlegging av ein seglas tilsvarande krav satt i STCW-konvensjonen for overstyrmenn og skipsførar
- har kunnskap om økonomi og leiing, norsk, engelsk, matematikk og fysikk tilsvarande krav
- om vern av havmiljøet, sikkerheita til skipet og omsorg for personar om bord på skip
- kan vurdere eige arbeid som leiande dekksoffiser etter krav i konvensjonane til IMO, regelverk, avtaleverk, prosedyrar og forskrifter
- har kunnskap om internasjonal skipsfart og kjennskap til maritim næring
- kan oppdatere sin yrkesfaglege kunnskap om marint miljø, maritim sikkerheit og drift av skip.
- kjenner historia til skipsfart, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet både nasjonalt og internasjonalt
- har innsikt i eigne utviklingsmoglegheiter innad i bedrifta, hos verft og utstyrsleverandørar samt beslekta yrker
Ferdigheter
Studenten:
- kan gjere reie for sine faglege val av metodar, prosessar og teknikkar under leiing av navigeringa, lastinga, lossinga og drifta av skipet
- kan reflektere over sin eigen utøving som leiande dekksoffiser og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff, regelverk, avtaleverk, prosedyrar og forskrifter og vurdere relevansen for drifta av skip
- kan kartlegge ein situasjon som oppstår om bord, identifisere korleis dette påverkar sikkerheita til skipet og identifisere behov for å iverksette tiltak
Generell kompetanse
Studenten:
- kan planlegge og gjennomføre ein seglas, lasting og lossing samt andre prosjekt innan drifta av skip, aleine og saman med kollegar om bord, i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan utføre arbeid med navigering, lasting, lossing, drift og overvaking av skip etter lover, forskrifter, anbefalingar frå produsenten og bedrifta sine interne regelverk
- kan bygge relasjonar med andre nautikarar, og på tvers av fag samt med leverandørar av varer og tenester
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innan drift av skip, samt eksterne målgrupper som leverandørar, myndigheiter og klasseselskap, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis ved drift, vedlikehald og operasjon av skip
- kan bidra til organisasjonsutvikling om bord ved å ta i bruk nye arbeidsmetodar og ny teknologi
Opptak
Personar som har fullført og bestått vidaregåande opplæring med fagbrev som matros (Maritime fag), fagbrev som fiskar (Fiske- og fangstlina) eller med realkompetanse.
Formelle opptakskrav
Det generelle grunnlaget for opptak er:
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med fagbrev som matros eller fiskar.
- realkompetanse
Det er krav til kunnskapar i norsk og engelsk tilsvarande VG2 yrkesfagleg utdanningsprogram samt
matematikk og naturfag tilsvarande VG1 på yrkesfagleg utdanningsprogram. Relevant praksis kan vere innanfor mekaniske fagområde (for eksempel verkstad, mekanisk industri, elektroinstallasjon) og innanfor logistikk og sjøfart.
- Det er krav om minimum 30 månadar relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy for søkarar til dekksoffisersutdanninga.
- Relevant og bestått utdanning innanfor matrosfag eller fiske og fangst kan telle med inntil to år.
Krav til dokumentasjon
All praksis, utdanning og andre forhold som skal gje grunnlag for opptak, må dokumenterast med attesterte kopiar. Attestar for praksis må vise lengda på arbeidsforhold, stillingsprosent og arbeidsinnhald. Attestar må vidare vere datert for å kome i betraktning. Attestar reknast berre fram til datoen dei er skrivne ut, sjølv om søkaren opplyser at arbeidsforholdet held fram utover dette tidspunktet.
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Fagskulen vestland gjennomfører realkompetansevurdering i tråd med NOKUT-forskrifta §5 og retningslinjer frå Kompetanse Norge. Søkaren sin kompetanse vert vurdert opp mot læreplan i vidaregåande opplæring innan relevante yrkesutdanningar. Opptak gjort på bakgrunn av realkompetanse vil berre kunne nyttast for den utdanninga realkompetansevurderinga gjeld.
Søkaren må dokumentere kompetanse i fellesfag tilsvarande nivå 4 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR), ha fylt 23 år i søknadsåret.
Vedtak om godkjenning av realkompetanse gjeld i utgangspunktet òg for seinare år. Vedtaket gjeld likevel berre i samsvar med studiet slik det gjennomførast på vurderingstidspunktet. Ved betydelege endringar i fag-, studie- eller rammeplanar, tar tilbydar atterhald om retten til å foreta ny vurdering, og eventuelt endre vedtaket.
