Teamleiing i helsetenesta - 2026 Vår

  • Studiefakta

    • Fagområde
      Helsefag
    • Studiepoeng
      15
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
    • Studiestad
      Førde, Nordnes
    • Studieform
      Deltid, Nett
    • Startsemester
      2026 Vår

Teamleiing i helsetenesta

Om studiet

Studiet gir kompetanse i leiing og organisering i helse- og omsorgstenesta. Gjennom utdanninga utviklar studentane kunnskap om gjeldande lovverk, forskrifter og retningslinjer som regulerer fagfeltet. Det vert lagt vekt på ferdigheiter i å leie og koordinere tverrfaglege team, og bidra til kvalitet og tryggleik i tenestene. Tema som å ivareta eit godt arbeidsmiljø, psykologisk tryggleik, rettleiing og kompetanseutvikling, er sentrale område for at studenten kan vere ein tydeleg rollemodell og bidra til utvikling i arbeidsfellesskapet. Kliniske observasjonar og vurderingar vert integrerte som grunnlag for faglege avgjerder. Etter fullført utdanning kan studenten ta ansvar for leiing, prioritering av ressursar, oppfølging og kvalitetssikring i helse- og omsorgstenestene. Studenten kan bidra til strategisk planlegging, utviklingsarbeid og vera ein ressurs person i forbetringsprosessar som fremjar både pasienttryggleik og gode arbeidsvilkår. Målet er å gi helsepersonell auka meistring og handlingskompetanse som teamleiarar, og bidra til høg kvalitet i helse- og omsorgstenestene. Studiet er vidare forankra i nasjonale føringar for utvikling av helse- og omsorgstenestene, mellom anna gjennom rapporten Tid for handling. Rapporten peikar på utfordringar knytt til ressursknappheit, aukande kompleksitet i tenestene og behov for tydelegare prioriteringar og oppgåvedeling. Utdanninga har difor eit eksplisitt fokus på teamleiarrolla sitt ansvar for effektiv ressursbruk, passande oppgåvedeling og koordinering av arbeid i tverrfaglege team. 

 

Omfang og nivå

Utdanninga består av tre emne à 5 studiepoeng, totalt 15 studiepoeng, nivå 5.1 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR).

 

Studieform

Deltidsstudium som kan kombinerast med full jobb. Utdanninga er nettbasert med samlingar.

 

Undervisningsspråk

Norsk.

 

Tilleggskrav ved oppstart

Eigen PC og tilgang til internett.

 

 

Læringsutbyte

Overordna læringsutbyttebeskriving

Etter fullført bransjeprogram skal studenten ha følgjande læringsutbytte på nivå 5.1 i NKR:

Kunnskap

Studenten

  • Har forståing for lover, forskrifter, nasjonale føringar, etiske prinsipp og verdigrunnlag som regulerer helse- og omsorgstenesta.  
  • Har kunnskap om leiing, kommunikasjon, samhandling og korleis psykologisk tryggleik og psykososialt arbeidsmiljø påverkar læring, trivsel og pasienttryggleik.
  • Har innsikt i korleis ressursbruk og organisering påverkar kvalitet og prioriteringar i tenesta.
  • Kjenner til verktøy og digitale løysingar som støttar planlegging, koordinering og kvalitetsarbeid i helsetenesta.

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan leie og koordinere team på ein tydeleg, tillitsfull og motiverande måte, med evne til å skape felles mål, vise fleksibilitet og førebyggje konfliktar og ta ansvar for oppgåvedeling og effektiv bruk av ressursar i tverrfaglege team.
  • Kan planlegge, gjennomføre og evaluere arbeidsprosessar i tråd med gjeldande lovverk og faglege standardar.
  • Kan legge til rette for læring, refleksjon og utvikling gjennom kommunikasjon og tryggleik i arbeidsfellesskapet.

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan reflektere over eigen praksis og utøve leiing i tråd med etiske og faglege retningslinjer.
  • Kan bidra til fagleg utvikling, læring og innovasjon i arbeidsfellesskapet gjennom å fremje  psykologisk tryggleik, openheit og eit godt psykososialt arbeidsmiljø.
  • Viser ansvar for kvalitet, tryggleik og samhandling i tenestene gjennom å bidra til godt arbeidsmiljø og føremålstenlege samarbeidsformer i tverrfaglege team.

Opptak

Formelle opptakskrav

Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjar skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev eller vitnemål som dokumenterer yrkeskompetanse.

Det vil seie at søkjarar med fagbrev eller autorisasjonsfag frå helse- og oppvekstfag i vidaregåande opplæring, eller med realkompetanse, kan søkje opptak til studiet.

Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve innan utgangen av første semester etter opptak.

