64TE95C Distribuerte energisystem, nettintegrasjon og systemutfordringar - 2026 Haust
Emnefakta
- FagområdeSolenergi
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadFørde
- StudieprogramSolenergi, lagring og nettintegrasjon
- Startsemester2026 Haust
Om emnet
Om studiet
Studiet i solenergi, lagring og nettintegrasjon gir ei fagleg og praktisk innføring i framtidsretta energiløysingar. Gjennom tre modular får studentane kompetanse innan planlegging, installasjon og optimalisering av moderne energisystem med fokus på solenergi, energilagring og fleksibilitet i elektriske nett. Modulane kan takast samla eller enkeltvis.
Dette studiet gir kompetanse innan planlegging og montering av solcelleanlegg, men det gir ikkje elektroautorisasjon. Alt arbeid på elektriske anlegg må utførast av ein registrert elvirksomhet med fagleg ansvarleg installatør og kvalifisert elektrofagarbeidar.
Modul 3: Distribuerte energisystem, nettintegrasjon og systemutfordringar
Modulen gir innsikt i utfordringar og problemstillingar med nettilkopling, spenningskvalitet, framtidsretta teknologi, tilknytingsvilkår, digital sikkerheit, relevante regelverk og kva krav som gjeld for nettilknytning, deling av produksjon, energilagring og frekvensstyring med særleg fokus på solcelleanlegg og deira påverknad på elektrisitetsnettet.
Studentane får kjennskap til framtidsretta teknologi, maskinlæring og kunstig intelligens for overvaking, styring, optimalisering, prediktivt vedlikehald, regulering av spenning og frekvens i distribuerte energisystem. Det blir også gitt ei innføring i fleksibilitetsmarknader og energiprising, inkludert tariffsystem som effekt- og spotprisar, styring basert på prissignal og prognosar.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har grunnleggjande kunnskap om korleis solcelleanlegg påverkar straumnettet, inkludert spenningskvalitet og systemstabilitet.
- har kjennskap til regelverk som gjeld for nettilkopling, produksjonsdeling, energilagring og sikker drift av solcelleanlegg.
- kjenner til krav og tilknytingsvilkår frå nettselskap ved installasjon av distribuert energiproduksjon.
- har innsikt i korleis maskinlæring og enkel kunstig intelligens kan nyttast til overvaking, styring og vedlikehald av energisystem.
- kjenner til fleksibilitetsmarknader, energiprisar, tariffar og korleis desse påverkar drift og optimalisering av solcelleanlegg.
- har kunnskap om relevant regelverk knytta til solcelleinstallasjonar.
- kjenner til digitale truslar og relevante sikringstiltak.
Ferdigheiter
Studenten:
- kan anvende fagleg kunnskap til å vurdere kvalitet på nettintegrerte installasjonsprosjekt og vurdere behov for tiltak.
- kan bruke digitale verktøy med simulering og styring og vedlikehald av nettintegrerte solcelleanlegg.
- kan hente inn fagstoff, teknisk dokumentasjon, datablad og måledatasom er relevant for distribuerte solcelleenergisystem med fokus på lønsemd og berekraft.
- kan utføre enkel feilsøking i samanheng med nettilkopling og datakommunikasjon.
- kan anvende fagleg kunnskap til å tolke relevante tekniske dokument, måleresultat og nettselskapskrav.
- kan bruke grunnleggande data frå sensorsystem (t.d. produksjon, spenning, effekt) for å vurdere driftsstatus.
Generell kompetanse
Studenten:
- har forståelse og kan delta i planlegginga av prosjekt knytt til nettintegrerte energiløysingar.
- kan kommunisere faglege problemstillingar og løysingar innan energisystem og nettilkopling til både fagpersonar, kundar og ander brukarar.
- kan vurdere risiko og foreslå tiltak for digital sikkerheit i små og mellomstore energisystem.
- kan bidra til tverrfagleg samarbeid og utvikling av framtidsretta energiløysingar innanfor solenergi med fokus på berekraft og digital sikkerheit.
- kan vise forståing for eigen fagleg rolle i møte med kundar og samarbeidspartnarar
- kan vurdere tryggleik, berekraft, etikk og kvalitet i val av tekniske løysingar
Undervisningsformar og aktivitetar
Læringsformer
Fagskulen i Vestland legg til rette for læringsformer som gjer det mogleg for studentane å ta i bruk og vidareutvikle den kompetansen dei tileignar seg i studiet.
Eit emne er den minste eininga som blir vurdert med karakter, i tråd med praksis i annan tertiærutdanning.
