58PH05C Fiskehelse - 2026 Vår
Emnefakta
- FagområdeMarin
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadAustevoll
- StudieprogramVannkjemi, mikrobiologi og fiskehelse innen akvakultur Nordnes og Austevoll
- Startsemester2026 Vår
Om emnet
Fiskehelse tek for seg tema frå sjukdomslære, mikrobiologi, genetikk og avl. Kunnskap og ferdigheiter på desse områda skal fremje gode haldningar og gi ei solid forståing av fiskehelse.
Innhald:
-
anatomi og fysiologi hos fisk
-
sjukdomslære
-
avl, vaksinasjon og genteknologi
-
metodar for smoltifisering
-
tiltak som reduserer smittespreiing
-
regelverk, standardar og krav til kvalitet
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
-
har innsikt i anatomi og fysiologi hos fisk, og i smoltifisering av laks
-
har grunnleggjande kunnskap i sjukdomslære, som legg grunnlaget for å planleggje driftsformer som førebyggjer sjukdom, avgrensar utbrot og reduserer smittespreiing – med særleg fokus på resirkuleringsanlegg
-
har grunnleggjande kunnskap om avl og genteknologi
-
har innsikt i ulike metodar for smoltifisering
-
kjenner til sentrale myndigheitskrav for produksjon i akvakultur
Ferdigheiter
Studenten:
-
kan identifisere dei vanlegaste sjukdomane i anlegg, basert på endra åtferd, morfologiske endringar og funn i indre organ
-
kjenner til og kan peike ut forhold som påverkar vekst og spreiing av uønskte mikroorganismar
-
kan ta prøver av bakteriar og utføre enkel dyrking av desse
-
kan kjenne att vanlege parasittar og setje i verk tiltak for å hindre auke
-
kan handtere daud fisk
-
kan handtere sjuke oppdrettsorganismar i samråd med veterinærstyresmaktene
-
kan bruke vanlege vaksinasjonsmetodar og følgje prosedyrar knytte til desse, inkludert tiltak for å redusere sopp etter vaksinering og sortering
-
kan setje i verk tiltak som reduserer smittespreiing i anlegg og til ytre miljø
-
kan lage program for lysstyring som sikrar god nok smoltifisering
Generell kompetanse
Studenten:
-
har innsikt i relevante faglege problemstillingar knytte til fiskehelse og dyrevelferd
-
kan drøfte synspunkt og dele erfaringar med andre med bakgrunn frå fagområdet, og med det bidra til utvikling av god praksis
Undervisningsformar og aktivitetar
Undervisninga går føre seg nettbasert og gjennom webinar, med tre fysiske eller digitale samlingar på éin dag kvar. Studentane arbeider med oppgåver både individuelt og i grupper, under samlingane og i mellomperiodane.
Vurdering
Skriftlig skoleeksamen, 5 timer
| Vurdering | Praktisk info | Annet |
|---|---|---|
Vurderingsform Skriftleg skuleeksamen Sensortype Intern sensor Karakterskala A-F Kontinuasjon Eksamen ved neste emnegjennomføring | Gruppering Individuell |
Arbeidsmengde
| Aktivitet | Aktivitetsdetaljer | Varighet | Studieform | Kommentar |
|---|---|---|---|---|
Lærarstyrte aktivitetar utanom samlingar |
| 22 Tima(r) | Nett | Undervisninga utanom samlingane er lærarstyrt og går føre seg digitalt, i form av webinar og nettførelesingar. |
Obligatoriske læringsaktivitetar
2 skriftlege innleveringar
Arbeidskrav må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Litteratur- og utstyrsliste
Lærebok: Olsen, R-E & Finstad, B (red). (2024). Fiskefysiologi. NTNU & FHF. https://hdl.handle.net/11250/3113208