00TM01A Navigasjon på operativt nivå
Emnefakta
- FagområdeMaritime Fag
- Studiepoeng25
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadMåløy
- StudieprogramDekksoffiser på leiingsnivå Måløy
- Startsemester2024 Haust
Om emnet
Omfang 25 studiepoeng
Navigasjon
Sjøveisregler
Instrument
Brovakt
Manøvrering
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- Har kunnskap om jorda, himmellekamar og koordinatar
- Har grundig innsikt i navigasjonskart, publikasjonar, navigasjonsinstrument og verktøy som brukast for å sikre seglasen, derav og oppdatere kart og publikasjonar
- Har kunnskap om styrker og avgrensingar til navigasjonsinstrument
- Har kunnskap om vær system og tidevatn, å ha kunnskap til kor desse opplysningane finnast
- Har kjennskap til prinsipp for leiing på skipets bru, både under rutinemessig drift og i krisesituasjonar
- Har engelsk språkkunnskapar som gjer kandidaten i stand til å utføre sine plikter, også med eit mannskap med ulike morsmål
Ferdigheter
Studenten:
- Kan bestemme skipets posisjon ved bruk av astronomiske berekningar, landemerker, navigasjonshjelpemiddel, fyrlykter, sjømerker og bøyer, bestikkhold og under omsyn til vind, tidevann, strøm og berekna fart
- Har kjennskap til manøvrering av skip
- Kan anvende magnetiske kompass og gyrokompass, og finne feilvisning med astronomiske midlar og terrestriske midlar, og å ta slike feil med i berekninga
- Kan anvende og bruke navigasjonskart og publikasjonar, som seglasbeskrivingar, tidevasstabellar, EFS, oppdatering av ENC og navigasjonsvarslar over radio
- Kan anvende navigasjonsinstrumenter og publikasjonar for å sikre seglasen
- Kjennskap til innhaldet i IAMSAR vol 3
Generell kompetanse
Studenten:
- har forståing til å planlegge, gjennomføre og overvake ei sjøreise, både i kystfarvatn så vel oversjøisk.
- kan bestemme posisjon terrestrisk, astronomisk og elektronisk, samt dokumentere seglasen
Undervisningsformer og aktivitet
Forelesing med arbeidskrav knytt til stoffet og oppgåveløysing.
Studentane arbeider sjølvstendig eller i grupper med oppgåvene, der lærar er tilgjengeleg for rettleiing ved kontakt.
Trening på skipssimulator
Oppgåveløysing og eigenstudium
Diskusjonar og gruppeoppgåver
Demonstrasjonar og videoar
Framføringar
Vurdering
Grunnlaget for avsluttande vurdering i emne omfattar elementa:
- 4 prøvar underveis i emnet der kvar prøve tel 25%, uttrykt som ei samla karakter.
- 5 timers skriftlig eksamen
Samlet karakter underveis og eksamenskarakter blir slått saman til ein karakter på vitnemål
Karakter på vitnemål vert sett etter tabell for vekting av karakterer i denne studieplanen
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 396 Time(r) | Heiltid |
Egenstyrt aktivitet | 284 Time(r) | Heiltid |
Arbeidskrav
6 arbeidskrav, derav 1 på simulator og avsluttande prøve i sjøveisreglar vurdert som godkjent/ikkje godkjent
Arbeidskrav 1: Kordinat- og kartlære, merkesystem og infrastruktur Vurdert A - F
Arbeidskrav 2: Metrologi og instrument Vurdert A - F
Arbeidskrav 3: Div. elektroniske Instrument Vurdert A - F
Arbeidskrav 4: Tidevatn, brovakt, nødsituasjoner og behandling av skip Vurdert A - F
Arbeidskrav 5: Avsluttande prøve i sjøveisreglar Vurdert Godkjent/ikkje godkjent
Arbeidskrav 6: Avsluttande prøve Simulator / sjøveisregler Vurdert Godkjent/ikkje godkjent
Alle arbeidskrav skal være bestått for å få gå opp til eksamen.
Karakter på arbeidskrav påvirker ikke karakter på vitnemål.
Fagressursar
Vi anbefaler å avvente med å kjøpe faglitteratur til studiet starter, da endringer kan forekomme frem mot studiestart. Dette gjelder alle emner.
Elektroniske og akustiske navigasjonssystem, Norvald Kjerstad
Sjøvegsreglar, K52, Tor Åge gravdal
Framføring av skip med navigasjonskontroll, Norvald Kjerstad
Navigasjon for maritime studie, Norvald Kjerstad
Navigasjon, K34, R. Ditlevsen / Ottar Brandal
Maritim Radar K39
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Dekksoffiser på leiingsnivå Måløy