00TM01C Kontroll av skipets drift og omsorg for personar om bord på operativt nivå
Emnefakta
- FagområdeMaritime Fag
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadMåløy
- StudieprogramDekksoffiser på leiingsnivå Måløy
- Startsemester2024 Haust
Om emnet
Omfang 10 studiepoeng
Sikkerhet
Leiarskap
Skipsteknikk
VSO – Videregående Sikkerheits Opplæring (køyrast som eige kurs)
Kurs medisinsk behandling
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:·
- har kjennskap til nasjonalt regelverk og konvensjonar for hindring av forureining av det marine miljø.
- kjenner til forholdsreglar og prosedyrar samt betydinga av proaktive tiltak for å verne havmiljøet.
- har praktisk kunnskap til utrekningsmetodar for å oppretthalde sjødyktigheita til skipet.
- har kjennskap til dei viktigaste konstruksjonsdelane i eit skip og dei riktige namna på dei forskjellige delane.
- har kunnskap om førebygging, avgrensing og sløkking av brannar om bord. Han kan betene redningsreiskapar, har kjennskap til personlege overlevingsteknikkar og kan yte medisinsk førstehjelp.
- har grunnleggande praktisk kjennskap til relevante IMO-konvensjonar/koder som har til hensikt å styrke sikkerheita til sjøs, samt vern av det marine miljøet.
- har praktisk kjennskap til leiing og opplæring av personell om bord
Ferdigheter
Studenten:·
- kan anvende regelverket og vidareutvikle prosedyrar for avgrensing av forureining til sjøs med tilhøyrande utstyr.
- beherskar bruken av stabilitets-, trim- og belastningstabellar og diagram, og kan gjennomføre berekningar av stabilitet og trim, statisk og dynamisk belastning frå bøyemoment og skjær krefter, og vurdere resultata mot krava.
- har nødvendige ferdigheiter som må til for å sette i verk effektive tiltak i tilfelle ulykker eller sjukdom som om bord.
- kan ved hjelp av maritimt regelverk sjå til at krava for sikring av menneskeliv til sjøs blir overhalde.
- kan beherske oppgåvestyring og styring av arbeidsbyrda, og riktig bruk av ressursar om bord og metodar for å trekke rette slutningar.
- Kan organisere rednings- og brannøvingar, og kan vidareutvikle brannførebyggjande tiltak om bord samt beherskar teknikkar for å kjempe ned og sløkke brann.
Generell kompetanse
Studenten:
- har forståing for tydinga av proaktive tiltak for å verne havmiljøet og kan vurdere og sikre skipet si sjødyktigheit.
- er innstilt på å delta aktivt i øvingar om bord, og dermed bidra til at sikkerheita til skipet og mannskapet blir ivaretatt.
- kan leie andre skipsarbeidarar og delta i lagarbeid, på ein slik måte at alle operasjonar utførast etter gjeldande reglar.
- har innsikt i krava i internasjonale konvensjonar og nasjonalt regelverk og kan sørge for at desse etterlevast og at sikkerheita for skip, besetning og eventuelle passasjerar ivaretakast.
Undervisningsformer og aktivitet
Førelesningar og framføringar
Oppgåveløysing og eigenstudium
Diskusjonar og gruppeoppgåver
Demonstrasjonar og videoar
Vurdering
Grunnlaget for avsluttande vurdering i emne omfattar element:
- Vurdering av 4 prøver underveis i emnet, uttrykt som ein samla karakter.
- 5 timers skriftlig eksamen
Samlet karakter underveis og eksamenskarakter blir slått saman til ein karakter på vitnemål
Karakter på vitnemål vert sett etter tabell for vekting av karakterer i denne studieplanen.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 124 Time(r) | Heiltid |
Egenstyrt aktivitet | 89 Time(r) | Heiltid |
Arbeidskrav
4 stk. arbeidskrav
Arbeidskrav 1: Hindring av forurensing
Arbeidskrav 2: Oppfylle Regelverkets krav
Arbeidskrav 3: Organisering av mannskapet
Arbeidskrav 4: Skipsteknikk
Alle arbeidskrav skal være bestått for å få gå opp til eksamen.
Fagressursar
- Kompendium
- Sjørett og økonomi, Per Aasmundseth
- Sjørett og økonomi, oppgåvesamling, Per Aasmundseth
- Organisasjon og ledelse, Mette Holan og Per Høiseth
- Økonomistyring, Mette Holan og Per Høiseth
- Fartøyleiing og kontroll av skipets drift, Odd Jarl Borch
- K33: Kontroll av skipets drift og omsorg for personer om bord, Rolf Hagerupsen
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Dekksoffiser på leiingsnivå Måløy