Handverksysting
Studiefakta
- FagområdeGrøne og gastronomiske utdanningar
- Studiepoeng60
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudieformDeltid
- Startsemester2025 Haust
Handverksysting
Om studiet
Fagskulestudiet Handverksysting – verdiskaping i mjølkeforedling er ei utdanning meint for dei som skal starte eiga verksemd med lokal foredling av mjølk, dei som skal overta drifta av ei slik bedrift og dei som ønsker seg ei utdanning for å bli arbeidstakar i ei slik bedrift. Utdanninga inneheld emne innan mjølkeforedling;
- utval og kontroll av råvarer
- teknologi for framstilling av mange ulike produkt som er relevante for lokal foredling
- kvalitetsstyring
- marknadsføring og økonomistyring
Det finst inga utdanning på vidaregåande skule-nivå innan mjølkeforedlingsemna. Dei som har starta med lokal foredling av mjølk, har stort sett gått tre vekers ystekurs på Sogn Jord og Hagebruksskule eller kortare kurs andre stader. Mange av dei erfarne ysteria har klart å utvikle svært gode produkt, og det er god marknad for desse produkta. Men dei som treng å utvide produksjonen har store problem med å finne kompetent arbeidskraft. Det er også vanskelegare å kome inn på marknaden for nye produsentar. Ysting er i seg sjølv eit avansert handverk som krev omtanke i alle trinn og kor det er lett å gjera feil. Etablering av næringsmiddelverksemd er underlagt eit omfattande byråkrati. Kvalitetsnivået i delikatessemarknaden er krevjande for ein nybyrjar, og det blir også stadig høgare terskel for dokumentasjon og registrering for å kome inn i daglegvarebransjen. Vi har sett at dei som har gått inn i bransjen med berre eit par kurs som ballast, har brukt veldig lang tid på å få til ein berekraftig økonomi i bedrifta. Med meir kompetanse ved oppstart, trur vi marknadsetableringa vil gå raskare.
Utdanninga er samlingsbasert med nettundervising mellom samlingane. Mykje av undervisinga er praktisk, og vert gjennomført i det nye ysteriet på Sogn Jord og Hagebruksskule. Nokre av samlingane vil bli gjennomført ved treningsmeieriet til Byåsen videregående skole. Med desse fasilitetane, vil studentane få sjå eit breitt utval av utstyr og metodar, som gjev dei godt grunnlag for å ta val for eiga bedrift. I tillegg får vi nytta oss av kompetansemiljøa både i Trøndelag og på Vestlandet. Emna innan marknadsføring og økonomistyring er utvikla og utprøvd av Fagskulen i Trøndelag i samband med fagskulestudiet “Verdiskaping i lokalmat”. Til saman gjev dette grunnlag for eit godt læringsutbytte.
Mykje av studiet er nettbasert og det blir lagt til rette for å gjennomføre uavhengig av kvar ein bur.
Læringsutbyte
Kunnskapsdepartementet har fastsett "Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring" (NKR). Ei toårig utdanning på fagskulenivå skal vere på nivå 5.2 i NKR. For alle utdanningar vert det utarbeidd læringsutbyttebeskrivingar (LUB) for utdanninga som heilskap og for kvart emne. Ein bruker då omgrepa overordna LUB og emne LUB.
Læringsutbyttebeskrivinga viser dei kvalifikasjonane studenten minst skal ha etter fullført utdanning.
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om råvarer, produksjonsprosessar og problemløysing ved vidareforedling av mjølk
- har innsikt i regelverk og retningsliner som sikrar kvalitet og mattryggleik til handverksmessig framstilte mjølkeprodukt
- har kunnskap om bedriftsøkonomi, verdiskaping og relevante verktøy som anvendes innan økonomistyring og marknadsetablering
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin innan foredling av mjølk og marknadsføring av mjølkeprodukt
- har kunnskap om matvarebransjen i Norge og forstår kva rolle lokalprodusert mat har i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheter
Studenten:
- kan anvende fagleg kunnskap om råvarer og produksjonsprosessar for å framstille produkt innanfor krava i regelverket
- kan finne fram til relevante reguleringar og informasjon om lokalmatmarknaden og bransjen
- kan velgje ut og anvende råvarer, utstyr, metodar og emballasje for å utvikle prosessar og produkt som stettar krava i marknaden og frå myndigheitene og dei økonomiske behova i verksemda
Generell kompetanse
Studenten:
- kan utføre produksjon, marknadsføring og sal i tråd med dei kvalitetsmessige krava og etiske forventingane samfunnet har til lokalmatbransjen
- kan bygge relasjonar, kommunisere og samarbeide med leverandørar av varer og tenester, andre lokalmatprodusentar og kundegruppene i verdikjeda fram til sluttbrukaren
Opptak
Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjar skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev.
Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.
Formelle opptakskrav
Utdanningar som kvalifiserer til opptak:
Fagbrev:
• Ernæringskokk
• Ferskvarehandlar
• Industriell matproduksjon
• Kokk
• Servitør
• Sjømatproduksjon
Sveinebrev:
• Baker
• Kjøttskjærer
• Konditor
• Pølsemakar
• Slaktar
Yrkeskompetanse: Agronom
• Naturbruk (studieforberedande) med vg2 landbruk og gartnar.
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse. Realkompetansen må oppfylle læreplanmål i videregående opplæring innen relevant programområde, i tillegg til kompetanse i felles allmenne fag som tilsvarer VG1 og VG2 i yrkesfaglig utdanningsprogram.
Organisering av studiet
Utdanninga har slik gjennomføringsmodell:
- 60 studiepoeng fordelt over to år som nettbasert studium med samling, noko som tilsvarer eitt eittårig heiltidsstudium.
Arbeidsmengde i Handverksysting
Emnebeskrivelse | Undervisning | Sjølvstudium | Sum |
---|---|---|---|
64PS15A Mjølkeforedling og grunnleggande produksjon - innføring | 147 | 420 | 567 |
64PS15B Marknadsføring | 64 | 216 | 280 |
64PS15C Mjølkeforedling - utdjuping i kvalitetsarbeid | 95 | 321 | 416 |
64PS15D Bedriftsøkonomi - Økonomistyring | 54 | 183 | 237 |
64PS15E Hovudprosjekt Handverksysting | 30 | 170 | 200 |
Sum | 390 | 1310 | 1700 |
Læringsformer
I vårt arbeid som læringsleiar vil mange undervisningsformer og læringsaktivitetar verte brukte. Prinsippet om variasjon i undervisninga gjer at vi nyttar mange læringsaktivitetar. Studentane får høve til å medverke når læringsaktivitetane vert bestemt. Det faglege innhaldet i undervisninga vil i mange høve styre læringsaktiviteten.
I nettstudium med samling nyttar vi dei pedagogiske prinsippa vi har skissert over. Vi nyttar digital kommunikasjon for å gjennomføre læringsaktivitetane i periodane utanom samling. Det vert lagt vekt på rettleiing og oppfølging gjennom dialog.
Aktuelle undervisningsformer og læringsaktivitetar er:
- Førelesingar
- Dialogprega undervisning med erfaringsdeling
- Praksisorientert undervisning med arrangerte og tilrettelagde øvingar
- Gruppeoppgåver og individuelle oppgåver med rettleiing
- Munnleg framføring
- Presentasjonar
- Prosjektarbeid med tverrfagleg fokus
- Ekskursjonar/studieturar
- Praktisk arbeid
- Mappemetodikk (utviklingsmappe, resultatmappe)
- Refleksjon over eige og andre sitt arbeid
- Læringsnotat
- Medstudentvurdering
- Vurdering som læring
- Vurdering for læring
- Fagsamtalar
- Sjølvstudium
- Nettstøtta læring med videosnuttar
- Digitalt støtta læring og rettleiing
- Ulike former for arbeid i grupper
Undervisningsformer
Undervisninga ved Fagskulen Vestland tek utgangspunkt i nyare pedagogisk forsking. Våre lærarar har fokus på å vere læringsleiarar og på den måten gjennomføre effektiv læring for studentane. Å vere læringsleiar er i hovudsak å legge til rette for at studentane vert aktivisert i læringsarbeidet. Vi vel å aktivisere studentane samstundes som vi kortar ned einvegsdialog der læraren føreles i lengre periodar. Sentrale element i vår pedagogikk er læraren sin relasjon og dialog med studentane og studentane sin eigenaktivitet og eigenvurdering.
