Pommelier
Studiefakta
- FagområdeGrøne og gastronomiske utdanningar
- Studiepoeng30
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadHjeltnes
- StudieformDeltid
- Startsemester2024 Vår
Pommelier
Om studiet
Pommelier er eit studium for kelnerar, vinkelnerar, salspersonell og produsentar som ynskjer inngåande kunnskap om sider og siderens rolle i måltidssamanheng.
Studentane vil læra kva sider er og sideren si historie og kultur nasjonalt og globalt. Det vil vera fokus på sidertypar, siderstilar, siderkultur og ulike klassifiseringssystem for sider.
Studentane vil få kunnskap om eplesortane, dyrkingsmetodane og terroir (jordsmonn, klima m.m.) sin verknad på sideren. Vidare vil utdanninga fokusera på korleis gjæringa og prosessmetodane er avgjerande for kvalitetseigenskapane til det ferdige produktet.
Hovuddelen av studiet vil fokusera på sensorikk, korleis lukte og smake sider og beskrive dette korrekt med fokus på stilar, metodar og kvalitet. For pommelieren vil sider i kombinasjon med mat vera eit av kjerneområda, mot slutten av studiet vil ein difor retta fokus på kombinasjon av mat og sider. Sjølve måltidsopplevinga har ei sentral rolle der pommelieren må kunne reflektere rundt vertskap og formidling til gjester.
Utdanninga vil også ha i seg relevante tema som er viktig i yrkessamanheng slik som verdiskaping, herunder fagrelevant økonomistyring, marknad, samt lovverk relevant for yrkesutøvinga.
Læringsutbyte
Overordna læringutsbytte gjeld for helskapen i utdanninga og syner dei kvalifikasjonane studenten skal ha etter fullført utdanning.
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om definisjonar og klassifisering av sider, både nasjonalt og internasjonalt
- har kunnskap om siderens vokabular og korleis dette skal brukast beskrivande og bedømmande
- har inngåande sensorisk kunnskap
- har kunnskap om siderens prosess frå råvare til ferdig produkt
- har kunnskap om siderens historie og utvikling, samt kjennskap til sidernæringa
- har innsikt i definisjonar og klassifiseringssystem av vin, øl og brennevin
- har kunnskap om alkoholfrie alternativ til sider
- har innsikt i alkohollovgiving, importlovgiving og produksjonslovgiving
- har innsikt i relevant økonomistyring
- kan oppdatere sin yrkesfaglege kunnskap
Ferdigheter
Studenten:
- kan gjere greie for sensorisk kvalitet i ein sider
- kan gjere greie for klassifiseringar av sider og uttrykke seg profesjonelt og relevant om siderens eigenskapar knytt til dette
- Kan reflektere rundt produksjonsprosessar og sette desse i samanheng med kvaliteten på sluttprodukt
- kan nytta fagleg kunnskap i gjeste- og salsrelasjonar
- kan ved hjelp av sensorisk kunnskap, parre sider eller fruktdrikkar med mat
- kan planlegge innkjøp av sider og laga eit drikkekart
- kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for ei yrkesfagleg problemstilling
Generell kompetanse
Studenten:
- kan dømma ein sider og grunngje dette fagleg
- forstår pommelieren si rolle i ei måltidsoppleving
- har forståing for og kan formidle siderens historikk, samfunnsbetydning og verdiskaping
- har forståing for korleis den norske siderens kvalitet og eigenart står i eit internasjonalt perspektiv
- kan reflektera rundt etiske dilemma knytt til alkoholproduksjon og -servering
Opptak
Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjar skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev eller generell studiekompetanse i kombinasjon med realkompetanse.
Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.
Formelle opptakskrav
For studiet Pommelier er det følgjande fagbrev/sveinebrev som dannar grunnlag for opptak:
- Restaurant og matfag (kokk, ernæringskokk, servitør)
- Sal, service og reiseliv (salgsmedarbeider, reiselivsmedarbeider)
- Naturbruk (agronom, gartner)
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.
Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.
Generell studiekompetanse kombinert med realkompetanse kan til dømes vere:
- Generell studiekompetanse og sommelierutdanning
- Generell studiekompetanse kombinert med arbeid med siderproduksjon
Organisering av studiet
Utdanninga er 30 studiepoeng som vert tilbydd som nettstudium med samlingar. Det vert 6 fysiske samlingar à 3 dagar fordelt på eitt skuleår (2 semester), dette utgjer ei studiebelastning på 50 %. Det vert i tillegg nettundervisning mellom samlingane kvar måndag etter oppsett plan som studenten får ved studiestart
Utdaninga er delt i 3 emne, som til saman skal gje ei heilskapleg utdanning som pommelier. Emne i studiet er: Pomologi og produksjon, Pommelieren 1 og Pommelieren 2.
