2MNK171-3 Norsk 2, emne 3: Språk i norskfaget

    • Emnekode
      2MNK171-3
    • Studiepoeng
      15
    • Undervisningssemestre
      2026 Vår
    • Undervisningsspråk
      Norsk
    • Forkunnskapskrav

      Emna 2MNK172-1 og 2MNK172-2 eller tilsvarande, må vere bestått.

Emnets innhold
  • Norsk som andrespråk og fleirspråklegheit
  • Språkleg variasjon
  • Språkleg endring og språkhistorie
  • Normering
  • Nabospråk, nasjonale minoritetsspråk og samisk språk
  • Munnleg kommunikasjon
  • Begynnande lese- og skriveopplæring
  • Akademiske tekstar og akademisk skriving

Læringsutbytte

Ved bestått emne har kandidaten oppnådd følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har omfattende kunnskap om norsk som første- og andrespråk og flerspråklegheit
  • har omfattande kunnskap om språkleg variasjon
  • har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid
  • har kunnskap om gjeldande normering av nynorsk og bokmål
  • har kunnskap om samisk språk, nasjonale minoritetsspråk og nabospråk
  • har omfattande kunnskap om munnleg kommunikasjon
  • har omfattande kunnskap om begynnaropplæringa i lesing og skriving
Ferdigheter

Studenten

  • kan gi tilpassa opplæring for minoritetselevar med varierande ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk
  • kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i begynnaropplæringa
  • kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
  • kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 1–7 i samarbeid med andre
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert lagt opp i form av forelesingar, ulike seminar, arbeid i grupper og individuelt. Aktiv deltaking i undervisninga og på høgskolens IKT-baserte studiestøttesystem er ein viktig del av studiet. Arbeidsformene er vidare spesifiserte i undervisningsplanen. 

Praksis

Praksisstudiet er ein integrert del av faga som inngår i utdanninga. Alle fag i utdanninga har saman med praksisstudiet ansvar for at studentane utviklar ein identitet som lærar. Det skal vere ei nær kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i lærarutdanningsfaga og praksisstudiet. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for faglærarane i grunnskulelærarutdanningane, praksislærar og rektor.

Studentane skal utføre oppgåver i praksisperioden ut frå undervisningsplanen og delta på profesjonsseminar på høgskulen.

Obligatoriske aktiviteter
  • Inntil fire korte, individuelle skriftlege fagtekstar med eigenvurdering. Begge målformene må vere representerte.
  • Delta på inntil to seminar med munnleg presentasjon, i gruppe eller individuelt, som spesifisert i undervisningsplanen.
  • Korte faglege innspel knytt til emne i pensum eller til medstudentane si skriving og munnlege presentasjonar, som spesifisert i undervisningsplanen.
  • 75 % obligatorisk frammøte til undervisning slik det går fram av undervisningsplanen. Studenten har sjølv ansvar for å bli registrert.
Eksamen
VurderingsordningKarakterskalaGruppe/individuellVarighetHjelpemidlerAndelKommentar
Skriftlig eksamen med tilsyn
ECTS - A-F
Individuell
4 Time(r)
  • Ordbok
Digital ordliste, tilgjengeleg på nett under eksamen.
Eksamen

Fire timar individuell skriftleg eksamen. 

Målform: Nynorsk

Prestasjonen blir vurdert med graderte bokstavkarakterar frå A-F, der E er lågaste ståkarakter.

Emnenavn på engelsk: 
Norwegian: Language and text in time and space
Emnenavn på nynorsk: 
Norsk 2, emne 3: Språk i norskfaget
Fakultet
Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk
Fagområde
5-årig masterprogram i grunnskolelærerutdanning 1-7 trinn
Studieprogram
Grunnskolelærerutdanning for trinn 1-7
Emnenivå
Grunnleggende emner, nivå I (100-LN)