Barn og unge si psykiske helse - 2026 Haust
Studiefakta
- FagområdeHelsefag
- Studiepoeng60
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadNordnes, Nettbasert studium
- StudieformDeltid
- Startsemester2026 Haust
Barn og unge si psykiske helse
Om studiet
Studiet er nettbasert med samlingar og er særleg retta mot dei som arbeider med barn og unge, og som ønskjer å bidra til å heva kvaliteten på tenestene innan helse- og oppvekstfeltet.
Gjennom studiet får studentane innsikt i psykisk helse hos barn og unge, med vekt på heilskapleg forståing, sårbarheit og tidleg innsats. Dei skal utvikla solid relasjonskompetanse og få auka kunnskap om korleis ein kan fremja meistring i utfordrande situasjonar.
Vidare skal studentane utvikla kompetanse i å ta initiativ og samarbeida med barn og unge, pårørande og kollegaer for å fremja psykisk helse og trivsel. Dei skal òg styrka si forståing av tverrfagleg samarbeid og samordning av tenester for barn og unge, samt få innsikt i psykososialt arbeid retta mot barn, ungdom og familiar.
Emna i studiet er:
- Psykisk helse hos barn og unge – heilskapleg forståing, sårbarheit og tidleg innsats
- Relasjonelt arbeid med barn og unge - meistring i utfordrande situasjonar
- Tverrfagleg samarbeid og samordning av tenester for barn og unge
- Psykososialt arbeid med barn, ungdom og familiane deira
Læringsutbyte
Innhaldet i overordna læringsutbytte, også kalt O-LUB, gjev uttrykk for kva studentane som har gjennomført høgare yrkesfagleg utdanning har av kompetanse omtalt som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i tråd med nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) nivå 5.1.
| Kunnskap | Ferdigheiter | Genrell kompetanse |
| Kunnskap er forståing av teori, fakta, omgrep, prinsipp, prosedyrar innan fag og yrker. | Ferdigheiter er evnene til å anvende kunnskap til å lese problem og oppgåver. Eksempel på ulike typar ferdigheiter: kognitive, praktiske, kreative og kommunikative ferdigheiter | Generell kompetanse er å kunne anvende kunnskap og ferdigheiter sjølvstendig i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvar evne til refleksjon og kritisk tenking i yrket |
Kunnskap
- Studenten har kunnskap om grunnleggande vilkår for å fremja resiliens, vekst og læring hos barn og ungdom.
- Studenten har kunnskap om sosial, emosjonell og kognitiv utvikling hos barn og unge.
- Studenten har kunnskap om typisk og atypisk utvikling hos barn.
- Studenten har kunnskap om samanhengar mellom helse, psykososiale faktorar og levekår, både på individ-, gruppe- og samfunnsnivå.
- Studenten har kunnskap om psykiske vanskar og lidingar, funksjonsnedsetjingar og ulike utviklingslidingar, samt verksame tiltak og intervensjonar for barn og unge.
- Studenten har kunnskap om vernande og risikofaktorar for psykisk helse blant barn og unge.
- Studenten har kunnskap om helsefremjande og sjukdomsførebyggjande psykososialt arbeid med barn og ungdom i eit tverrfagleg perspektiv.
- Studenten har kunnskap om tydinga av relasjonskompetanse, kommunikasjon og eigen veremåte for barn og unge si sjølvkjensle, og for samhandling med barn og unges familiar og sosiale nettverk.
- Studenten har kunnskap om etiske utfordringar i arbeid med familiar med barn og unge, og deira sosiale nettverk.
- Studenten har kunnskap om medverknadsperspektivet og tydinga av myndiggjering og meistring i arbeid med barn og unges psykiske helse.
- Studenten har innsikt i relevant regelverk, standardar, avtalar og krav til kvalitet i arbeid med barn og unges psykiske helse.
- Studenten har bransjekunnskap og kjennskap til helse- og oppvekstsektoren og arbeid med barn og unges psykiske helse.
- Studenten har evne til å oppdatera sin eigea yrkesfaglege kunnskap innan arbeid med barn og unges psykiske helse.
