64HS81C Kvalitetsarbeid og fagleg utvikling i helsetenesta - 2027 Vår

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Helsefag
    • Studiepoeng
      5
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
    • Studiestad
      Førde, Nordnes
    • Studieprogram
      Teamleiing i helsetenesta
    • Startsemester
      2027 Vår

Om emnet

Tema:
Kvalitetsforbetring og pasienttryggleik, digitale og innovative løysingar, fagformidling og leiing av fagleg utvikling

 

Introduksjon:

Dette emnet gir forståing for korleis systematisk kvalitetsarbeid og fagleg utvikling bidreg til auka pasienttryggleik, effektiv ressursbruk og tryggare og meir effektive tenester. Studenten arbeider med korleis leiing, kultur og kommunikasjon påverkar kvalitetsarbeid, prioriteringar og bruk av tilgjengelege ressursar, og får erfaring med bruk av verktøy og data for risikovurdering, dokumentasjon og forbetring. Gjennom arbeid med eigne døme frå praksis lærer studenten å planlegge, implementere og evaluere forbetringstiltak som fremjar pasienttryggleik og berekraftig ressursbruk, samt formidle fagleg innsikt på ein måte som støttar læring, innovasjon og utvikling av tryggleikskultur i eiga eining. Emnet kan takast som ei sjølvstendig vidareutdanning, eller som del av bransjeprogrammet Teamleiing i helsetenesta.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • Studenten har kunnskap om korleis ein gjennom systematisk kvalitets- og forbetringsarbeid kan bruke digitale verktøy og arbeidsmetodar til å styrke utvikling i tenesta, læring og pasienttryggleik.
  • Har innsikt i korleis leiing, kultur og psykososial tryggleik påverkar kvalitetsarbeid og pasienttryggleik.
  • Kjenner til metodar for risikovurdering, dokumentasjon og rapportering som støttar kontinuerleg forbetring og effektiv ressursbruk i tenesta.

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan bruke relevante og digitale verktøy og data i kvalitetsarbeid.
  • Kan planlegge og gjennomføre fagleg opplæring og rettleiing av kollegaer i eit miljø prega av tryggleik og læring.
  • Kan bidra til implementering av forbetringstiltak og evaluere effektar av endringar i praksis.

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan ta ansvar for kontinuerleg forbetring og utvikling av tryggleikskultur i eiga eining.
  • Kan formidle fagleg innsikt og dele erfaringar på ein måte som fremjar læring og innovasjon i teamet.

Undervisningsformar og aktivitetar

Undervisninga nyttar læringsplattforma It’s Learning. Til anna kommunikasjon og rettleiing vert Teams og/eller Zoom nytta. Undervisninga er i hovudsak asynkron, og studentane arbeider gjennom strukturerte læringsstiar som legg til rette for fleksibel progresjon og aktiv deltaking.

Døme på undervisnings- og læringsformer:

  • Digitale førelesingar

  • Asynkrone læringsstiar

  • Eigenstudiar

  • Tildelte obligatoriske læringsaktivitetar

  • Rettleiing

  • Casebasert læring

Forkunnskapskrav

Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjar skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev. Det vil seie at alle med fagbrev/autorisasjonsfag frå helsefag frå vidaregåande skule eller realkompetanse kan søkje på dette studiet.

Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve innan første semester etter opptak.   

For studiet Teamleiing i helsetenesta er følgjande fagbrev eller vitnemål relevante som grunnlag for opptak: 

Fagbrev 

  • Fagbrev i aktivitørfaget 
  • Fagbrev i ambulansearbeidarfaget 
  • Fagbrev i fotterapifaget 
  • Fagbrev i helsearbeidarfaget 
  • Fagbrev i hudpleiefaget 
  • Fagbrev i ortopediteknikkfaget 
  • Fagbrev i portørfaget 

 

Vitnemål 

  • Vitnemål i helsesekretærfaget 
  • Vitnemål i tannhelsesekretærfaget 
  • Vitnemål som apotekteknikar 
  • Vitnemål som sterilforsyningsteknikar 

 

 

Vurdering

Utgangspunktet for all vurdering er dei fastsette læringsutbytta på overordna nivå og emnenivå. Studenten må ha gjennomført og fått godkjent alle obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) for å få sluttvurdering i emnet. OLA fungerer som vilkår for vurdering, men inngår ikkje i vurderingsgrunnlaget, jf. forskrifta § 5-4.

Emneplanen fastset kva obligatoriske læringsaktivitetar som gjeld i emnet, og kva vurderingsform som blir nytta. Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre anna er fastsett. Sjå også forskrifta kapittel 6 om vurdering.

 

Sluttvurdering

Sluttvurderinga i kvart emne er bestått/ikkje bestått. For å oppnå vurderinga bestått må alle obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) vere godkjende. Dersom ikkje alle OLA er godkjende, blir emnet vurdert til ikkje bestått, og studenten må gjennomføre heile emnet på nytt for å kunne oppnå bestått.

VurderingPraktisk infoAnnet
Vurderingsform
Sjå skildring over.
Karakterskala
Bestått

Obligatoriske læringsaktivitetar

I dette emnet skal studenten gjennomføre obligatoriske læringsaktivitetar. Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre emneplanen fastset ein annan gyldigheitsperiode under.

Læringsaktivitetar

NamnKravKommentar
Case-oppgåve
Refleksjonsnotat

Litteratur- og utstyrsliste

Obligatorisk litteratur

Fyhn, B. (2026). Psykologisk trygghet: Teori og praksis i organisasjoner. Gyldendal

Ingstad, K. (2026). Organisasjon og ledelse i helsefag og sykepleie (2. utg.). Gyldendal

Kvalnes, Ø. (2022). Ytringsklima. Cappelen Damm Akademisk 

Stålesen, E. (2015). Ledelse på godt og vondt. Fagbokforlaget.

  • Kapittel 7: Operativ ledelse

 

Nettressursar:

Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten (2016).
https://lovdata.no/forskrift/2016-10-28-1250

Helsedirektoratet (2017). Ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten – veileder til forskrift.
https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/ledelse-og-kvalitetsforbedring-i-helse-og-omsorgstjenesten

Pasientsikkerhetsprogrammet «I trygge hender 24–7».
https://pasientsikkerhetsprogrammet.no

Helse- og omsorgsdepartementet (2023). Tid for handling – Personellet i en bærekraftig helse- og omsorgstjeneste (NOU 2023:4).
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2023-4/id2961552/

Helsedirektoratet – Psykososialt arbeidsmiljø
https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/psykososialt-arbeidsmiljo

 

Tilrådd litteratur

Aadland, E., & Askeland, H. (2017). Verdibevisst ledelse. Cappelen Damm Akademisk

  • Kapittel 1: Introduksjon til verdibasert ledelse (s. 13–18)
  • Kapittel 10: Kollisjoner mellom ulike normer og verdier i styring av offentlig sektor (s. 208–218)

Forskrift om organisering, ledelse og medvirkning (2011).
https://lovdata.no/forskrift/2011-12-06-1355

Helse- og omsorgstjenesteloven (2011).
https://lovdata.no/lov/2011-06-24-30

 

 

 

 

Emneansvarleg

Renate Westervik Alvestad
Inger Elen Mælingen