Dekksoffiserutdanning på leiingsnivå Austevoll
Studiefakta
- FagområdeMaritime Fag
- Studiepoeng120
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadAustevoll
- StudieformHeiltid
- Startsemester2025 Haust
Dekksoffiserutdanning på leiingsnivå Austevoll
Antall studieplasser
Om studiet
Norge er blant dei leiande maritime nasjonane i verda. I dag er mange menneske direkte sysselsett i maritime bedrifter i alle fylker i landet, og verdiskapinga er høg. Eit viktig grunnlag for å oppretthalde og vidareutvikle våre sterke maritime sektorar er at norske skip eigast og drivast frå Noreg. Fagskulen Vestland er landets største fagskule innan maritim utdanning
Behovet for maritimt personell må sjåast i eit langsiktig perspektiv, der kompetanse og erfaring opparbeidd i jobb på havet òg kan nyttast i landbaserte stillingar. Det vil derfor vere viktig å utvikle gode studietilbod i fagskulen som kan vedlikehalde og vidareutvikle den maritime kompetansen næringa har behov for.
Fagskulen Vestland tilbyr studie i dekksoffisersutdanning og maskinoffisersutdanning. Målet med studiet er å utdanna skipsoffiserar med moral, gode haldningar, kompetanse og yrkesetikk - som kjenneteiknar den kvaliteten som krevst for å møte morgondagens utfordringar. Fagskulen Vestland brukar moderne og avansert utstyr i undervisninga, som mellom anna maskinromsimulator, bru- og lastesimulator og radiosimulator.
Dekksoffiserutdanninga tilfredsstiller både STCW A-II/1 (og B-II/1) og STCW A-II/2 (og B-II/2) og vil saman med nødvendig fartstid gi grunnlag for kompetansesertifikat for dekksoffiser klasse 4, 3, 2 og 1. Etter fullført utdanning, og nødvendig opplæringstid om bord (kadett-tid), vil du kunne segle som navigatør/dekksoffiser på alle skip i verda. Med tilstrekkeleg fartstid vil du også kunne arbeide som skipsførar/kaptein. Kompetansen du opparbeider deg gjennom praksis og fagskuleutdanninga er attraktiv for framtidige jobbar i den maritime næringa som los, inspektør, hos sjøfartsmyndigheitene, klasseselskap eller reiarlag.
Opplæringa dekkjer kravet til teori for dei høgste maritime sertifikata i løpet av opplæringa, i høve til den internasjonale konvensjonen om normer for opplæring, sertifikat og vakthald for sjøfolk (STCW). Ein gjer derfor merksam på dei tilleggskrav om teori, praksis/fartstid, helse og vandel som gjeld for å løyse sertifikat. Helsekrav for offiserar og mannskap som skal tenestegjere på skip er spesifisert i «Forskrift om helseundersøking av arbeidstakar på skip» :
Læringsutbyte
Dekksoffiserutdanninga består av følgande emne:
- Navigasjon
- Lastehandtering, stuing og skipsteknikk
- Kontroll av skipets drift og omsorg for personar om bord
- Generell radiooperatøropplæring (General Operator Certificate)
- Maritim engelsk
- Fysikk
- Matematikk
- Norsk kommunikasjon
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om skipskonstruksjon, vedlikehald og drift av skip med tilhøyrande verktøy og system, samt behandling av last, tilsvarande krav satt i STCW for overstyrmann og skipsførar.
