Solenergi, lagring og nettintegrasjon - 2026 Vår

  • Studiefakta

    • Fagområde
      Solenergi
    • Studiepoeng
      30
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
    • Studiestad
      Førde
    • Studieform
      Deltid
    • Startsemester
      2026 Vår

Solenergi, lagring og nettintegrasjon

Om studiet

Studiet i solenergi, lagring og nettintegrasjon gir ei fagleg og praktisk innføring i framtidsretta energiløysingar basert på solenergi. Utdanninga er utvikla i samarbeid med fleire aktørar som dekker heile verdikjeda frå prosjektering, installasjon, drift og nettintegrasjon.

Gjennom tre modular får studentane kompetanse innan planlegging, installasjon og optimalisering av moderne energisystem med fokus på solenergi, installasjon, energilagring og nettintegrasjon. Modulane kan takast samla eller enkeltvis.

Dette studiet gir kompetanse innan planlegging og montering av solcelleanlegg, men det gir ikkje elektroautorisasjon. Alt arbeid på elektriske anlegg må utførast av ein registrert elvirksomhet med fagleg ansvarleg installatør og kvalifisert elektrofagarbeidar.

Modul 1: Innføring i solenergi, energilagring og aktuelle regelverk

Modulen gir ei innføring i solenergi, solcelleteknologi og energisystem med fokus på prinsipp, produksjon, verknadsgrad, berekningar, spenningskvalitet, lagring, batterianlegg, alternative energiberarar i ulike typer energisystem. Studentane får ei innføring i aktuelle byggtekniske krav med vekt på konstruksjonskrav, fuktsikkerheit og brannkrav og innsikt i gjeldande regelverk, standardar og støtteordningar.

Modul 2: Installasjon, styring, KI og vedlikehald har fokus på installasjon av solcelleanlegg med batterilagring. Studentane utviklar kompetanse i designprosessar, dimensjonering, komponentval, installasjon, konfigurasjon og nettilknyting. Det vert lagt vekt på bruk av digitale verktøy og kunstig intelligens for drift for overvaking, optimalisering og vedlikehald av solkraftsystem, samt ivaretaking av sikkerheit, regelverk og tekniske krav.

Modul 3: Distribuerte energisystem, nettintegrasjon og systemutfordringar

Modulen gir innsikt i utfordringar og problemstillingar med nettilkopling, spenningskvalitet, framtidsretta teknologi, tilknytingsvilkår, digital sikkerheit, relevante regelverk og kva krav som gjeld for nettilknytning, energilagring og frekvensstyring med særleg fokus på solcelleanlegg og deira påverknad på elektrisitetsnettet.

Studentane får kjennskap til framtidsretta teknologi, maskinlæring og kunstig intelligens for overvaking, styring, optimalisering, prediktivt vedlikehald, regulering av spenning og frekvens i distribuerte energisystem. Det blir også gitt ei innføring i fleksibilitetsmarknader og energiprising, inkludert tariffsystem som effekt- og spotprisar, styring basert på prissignal og prognosar.

Solenergi og FNs berekraftsmål

Solenergi er ein sentral del av omstillinga til eit meir berekraftig energisystem og treffer fleire av FNs berekraftsmål.

Særleg bidreg solenergiteknologi til Mål 7 – Rein energi for alle gjennom å levere fornybar, utsleppsfri og stadig meir tilgjengeleg energi. Ved å erstatte fossile energikjelder med solkraft støttar sektoren òg Mål 13 – Stoppe klimaendringane, sidan solenergi reduserer klimagassutslepp og legg til rette for eit lågutsleppssamfunn. Vidare styrkar solenergi Mål 9 – Industri, innovasjon og infrastruktur gjennom utvikling av ny teknologi innan energilagring, smartstyring, automatisering og digitalisering. Integrering av solcelleløysingar i bygg og lokalsamfunn bidreg også til Mål 11 – Berekraftige byar og lokalsamfunn ved å auke lokal energisikkerheit og redusere belastninga på straumnettet. Den voksande solenergibransjen skapar nye arbeidsplassar og kompetansebehov, noko som støttar Mål 8 – Anstendig arbeid og økonomisk vekst.