- Studenten har forståing for helse- og oppvekstsektorens tyding i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv.
Ferdigheiter
- Studenten kan identifisera typiske og atypiske teikn i barns utvikling.
- Studenten kan nytta kunnskap om oppvekst, utvikling, sosialisering, læring og danning til å identifisera ressursar og behov, setja mål og iverksetja førebyggjande og helsefremjande tiltak for barn og unge.
- Studenten kan nytta helsefremjande strategiar i arbeid med barn og unge og deira familiar.
- Studenten kan nytta standardiserte observasjonsskjema og kartleggingsverktøy til å kartleggja og dokumentera ressursar, utfordringar og behov for tiltak hos barn og unge, og handla på bakgrunn av dette.
- Studenten kan byggja tillit og skapa trygge relasjonar, og nytta gode kommunikasjonsformer og teknikkar profesjonelt i samarbeid med barn og unge, foreldre, kollegaer og andre yrkesgrupper.
- Studenten kan nytta relevante forskrifter og lovverk.
- Studenten kan finna informasjon og fagstoff som er relevant for problemstillingar knytte til arbeid med barn og unge.
- Studenten kan kartleggja situasjonar med barn og unge og identifisera faglege, juridiske og etiske problemstillingar, samt behov for å iverksetja tiltak.
Generell kompetanse
- Studenten har forståing for yrkesetiske retningsliner som regulerer yrkesutøvinga innan oppvekstsektoren.
- Studenten har utvikla ei etisk grunnhaldning som kjem til uttrykk ved at han eller ho tek vare på medverknaden til barn, unge og foreldre i psykososialt arbeid.
- Studenten kan, innanfor eige kompetanse- og ansvarsområde, utføra psykososialt arbeid retta mot barn og unge på ein fagleg forsvarleg måte og i tråd med kunnskap om kva som fremjar psykisk helse.
- Studenten kan byggja relasjonar og samarbeida med kollegaer, og på tvers av avdelingar og etatar, i arbeidet med å utvikla og tilby gode tenester til barn og unge.
- Studenten kan bidra til å vidareutvikla arbeidsmetodar og tenester for barn og unge gjennom kunnskapsdeling, rettleiing og etisk refleksjon på arbeidsplassen.
- Studenten kan utveksla synspunkt og erfaringar med andre yrkesutøvarar innanfor fagområdet og delta i faglege diskusjonar om utvikling av god praksis.
Opptak
Målgruppe og Opptakskrav
Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjaren skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev eller sveinebrev.
Søkjarar som kan dokumentera at dei skal gjennomføra fagprøve etter opptaksfristen, kan få tilbod om plass på vilkår av at prøva er bestått innan utgangen av første semester etter opptak.
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkja om opptak på grunnlag av realkompetanse. Relevant realkompetanse er all kompetanse ein person har tileigna seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m. For nærare informasjon om opptak, sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland (2022), § 2.
Språkkrav for søkjarar med utanlandsk utdanning
For informasjon om språkkrav, sjå Forskrift om høgare yrkesfagleg utdanning (fagskuleforskrifta), § 9 – Utfyllande reglar om språkkrav for søkjarar med utanlandsk utdanning.
Formelle opptakskrav
Søkjar må ha minst eitt års relevant arbeidserfaring i minimum 50 % stilling frå arbeid med barn og unge.
- Relevant fagbrev kan vere barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar, hjelpepleiar, omsorgsarbeidar, ambulansearbeidar, tannhelse/helsesekretær (med to års relevant praksis) eller aktivitør.
- Generell studiekompetanse etter Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring, nivå 4, med autorisasjon innan yrke som barnehagelærar, lærar, helsesjukepleiar, sjukepleiar, barnevernspedagog eller vernepleiar.
- Søkjarar som ikkje oppfyller krava ovanfor, og som har fylt 23 år, kan søkja om opptak på grunnlag av realkompetanse (relevant arbeidserfaring).
- Søkjarar som kan dokumentera at dei skal gjennomføra fagprøve etter opptaksfristen, kan få plass på vilkår av bestått prøve innan utgangen av første semester. Lærekontrakt må leggjast ved søknaden i Samordna opptak som dokumentasjon på at fagprøva skal avleggjast.