Det blir kravd slik godkjend dokumentasjon på realkompetanse i teoretiske fag.
Læringsformer
Skulen vil nytta følgande læringsaktivitetar for at studentane skal nå overordna læringsutbytte for utdanninga:
- Lærarstyrt undervisning og førelesingar i klasserom
- Simulatorbruk
- Praktisk arbeid i skule
- Praktiske demonstrasjonar med logg og refleksjon
- Individuelle arbeidsoppgåver
- Prosjektarbeid og prosjektoppgåver (både i grupper og individuelt)
- Presentasjonar
- Bedriftsbesøk og studieturar
- Diskusjonar
Simulatorane blir nytta begge skuleåra. Fagskulen har fire navigasjonssimulatorar, seks desktopp-stasjonar, maskinromssimulatorar og ein lastesimulator.
Navigasjonssimulatorane og desktop-stasjonane skal nyttast til følgande praktisk opplæring:
- Trene på å planlegge ein seglas, slik at denne er trygg, hensiktsmessig og oversiktleg og etter anerkjende prinsipp.
- Trene på å nytte peilingar, fyrsektorar, parallell-indekslinjer (PI), peilelinjalar (EBL) og avstandsringar (VRM) for å sikre seglasen.
- Bruk av navigasjonsinstrument for å trygge ein seglas.
- Opplæring i å betene navigasjonsutstyr, bruke navigeringsfunksjonane, vurdere all relevant informasjon og gjere riktige tiltak i tilfelle feil. Studentane skal kunne forklare potensielle feil i viste data og dei vanlege feiltolkingane.
- Trene på teamarbeid, og gjennom øvingane skape ein god åtferd og gode haldningar på brua.
- Føring av dagboka og andre skipsdokument etter anerkjente prinsipp og reglar, og sikre at alle nødvendige data er innført på ein tydeleg måte.
- Trene på å navigere etter sjøveisreglane og tolke desse rett, slik at ein unngår samanstøt med andre fartøy.
- Trene på å kommuniserer med bruteamet og eksternt, og bruk av kommunikasjonen etter prinsippet om «closed loop».
- Bruke engelsk kommunikasjon og IMO standarduttrykk, slik at studentane kan gjere seg forstått og kommunisere hensiktsmessig og effektivt med andre.
- Trene på ulike beredskapssituasjonar om bord og sikre etterleving av beredskapsplanar.
- Kunne fordele arbeidsoppgåvene på ein god måte, slik at ein sikrar ein trygg seglas og tryggleik for passasjerar og mannskap.
- Trene på VTS-kommunikasjonsrutinar mellom skip og land.
Eigenskapane til simulatorane:
- Kunne simulere eit sanntidsmiljø for sjøgåande fartøy og kunne gjennomføre hamneoperasjonar, inkludert kommunikasjon med relevante instansar.
- Gje mogelegheit til å simulere og legge inn feil i på maskineriet.
- Simulere at dei ytre forhold endrast, slik at dei kan påverke operasjoner, slik som vêr, djupgangen til fartøyet, sjøvass- og lufttemperaturar osb.
- Simulere at instruktørstyrte ytre forhold endrast, slik som for eksempel, istilhøve, feil på framdriftsmaskineriet og lastekondisjon.
- Skape eit sanntids driftsmiljø, herunder navigasjonskontroll, kommunikasjon og bruk av instrument og utstyr som passar til navigasjon og vaktoppgåver som skal utførast.
- Gje eit realistisk visuelt scenario for dag og natt, inkludert variable sikttilhøve.
- Kunne simulere eige skip sin dynamikk i opent farvann, herunder effekter av vêr, tidevasstrøm, strøm og samhandling med andre skip.
- Kunne simulere eige skip sin dynamikk i avgrensa farvatn, slik som grunnvatns- og bankeffektar.
Rettleiing
Det er viktig for fagleg utvikling at studentane får god rettleiing frå skulen; både for å sjå heilskapen i utdanninga og til sjølvstendig arbeid. Emnelærar vil gi tilbakemeldingar og rettleiing knytt til arbeidskrava i emnet.
Fagsamtalar skal skje etter behov.