 

Læringsutbyte

Læringsutbytteskildringane viser det kandidatane skal kunne etter fullført utdanning i form av kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap

  • Har kunnskap om grunnprinsipper for solenergi, solceller og virkemåte.
  • Har kunnskap om energilagring, fleksibilitet og distribuerte energisystem, med fokus på solcelleinstallasjonar.
  • Har kunnskap om tekniske og regulatoriske utfordringar knytt til systemstabilitet, spenningskvalitet og nettintegrasjon av solcelleinstallasjonar.
  • Har kunnskap om energimarknader, insentivordningar og relevante regelverk for lokal og nasjonal energistyring med hovudvekt på solcelleinstallasjonar.
  • Har kunnskap om bruk av maskinlæring/KI for overvaking, styring og vedlikehald av energisystem med relevans for solcelleinstallasjonar.
  • Har kunnskap om digital tryggleik og tiltak mot digitale truslar i operasjonelle energisystem med fokus på solcelleinstallasjonar.
  • Har kunnskap om relevante lover, forskrifter og normer innanfor solcelleenergi.

Ferdigheiter

 

  • kan bruke fagleg kunnskap til å bidra i planlegging av enkle solcelle- og batterisystem i tråd med gjeldande regelverk.
  • kan motta, tolke og bruke relevant regelverk og teknisk dokumentasjon.
  • kan utføre enkle vurderingar av kvalitet og sikkerheit i installasjonsprosjekt.
  • kan ta i bruk digitale verktøy og maskinlæring/KI for enkel simulering, overvaking og feilsøking, styring og vedlikehald av solcelleanlegg.
  • kan identifisere behov for tiltak relatert til økonomi, berekraft eller teknisk løysing.
  • kan gjennomføre grunnleggande målingar og visuell inspeksjon av solcelleanlegg under rettleiing.

Generell kompetanse

  • Kan ta del i planlegginga av prosjekt knytt til framtidsretta energiløysingar med solcelleanlegg i tverrfaglege og praktiske kontekstar.
  • kan ta del i tverrfaglege arbeidsprosessar i prosjekt knytt til solenergi
  • kan kommunisere faglege vurderingar, problemstillingar og løysingar om solcelleanlegg på ein forståeleg måte til kollegaer, brukarar og andre aktørar
  • kan reflektere over berekraft, sikkerheit og kvalitet ved ulike energiløysingar innanfor solenergi.
  • kan oppdatere kompetansen sin i takt med teknologisk utvikling innanfor solenergi.
  • Kan bygge relasjoner med fagfeller på tvers av fag innen prosjektering av solcelleanlegg.

Opptak

Opptak av studentar til Fagskulen Vestland skjer gjennom Samordna opptak: www.samordnaopptak.no

Formelle opptakskrav

Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er anten relevant fag- eller sveinebrev eller treårig yrkesfagleg opplæring. Søkarar som kan dokumentere at dei skal ta fagprøva etter søknadsfristen, kan få opptak på vilkår av at fagprøva vert bestått.

Dette er fagbrev, sveinebrev og yrkeskompetanse i Kunnskapsløftet. Tilsvarande fagbrev etter eldre nemningar vil også kvalifisere til opptak.

Fagbrev og svennebrev som kvalifiserer til opptak

  • Elektro og datateknologi

    • Automatiseringsfaget
    • Avionikarfaget
    • Dataelektronikarfaget
    • Elektrikarfaget
    • Elektroreparatørfaget
    • Energimontørfaget
    • Energioperatørfaget
    • Heismontørfaget
    • Maritim elektrikarfaget vg3 i bedrift
    • Produksjonselektronikarfaget
    • Signalmontørfaget
    • Tavlemontørfaget
    • Viklarfaget
    • Kulde- og varmepumpemontørfaget
    • Viklar- og transformatormontørfaget

Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse. 

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m. 

Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak. 

Organisering av studiet

Studiet er bygd opp av tre modular. Modulane kan ein ta samla eller kvar for seg. Kvar modul blir tildelt 10 studiepoeng etter den relative vekta det har i arbeidsbelastning for studentane og læringsutbytte innanfor studiet.

Studiet blir gjennomført på deltid.

