2MNK172-1 Norsk 1, emne 1: Barnelitteratur
- Emnekode2MNK172-1
- Studiepoeng15
- Undervisningssemestre2023 Vår, 2024 Vår
- UndervisningsspråkNorsk
- UndervisningsstedHamar
- Forkunnskapskrav
Ingen
- Litteratur for barn og unge i ulike sjangrar og medium – munnlege, skriftlege og samansette multimodale tekstar
- Litterære og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
- Utvikling av eigen litterær lesekompetanse
- Munnlege arbeidsmåtar
- Fleirkulturelle perspektiv i arbeid med tekstar
- Analyse og vurdering av læreplan og læremiddel, digitale verktøy og læringsressursar og for norskfaget
- Opplæring i grunnleggjande digitale ferdigheiter som er aktuelle for norskfaget
- FoU-komponent: Innføring i akademisk skriving med vekt på fagdidaktisk analyse av arbeidet med skjønnlitterære tekster
- FoU-komponent: Bruk av forskingsmetode (til dømes observasjon) i utvalde artiklar (i nettseminar)
- Arbeid med utvikling av eige munnleg og skriftleg litterært og litteraturdidaktisk fagspråk og gi respons til skrivinga til medstudentane
Læringsutbytte
Ved bestått emne har studenten oppnådd følgjande læringsutbyte:
Studenten
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike sjangrar og medium
- har brei kunnskap om teori og relevant forsking innanfor litteratur for barn og unge
- har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium, med vekt på litteratur for barn og unge
- har kunnskap om samisk litteratur og kultur
- har kunnskap om læremiddel for trinn 1–7
Studenten
- kan bruke tekst- og sjangerkunnskap i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike medium
- kan legge til rette for læringsfremjande samtalar om tekstar
- kan vurdere og bruke ulike norskfaglege læremiddel, digitale verktøy og ressursar og gi elevane opplæring i digitale ferdigheiter
- meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer
Studenten
- kan legge til rette for at elevane blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
- kan planlegge og gjennomføre norskundervisning i sentrale emne og gjere greie for fagdidaktiske val som er tilpassa ulike grupper av elevar
- kan vurdere eigen praksis med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag
Undervisninga vert lagt opp i form av forelesingar, seminar, arbeid i grupper og individuelt. Aktiv deltaking i undervisninga og på høgskolens IKT-baserte studiestøttesystem er ein viktig del av studiet. Arbeidsformene er vidare spesifiserte i undervisningsplanen..
Praksis
Praksisstudiet er ein integrert del av faga som inngår i utdanninga. Alle fag i utdanninga har saman med praksisstudiet ansvar for at studentane utviklar ein identitet som lærar. Det skal vere ei nær kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i lærarutdanningsfaga og praksisstudiet. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for faglærarane i grunnskulelærarutdanningane, praksislærar og rektor.
Studentane skal utføre oppgåver i praksisperioden ut frå undervisningsplanen og delta på profesjonsseminar på høgskulen.
- Ein kortare individuell fagtekst, skriftleg eller munnleg.
- Ein større individuell fagtekst med drøfting av didaktiske perspektiv
- Ta del i inntil tre nettseminar
- Korte faglege innspel knytt til emne i pensum eller ved kvarandrevurdering av medstudentar si skriving, som spesifisert i undervisningsplanen.
- 80 % obligatorisk frammøte til undervisning slik det går fram av undervisningsplanen. Studenten har sjølv ansvar for å bli registrert
Vurderingsordning | Karakterskala | Gruppe/individuell | Varighet | Hjelpemidler | Andel | Kommentar |
---|---|---|---|---|---|---|
Hjemmeeksamen | ECTS - A-F | Individuell | 48 Time(r) |
|
Heimeeksamen over to dagar (48 timar)
Målform: Nynorsk
Prestasjonen blir vurdert med graderte bokstavkaraktar frå A-F, der E er lågaste ståkarakter.