For utfyllande informasjon om opptak, sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no
Fagbrev som kvalifiserer til opptak
Helse- og oppvekstfag
- Aktivitørfaget
- Ambulansefaget
- Barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Helsearbeidarfaget
- Helsesekretær
- Tannhelsesekretær
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse. Relevant realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.
Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.
Andre bestemmelser
Skikkethetsvurdering
For denne utdanninga gjennomførast det ei skikkavurdering. Skikkavurdering skal finne stad gjennom heile utdanninga, jf. fagskoleloven § 26 første ledd.
Ei skikkavurdering skal avdekkja om studenten har dei nødvendige føresetnadene for å kunne utøva yrket. Ein student som i utdanninga eller i framtidig yrkesutøving kan utgjera fare for liv, fysisk og/eller psykisk helse, rettar og tryggleik til barn, unge eller vaksne i sårbare situasjonar, er ikkje skikka for yrket.
Fagskulen Vestland gjennomfører skikkavurdering i tråd med gjeldande regelverk i fagskoleloven § 26 og fagskoleforskriften kapittel 5.
Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.
Politiattest
Studiet krev framlegging av gyldig politiattest. Fagskulen kan krevja politiattest ved opptak og undervegs i studiet jf. fagskoleloven § 27 første ledd. Politiattesten må ikkje vere eldre enn tre månadar på tidspunktet ho blir lagt fram. Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.
Organisering av studiet
Studiet er delt inn i fire emne. Alle emna til saman gir ein fagskulegrad på totalt 60 studiepoeng. Det er òg mogleg å ta enkeltståande emne på 15 studiepoeng.
Timebelastninga for eit deltidsstudium er om lag 1600 timar fordelt over to studieår jf. § 2-2 Forskrift om akkreditering av og tilsyn med høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoletilsynsforskriften) - Kapittel 2. Krav til fagskoleutdanning - Lovdata Dette inkluderer all lærarstyrt rettleiing og digital undervisning, praksis, eksamensførebuing og berekna eigenarbeid for studentane.
Studiet er nettbasert med samlingar og går over to år på deltid. Det er lagt opp til samlingsdagar som er jamt fordelte gjennom kvart emne.
Det blir lagt vekt på å nytta varierte arbeidsformer som førelesingar, rollespel, video, rettleiingsgrupper, «test deg sjølv»-oppgåver, sjølvstudium, oppgåveskriving og kollokviegrupper.
Fagskulen Vestland nyttar for tida itslearning som elektronisk læringsplattformer. Teams og Zoom vert nytta til rettleiing og undervisninng.
Emna består av øving i praktiske ferdigheiter, lærarstyrt undervisning, rettleiing, nettundervisning og sjølvstudium.
Læringsformer
Studentaktive læringsmetodar
Variasjon i metodar, oppgåver og læringsarenaer, kombinert med høg grad av studentaktivitet, er sentrale i fagskulen sitt syn på læring. Gjennom utdanninga blir studentane utfordra til kritisk tenking gjennom refleksjon og diskusjon. Læringsmiljøet skal vere prega av respekt, samarbeid og deling av ulike perspektiv, kunnskap og erfaringar mellom studentar, lærarar og andre involverte aktørar. Studentane blir dermed ein ressurs både for seg sjølv og kvarandre, og medansvarlege for eiga og andre si læring.
Fleksibel læring – IKT-støtta undervisning
Fleksible undervisnings- og læringsformer er viktige i studiet, og digitale verktøy blir mykje brukt i undervisning, rettleiing, gruppearbeid og eksamensavvikling. Alle studentar blir tilknytte fagskulen si læringsplattform itslearning. Studiet nyttar Teams og Zoom til undervisning og rettleiing. Læringsplattforma itslearning blir nytta til å administrere studiet og gje studentane planar, ressursar og oppgåver.
Dette krev at studentane har, eller tileignar seg, naudsynt digital kompetanse og har tilgang til PC og internett under studiet.