Læringsplattform
Fagskulen Vestland, Studiestad Måløy nyttar læringsplattforma Microsoft Teams som eit digitalt klasserom der ein kan samarbeide uavhengig av tid og stad. Teams har funksjonar til å ivareta både all informasjonsflyt og publisering av planar og fagstoff i alle emna. Plattforma har gode funksjonar for å lage individuelle oppgåver, testar og prøver.
Studenten må disponere eigen PC og kunne nytte vanlege dokumentasjonsverktøy.
Undervisningsformer
Undervisningsformene i studiet skal vere relevante for fagfeltet og hensiktsmessige i høve læringsutbyttet for utdanninga. Det vert lagt stor vekt på å nytta varierte læringsaktivitetar og ei praktisk tilnærming i kvart emne. Det er viktig at studentane får både teoretisk og praktisk forståing av faget og bransjen.
I tillegg til fagleg utvikling skal studentane utvikle evne til samarbeid, kommunikasjon og praktisk problemløysing. Skulen forventar at studentane viser initiativ, tar ansvar for eige studiearbeid og felles læringsmiljø og viser ei konstruktiv og kritisk haldning til studieopplegget. Studentane har praktisk erfaring innan eigne fagområde frå tidlegare utdanning og praksis, og dette gjev høve til å legge til rette for erfaringsbaserte og studentsentrerte læringsformer. Gjennom pedagogisk leiing skal studentane trekkast aktivt med og trenast opp til refleksjon omkring eigen læringsprosess. Variasjon i val av læringsaktivitetar er nødvendig for at studentane skal oppnå heilskapleg kompetanse som omfattar både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Undervisning i skulen
Det vert førelesningar og gjennomgang av teori, spesielt knytt til presentasjon av basiskunnskapar. Til dette vert det nytta tavle, presentasjonar, video, internett, diskusjonar og dialogundervisning for å få variasjon og deltaking frå studentane.
Studiet legg vekt på å knyta teorien til praktiske demonstrasjonar og øvingar på skulen sine simulatorar. Desse aktivitetane vert gjennomført av emnelærarane.
Det vert nytta prosjektarbeid som læringsaktivitet i nokre emne, både individuelt og i grupper, tilpassa tema. Nokre prosjektarbeid vert avslutta med presentasjonar.
Studentane skal arbeide med teoretiske oppgåver, dokumentere demonstrasjonar og praksis med logg og refleksjon samt med diskusjonar i klassen.
Læringsaktivitetane skal gjennom pedagogisk leiing motivere studentane til sjølvstendig og aktiv refleksjon over eigen læringsprosess og bidra til at læringsutbytta for studiet vert nådd.
Vurdering
Fagskulen Vestland, Studiestad Måløy har obligatoriske arbeidskrav i alle emne. Dette er gjort for å sikre progresjonen i læringa. I tillegg kan arbeidskrav bidra til ein jamnare arbeidsinnsats gjennom semesteret.
Arbeidskrav ved Fagskulen Vestland, Studiestad Måløy er rekna som ein serie av obligatoriske krav til arbeid som blir gjennomført som del av det pedagogiske opplegget i emnet. Studenten må ha gjort, og fått godkjent, arbeidskravet for å få gå opp til eksamen. Arbeidskrav kan bestå av obligatoriske innleveringar, munnlege framlegg, undervisning, praksis og liknande.
I dei tilfelle kor arbeidskrava ikkje har vore individuelle, skal det i tillegg gjennomførast ei individuell vurdering i etterkant.
Karakterskala for Fagskulen Vestland:
Universitets- og Høgskulerådet (UHR) har utarbeidt fylgjande karakterskala og forklaring som grunnlag for karaktersetting som Fagskulen bruker. Forklaringa byggjer på dei grunnprinsippa som blir lagt til grunn for det nasjonale karaktersystemet på alle studienivå i universitets- og høgskulesystemet.
Symbol | Nemning | Generell, ikkje-fagspesifikk beskriving av vurderingskriterier |
A | Framifrå | Framifrå prestasjon som klart utmerkar seg. Studenten viser svært god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende. |
B | Mykje god | Mykje god prestasjon. Studenten viser mykje god vurderingsevne og sjølvstende. |
C | God | Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områder. Studenten viser god vurderingsevne og sjølvstende på de viktigaste områda. |
D | Nokså god | Ein akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Studenten viser ei viss grad av vurderingsevne og sjølvstende. |
E | Tilstrekkeleg | Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Studenten viser liten vurderingsevne og sjølvstende. |
F | Ikkje bestått | Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Studenten viser både manglande vurderingsevne og sjølvstende. |
Vurdering skal organiserast og gjennomførast i tråd med reglementet ved utdanningstilbodet og regel I/6 i STCW-konvensjonen.
