64TK59B Pommelieren 1
Emnefakta
- FagområdeGrøne og gastronomiske utdanningar
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudieprogramPommelier
- Startsemester2024 Vår
Om emnet
Sensorikk 1 (6 sp)
Mat og sider 1 (2 sp)
Lover og reglar (1sp)
Trendar (1sp)
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
· Har kunnskap om smakslære og begrepsbruk innan sensorikk
· har kunnskap og forståing kring siderens språk og vokabular
· har innsikt i alkohollova, importlovgiving og produksjonslovgiving
· har kunnskap om trendar i siderproduksjon både internasjonalt og nasjonalt
· har kunnskap om kombinering av mat med sider og fruktdrikke
Ferdigheter
Studenten:
· kan ved hjelp av sensoriske eigenskapar kvalitetsbedømme sider
· kan holde seg oppdatert på nye tendensar innan siderprodukt og siderrelaterte opplevingar
· kan identifisera grunnleggande smakskomponentar i sider og mat
· kan grunngje val av sider og annan fruktdrikke basert på smakskomponentar
· kan anvende og tilpasse sidervokabular til ulike målgrupper i sal- og kunderelasjonar
Generell kompetanse
Studenten:
· Kan utforme opplevingar til ulike kundesegment
· Kan utføre sin arbeidsoppgåve i tråd med gjeldande regelverk og forstå viktigheita av dette
· kan bruke tillært kunnskap om alkohollovgivinga til å reflektere rundt alkoholkonsum og - servering
Vurdering
Eksamen, 2 delar:
- Teoriprøve
- Smaksanalyse av sider (bedømming og beskriving)
Karakteren vert satt etter ei heilskapeleg vurdering.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 69 Time(r) | |
Sjølvstudium | 215 Time(r) |
Arbeidskrav
- Deltaking på minimum 80 % av smakingar og innlevering tilhørende smaksnotat.
- Tester – 5 stk (knytt til sensorikk, lovar / reglar, trendar)
Fagressursar
Litteratur som vert nytta i undervisninga:
- Alkoholloven (1989). Lov om omsetning av alkoholholdig drikk m.v.(LOV-1989-06-02-27) Lovdata: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1989-06-02-27?q=alkohol
- Anderson, Kasper Wrem (2022). Siderens reise inn i Hardanger. Bodoni Forlag, Stavanger, Norge.
- Burton, Neel & James Flewellen. (2018). Vin & blindsmaking. Mime Forlag, Oslo, Norge. 434s.
- Cook, Gabe. (2018). Ciderology: from Heritage to the Craft Cider Revolution. OctopusPublishing Group, New York, USA.
- Døscher, Klaus & Sara.(2020). Mat og vin til folket: 52 magiske kombinasjoner. Gyldendal, Oslo, Norge.
- Forskrift om vern av produktnemninga Sider frå Hardanger som beskytta geografisk nemning (2009). (FOR-2009-04-17-420). Lovdata: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2009-04-17-420
- Gunnarson, Jan & Olle Blohm. (2009). Det gode vertskapet: Kunsten å få mennesker til å føle seg velkomne. Fagbokforlaget, Bergen, Norge.
- Norsk Landbruksrådgiving. (2023). Stell og drift av frukthagen; Stell-og-drift-av-tettplanting-NLRvest2017.pdf
- Vangdal, Eivind. (2022). Siderboka – frå frukthagen til ferdig produkt på flaske. HANEN, Oslo, Norge.
Det vert i tillegg førelesningar og artiklar, samt anbefalt tilleggslitteratur.
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Pommelier