For studiet Teamleiing i helsetenesta er følgjande yrkeskompetanse dokumentert ved vitnemål relevant som grunnlag for opptak:

  • Vitnemål i sterilforsyningsteknikk
  • Vitnemål i apotekteknikk
  • Vitnemål i helsesekretær
  • Vitnemål i tannhelsesekretær
  • Vitnemål i fotterapi
  • Vitnemål i hudterapi

 

Fagbrev og svennebrev som kvalifiserer til opptak

  • Helse- og oppvekstfag

    • Aktivitørfaget
    • Ambulansefaget
    • Helsearbeidarfaget
    • Ortopediteknikkfaget
    • Portørfaget

Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse. Relevant realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m. Anna helsepersonell kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse. Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.

Organisering av studiet

Utdanninga består av tre emne à 5 studiepoeng, totalt 15 studiepoeng. Studiet er fleksibelt og tilrettelagt som deltidsstudium, og kan kombinerast med full jobb. Utdanninga inneheld ikkje praksis.

Kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse blir utvikla gjennom refleksjonsbaserte læringsaktivitetar, mellom anna arbeid med eigne case frå studentane si yrkesutøving, arbeid med refleksjonsnotat, rettleiing og faglege refleksjonar. Dei obligatoriske læringsaktivitetane er utforma for å støtte utvikling av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i tråd med fastsette læringsutbytte.

 

Fleksibel emnestruktur:
Emna kan takast enkeltvis, og studenten får karakterutskrift etter fullført emne. Emna kan òg kombinerast og byggast saman til eit samla studieløp på 15 studiepoeng, Teamleiing i helsetenesta. Studieløpet utgjer ikkje ei full fagskuleutdanning, men gir formell kompetanse på fagskulenivå.

 

Arbeidsmengde:

  • 5 studiepoeng = ca. 125 - 150 timar (inkl. samlingar, nettundervisning, rettleiing og sjølvstudium).
  • Total arbeidsmengde dersom ein tek alle tre emna er ca. 375-450 timar.

 

 

 

Teamleiing i helsetenesta, nettbasert med samlingar

Teamleiing i helsetenesta, nettbasert med samlingar

Studiemodell

Teamleiing i helsetenesta, nettbasert med samlingar

Læringsformer

Studiet legg vekt på aktive og studentsentrerte læringsformer gjennom asynkrone læringsstiar, eigenstudiar og praksisnær, casebasert læring der studentane bringer inn eigne erfaringar frå arbeidsfeltet; det vert lagt til rette for erfaringsdeling og rettleiing, og studiet omfattar to obligatoriske læringsaktivitetar.

 

Undervisningsformer

Undervisninga nyttar læringsplattforma It’s Learning. Til anna kommunikasjon og rettleiing vert Teams og/eller Zoom nytta. Undervisninga er i hovudsak asynkron, og studentane arbeider gjennom strukturerte læringsstiar som legg til rette for fleksibel progresjon og aktiv deltaking.

Døme på undervisnings- og læringsformer:

  • Digitale førelesingar.

  • Asynkrone læringsstiar.

  • Eigenstudiar.

  • Tildelte obligatoriske læringsaktivitetar.

  • Rettleiing.

  • Casebasert læring.

Vurdering

Utgangspunktet for all vurdering er dei fastsette læringsutbytta på overordna nivå og emnenivå. Studenten må ha gjennomført og fått godkjent alle obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) for å få sluttvurdering i emnet. OLA fungerer som vilkår for vurdering, men inngår ikkje i vurderingsgrunnlaget, jf. forskrifta § 5-4. 

Emneplanen fastset kva obligatoriske læringsaktivitetar som gjeld i emnet, og kva vurderingsform som blir nytta. Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre anna er fastsett. Sjå også forskrifta kapittel 6 om vurdering. 

Sluttvurdering

Sluttvurderinga i kvart emne er bestått/ikkje bestått. For å oppnå vurderinga bestått må alle obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) vere godkjende. Dersom ikkje alle OLA er godkjende, blir emnet vurdert til ikkje bestått, og studenten må gjennomføre heile emnet på nytt for å kunne oppnå bestått. 

Sluttdokumentasjon

Karakterutskrift for kvart enkelt emne på 5 studiepoeng, eller samla karakterutskrift ved gjennomføring av fleire emne.

Litteratur- og utstyrsliste

Teamleiing i helsetenesta, nettbasert med samlingar

EmnebeskrivingLitteratur- og utstyrsliste
64HS81A Teamleiarrolla i praksis

Obligatorisk litteratur

Fyhn, B. (2026). Psykologisk trygghet: Teori og praksis i organisasjoner. Gyldendal

Ingstad, K. (2026). Organisasjon og ledelse i helsefag og sykepleie (2. utg.). Gyldendal

Kvalnes, Ø. (2022). Ytringsklima. Cappelen Damm Akademisk 

Stålesen, E. (2015). Ledelse på godt og vondt. Fagbokforlaget

  • Kapittel 1: Effektiv og ivaretakende ledelse – viktige perspektiver og modeller (s.15-45)
  • Kapittel 8: Å lede er å bruke makt (s.171-190)
  • Kapittel 11: Følelsenes betydning i organisasjoner og ledelse (s.231-258)