Læring og danning gjennom refleksjon
Refleksjon er ein vesentleg del av læringsprosessen til studentane. Utdanninga inneber ein lærings- og danningsprosess, både fagleg og personleg. Studentane blir oppmoda til å reflektere over eigen læringsprosess, haldningar, verdiar og relasjonar gjennom heile utdanninga. Refleksjon bidreg til bevisstgjering rundt kva kompetanse ein tar med seg inn i utdanninga, kva ein har lært, kva læringsstrategiar som fungerer best, og korleis ein kan jobbe vidare for å nå læringsmåla. Refleksjon kan òg vere eit verktøy for verdiarbeid og for å handtere krevjande situasjonar med medvit om ulike strategiar og tilnærmingar. Refleksjonsnotat, både individuelt og i grupper, er derfor ein del av dei obligatoriske læringsaktivitetane i studiet.
Undervisningsformer
Døme på arbeids- og undervisningsformer:
- Ressursførelesning
- Workshop
- Ferdigheitstrening/simulering
- Audiovisuell undervisning
- Refleksjonsgrupper og gruppearbeid
- Flipped-classroom
- Praksisstudium
- Oppgåver, sjølvstudium, eigeninnsats
- Rettleiing
Vurdering
Utgangspunktet for all vurdering er dei fastsette læringsutbytta på overordna nivå og emnenivå. Studenten må ha gjennomført og fått godkjent alle obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) for å få sluttvurdering i emnet. OLA fungerer som vilkår for vurdering, men inngår ikkje i vurderingsgrunnlaget, jf. forskrifta § 5-4.
Emneplanen fastset kva obligatoriske læringsaktivitetar som gjeld i emnet, og kva vurderingsform som blir nytta. Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre anna er fastsett. Sjå også forskrifta kapittel 6 om vurdering.
Sluttvurdering
Sluttvurderinga i kvart emne er bestått/ikkje bestått. For å oppnå vurderinga bestått må alle obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) vere godkjende. Dersom ikkje alle OLA er godkjende, blir emnet vurdert til ikkje bestått, og studenten må gjennomføre heile emnet på nytt for å kunne oppnå bestått.
Sluttdokumentasjon
Fullført og bestått fagskuleutdanning på 60 stp gir vitnemål og ein fagskulegrad. Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan be om ein karakterutskrift som viser fullført og bestått emne.
Vitnemålet vil innehalde:
- Emne som inngår i utdanninga.
- Omfang av emne og oppnådd vurdering
- Overordna læringsutbytte.
- Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) 5.1 og kvalifikasjonen som er oppnådd.
- Karaktersystemet som blir brukt og talet på studiepoeng.
- Namn på utdanning og tittel på hovudprosjektet.
Omgrepet Vocational Diploma (VD) brukast på vitnemålet for å sikre at det også kan nyttast internasjonalt.
Litteratur- og utstyrsliste
Barn og unge si psykiske helse
| Emnebeskrivelse | Litteratur- og utstyrsliste |
|---|---|
| 64HS61A Psykisk helse hos barn og unge | Oppdatert litteratur- og utstyrsliste publiserast seinast 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret. Obligatorisk litteratur Smith, L. (2018). Ei kort innføring i utviklingspsykologi. Fagbokforlaget. Henriksen, P. (2022). Barn- og ungdomspsykiatri: En enkel introduksjon. Fagbokforlaget. Karlsdottir, R., Kvello, Ø., & Hybertsen, D. I. (2022). Grunnbok i pedagogisk psykologi. Fagbokforlaget. Nordanger, D. Ø., & Braarud, H. C. (2017). Utviklingstraumer: Regulering som nøkkelomgrep i ny traumepsykologi. Fagbokforlaget.
Tilrådd litteratur Øhlchers, L. R., Heradstveit, O., & Sand, L. (Red.). (2020). Ungdom og psykisk helse. Fagbokforlaget. Lilleberg, E., & Rieber-Mohn, T. (2018). Når åtferda til barn gjer deg uroa. Pedlex.