Til kvart emne skal det utarbeidast obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) som må gjennomførast for å kunne få karakter i emnet.
Tverrfaglege problemstillingar er vanlege i arbeidslivet, og blir derfor eit viktig element i utdanninga. Arbeid med slike problemstillingar vil vere sentralt i studiet og bidra til å styrke forståinga av heilskapen i faga.
Undervisningsformer
Arbeidsformene skal vere relevante og føremålstenlege i tråd med læringsutbytteskildringane for utdanninga. Dette inneberer at studentane, i tillegg til fagleg utvikling, òg skal utvikle evna til sjølvstendig arbeid, kommunikasjon, samarbeid og praktisk yrkesutøving. Studentane skal vidare utvikle evna til å sjå teknologien i eit breiare samfunns- og miljøperspektiv og kunne gjennomføre etiske refleksjonar.
Studentane har praktisk erfaring innan eigne fagområde, noko som gir høve til å legge til rette for erfaringsbaserte læringsformer. Variasjon i val av læringsmetodar er nødvendig for å oppnå ein heilskapleg kompetanse som omfattar både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Prosjekt gir gode moglegheiter for opne problemstillingar som utfordrar studentane til å søkje gode, fagleg forsvarlege løysingar, der kreativitet og samarbeid vert styrkte. Samtidig får rettleiing ein naturleg plass i gjennomføringa av prosjekta.
Gjennom pedagogisk leiing skal studentane motiverast til sjølvstende og aktiv refleksjon over eigen læringsprosess. Det vert føresett at studentane tek initiativ og ansvar for eiga læring og det felles læringsmiljøet.
Undervisninga kan vere synkron og asynkron, gruppearbeid, rettleiing, laboratoriearbeid og sjølvstudium.
Læringsressursar kan inkludere bøker, dokumentasjon, lenker til nettsider, opplæringsfilmar, opptak av førelesingar m.m.
Arbeidsinnsats
Organisering av studiet
Studiet er bygd opp av tre modular. Modulane kan ein ta samla eller kvar for seg. Kvar modul blir tildelt 10 studiepoeng etter den relative vekta det har i arbeidsbelastning for studentane og læringsutbytte innanfor studiet. studiet blir gjennomført på deltid.
Arbeidsmengde
Timebelastninga for eit studium på 10 studiepoeng er 246 timar per studium. Det inkluderer all lærarstyrt rettleiing/undervisning, praksis og berekna eigearbeid for studentane.
Det er lagt opp til 46 undervisningstimar, der 16 timar er stadbasert og 30 timar nettbasert og i tillegg 150 timar sjølvstudium og 50 timar gruppearbeid.
Læringsplattform
Microsoft Teams er hovudplattformen vi bruker i studiet. Her får studentane tilgang til læringsstoff, oppgåver og prosjekt, og dei kan få rettleiing både individuelt og i gruppe. Teams blir òg brukt til chat, deling av dokument og kommunikasjon gjennom møte, både med og utan video.
Obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) blir levert i Wiseflow, og studentane får tilbakemeldingar der.
Vurdering
Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjente for å få vurdering.
| Vurdering | Praktisk info | Annet |
|---|---|---|
Vurderingsform Mappevurdering Karakterskala A-F |
Arbeidsmengde
| Aktivitet | Aktivitetsdetaljer | Varighet | Studieform | Kommentar |
|---|---|---|---|---|
Timeplanfesta timer | 46 Tima(r) | Deltid | ||
Eigenstyrt aktivitet | 150 Tima(r) | Deltid | ||
Lærarstyrte aktivitetar utanom samlingar | 50 Tima(r) | Deltid |
Obligatoriske læringsaktivitetar
Fagskulen Vestland nyttar obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) i dei fleste emna. Føremålet med OLA er å sikre progresjonen i læringa og ein jamn arbeidsinnsats gjennom studiet. OLA inngår i den formative delen av læreprosessen.
OLA kan bestå av ulike læringsaktivitetar og kan vere individuelle eller i gruppe. Dei mest vanlege er innleveringar, munnlege framlegg/presentasjonar, refleksjonsnotat og medstudentvurdering av refleksjonsnotat.
Faglærar vurderer OLA. For å få sluttvurdering må studenten ha utført dei OLA som vert kravd i emnet og alle OLA må vere godkjende.
Dersom studenten ikkje har levert OLA innan fristen for innlevering, vert OLA ikkje godkjent.
Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) er gyldige i to semester etter godkjenninga, med mindre emneplanen fastset ein annan gyldigheitsperiode under.
Læringsaktivitetar
| Namn | Krav | Kommentar |
|---|---|---|
Skriftleg innlevering 2 |