2MNK171-4 Norsk 2, emne 4: Tekstar i norskfaget
- Studiepoeng15
- Undervisningssemestre2026 Vår
- UndervisningsspråkNorsk
- UndervisningsstedHamar
- Forkunnskapskrav
Emna 2MNK171-1 Norsk 1, emne 1 og 2MNK171-2 Norsk 1, emne 2 eller tilsvarande, må vere bestått.
- Skjønnlitteratur og sakprosa i tradisjonelle og moderne medium
- Litteraturhistorie
- Litteraturteori og multimodalitetsteori
- Litteraturdidaktiske tilnærmingar
- Leseferdigheiter og lesestrategiar
- Elevtekstanalyse og respons
- Akademiske tekstar og akademisk skriving
Læringsutbytte
Ved bestått emne har kandidaten oppnådd følgende læringsutbytte:
Studenten
- har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar
- har kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv
- har kunnskap om litteraturhistorie
- har brei kunnskap om skjønnlitteratur frå ulike tider, for barn, unge og vaksne
- har kunnskap om samisk litteratur og kultur
- har omfattande kunnskap om den vidare opplæringa i lesing
- har omfattande kunnskap om den vidare opplæringa i skriving
Studenten
- kan legge til rette for variert arbeid med skjønnlitteratur og sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium
- kan bruke grammatikk- og språkkunnskap, tekst- og litteraturkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
- kan legge til rette for at elevar på trinn 1–7 lærer å lese, skrive og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium
- kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i den vidare lese- og skriveopplæringa
Studenten
- har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
- kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
- kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 1–7 i samarbeid med andre
Undervisninga vert lagt opp i form av forelesingar, ulike seminar, arbeid i grupper og individuelt. Aktiv deltaking i undervisninga og på høgskulens IKT-baserte studiestøttesystem er ein viktig del av studiet. Arbeidsformene er vidare spesifiserte i undervisningsplanen.
Praksis
Praksisstudiet er ein integrert del av faga som inngår i utdanninga. Alle fag i utdanninga har saman med praksisstudiet ansvar for at studentane utviklar ein identitet som lærar. Det skal vere ei nær kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i lærarutdanningsfaga og praksisstudiet. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for faglærarane i grunnskulelærarutdanningane, praksislærar og rektor.
Studentane skal utføre oppgåver i praksisperioden ut frå undervisningsplanen og delta på profesjonsseminar på høgskulen.
- Munnleg presentasjon i gruppe av ei fagleg problemstilling
- Inntil tre individuelle skriftlege arbeidskrav (kort notat med prosjektskildring, resymé av relevant faglitteratur, drøfting av eit fagleg tema)
- Korte faglege innspel knytt til emne i pensum eller til medstudentane si skriving og munnlege presentasjonar, som spesifisert i undervisningsplanen
- 75 % obligatorisk frammøte til undervisning slik det går fram av undervisningsplanen. Studenten har sjølv ansvar for å bli registrert
Del 1: Individuell FoU-oppgåve om eit tema studenten sjølv har valt. Eksamen tel 60 % av karakteren. Målform: Bokmål
Del 2: Individuell munnleg eksamen. Eksamen tel 40 % av karakteren.
Prestasjonen blir vurdert med graderte bokstavkaraktar frå A-F, der E er lågaste ståkarakter.
Vurderingsordning | Karakterskala | Gruppe/individuell | Varighet | Hjelpemidler | Andel | Kommentar |
---|---|---|---|---|---|---|
Oppgåve | ECTS - A-F | Individuell |
| 60 % | ||
Munnleg eksamen | ECTS - A-F | Individuell |
| 40 % |