64PS15E Hovudprosjekt Handverksysting - 2026 Haust
Emnefakta
- FagområdeGrøne og gastronomiske utdanningar
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.1
- StudiestadFørde
- StudieprogramHandverksysting
- Startsemester2026 Haust
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- kan, med basis i studiumet, planlegge, gjennomføre og dokumentere eit fagrelatert prosjekt etter eige ønske eller i samarbeid med ein oppdragsgivar
- kjenner til utfordringar ved styring og leiing av ein prosjektprosess
Ferdigheiter
Studenten:
- kan delta i prosjektarbeid, ta ansvar for eiga læring, kommunisere og presentere prosjektarbeid
- kan bruke prosjektarbeid som metode, dvs. å planlegge, styre/leie, kommunisere og presentere resultatet
- kan fordjupe seg i dei aktuelle emna som er nødvendig for å løyse prosjektoppgåva
Generell kompetanse
Studenten:
- kan bruke erfaringar, kunnskapar, ferdigheiter og haldningar i praktisk prosjektarbeid
- kan, gjennom kreativitet og nytenking, fordjupe seg i dei aktuelle tema som dannar grunnlag for prosjektoppgåva og løyse denne på ein måte som reflekterer kunnskap om teknologi og fagleg leiing
Undervisningsformar og aktivitetar
1 | Prosjektbeskriving | Skriv korleis gruppa er sett saman og kva prosjektgruppa kan tenke seg som tema. | Arbeidskrav: Må vere godkjent av prosjekt- ansvarleg før stundenten kan ta til på forprosjektrapport |
2 | Forprosjektrapport | Kriterium for evaluering:
| Arbeidskrav: Må vere godkjent av prosjekt- ansvarleg før studenten kan ta til på hovudprosjektrapport |
3 | Hovudprosjektrapport | Kriterium for evaluering:
· Rapportdisposisjon og -struktur · Bruk av referansar · Språk
|
|
4 | Presentasjon | Kriterium for evaluering:
|
|
| ||
5 | Individuell munnleg eksamen med oppsummeringsnotat | Munnleg utspørjing med bakgrunn i hovudrapport og individuelt oppsummeringsnotat. |
Hovudprosjektet skal gjennomførast i grupper. Klassen kjem med forslag til gruppeinndeling. Skulen vil foreta gruppeinndelinga dersom studentane ikkje vert samde. I særlege tilfelle kan fagskulen, etter søknad, gi dispensasjon til å gjennomføre hovudprosjektet åleine. |
Vurdering
Prosjektrapport med justerande munnleg eksamen, jf. «Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland» og «Retningslinjer for hovedprosjekt Fagskulen Vestland».
Arbeidsmengde
Aktivitet | Aktivitetsdetaljer | Varighet | Studieform | Kommentar |
---|---|---|---|---|
Undervisning | 30 Tima(r) | |||
Sjølvstudium | 170 Tima(r) |
Obligatoriske læringsaktivitetar
Innleveringar:
- Prosjektskildring / søknad om hovudprosjekt
- Forprosjektrapport
- Samarbeidsavtalar
- Tekst til vitnemål
Litteratur- og utstyrsliste
Dalland, Olav (2017), Metode og oppgaveskriving. Gyldendal Akademisk. ISBN: 9788205500709