Tabell 1 nedanfor syner emna med studiepoeng, samt mengde undervisning på fysiske samlingar og nettundervisning. Det må og påreknast ein del sjølvstudium mellom samlingane.
Tabell 2 syner gjennomføringsmodell, progresjonen på emna fordelt på semester.
Arbeidsmengde i Pommelier
Emnebeskrivelse | Timeplanfesta timer | Sjølvstudium | Sum |
---|---|---|---|
64TK59A Pomologi og produksjon | 68 | 215 | 283 |
64TK59B Pommelieren 1 | 69 | 215 | 284 |
64TK59C Pommelieren 2 | 68 | 215 | 283 |
Sum | 205 | 645 | 850 |
Undervisningsformer
Undervisingsformene i studiet skal vere relevante for fagfeltet og høva læringsutbytte for utdanninga. Det vert lagt stor vekt på å nytta varierte læringsaktivitetar og ei praktisk tilnærming i kvart emne. Det er viktig at studentane får både teoretisk og praktisk forståing av faget og bransjen.
I tillegg til fagleg utvikling skal studentane utvikle evne til samarbeid, kommunikasjon og praktisk problemløysing. Skulen føreset at studentane syner initiativ, tek ansvar for eige studiearbeid og felles læringsmiljø og syner ei konstruktiv og kritisk haldning til studieopplegget. Studentane har praktisk erfaring innan eige fagområde frå tidlegare utdanning / praksis, og dette gjev høve til å legge til rette for erfaringsbaserte og studentsentrerte læringsformer. Gjennom pedagogisk leiing skal studentane trekkast aktivt med og trenast opp til refleksjon kring eigen læringsprosess. Variasjon i val av læringsaktivitetar er naudsynt for at studentane skal oppnå heilskapleg kompetanse som omfattar både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Undervisning i skule og på nett
Det vert førelesningar og gjennomgang av teori via nettundervisning og på fysiske samlingar på skulen. På dei fysiske samlingane vert det vektlagt praktiske gjeremål, smakingar, vurderingar og kvalitetsdømming av produkt i skulen sin sensoriske lab, samt synfaringar og bedriftsbesøk. Det må i tillegg påreknast å arbeide med stoffet mellom samlingane, både gjennom lærarstyrte aktivitetar og sjølvstudium.
Læringsplattform
Microsoft Teams og It’s learning vert brukt som læringsplattform for å administrere studiet, og til å formidle oppgåver og prosjekt til studentane.
Vurdering
I emna er det fastsett ulike obligatoriske arbeidskrav som studenten må gjennomføre for å kunne få avsluttande sluttvurdering. Arbeidskrava skal vere bestått for å få gjennomføre eksamen og få ei avsluttande vurdering.
Kvart emne har ei eigne arbeidskrav, sjå meir om dette i emneoversikta.
Sluttvurdering
Kvart emne har ei eiga sluttvurdering, kva type sluttvurdering som vert nytta kjem fram av emneoversikta.
Vurderingsuttrykket A til F, eller Bestått/Ikkje bestått vert nytta. Karakteren A er beste karakter, og F inneber at emnet / eksamen ikkje er bestått.
Sjå Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland, 2022, §3 på www.lovdata.no for utfyllande informasjon om vurdering og eksamen.
Sluttdokumentasjon
Studentane som fullfører og består fagskuleutdanning, får eit vitnemål som dokumentasjon. Vitnemålet inneheld dei emna som inngår i utdanninga, med omfang i form av studiepoeng og oppnådd karakter. For at det skal skrivast ut vitnemål, må heile studiet vere fullført og eksamen vere avlagt og bestått.
Tittel: Pommelier
Pensumliste
Pommelier
Emnebeskrivelse | Pensumliste |
---|---|
64TK59A Pomologi og produksjon |
Det vert i tillegg førelesningar og artiklar, samt anbefalt tilleggslitteratur. |
64TK59B Pommelieren 1 | Litteratur som vert nytta i undervisninga:
Det vert i tillegg førelesningar og artiklar, samt anbefalt tilleggslitteratur. |
64TK59C Pommelieren 2 | Litteratur som vert nytta i undervisninga:
Det vert i tillegg førelesningar og artiklar, samt anbefalt tilleggslitteratur. |