Vurderingar skal ta utgangspunkt i heilskapen og spegle kompetansen til studenten etter dei måla og kriteria som er gitt.
Emnekarakter
Emnekarakteren skal setjast på grunnlag av arbeidskrava.
Arbeidskrava er beskrive under det enkelte emne og skal til saman dekke læringsutbyttebeskrivingane til emnet. I dei tilfelle kor arbeidskrava ikkje har vore individuelle, skal det i tillegg gjennomførast ei individuell vurdering i etterkant.
Dersom arbeidskrava ikkje er levert innan fastsett frist beskriven i framdriftsplanen, reknast dette som eit forsøk. Fristen for andre forsøk er ti (10) yrkedagar frå innleveringsfrist for første forsøk.
I særskilte tilfelle kan rektor gi utsett innleveringsfrist etter skriftleg søknad. Søknaden må
framstillast minimum tre dagar før utløpet av innleveringsfristen.
Studenten har to forsøk på å få et arbeidskrav godkjend. I særlege tilfelle kan rektor gi
dispensasjon for eit tredje og siste forsøk.
Alle arbeidskrav må vere bestått for å få emnekarakter.
Sluttvurdering
Studentar som skal framstille seg til eksamen i eit emne må ha bestått emnet i form av emnekarakter. Eksamen er nærare beskriven i skulen sitt eksamensreglement. Alle eksamenar er utarbeid intert og godkjent eksternt.
Emnekode | Emnebeskriving | Førebuing | Eksamensform |
00TM05A | Navigasjon | Alle arbeidskrav bestått | 5 timer skriftlig eksamen med intern og ekstern sensur 2 og 4 semester |
00TM05B | Lastehandtering, stuing og skipsteknikk | Alle arbeidskrav bestått | 5 timer skriftlig eksamen med intern og ekstern sensur 2 og 4 semester |
00TM05C | Kontroll av skipets drift og omsorg for personer om bord | Alle arbeidskrav bestått | 5 timer skriftlig eksamen med intern og ekstern sensur 2 og 4 semester |
00TM05D | GMDSS (GOC) | Eksamen etter telenor sitt eksamensreglement | |
00TM05F | Maritim engelsk | Alle arbeidskrav bestått | 4 timer skriftlig eksamen med intern og ekstern sensur 2 og 4 semester |
00TM05I | Norsk kommunikasjon | Alle arbeidskrav bestått | 4 timer skriftlig eksamen trekkfag med intern og ekstern sensur 2 semester.
|
00TM05G | Fysikk | Alle arbeidskrav bestått | |
00TM05H | Matematikk | Alle arbeidskrav bestått |
*GOC- eksamen er ein sertifikatprøve som vurderast til bestått/ikkje bestått jamfør retningslinene i FOR 1992 -12-14 nr 1258: Forskrift om sertifikat for radiooperatørar i GMDSS-systemet.
** Eksamensform til Telenor pr. 06.2023 er 90 minutt "multiple choice" og 60 minutt praktisk muntlig.
Emnekarakter og eksamenskarakter blir slått saman til ein karakter etter 2 semester og 4 semester og slått saman til ein karakter på vitnemål.
K1 | K2 | Kv | K1 | K2 | Kv | K1 | K2 | Kv | K1 | K2 | Kv | K1 | K2 | Kv | ||||
A | A | A | ||||||||||||||||
A | B | A | B | B | B | |||||||||||||
A | C | B | B | C | B | C | C | C | ||||||||||
A | D | B | B | D | C | C | D | C | D | D | D | |||||||
A | E | C | B | E | C | C | E | D | D | E | D | E | E | E | ||||
A | F | F | B | F | F | C | F | F | D | F | F | E | F | F |
Kvart av disse to elementa K1 og K2 er likeverdige og må vere bestått før dei samordnast etter tabellen over til ein samla karakter KV, som er den karakteren som kjem fram på vitnemålet.
Utvikling av oppgåver til eksamen
STCW-konvensjonane og Forskrift om kvalifikasjonar og sertifikat for sjøfolk legg sterke
føringar for korleis kompetanse skal vurderast og kva for kriteria som skal ligge til
grunn for vurderinga.