Læringsaktivitetane skal vere relevante og målretta i høve til læringsutbyttebeskrivingane for utdanninga. I det pedagogiske arbeidet vektlegg vi i tillegg til fagleg utvikling, at studentane utviklar evne til sjølvstendig arbeid, kommunikasjon, samarbeid og praktisk yrkesutøving. Vi vel òg å legge vekt på at studentane skal utvikle evne til å sjå teknologien i eit breiare samfunns- og miljøperspektiv og at dei skal kunne foreta etiske refleksjonar.
Vi ser det som vesentleg å nytte tovegs dialog i undervisninga. Når fagstoff vert presentert av læraren kan han nytte studentane sine praktiske erfaringar. Erfaringane er gode å knytte til teorien og det skaper gode diskusjonar i klassen. Vi bygger på denne måten opp det som er særprega ved fagskuleutdanninga.
Vurdering
Vurdering ved Fagskulen Vestland har fleire mål. Vurderinga skal kunne måle kompetansen til studentane og fremje læring.
Når vurderinga skal måle kompetanse vert omgrepet sluttvurdering nytta. Sluttvurderinga skal måle kompetansen på slutten av undervisning av eit emne. For å måle kompetanse nyttar vi mellom anna munnleg utspørjing, mappevurdering, prosjektoppgåver, gruppeoppgåver, innleveringar, læringsnotat og liknande.
Når vurdering vert nytta som reiskap for at studentane skal lære meir er det ei formativ vurdering eller ei undervegsvurdering. Denne vurderinga skal vere slik at studentane kan nytte vurderingane til å oppdatere seg og arbeide med dei områda der dei har manglande kompetanse. Vurderinga skal vere retta mot kva studenten kan gjere betre. På denne måten vert vurdering ei rettleiing for studentane. Denne forma for vurdering vert nytta mellom anna i vurderingssituasjonar som testar, oppgåver, prosjektarbeid, gruppeoppgåver, innleveringar, fagsamtalar, framføringar og læringsnotat. Vurderinga kan vere både skriftleg og munnleg. I mange samanhengar gir det godt utbytte for studenten at det vert nytta skriftleg tilbakemelding som vert følgt opp munnleg.
Når vurdering skal vere ein læringsmetode vert omgrepet «vurdering som læring» nytta. Typisk for denne vurderinga er at studentane vurderer sitt eige arbeid eller medstudentar sitt arbeid. Noko av dei mest effektive læringsmetodane er når studentar skal sette seg inn i andre studentar sitt arbeid og gi vurdering av dette arbeidet. Når studenten skal forklare medstudentane sitt arbeid oppstår det ofte gode drøftingar og refleksjonar.
Ved å nytte vurdering som metode ønskjer vi at studentane skal kunne lære like mykje av kvarandre som av læraren. Vi ønskjer med dette å fremme ein aktivitet som gjer studenten medviten om sin eigen kompetanse. På denne måten vert læringa meir effektiv.
Fagskulen Vestland nyttar arbeidskrav i dei fleste emne. Føremål med arbeidskrav er å sikre progresjonen i læringa og ein jamn arbeidsinnsats gjennom studiet. Arbeidskrav inngår i den formative delen av læreprosessen. Arbeidskrav kan bestå av ulike læringsaktivitetar og kan vere individuelle eller i gruppe. Dei mest vanlege er innleveringar, munnlege presentasjonar, læringsnotat, medstudentvurdering av læringsnotat, og laboratorieøvingar. Faglærar vurderer arbeidskrava. For å få sluttvurdering må studenten ha utført dei arbeidskrava som vert kravd i emnet og arbeidskrava må vere godkjende. Dersom studenten ikkje har levert arbeidskravet innan fristen for innlevering, vert arbeidskravet ikkje godkjent. Studentane har høve til å kontakte lærar før innleveringsfristen. Lærar kan i slike tilfelle lage avtalar med studentane. Til vanleg vert det gitt fleire oppgåver enn det som er arbeidskrav. På denne måten kan studenten oppnå det tal arbeidskrav som vert kravd i emnet.
