64HS81A Teamleiarrolla i praksis - 2026 Vår

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Helsefag
    • Studiepoeng
      5
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
    • Studiestad
      Førde, Nordnes
    • Studieprogram
      Teamleiing i helsetenesta
    • Startsemester
      2026 Vår

Om emnet

Tema:
Rolleforståing, makt, etikk, lovverk, HMS, kommunikasjon, ytringsklima og psykologisk tryggleik, og arbeidsmiljø.

Introduksjon:

Dette emne gjer ei grunnleggande forståing av kva det inneber å vere teamleiar i helse- og omsorgstenesta. Studenten får innsikt i rolla si plass mellom leiing og fag, samt korleis etiske prinsipp, pasienttryggleik og HMS påverkar kvardagen i tenesta.
Gjennom arbeid med eigne erfaringar og praktiske døme utviklar studentane kompetanse i kommunikasjon, rolleforståing og relasjonsbygging.
Det blir lagt særleg vekt på korleis psykologisk tryggleik og eit godt psykososialt arbeidsmiljø legg grunnlaget for fagleg utvikling og kvalitet i teamet.
Emne kan takast som ei sjølvstendig vidareutdanning, eller som del av bransjeprogrammet Teamleiing i helsetenesta.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Har forståing for teamleiaren si rolle, ansvar og plikter i helse- og omsorgstenesta.
  • Kjenner til lover, forskrifter og HMS-prinsipp som påverkar dagleg drift.
  • Har innsikt i korleis psykologisk tryggleik, og psykososialt arbeidsmiljø påverkar teamet.

Ferdigheiter

  • Kan utøve leiarskap med fokus på tryggleik, etikk og relasjonar.
  • Kan bruke grunnleggande leiingsverktøy for planlegging, prioritering og oppfølging.
  • Kan legge til rette for psykologisk tryggleik og konstruktiv dialog i teamet.

Generell kompetanse

  • Kan reflektere over eigen rolle som leiar og bidra til eit inkluderande, tillitsbasert og trygt arbeidsmiljø.
  • Kan vere ein tydeleg og etisk rollemodell i møte med kollegaer og pasientar.

Undervisningsformar og aktivitetar

Undervisninga nyttar læringsplattforma It’s Learning. Til anna kommunikasjon og rettleiing vert Teams og/eller Zoom nytta. Undervisninga er i hovudsak asynkron, og studentane arbeider gjennom strukturerte læringsstiar som legg til rette for fleksibel progresjon og aktiv deltaking.

Døme på undervisnings- og læringsformar:

  • Digitale førelesingar

  • Asynkrone læringsstiar

  • Eigenstudiar

  • Tildelte obligatoriske læringsaktivitetar

  • Rettleiing

  • Casebasert læring

Forkunnskapskrav

Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjar skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev. Det vil seie at alle med fagbrev/autorisasjonsfag frå helsefag frå vidaregåande skule eller realkompetanse kan søkje på dette studiet.

Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve innan fyrste semester etter opptak.   

For studiet Teamleiing i helsetenesta er følgjande fagbrev eller vitnemål relevante som grunnlag for opptak: 

Fagbrev 

  • Fagbrev i aktivitørfaget
  • Fagbrev i ambulansearbeidarfaget
  • Fagbrev i helsearbeidarfaget
  • Fagbrev i ortopediteknikkfaget
  • Fagbrev i portørfaget

 

Yrkeskompetanse (dokumentert ved vitnemål)

  • Vitnemål i sterilforsyningsteknikk
  • Vitnemål i apotekteknikk
  • Vitnemål i helsesekretær
  • Vitnemål i tannhelsesekretær
  • Vitnemål i fotterapi
  • Vitnemål i hudterapi

 

Realkompetanse 

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse. Relevant realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.  Anna helsepersonell kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse. 

Arbeidsinnsats

Arbeidsmengde: 

  • 5 studiepoeng = ca. 125 - 150 timar (inkl. samlingar, nettundervisning, rettleiing og sjølvstudium). 

  • Total arbeidsmengde dersom ein tek alle tre emna er ca. 375-450 timar.  

Vurdering

Utgangspunktet for all vurdering er dei fastsette læringsutbytta på overordna nivå og emnenivå. Studenten må ha gjennomført og fått godkjent alle obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) for å få sluttvurdering i emnet. OLA fungerer som vilkår for vurdering, men inngår ikkje i vurderingsgrunnlaget, jf. forskrifta § 5-4.

Emneplanen fastset kva obligatoriske læringsaktivitetar som gjeld i emnet, og kva vurderingsform som blir nytta. Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre anna er fastsett. Sjå også forskrifta kapittel 6 om vurdering.

 

Sluttvurdering

Sluttvurderinga i kvart emne er bestått/ikkje bestått. For å oppnå vurderinga bestått må alle obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) vere godkjende. Dersom ikkje alle OLA er godkjende, blir emnet vurdert til ikkje bestått, og studenten må gjennomføre heile emnet på nytt for å kunne oppnå bestått. Studenten får karakterutskrift etter fullført emne.

 

 

VurderingPraktisk infoAnnet
Vurderingsform
Sjå skildring over.
Karakterskala
Bestått

Obligatoriske læringsaktivitetar

Obligatoriske læringsaktiviteter

I dette emnet skal studenten gjennomføre obligatoriske læringsaktivitetar: 

  • 1 caseoppgåve
  • 1 Refleksjonsnotat

Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre emneplanen fastset ein annan gyldigheitsperiode under.

 

Læringsaktivitetar

NamnKravKommentar
Case-oppgåve
Individuell
Refleksjonsnotat
Individuell

Litteratur- og utstyrsliste

Obligatorisk litteratur

Fyhn, B. (2026). Psykologisk trygghet: Teori og praksis i organisasjoner. Gyldendal

Ingstad, K. (2026). Organisasjon og ledelse i helsefag og sykepleie (2. utg.). Gyldendal

Kvalnes, Ø. (2022). Ytringsklima. Cappelen Damm Akademisk 

Stålesen, E. (2015). Ledelse på godt og vondt. Fagbokforlaget

  • Kapittel 1: Effektiv og ivaretakende ledelse – viktige perspektiver og modeller (s.15-45)
  • Kapittel 8: Å lede er å bruke makt (s.171-190)
  • Kapittel 11: Følelsenes betydning i organisasjoner og ledelse (s.231-258)

 

Nettressursar

Arbeidsmiljøloven (2005). Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv.
https://lovdata.no/lov/2005-06-17-62

Arbeidstilsynet. (u.å.). Psykososialt arbeidsmiljø. https://www.arbeidstilsynet.no/arbeidsmiljo/psykososialt-arbeidsmiljo/

Helse- og omsorgstjenesteloven (2011). Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.
https://lovdata.no/lov/2011-06-24-30

 

Tilrådd litteratur

Aadland, E., & Askeland, H. (2017). Verdibevisst ledelse. Cappelen Damm Akademisk

  • Kapittel 1: Introduksjon til verdibasert ledelse (s. 13–18)
  • Kapittel 12: Småprat, sladder og rykter på arbeidsplassen – utfordringer og muligheter for verdibasert ledelse i praksis

 

 

 

 

Emneansvarleg

Renate Westervik Alvestad
Inger Elen Mælingen