64HS81B Samarbeid og leiing i tverrfaglege team - 2026 Haust

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Helsefag
    • Studiepoeng
      5
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
    • Studiestad
      Førde, Nordnes
    • Studieprogram
      Teamleiing i helsetenesta
    • Startsemester
      2026 Haust

Om emnet

Tema:

Relasjonell leiing, tverrfagleg samarbeid og samhandling, kommunikasjon, konflikthandtering, pårørandesamarbeid

 

Introduksjon:

Emnet bygger på forståinga av eiga leiarrolle og set fokus på samhandling mellom ulike profesjonar, fagområde og aktørar i helsetenesta.
Studenten lærer å leie og koordinere tverrfaglege team på ein trygg og inkluderande måte, med vekt på kommunikasjon, konflikthandtering og samarbeid med pårørande og andre tenester.
Gjennom refleksjon og praktiske øvingar skal studenten utvikle evne til å fremje psykologisk tryggleik, openheit og læringskultur i teamet – noko som er avgjerande for både arbeidsmiljø og pasienttryggleik.
Emnet kan takast som ei sjølvstendig vidareutdanning, eller som del av bransjeprogrammet Teamleiing i helsetenesta.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • Studenten har kunnskap om korleis ein gjennom systematisk kvalitets- og forbetringsarbeid kan bruke digitale verktøy og arbeidsmetodar til å styrke utvikling i tenesta, læring og pasienttryggleik.
  • Har innsikt i korleis leiing, kultur og psykososial tryggleik påverkar kvalitetsarbeid og pasienttryggleik.
  • Kjenner til metodar for risikovurdering, dokumentasjon og rapportering som støttar kontinuerleg forbetring og effektiv ressursbruk i tenesta.

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan bruke relevante og digitale verktøy og data i kvalitetsarbeid.
  • Kan planlegge og gjennomføre fagleg opplæring og rettleiing av kollegaer i eit miljø prega av tryggleik og læring
  • Kan bidra til implementering av forbetringstiltak og evaluere effektar av endringar i praksis.

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan ta ansvar for kontinuerleg forbetring og utvikling av tryggleikskultur i eiga eining.
  • Kan formidle fagleg innsikt og dele erfaringar på ein måte som fremjar læring og innovasjon i teamet.

Undervisningsformar og aktivitetar

Undervisninga nyttar læringsplattforma It’s Learning. Til anna kommunikasjon og rettleiing vert Teams og/eller Zoom nytta. Undervisninga er i hovudsak asynkron, og studentane arbeider gjennom strukturerte læringsstiar som legg til rette for fleksibel progresjon og aktiv deltaking.

Døme på undervisnings- og læringsformer:

  • Digitale førelesingar

  • Asynkrone læringsstiar

  • Eigenstudiar

  • Tildelte obligatoriske læringsaktivitetar

  • Rettleiing

  • Casebasert læring

Forkunnskapskrav

Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjar skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev. Det vil seie at alle med fagbrev/autorisasjonsfag frå helsefag frå vidaregåande skule eller realkompetanse kan søkje på dette studiet.

Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve innan første semester etter opptak.   

For studiet Teamleiing i helsetenesta er følgjande fagbrev eller vitnemål relevante som grunnlag for opptak: 

Fagbrev 

  • Fagbrev i aktivitørfaget 

  • Fagbrev i ambulansearbeidarfaget 

  • Fagbrev i fotterapifaget 

  • Fagbrev i helsearbeidarfaget 

  • Fagbrev i hudpleiefaget 

  • Fagbrev i ortopediteknikkfaget 

  • Fagbrev i portørfaget 

 

Vitnemål 

  • Vitnemål i helsesekretærfaget 

  • Vitnemål i tannhelsesekretærfaget 

  • Vitnemål som apotekteknikar 

  • Vitnemål som sterilforsyningsteknikar 

Vurdering

Utgangspunktet for all vurdering er dei fastsette læringsutbytta på overordna nivå og emnenivå. Studenten må ha gjennomført og fått godkjent alle obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) for å få sluttvurdering i emnet. OLA fungerer som vilkår for vurdering, men inngår ikkje i vurderingsgrunnlaget, jf. forskrifta § 5-4.

Emneplanen fastset kva obligatoriske læringsaktivitetar som gjeld i emnet, og kva vurderingsform som blir nytta. Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre anna er fastsett. Sjå også forskrifta kapittel 6 om vurdering.

 

Sluttvurdering

Sluttvurderinga i kvart emne er bestått/ikkje bestått. For å oppnå vurderinga bestått må alle obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) vere godkjende. Dersom ikkje alle OLA er godkjende, blir emnet vurdert til ikkje bestått, og studenten må gjennomføre heile emnet på nytt for å kunne oppnå bestått. Studenten får karakterutskrift etter fullført emne

VurderingPraktisk infoAnnet
Vurderingsform
Sjå skildring over.
Karakterskala
Bestått

Obligatoriske læringsaktivitetar

Obligatoriske læringsaktiviteter

I dette emnet skal studenten gjennomføre obligatoriske læringsaktivitetar

Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre emneplanen fastset ein annan gyldigheitsperiode under.

 

Læringsaktivitetar

NamnKravKommentar
Case-oppgåve
Refleksjonsnotat

Litteratur- og utstyrsliste

Obligatorisk litteratur

Fyhn, B. (2026). Psykologisk trygghet: Teori og praksis i organisasjoner. Gyldendal

Ingstad, K. (2026). Organisasjon og ledelse i helsefag og sykepleie (2. utg.). Gyldendal.

Kvalnes, Ø. (2022). Ytringsklima. Cappelen Damm Akademisk 

Stålesen, E. (2015). Ledelse på godt og vondt.

  • Kapittel 14: Relasjonsledelse og produktivitet

 

Nettressursar

Forskrift om organisering, ledelse og medvirkning (2011).
https://lovdata.no/forskrift/2011-12-06-1355

Helsedirektoratet (u.å.). Strukturert oppfølging gjennom tverrfaglige team.
https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/oppfolging-av-personer-med-store-og-sammensatte-behov/strukturert-oppfolging-gjennom-tverrfaglige-team

Helsedirektoratet (u.å.). Ledere må legge til rette for myndiggjorte team.
https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/oppfolging-av-personer-med-store-og-sammensatte-behov/myndiggjorte-pasienter-brukere-fagpersoner-og-team/ledere-ma-legge-til-rette-for-myndiggjorte-team

 

Tilrådd litteratur

Tveiten, S. (2022). Veiledning – mer enn ord. Fagbokforlaget.

  • Kapittel 1: Hva er veiledning? (s. 19–29)
  • Kapittel 7: Veiledning som planlagt og strukturert og spontan og integrert virksomhet (s. 94–116)
  • Kapittel 12: Metoder (s. 151–291)

 

Aadland, E., & Askeland, H. (2017). Verdibevisst ledelse. Cappelen Damm Akademisk

  • Kapittel 1: Introduksjon til verdibasert ledelse (s. 13–18)
  • Kapittel 6: Verdibevisst ledelse i praksis (s. 113–133)
  • Kapittel 11: Hva fremmer motivasjon på arbeidsplassen (s. 221–238)
  • Kapittel 15: Veiledning – en vei til leders verdibevissthet (s. 303–321)

 

 

 

 

 

Emneansvarleg

Renate Westervik Alvestad
Inger Elen Mælingen