Hovudprosjekt er ein sentral del av studiet. Studentane vil møte prosjekt som arbeidsform når dei skal ut i arbeidslivet. Hovudprosjektet vil difor bli god trening og eit nyttig reiskap. Sjølv om hovudprosjektet skal vere sjølvvalt, ønskjer fagskulen at studentane i størst mogleg grad samarbeider med næringslivet. Det skaper større realisme og gjer prosjektet meir relevant. Prosjektoppgåva skal uansett knytast til aktuelle tema i næringslivet.
Prosjektgruppene er sjølv ansvarlege for gjennomføring av prosjektet. Dei har høve til å få rettleiing av lærar i hovudprosjekt-emnet og i noko grad av faglærarane i andre emne. I tillegg får studentane utlevert ei rettleiande prosjekthandbok. Lærarane har rolle som rettleiarar. Kvar enkelt student må ta sjølvstendige avgjersler til beste for gruppa. Eksterne personar i næringslivet kan nyttast ved behov.
Sluttvurdering
Studentane får èin karakter for kvart emne. Emnekarakter gir utrykk for kompetanse som er oppnådd i ulike vurderingssituasjonar i emnet. Utganspunktet for all vurdering er læringsutbyttebeskrivingane, både på overordna nivå og på emnenivå.
Vurderingsform kjem an på formålet med vurderinga og vil kunne variere mellom ulike emne og studieforløp. I emna er det fastsett ulike obligatoriske læringsaktiviteter som studenten må gjennomføre for å kunne få sluttvurdering. Kva type vurdering og kva obligatoriske læringsaktiviteter som vert nytta i dei einskilde emna kjem fram av emneoversikta.
Vurderingsuttrykket er bokstavkarakterer frå A til F, der A er beste karakter og karakter F inneber at emnet ikkje er bestått.
Sluttdokumentasjon
Fullført og bestått fagskuleutdanning på 60 studiepoeng gir vitnemål og ein fagskulegrad.
Vitnemålet skal innehalda:
- Emne som inngår i utdanninga.
- Omfang av emne og oppnådd karakter.
- Overordna læringsutbytte.
- Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) og kvalifikasjonen som ble oppnådd.
- Karaktersystemet som blir brukt og tal på studiepoeng.
- Namn på utdanning og tittel på hovudprosjektet.
Omgrepet Vocational Diploma (VD) brukast på vitnemålet for å sikre at det også kan nyttast internasjonalt.
Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan be om eit kompetansebevis som visar fullførte og beståtte emne og eventuelt eksamenar.
Pensumliste
Handverksysting
Emnebeskrivelse | Pensumliste | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
64PS15A Mjølkeforedling og grunnleggande produksjon - innføring | Vi anbefaler å avvente med å kjøpe faglitteratur til studiet starter, da endringer kan forekomme frem mot studiestart. Dette gjelder alle emner. Nordbø og Ballhaus (2017), Ysting, Fagbokforlaget, ISBN: 9788211026187 Sundin og Lepage (2019) Mejeriboken, Eldrimner
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
64PS15B Marknadsføring |
Litteraturliste Marknadsføring
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
64PS15C Mjølkeforedling - utdjuping i kvalitetsarbeid |
Litteraturliste Mjølkeforedling - utdjuping i kvalitetsarbeid
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
64PS15D Bedriftsøkonomi - Økonomistyring |
Litteraturliste Bedriftsøkonomi - Økonomistyring Holan Mette og Høiseth Per (2019), Økonomistyring, Fagbokforlaget. ISBN 9788245032093 Berg Terje og Sending Aage, Grunnleggende bokføring og regnskapsforståelse. Fagbokforlaget. ISBN: 9788245033038 Ekstra litteratur: MENON-PUBLIKASJONER NR. 40/2013, Lokalmatens betydning for distriktsnorge. Https://www.menon.no/wp-content/uploads/05lokalmatens-betydning-for-distrikts-no...
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
64PS15E Hovudprosjekt Handverksysting | Dalland, Olav (2017), Metode og oppgaveskriving. Gyldendal Akademisk. ISBN: 9788205500709
|