- har kunnskap om navigering og planlegging av ein seglas tilsvarande krav i STCW for overstyrmenn og skipsførar
- har kunnskap om økonomi og leiing, norsk, engelsk, matematikk og fysikk tilsvarande krav beskrive i dei forskjellige funksjoner i STCW som gjelder for overstyrmenn og skipsførar
- har kunnskap om vern av havmiljøet, eit skips sikkerheit og omsorg for personar om bord på skip
- kan vurdere eige arbeid som leiande dekksoffiser i forhold til IMO sine konvensjonar, regelverk, avtaleverk, prosedyrar og forskrifter
- har kunnskap om internasjonal skipsfart og kjennskap til maritim næring
- kan oppdatere sin yrkesfaglege kunnskap om marint miljø, maritim sikkerheit og drift av skip
- kjenner til skipsfartens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet både nasjonalt og internasjonalt
- har innsikt i egne utviklingsmoglegheiter i i bedrifta, hos verft og utstyrsleverandørar, samt relaterte yrker
Ferdigheter
Kandidaten
- kan gjere reie for sine faglege val av metodar, prosesser og teknikkar i leiinga av skipets navigering, lasting/lossing og drift
- kan reflektere over sin eigen utøving som leiande dekksoffiser og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff, regelverk, avtaleverk, prosedyrar og forskrifter og vurdere relevansen for drifta av skip
- kan kartlegge en situasjon som oppstår om bord, identifisere hvordan dette påvirker skipet sin sikkerheit og identifisere behov for å iverksette tiltak
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan planlegge og gjennomføre seglas, lasting og lossing samt andre prosjekt innan drift av skip, aleine og saman med kollegar om bord, i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan utføre arbeid med navigering, lasting/lossing, drift og overvaking av skip i tråd med lover, forskrifter, produsenten sine tilrådingar og verksemda sine interne regelverk
- kan bygge relasjonar med andre nautikarar, og på tvers av fag, samt med leverandørar av varer og tenester
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innan drift av skip, samt eksterne målgrupper som leverandørar, myndigheiter og klasseselskap, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis ved drift, vedlikehald og operasjon av skip
kan bidra til organisasjonsutvikling om bord ved å ta i bruk nye arbeidsmetodar og ny teknologi.
Opptak
Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er anten relevant fag- eller sveinebrev eller treårig yrkesfagleg opplæring.
Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.
Søkjarar til maritim utdanning må i tillegg dokumentere bestått grunnleggande sikkerheitsopplæring (IMO60).
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den relevante kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.
Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.
Det er krav til kunnskapar i norsk og engelsk tilsvarande VG2 yrkesfagleg utdanningsprogram samt matematikk og naturfag tilsvarande VG1 på yrkesfagleg utdanningsprogram.
Relevant praksis kan vere innanfor mekaniske fagområde (for eksempel verkstad, mekanisk industri, elektroinstallasjon), planlegging og innanfor logistikk og sjøfart.
- For søkarar til dekksoffisersutdanninga er det krav om minimum 36 månadar relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy. Relevant og bestått utdanning innanfor matrosfag eller fiske og fangst kan telle med inntil to år.
Organisering av studiet
Normert arbeidsmengde pr. studieår for dette studiet er 1700 timer pr. år (samla 3400 timer), som fordeler seg på følgande måte: 16,5 timer pr. studiepoeng til timeplanfesta timer. I tillegg kjem 11,8 timer pr. studiepoeng som studenten legg til rette for sjølv gjennom eigenstudie.
Emna ( 2 studieår).
