2MNK171-4 Norsk 2, emne 4: Litteratur og litterasitetspraksiser
- Studiepoeng15
- Undervisningssemestre2025 Vår
- UndervisningsspråkNorsk
- UndervisningsstedHamar
- Forkunnskapskrav
Sist revidert
Krav til forkunnskaper
Emnene 2MNK171-1 Norsk 1, emne 1 og 2MNK171-2 Norsk 1, emne 2 eller tilsvarende, må være bestått
- Begynnaropplæring og overgangen mellom barnehage og skole
- Vidareutvikling av lese- og skriveferdighetier og overgangen mellom barnetrinn og ungdomstrinn
- Litteratur og litteraturdidaktikk i overgangen mellom barnetrinn og ungdomstrinn
- Skjønnlitteratur og sakprosa
- Nyare språk- og litteraturdidaktisk forsking
- Ulike vurderingsformer i norskfaget
- Utforming og drøfting av problemstillingar (presentert munnleg i seminar)(FoU)
- Vitskapsteori, forskingsdesign og forskingsmetode (FoU)
- Resymé og analyse av faglitteratur som er relevant for eit sjølvvalt tema (FoU)
- Arbeid med utvikling av eige munnleg og skriftleg fagspråk og gi respons til medstudentar si skriving
Læringsutbytte
Ved bestått emne har kandidaten oppnådd følgende læringsutbytte:
Studenten
- har omfattande kunnskap om munnleg kommunikasjon, begynnaropplæringa og den vidare opplæringa i lesing og skriving
- har inngåande kunnskap om vidareutvikling av grunnleggjande ferdigheiter, og vurderings- og prøvesystem i norskfaget
- har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv
Studenten
- kan gi tilpassa opplæring for minoritetselevar med varierande ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk
- kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i begynnaropplæringa og den vidare lese- og skriveopplæringa
- kan legge til rette for at elevar på trinn 1–7 lærer å lese, skrive og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium
- kan aleine, og i samarbeid med andre, bruke relevante metodar frå forskings- og utviklingsarbeid
- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål, finne fram til og bruke relevante kjeder og utøve kjeldekritikk
Studenten
- kan analysere og kommunisere om faglege problemstillingar og har profesjonsfagleg digital kompetanse
- kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
- kan analysere og vurdere norskdidaktisk forskings- og utviklingsarbeid og drøfte forskingsetiske problemstillingar
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 1–7 i samarbeid med andre
- kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv ved skolen sitt arbeid
Undervisninga vert lagt opp i form av forelesingar, ulike seminar, arbeid i grupper og individuelt. Aktiv deltaking i undervisninga og på høgskulens IKT-baserte studiestøttesystem er ein viktig del av studiet. Arbeidsformene er vidare spesifiserte i undervisningsplanen.
Praksis
Praksisstudiet er ein integrert del av faga som inngår i utdanninga. Alle fag i utdanninga har saman med praksisstudiet ansvar for at studentane utviklar ein identitet som lærar. Det skal vere ei nær kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i lærarutdanningsfaga og praksisstudiet. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for faglærarane i grunnskulelærarutdanningane, praksislærar og rektor.
Studentane skal utføre oppgåver i praksisperioden ut frå undervisningsplanen og delta på profesjonsseminar på høgskulen.
- Munnleg presentasjon i gruppe av ein fagleg problemstilling
- Inntil tre individuelle skriftlege arbeidskrav (ort notat med prosjektbeskriving, resymé av relevant faglitteratur, drøfting av eit fagleg tema)
- Korte faglege innspel knytt til emne i pensum eller til medstudentane si skriving og munnlege presentasjonar, som spesifisert i undervisningsplanen
- 75 % obligatorisk frammøte til undervisning slik det går fram av undervisningsplanen. Studenten har sjølv ansvar for å bli registrert
Del 1: Individuell FoU-oppgåve om eit tema studenten sjølv har valt. Eksamen tel 60 % av karakteren. Målform: Bokmål
Del 2: Individuell munnleg eksamen. Eksamen tel 40 % av karakteren.
Prestasjonen blir vurdert med graderte bokstavkaraktar frå A-F, der E er lågaste ståkarakter.
Vurderingsordning | Karakterskala | Gruppe/individuell | Varighet | Hjelpemidler | Andel | Kommentar |
---|---|---|---|---|---|---|
Oppgåve | ECTS - A-F | Individuell |
| 60 % | ||
Munnleg eksamen | ECTS - A-F | Individuell |
| 40 % |