64TK59A Pomologi og produksjon
Emnefakta
- FagområdeGrøne og gastronomiske utdanningar
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadHjeltnes
- StudieprogramPommelier
- Startsemester2024 Vår
Om emnet
Siderens historie (2sp)
Pomologi: råvarer, kvalitet, hausting og lagring (4sp)
Produksjonsprosessar og metodar (4sp)
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- Har kunnskap om sider i norsk og internasjonalt perspektiv, herunder klassifiseringssystem
- Har kunnskap om dei sju trinna i siderens historie
- Har kunnskap om eplesortar og kategorisering, samt råstoff som tilsetjing i sider
- Har innsikt i årets gang i eplefeltet og forståing av omgrepet terroir
- Har kunnskap om råvarekvaliteten som er viktig for sluttproduktet
- Har kunnskap om produksjonsprosessen, med hovudfokus på gjæring
- Har kunnskap om ulike karboniseringsteknikkar
Ferdigheter
Studenten:
- Kan gjere greie for siderens historie og posisjon i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
- Kan gjera greie for viktige trinn i fruktdyrking og produksjon
- Kjenner dei viktigaste eplesortane i siderproduksjon
- Kan bruke sin faglege kompetanse til å vurdere gjæringa og råvara sin verknad på kvaliteten i sider
- Har forståing for og kan formidle sideren sine eigenskapar med bakgrunn i råvarer og produksjonsmetodar
Generell kompetanse
Studenten:
- Kan innhente, anvende og formidle den tillærte kunnskapen om sider og siderproduksjon til å skape ei optimal sideroppleving for betalande gjester
- Kan delta i fagleg fellesskap der ein utvekslar aktuelle synspunkt om sider og anna fruktdrikke
Vurdering
Prosjektoppgåve om fruktdyrking og produksjonsprosessar (basert på tidlegare innleverte rapportar)
Munnleg presentasjon av prosjektoppgåva med avsluttande vurdering.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 68 Time(r) | |
Sjølvstudium | 215 Time(r) |
Arbeidskrav
- Deltaking på praksisøkter
- 5 loggar/rapportar
- 5 Tester/prøver
Fagressursar
- Alkoholloven (1989). Lov om omsetning av alkoholholdig drikk m.v.(LOV-1989-06-02-27) Lovdata: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1989-06-02-27?q=alkohol
- Anderson, Kasper Wrem (2022). Siderens reise inn i Hardanger. Bodoni Forlag, Stavanger, Norge.
- Burton, Neel & James Flewellen. (2018). Vin & blindsmaking. Mime Forlag, Oslo, Norge. 434s.
- Cook, Gabe. (2018). Ciderology: from Heritage to the Craft Cider Revolution. OctopusPublishing Group, New York, USA.
- Døscher, Klaus & Sara.(2020). Mat og vin til folket: 52 magiske kombinasjoner. Gyldendal, Oslo, Norge.
- Forskrift om vern av produktnemninga Sider frå Hardanger som beskytta geografisk nemning (2009). (FOR-2009-04-17-420). Lovdata: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2009-04-17-420
- Gunnarson, Jan & Olle Blohm. (2009). Det gode vertskapet: Kunsten å få mennesker til å føle seg velkomne. Fagbokforlaget, Bergen, Norge.
- Norsk Landbruksrådgiving. (2023). Stell og drift av frukthagen; Stell-og-drift-av-tettplanting-NLRvest2017.pdf
- Vangdal, Eivind. (2022). Siderboka – frå frukthagen til ferdig produkt på flaske. HANEN, Oslo, Norge.
Det vert i tillegg førelesningar og artiklar, samt anbefalt tilleggslitteratur.
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Pommelier
Emneansvarlig
Andrid Solaas