Tekniske forutsetninger

  • Adgang til eigen datamaskin med operativsystem Windows.
  • Tilgang til Office 365 (blir tildelt av skulen).
  • Datamaskina må ha: Innebygd eller eksternt videokamera og hodedtelefonar med støyreduserande mikrofon.
  • Studenten må sjølv sørgje for: Stabilt internett med minimum hastigheit tilsvarande mobilt nettverk 4G og teknisk bistand til eigen PC 

Digital kompetanse

  • Kunne identifisere, lokalisere, hente, lagre, organisere og analysere digital informasjon.
  • Kunne dele ressursar, knyte kontakt og samarbeide via digitale verktøy.
  • Meistre grunnleggjande tekstbehandling og presentasjonsverktøy.
  • Kunne identifisere digitale behov og ressursar for å oppdatere eigen og andre si kompetanse.
  • Ivareta personleg integritet og datasikkerheit.
  • Ha kjennskap til rettar, lisensar og vern av eigne data for sikker og berekraftig bruk.

Arbeidsmengde i Solenergi, lagring og nettintegrasjon

EmnebeskrivelseEigenstyrt
aktivitet
Lærarstyrte
aktivitetar
utanom
samlingar
Timeplanfesta
timer
Sum
64TE95A Innføring i solenergi, energilagring og aktuelle regelverk1505046246
64TE95B Installasjon, styring, KI og vedlikehald1505046246
64TE95C Distribuerte energisystem, nettintegrasjon og systemutfordringar1505046246
Sum450150138738
Solenergi, lagring og nettintegrasjon

Solenergi, lagring og nettintegrasjon

Læringsformer

Fagskulen i Vestland legg til rette for læringsformer som gjer det mogleg for studentane å ta i bruk og vidareutvikle den kompetansen dei tileignar seg i studiet.

Eit emne er den minste eininga som blir vurdert med karakter, i tråd med praksis i anna tertiærutdanning.

Til kvart emne skal det utarbeidast obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) som må gjennomførast for å kunne få karakter i emnet.

Tverrfaglege problemstillingar er vanlege i arbeidslivet, og blir derfor eit viktig element i utdanninga. Arbeid med slike problemstillingar vil vere sentralt i studiet og bidra til å styrke forståinga av heilskapen i faga.

Undervisningsformer

Arbeidsformene skal vere relevante og føremålstenlege i tråd med læringsutbytteskildringane for utdanninga. Dette inneberer at studentane, i tillegg til fagleg utvikling, òg skal utvikle evna til sjølvstendig arbeid, kommunikasjon, samarbeid og praktisk yrkesutøving. Studentane skal vidare utvikle evna til å sjå teknologien i eit breiare samfunns- og miljøperspektiv og kunne gjennomføre etiske refleksjonar.

Studentane har praktisk erfaring innan eigne fagområde, noko som gir høve til å legge til rette for erfaringsbaserte læringsformer. Variasjon i val av læringsmetodar er nødvendig for å oppnå ein heilskapleg kompetanse som omfattar både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Prosjekt gir gode moglegheiter for opne problemstillingar som utfordrar studentane til å søkje gode, fagleg forsvarlege løysingar, der kreativitet og samarbeid vert styrkte. Samtidig får rettleiing ein naturleg plass i gjennomføringa av prosjekta.

Gjennom pedagogisk leiing skal studentane motiverast til sjølvstende og aktiv refleksjon over eigen læringsprosess. Det vert føresett at studentane tek initiativ og ansvar for eiga læring og det felles læringsmiljøet.

Undervisninga kan vere synkron og asynkron, gruppearbeid, rettleiing, laboratoriearbeid og sjølvstudium.

Læringsressursar kan inkludere bøker, dokumentasjon, lenker til nettsider, opplæringsfilmar m.m.

Vurdering

Utgangspunktet for all vurdering er læringsutbytteskildringane, både på overordna nivå og på emnenivå.

Vurderingsform kjem an på formålet med vurderinga og kan variere mellom ulike emne og studieforløp.

Vurderingsuttrykket A til F, eller Bestått/Ikkje bestått, vert nytta.

I emna er det fastsett ulike obligatoriske obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) som studenten må gjennomføre for å kunne få sluttvurdering.

Kva type vurdering og kva obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) som vert nytta i dei einskilde emna, går fram av emneoversikta.

Emneinnhold i Solenergi, lagring og nettintegrasjon

EmnebeskrivelseInnholdStudiepoeng
64TE95A Innføring i solenergi, energilagring og aktuelle regelverk

Studiet i solenergi, lagring og fleksibilitet gir ei fagleg og praktisk innføring i framtidsretta energiløysingar. Gjennom tre modular får studentane kompetanse innan planlegging, installasjon og optimalisering av moderne energisystem med fokus på solenergi, energilagring og fleksibilitet i elektriske nett. Modulane kan takast samla eller enkeltvis.

