58TB01M Hovudprosjektet - 2028 Haust

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Bygg
    • Studiepoeng
      12
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Nordnes
    • Studieprogram
      Bygg Nordnes
    • Startsemester
      2028 Haust

Om emnet

  •          Fagspesifikt fordypingsemne
  •          Norsk i hovudprosjekt

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om korleis ein formar ut ein rapport og dokumenterer møte og framdrift i eit prosjekt
  • har særskilte kunnskaper om eit sjølvalgt tema, med ei problemstilling innanfor byggutdannings overordna læringsutbyttebeskrivingar
  • har kunnskap om kor ein kan innhente aktuell og relevant informasjon om sjølvalgt tema

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluere eit prosjekt i samarbeid med andre
  • kan finne og verifisere informasjon om aktuelt tema frå ulike kjelder
  • kan bruke relevante metoder for kvalitativ og kvantitativ informasjonsinnhenting og informasjonsbearbeiding
  • kan nytte byggfagleg teori på ein reell praktisk problemstilling, og kan drøfte samanhengen mellom relevant teori og praksis
  • kan gjere greie for val av tema for hovudprosjekt

Generell kompetanse

  • Studenten 
  • kan utføre eit byggfagleg prosjektarbeid i tråd med bedrifter eller arbeidsgivar sine behov
  • kan utveksle synspunkt med andre i team eller bedrift og delta i diskusjonar om utvikling av eit prosjekt
  • kan som deltakar i gruppe bidra med eigen kompetanse og sjå nødvendigheita av effektiv leiing og planlegging av gruppearbeidet

Undervisningsformar og aktivitetar

 

  • Forelesingar/klasseromsundervisning der innhaldet blir lagt ut på læringsplattforma. 
  • Rettleiing gruppevis og mellom student og lærar på samling og over nettet.
  • Eigenstyrte læringsaktivitetar med bruk av faglitteratur, undersøkingar og dialog med bransjen.
  • Hovudprosjektet skal gjennomførast i grupper på 3-4 studentar. Klassen kjem med forslag til gruppeinndeling. Skulen vil foreta gruppeinndelinga dersom studentane ikkje blir einige. I særlege tilfelle kan rektor, etter søknad, gje dispensasjon til å gjennomføre hovudprosjektet aleine.
 

Aktivitet/ milepæl

Beskriving av aktivitet

Kriterium for evaluering

1

Idemyldring

Gruppa held ein munnleg presentasjon foran medstudentar og rettleiarar omkring ide til tema/ problemformulering i hovudprosjektet.  

Medstudentar og rettleiarar gir tilbakemeldingar i plenum.

2

Søknad om foreløpig problemstilling/ problemformulering
 

Må vere godkjent av rettleiarar/lærargruppa før gruppa kan starte arbeidet med hovudrapporten

  • Realistisk avgrensing av arbeidsmengd i prosjektet
  • problemstilling/ problemformulering

3

Underveispresentasjon

Munnleg presentasjon foran medstudentar og rertleiargruppa. Det blir stilt spørsmål i plenum.  

Rettleiing/ undervegsvurdering blir gitt i møte med rettleiarar direkte etter presentasjonen

4

Hovudrapport

Gruppa må levere prosjektrapporten i henhold til frist.

  • Rapportdisposisjon og -struktur
  • Bruk av referansar
  • Språk
  • Svarar på problemstilling, evt. dokumenterer avvik
  • Teknisk fagleg nivå
  • Drøfting av produkt/resultat
  • Dokumenterer gjennomføring

5

Refleksjonsnotat

Personleg refleksjonsnotat blir levert i henhald til frist. Notatet dannar grunnlag for munnleg prøve saman med hovudrapporten.

Studenten si deltaking gjennom prosjektarbeidet blir vurdert ut frå dokumentasjon framlagt i refleksjonsnotatet

6

Presentasjon

Muntlig presentasjon for medstudenter, rettleiarar og inviterte gjester

Presentasjonen blir vurdert av ei samla rettleiargruppe:

  • Avgrensing av tid og innhald
  • Har god fordeling og flyt
  • Får med det vesentlege frå rapporten
  • Disponerer påstander, argument og døme i ein logisk rekkefølge
  • Bruk av virkemiddel som t.d. Power Point, foto og video
  • Engasjement, stemmebruk, kroppsspråk og personleg framtoning, samt gruppedynamikk

7

Individuell munnleg prøve

Munnleg utspørring med bakgrunn i hovudrapport og refleksjonsnotat.

Ekstern sensor og hovudveileder står for gjennomføringa av prøven

Grad av måloppnåing vurdert ut frå faglege problemstillingar i rapporten og refleksjonsnotatet

Vurdering av munnleg prøve blir samanstilt med resultat frå dei foregåande vurderingane i en avsluttande karakter

 

 

 

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta tid er timane som ligg i timeplanen. For deltidsstudiet er timeplanfesta tid timane på timeplanen på samlingar. Desse timane er på dagtid. Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderar blant anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og eventuelle timar på kveldstid med lærar etter nærmare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudie i form av førebuing til timar, lese fagstoff osv.

Timane som er timeplanfesta er eit utgangspunkt, og timar kan bli overførte mellom emne på bakgrunn av klassen sine behov og etter ei nærmare pedagogisk vurdering.

Vurdering

  • Ein skriftleg  prosjektrapport relatert til ein sjølvvalgt byggfagleg problemstilling.
  • Ein munnleg presentasjon
  • Munnleg individuell utspørring som reflekterer læringsutbyttet av prosjektarbeidet

Emnekarakteren blir satt etter ei heilskapleg vurdering.

VurderingPraktisk infoAnnet
Vurderingsform
Hovudprosjekt
Karakterskala
A-F
Individuell-/gruppekarakter
Gruppekarakter
Gruppering
Gruppe
Vurderingsform
Hovudprosjekt
Karakterskala
A-F
Gruppering
Gruppe
Vurderingsform
Hovudprosjekt
Karakterskala
A-F
Gruppering
Individuell

Arbeidsmengde

AktivitetAktivitetsdetaljerVarighetStudieformKommentar
Timeplanfesta timer
149 Tima(r)
Heiltid
Eigenstyrt aktivitet
201 Tima(r)
Heiltid
Timeplanfesta timer
54 Tima(r)
Deltid
Eigenstyrt aktivitet
295 Tima(r)
Deltid

Obligatoriske læringsaktivitetar

  • Godkjent søknad om problemstilling med signert samarbeidsavtale.
  • Ein munnleg presentasjon undervegs i prosjektet
  • Vitnemålstekst
  • Individuelt refleksjonsnotat

Prosjektarbeidet vil innebere arbeid i gruppe, på skulen og som heimearbeid.

Læringsaktivitetar

NamnKravKommentar
Hovudprosjektsøknad
Gruppe
Måned(er)
Vurdering: Godkjent / ikke godkjent
Undervegspresentasjon
Gruppe
Semester
Vurdering: Godkjent / ikke godkjent
Vitnemålstekst
Gruppe
Semester
Vurdering: Godkjent / ikke godkjent
Refleksjonsnotat
Individuell
Semester
Vurdering: Godkjent / ikke godkjent

Emneansvarleg

Atle Østrem
Ottar Bård Thue
Linn Liljeros