Digitale kjelder Helsedirektoratet. (u.å.). Tidleg oppdaging av utsette barn og unge. Helsebiblioteket. (u.å.). BUP-handboka. Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress. (u.å.). Temaoversikt.
Lover og forskrifter Barnevernslova – https://lovdata.no/lov/2021-06-18-97
|
| 64HS61E Relasjonelt arbeid | Oppdatert litteratur- og utstyrsliste publiserast seinast 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Obligatorisk litteratur Eide, H., & Eide, T. (2017). Kommunikasjon i relasjoner: Personorientering, samhandling og etikk. Gyldendal. Lefstad, K. T. (2024). Etikk og pedagogikk i møte med barn og unge: Ei praksisnær tilnærming. Fagbokforlaget. Karlsdottir, R., Kvello, Ø., & Hybertsen, D. I. (2022). Grunnbok i pedagogisk psykologi. Fagbokforlaget. Nordanger, D. Ø., & Braarud, H. C. (2017). Utviklingstraumer. Fagbokforlaget.
Tilrådd litteratur Peters, N., & Juvelig, A. (2023). Forstå korleis det er inni meg når eg er ute av meg. Fagbokforlaget. Dønnestad, E., & Steinkopf, H. (2024). Menneskemøteboka. Universitetsforlaget.
Digitale kjelder RVTS Sør. (u.å.). Snakk med barn. Helsedirektoratet. (u.å.). Pårørandeveilederen.
Lover og forskrifter Forvaltningslova – https://lovdata.no/lov/1967-02-10
|
| 64HS61C Tverrfagleg samarbeid og samordning | Oppdatert litteratur- og utstyrsliste publiserast seinast 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Obligatorisk litteratur Lefstad, K. T. (2024). Etikk og pedagogikk i møte med barn og unge. Henriksen, P. (2022). Barn- og ungdomspsykiatri. Karlsdottir, R., Kvello, Ø., & Hybertsen, D. I. (2022). Grunnbok i pedagogisk psykologi.
Tilrådd litteratur Moen, G. L. (2016). Eg treng nokon å vere glad i. Cappelen Damm.
Digitale kjelder Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. (u.å.). Kunnskapsmodellen – Barnets behov i sentrum (BBIS). Helsedirektoratet. (u.å.). Helsestasjons- og skulehelsetenesta – Retningslinje. Fafo. (2020). Trøbbel i grenseflatene.
Lover og forskrifter Opplæringslova. (2023). Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (LOV-2023-06-09-30). Lovdata. Barnehagelova. (2005). Lov om barnehager (LOV-2005-06-17-64). Lovdata. |
| 64HS61D Psykososialt arbeid | Oppdatert litteratur- og utstyrsliste publiserast seinast 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Obligatorisk litteratur Henriksen, P. (2022). Barn- og ungdomspsykiatri. Eide, H., & Eide, T. (2017). Kommunikasjon i relasjoner. Lefstad, K. T. (2024). Etikk og pedagogikk i møte med barn og unge. Nordanger, D. Ø., & Braarud, H. C. (2017). Utviklingstraumer.
Tilrådd litteratur Lunde, C., & Brodal, P. (2022). Lek og læring i eit nevroperspektiv. Bru, E., Idsøe, E. C., & Øverland, K. (Red.). (2016). Psykisk helse i skolen. Kvello, Ø. (Red.). (2018). Psykisk helse i barnehagen.
Digitale kjelder Helsedirektoratet. (2023). Opptrappingsplan for psykisk helse 2023–2033. Fafo. (2023). Kunnskapsstatus om bekymringsfullt fråvær i skolen. RVTS Sør. (u.å.). Snakk med barn.
Lover og forskrifter Forskrift om helsestasjons- og skulehelsetenesta – https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2018-10-19-1584
Stortingsmeldingar Kunnskapsdepartementet. (2023). Fullføringsreforma (Meld. St. 15 2022–2023). Kunnskapsdepartementet. (2020). Tidleg innsats og inkluderande fellesskap (Meld. St. 6 2019–2020). Barne- og familiedepartementet. (2021). Fremtidens barnevern (Meld. St. 34 2020–2021).
|