Maritime fagskular samarbeider om godkjenning av eksamensoppgåver, sensur og klagesensur.
Sjøfartsdirektoratet krev at det som eit minimum skal vere etablert eit
formalisert eksamenssamarbeid mellom tre tilbydarar.
Samarbeidet mellom tilbydarane omfattar òg sensur og klagesensur.
Spesielle krav til sertifisering
Det føreligg helsekrav for offiserar og mannskap som skal tenestegjere på skip. Helsekrava er spesifisert i «Forskrift om helseundersøking av arbeidstakaren på skip» FOR 2001-10-19 nr. 1309.
Denne fagskuleutdanninga tilfredsstiller både STCW A-II/1 (og B-II/1) og STCW A-II/2 (og B-II/2) og vil saman med nødvendig fartstid gi grunnlag for kompetansesertifikat for dekksoffiser klasse 4, 3, 2 og 1. All undervisning og vurdering er i tråd med STCW-konvensjonen sin regel I/6 og
avsnitta A-I/6 og B-I/6 og FOR-2011-12-22-1523 «Forskrift om kvalifikasjonar og sertifikata for sjøfolk».
Sluttdokumentasjon
Studenten får vitnemål når emna for studiet er bestått med emnekarakter og eksamen.
Studenten får tittelen Fagskulekandidat
For at vitnemålet skal fungere internasjonalt, skal omgrepet Vocational Diploma (VD) stå på vitnemålet.
Vitnemålet skal innehalde:
- Emne som inngår i utdanninga
- Omfang av emne og oppnådd emnekarakter og eksamenskarakter
- Overordna læringsutbytte
- Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk 5.2 og kvalifikasjonen som er oppnådd
- Karaktersystemet som vert nytta og tal studiepoeng
- Namn på utdanninga
Om delar av utdanninga ikkje er bestått, får studenten karakterutskrift.
Pensumliste
Maritim dekksoffisersutdanning Måløy
Emnebeskrivelse | Pensumliste |
---|---|
00TM05A M Navigasjon | Litteraturliste Navigasjon Elektroniske og akustiske navigasjonssystem, Norvald Kjerstad Sjøvegsreglar, K52, Tor Åge gravdal Framføring av skip med navigasjonskontroll, Norvald Kjerstad Navigasjon for maritime studie, Norvald Kjerstad Navigasjon, K34, R. Ditlevsen / Ottar Brandal |
00TM05B M Last handtering, stuing og skipsteknikk | Litteraturliste Last handtering, stuing og skipsteknikk 9788205309029: Lasteberekningar og behandling av last Inge Tellnes, lastas ned frå marfag.no ASTM D1250-80(2002): Standard Guide for Petroleum Measurement Tables BA Chart D.6083: Load Line Rules - Zones, Areas and Seasonal Periods - United Kingdom Hydrographic Office - United Kingdom Hydrographic Office (UK D-6083) K12/K22 Lasting, lossing og stuing, lastas ned frå marfag.no K48 oppgavesamling last, skipsteknikk og stabilitet, lastes ned frå marfag.no K19 Lekkstabilitet, lastas ned frå marfag.no K03 Ressurshefter, lastas ned frå marfag.no |
00TM05C M Kontroll av skipets drift og omsorg for personar om bord |
|
00TM05D M GMDSS/GOC | Litteraturliste GMDSS/GOC GMDSS Volume 5, Admiralty Kompendium |
00TM05F M Maritim engelsk | Litteraturliste Maritim engelsk Maritime standarduttrykk engelsk–norsk, Sjøfartsdirektoratet, U-forlaget, 07882-0042-401-7 Engelskbøker som ligg på Marfag.no |
00TM05G M Fysikk | Litteraturliste Fysikk Rom Stoff Tid Forkurs : Arne Auen Grimnes, Per Jerstad; Bjørn Sletbak |
00TM05H M Matematikk | Litteraturliste Matematikk Sinus Forkurs for ingeniører; T. Oldervoll / O. Orskaug / A. Vaaje / Orskaug / HALS |
00TM05I M Norsk kommunikasjon | Litteraturliste Norsk kommunikasjon Norsk for fagskulen Ordliste: https://ordbok.uib.no/perl/ordbok.cgi?ordbok=begge |