 

Nettressursar

Arbeidsmiljøloven (2005). Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv.
https://lovdata.no/lov/2005-06-17-62

Arbeidstilsynet. (u.å.). Psykososialt arbeidsmiljø. https://www.arbeidstilsynet.no/arbeidsmiljo/psykososialt-arbeidsmiljo/

Helse- og omsorgstjenesteloven (2011). Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.
https://lovdata.no/lov/2011-06-24-30

 

Tilrådd litteratur

Aadland, E., & Askeland, H. (2017). Verdibevisst ledelse. Cappelen Damm Akademisk

  • Kapittel 1: Introduksjon til verdibasert ledelse (s. 13–18)
  • Kapittel 12: Småprat, sladder og rykter på arbeidsplassen – utfordringer og muligheter for verdibasert ledelse i praksis

 

 

 

 

64HS81B Samarbeid og leiing i tverrfaglege team

Obligatorisk litteratur

Fyhn, B. (2026). Psykologisk trygghet: Teori og praksis i organisasjoner. Gyldendal

Ingstad, K. (2026). Organisasjon og ledelse i helsefag og sykepleie (2. utg.). Gyldendal.

Kvalnes, Ø. (2022). Ytringsklima. Cappelen Damm Akademisk 

Stålesen, E. (2015). Ledelse på godt og vondt.

  • Kapittel 14: Relasjonsledelse og produktivitet

 

Nettressursar

Forskrift om organisering, ledelse og medvirkning (2011).
https://lovdata.no/forskrift/2011-12-06-1355

Helsedirektoratet (u.å.). Strukturert oppfølging gjennom tverrfaglige team.
https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/oppfolging-av-personer-med-store-og-sammensatte-behov/strukturert-oppfolging-gjennom-tverrfaglige-team

Helsedirektoratet (u.å.). Ledere må legge til rette for myndiggjorte team.
https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/oppfolging-av-personer-med-store-og-sammensatte-behov/myndiggjorte-pasienter-brukere-fagpersoner-og-team/ledere-ma-legge-til-rette-for-myndiggjorte-team

 

Tilrådd litteratur

Tveiten, S. (2022). Veiledning – mer enn ord. Fagbokforlaget.

  • Kapittel 1: Hva er veiledning? (s. 19–29)
  • Kapittel 7: Veiledning som planlagt og strukturert og spontan og integrert virksomhet (s. 94–116)
  • Kapittel 12: Metoder (s. 151–291)

 

Aadland, E., & Askeland, H. (2017). Verdibevisst ledelse. Cappelen Damm Akademisk

  • Kapittel 1: Introduksjon til verdibasert ledelse (s. 13–18)
  • Kapittel 6: Verdibevisst ledelse i praksis (s. 113–133)
  • Kapittel 11: Hva fremmer motivasjon på arbeidsplassen (s. 221–238)
  • Kapittel 15: Veiledning – en vei til leders verdibevissthet (s. 303–321)

 

 

 

 

 

64HS81C Kvalitetsarbeid og fagleg utvikling i helsetenesta

Obligatorisk litteratur

Fyhn, B. (2026). Psykologisk trygghet: Teori og praksis i organisasjoner. Gyldendal

Ingstad, K. (2026). Organisasjon og ledelse i helsefag og sykepleie (2. utg.). Gyldendal

Kvalnes, Ø. (2022). Ytringsklima. Cappelen Damm Akademisk 

Stålesen, E. (2015). Ledelse på godt og vondt. Fagbokforlaget.

  • Kapittel 7: Operativ ledelse

 

Nettressursar:

Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten (2016).
https://lovdata.no/forskrift/2016-10-28-1250

Helsedirektoratet (2017). Ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten – veileder til forskrift.
https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/ledelse-og-kvalitetsforbedring-i-helse-og-omsorgstjenesten

Pasientsikkerhetsprogrammet «I trygge hender 24–7».
https://pasientsikkerhetsprogrammet.no

Helse- og omsorgsdepartementet (2023). Tid for handling – Personellet i en bærekraftig helse- og omsorgstjeneste (NOU 2023:4).
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2023-4/id2961552/

Helsedirektoratet – Psykososialt arbeidsmiljø
https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/psykososialt-arbeidsmiljo

 

Tilrådd litteratur

Aadland, E., & Askeland, H. (2017). Verdibevisst ledelse. Cappelen Damm Akademisk

  • Kapittel 1: Introduksjon til verdibasert ledelse (s. 13–18)
  • Kapittel 10: Kollisjoner mellom ulike normer og verdier i styring av offentlig sektor (s. 208–218)

Forskrift om organisering, ledelse og medvirkning (2011).
https://lovdata.no/forskrift/2011-12-06-1355

Helse- og omsorgstjenesteloven (2011).
https://lovdata.no/lov/2011-06-24-30