Dette studiet gir kompetanse innan planlegging og montering av solcelleanlegg, men det gir ikkje elektroautorisasjon. Alt arbeid på elektriske anlegg må utførast av ein registrert elvirksomhet med fagleg ansvarleg installatør og kvalifisert elektrofagarbeidar.

Modul 1: Innføring i solenergi, energilagring og aktuelle regelverk

Modulen gir ei innføring i solenergi,energi og aktuelle regelverk. I studiet fokuserast det på teknologi, virkemåte, produksjon, verknadsgrad, berekningar, spenningskvalitet, lagring, batterianlegg, alternative energiberarar i ulike typer energisystem. Studentane får ei innføring i grunnleggande byggtekniske krav med vekt på konstruksjonskrav, fuktsikkerheit og brannkrav og innsikt i gjeldande regelverk, standardar og støtteordningar.

10
64TE95B Installasjon, styring, KI og vedlikehald

Studiet i solenergi, lagring og nettintegrasjon gir ei fagleg og praktisk innføring i framtidsretta energiløysingar. Gjennom tre modular får studentane kompetanse innan planlegging, installasjon og optimalisering av moderne energisystem med fokus på solenergi, energilagring og fleksibilitet i elektriske nett. Modulane kan takast samla eller enkeltvis.

Dette studiet gir kompetanse innan planlegging og montering av solcelleanlegg, men det gir ikkje elektroautorisasjon. Alt arbeid på elektriske anlegg må utførast av ein registrert elvirksomhet med fagleg ansvarleg installatør og kvalifisert elektrofagarbeidar.

Modul 2: Installasjon, styring, KI og vedlikehald har fokus på installasjon, styring, kunstig intelligens og vedlikehald av solkraftsystem. Studentane utviklar kompetanse i designprosessar, dimensjonering, komponentval, installasjon, konfigurasjon og nettilknyting. Det vert lagt vekt på bruk av digitale verktøy og kunstig intelligens for drift, overvaking og optimalisering, samt ivaretaking av sikkerheit, regelverk og byggtekniske krav.

10
64TE95C Distribuerte energisystem, nettintegrasjon og systemutfordringar

Om studiet

Studiet i solenergi, lagring og nettintegrasjon gir ei fagleg og praktisk innføring i framtidsretta energiløysingar. Gjennom tre modular får studentane kompetanse innan planlegging, installasjon og optimalisering av moderne energisystem med fokus på solenergi, energilagring og fleksibilitet i elektriske nett. Modulane kan takast samla eller enkeltvis.

Dette studiet gir kompetanse innan planlegging og montering av solcelleanlegg, men det gir ikkje elektroautorisasjon. Alt arbeid på elektriske anlegg må utførast av ein registrert elvirksomhet med fagleg ansvarleg installatør og kvalifisert elektrofagarbeidar.

Modul 3: Distribuerte energisystem, nettintegrasjon og systemutfordringar

Modulen gir innsikt i utfordringar og problemstillingar med nettilkopling, spenningskvalitet, framtidsretta teknologi, tilknytingsvilkår, digital sikkerheit, relevante regelverk og kva krav som gjeld for nettilknytning, deling av produksjon, energilagring og frekvensstyring med særleg fokus på solcelleanlegg og deira påverknad på elektrisitetsnettet.

Studentane får kjennskap til framtidsretta teknologi, maskinlæring og kunstig intelligens for overvaking, styring, optimalisering, prediktivt vedlikehald, regulering av spenning og frekvens i distribuerte energisystem. Det blir også gitt ei innføring i fleksibilitetsmarknader og energiprising, inkludert tariffsystem som effekt- og spotprisar, styring basert på prissignal og prognosar.

 

10
Sum30

Litteratur- og utstyrsliste

Solenergi, lagring og nettintegrasjon

EmnebeskrivelseLitteratur- og utstyrsliste
64TE95A Innføring i solenergi, energilagring og aktuelle regelverk
64TE95B Installasjon, styring, KI og vedlikehald
64TE95C Distribuerte energisystem, nettintegrasjon og systemutfordringar