65TE01N E6 PLS/DDC, mikrokontroller og koding

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Automasjon
    • Studiepoeng
      12
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Automatisering Førde
    • Startsemester
      2025 Haust

Om emnet

  • PLS/DDC (direct digital control)
  • Mikrokontrollersytem
  • Introduksjon til grafisk og tekstbasert programmering

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om ulike programmeringsspråk
  • har kunnskap om industri 4.0 og korleis dette påverkar den faglege utføringa
  • har kunnskap om kva forskrifter og normer som gjeld for ulike automatiserte installasjonar
  • kan vurdere korleis forskrifter og normer påverkar utføringa av ulike automatiserte installasjonar
  • kjenner til korleis automatiseringsfaget har utvikla seg gjennom ulike industrielle transformasjonar, og kva framtida sine behov for automatisering krev av installasjonar
  • har innsikt i kva for moglegheiter som finst innanfor automatisering av prosessar, bygg og intelligente system

Ferdigheter

Studenten:

  • kan bruke FBD (funksjonsblokkdiagram) og ST (strukturert tekst)
  • kan gjere greie for val av komponentar, måleutstyr, signaloverføring og struktur i anlegget
  •  klarer å få struktur i program og viser god programmeringsskikk
  • kan vurdere eige arbeid innanfor automasjonssystemet og programmering
  • kan søke etter, finne og vurdere informasjon relatert til eigne prosjekt

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan planlegge og gjennomføre et sjølvstendig arbeid innanfor automasjonsfaget som styrer en reguleringsprosess
  • kan utveksle informasjon og diskutere fagleg med andre innanfor automasjonsfaget og grunngje faglege tilbakemeldingar til medstudentar
  • kan reflektere over eiga utføring av arbeidsoppgåver innfor automasjonsfaget
  • kan dokumentere eigen arbeidsprosess og samhandle med fagpersonar innanfor automasjonsfaget

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid. Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.

Vurdering

Vurderingsforma er mappevurdering.

Mappa inneheld:

  •      Fire læringsnotat med omfang 1000–1500 ord pr. notat.
  •      Innlevering av utdelt (felles) case-oppgåve med tilhøyrande dokumentasjon.
  •      Innlevering av planlegging av eige valt case.
  •      Innlevering av dokumentasjon av eige valt case.
  •      Presentasjon av eige arbeid i samband med case-oppgåve.

Læringsnotat som samla tel 20 %.

Utdelt (felles) case og eige valt case som samla tel 80 %.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
34 Time(r)
Deltid
Egenstyrt aktivitet
246 Time(r)
Deltid

Fagressursar

PROGRAMMERBARE LOGISKE STYRINGER, siste utgåve, av Dag Håkon Hanssen

Arduino Starter Kit (UNO + elektronikksett). Kan verte endra grunna tilgang og teknologisk utvikling.

Tilgjengelege ressursar på læringsplattforma.

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Automatisering Førde

Emneansvarlig

Lasse Stenseth
Pål Ståvi