00TM01G Matematikk på operativt nivå
Emnefakta
- FagområdeMaritime Fag
- Studiepoeng4
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadMåløy
- StudieprogramDekksoffiser på leiingsnivå Måløy
- Startsemester2024 Haust
Om emnet
Omfang 4 studiepoeng
Rekning med tall og bokstaver
Geometri
Trigonometri
Rette linje
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om handsaming av tal og algebra.
- har et fagleg grunnlag og forståing i matematikk som kandidaten kan byggje vidare på.
- har innsikt i bruk av formelsamling og grafisk kalkulator.
- har innsikt i definisjonen av dei trigonometriske funksjonane.
- har forståing av oppbygginga til eit koordinatsystem.
- Har kunnskapar om vektorrekning i planet.
Ferdigheter
Studenten:
- Kan anvende tall behandling og algebra for å løyse relevante matematiske problemstillingar.
- Kan anvende formelsamling og kalkulator i problemløysing.
- Kan anvende de trigonometriske funksjonane for å løyse matematiske problem i rettvinkla trekantar og på enkle funksjonsfagretta problem.
- Kan anvende koordinatsystem for å framstille grafar på grunnlag av formlar og tabellar og trekke ut informasjon frå grafar.
- Kan anvende lineær interpolering for å finne verdiar i tabellar som brukast av skipsoffiserar.
- Kan anvende vektorrekning på ein slik måte at ein får betre forståing for funksjonsfaga.
Generell kompetanse
Studenten:
- Kan bruke matematiske berekningar for vidare opplæring i matematikk og funksjonsfaga.
Har en systematisk og analytisk tankemåte i forhold til generelle problemstillingar.
Undervisningsformer og aktivitet
Førelesning med arbeidskrav knytt til stoffet, gruppearbeid, oppgåveløysing. Studentane arbeider sjølvstendig eller i grupper med oppgåvene, der lærer er tilgjengeleg for rettleiing ved kontakt.
Vurdering
Grunnlaget for avsluttande vurdering i emne omfattar elementa:
- Vurdering av prøvene underveis i emnet, uttrykt som ein samla karakter.
- 4 timers skriftlig eksamen
Samlet karakter underveis og eksamenskarakter blir slått saman til ein karakter på vitnemål
Karakter på vitnemål vert sett etter tabell for vekting av karakterer i denne studieplanen.
Dersom ein ikkje vert trekt opp i eksamen vil samla karakteren underveis utgjere sluttvurderinga.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 50 Time(r) | Heiltid |
Egenstyrt aktivitet | 35 Time(r) | Heiltid |
Arbeidskrav
3 stk. arbeidskrav
Arbeidskrav 1: Algebra og geometri
Arbeidskrav 2: Trigonometri
Arbeidskrav 3: 1. og 2. grads likningar
Alle arbeidskrav skal vere bestått for å få gå opp til eksamen.
Fagressursar
Litteraturliste Matematikk
Sinus Forkurs for ingeniører; T. Oldervoll / O. Orskaug / A. Vaaje / Orskaug / HALS
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Dekksoffiser på leiingsnivå Måløy