2MNK171-3 Norsk 2, emne 3: Språk i norskfaget
- Emnekode2MNK171-3
- Studiepoeng15
- Undervisningssemestre2026 Vår
- UndervisningsspråkNorsk
- Forkunnskapskrav
Emna 2MNK172-1 og 2MNK172-2 eller tilsvarande, må vere bestått.
- Norsk som andrespråk og fleirspråklegheit
- Språkleg variasjon
- Språkleg endring og språkhistorie
- Normering
- Nabospråk, nasjonale minoritetsspråk og samisk språk
- Munnleg kommunikasjon
- Begynnande lese- og skriveopplæring
- Akademiske tekstar og akademisk skriving
Læringsutbytte
Ved bestått emne har kandidaten oppnådd følgjande læringsutbytte:
Studenten
- har omfattende kunnskap om norsk som første- og andrespråk og flerspråklegheit
- har omfattande kunnskap om språkleg variasjon
- har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid
- har kunnskap om gjeldande normering av nynorsk og bokmål
- har kunnskap om samisk språk, nasjonale minoritetsspråk og nabospråk
- har omfattande kunnskap om munnleg kommunikasjon
- har omfattande kunnskap om begynnaropplæringa i lesing og skriving
Studenten
- kan gi tilpassa opplæring for minoritetselevar med varierande ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk
- kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i begynnaropplæringa
- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
Studenten
- har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
- kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
- kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 1–7 i samarbeid med andre
Undervisninga vert lagt opp i form av forelesingar, ulike seminar, arbeid i grupper og individuelt. Aktiv deltaking i undervisninga og på høgskolens IKT-baserte studiestøttesystem er ein viktig del av studiet. Arbeidsformene er vidare spesifiserte i undervisningsplanen.
Praksis
Praksisstudiet er ein integrert del av faga som inngår i utdanninga. Alle fag i utdanninga har saman med praksisstudiet ansvar for at studentane utviklar ein identitet som lærar. Det skal vere ei nær kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i lærarutdanningsfaga og praksisstudiet. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for faglærarane i grunnskulelærarutdanningane, praksislærar og rektor.
Studentane skal utføre oppgåver i praksisperioden ut frå undervisningsplanen og delta på profesjonsseminar på høgskulen.
- Inntil fire korte, individuelle skriftlege fagtekstar med eigenvurdering. Begge målformene må vere representerte.
- Delta på inntil to seminar med munnleg presentasjon, i gruppe eller individuelt, som spesifisert i undervisningsplanen.
- Korte faglege innspel knytt til emne i pensum eller til medstudentane si skriving og munnlege presentasjonar, som spesifisert i undervisningsplanen.
- 75 % obligatorisk frammøte til undervisning slik det går fram av undervisningsplanen. Studenten har sjølv ansvar for å bli registrert.
Vurderingsordning | Karakterskala | Gruppe/individuell | Varighet | Hjelpemidler | Andel | Kommentar |
---|---|---|---|---|---|---|
Skriftlig eksamen med tilsyn | ECTS - A-F | Individuell | 4 Time(r) |
| Digital ordliste, tilgjengeleg på nett under eksamen. |
Fire timar individuell skriftleg eksamen.
Målform: Nynorsk
Prestasjonen blir vurdert med graderte bokstavkarakterar frå A-F, der E er lågaste ståkarakter.