Refererer til STCW 78 med endringar, kapittel A-II/1 og B-II/1 samt tabell A-II/1 og i kapittel A-II/2 og B-II/2 samt tabellane A-III/1 og A-II/2 i forskrifta.
Emnekode | Emnetype | Emnebeskriving | Ref. - STCW | Studiepoeng |
64TM05A | Konvensjonsemne | Avsluttende prosjekt i navigasjon og last | A-II/2, B-II/2 | 3 |
64TM05B | Konvensjonsemne | Sjøveisregler og brovakthold | A-II/1, B-II/1 | 3 |
64TM05C | Konvensjonsemne | Kystseilas og grunnleggende navigasjon | A-II/2, B-II/2 | 7 |
64TM05D | Konvensjonsemne | Navigasjonssystemer | A-II/2, B-II/2 | 6 |
64TM05E | Konvensjonsemne | Manøvrering og operasjon av skip | A-II/2, B-II/2 | 6 |
00TM05G | Konvensjonsemne | Skipsmaskineri og meteorolog | A-II/2, B-II/2 | 6 |
00TM05H | Konvensjonsemne | Ny maritim teknologi | A-II/2, B-II/2 | 2 |
00TM05I | Konvensjonsemne | Helhetlige broøvelser i simulator | A-II/2, B-II/2 | 6 |
64TM05N | Konvensjonsemne | Sjørett | A-II/2, B-II/2 | 5 |
64TM05O | Konvensjonsemne | Ledelse | A-II/2, B-II/2 | 11 |
64TM05P | Konvensjonsemne | Økonomi og rederidrift | A-II/2, B-II/2 | 3 |
64TM05Q | Konvensjonsemne | Oversjøisk navigasjon og meteorologi | A-II/2, B-II/2 | 9 |
64TM05R | Konvensjonsemne | Skipsmaskineri | A-II/2, B-II/2 | 2 |
64TM05S | Konvensjonsemne | Skipsteknikk,stabilitet og dypgang | A-II/2, B-II/2 | 12 |
64TM05T | Konvensjonsemne | Tank- og tørrlasting og lekkstabilitet | A-II/2, B-II/2 | 16 |
00TM05D | Konvensjonsemne | GMDSS/GOC | A-I/7 | 5 |
00TM05F | Konvensjonsemne | Maritim engelsk | A-II/2, B-II/2 | 6 |
00TM05G | Reiskapsemne | Fysikk | 6 | |
00TM05H | Reiskapsemne | Matematikk | 6 | |
Sum 2 studieår | 120 |
I tillegg til emna som er lista over kjem:
Kurs | STCW | Modellkurs |
Vidaregåande sikkerhetsopplærinng | A-VI/2 A-VI/3 A-VI/4-1 | IMO 1.23 IMO 2.03 IMO 1.14 |
Kurs i medisinsk behandling | A-VI/4-2 | IMO 1.15 |
Arbeidsmengde i Dekksoffiser på leiingsnivå Austevoll 25-27
Emnebeskrivelse | Lærerstyrte aktiviteter utenom samlinger | Egenstyrt aktivitet | Timeplanfesta timer | Sjølvstudium | Sum |
---|---|---|---|---|---|
64TM05B A Sjøveisreglar og Brovakthald | 0 | 0 | 50 | 35 | 85 |
00TM05D A GMDSS/GOC | 0 | 0 | 100 | 59 | 159 |
64TM05J A Skipsteknikk og stabilitet | 0 | 0 | 83 | 59 | 142 |
64TM05N A Sjørett | 0 | 0 | 83 | 59 | 142 |
00TM05G A Fysikk | 0 | 0 | 99 | 71 | 170 |
00TM05H A Matematikk | 0 | 0 | 99 | 71 | 170 |
64TM05C A Kystseilas og grunnleggande navigasjon | 0 | 0 | 116 | 83 | 199 |
64TM05D A Navigasjonssystem | 0 | 0 | 99 | 71 | 170 |
64TM05E A Manøvrering og operasjon av skip | 0 | 0 | 99 | 71 | 170 |
64TM05K A Lasteteknikk, trim og dypgangsberekningar | 0 | 0 | 116 | 83 | 199 |
00TM05F A Maritim engelsk | 0 | 0 | 99 | 71 | 170 |
00TM05I A Norsk kommunikasjon | 0 | 0 | 99 | 71 | 170 |
64TM05Q Oversjøisk navigasjon og meteorologi | 0 | 106 | 149 | 0 | 255 |
64TM05L A Tanklasting | 0 | 0 | 132 | 95 | 227 |
64TM05I A Heilskaplege broøvingar i simulator | 0 | 0 | 99 | 71 | 170 |
64TM05O A Leiing | 0 | 0 | 182 | 130 | 312 |
64TM05A A Avsluttande prosjekt i navigasjon og last | 0 | 0 | 50 | 35 | 85 |
64TM05H A Ny maritim teknologi | 0 | 0 | 33 | 24 | 57 |
64TM05M A Tørrlasting og lekkstabilitet | 0 | 0 | 132 | 94 | 226 |
64TM05P A Økonomi og reiarlagsdrift | 0 | 0 | 50 | 35 | 85 |
64TM05R Skipsmaskineri | 33 | 24 | 0 | 0 | 57 |
Sum | 33 | 130 | 1969 | 1288 | 3420 |
Undervisningsformer
Undervisningsformene i studiet skal vere føremålstenlege i høve læringsutbytta for utdanninga og relevante for fagfeltet. Det vert lagt stor vekt varierte læringsaktiviteter og ei praktisk-teoretisk tilnærming i kvart emne. Det er viktig at studentane får både teoretisk og praktisk forståing av faget og bransjen.
I tillegg til fagleg utvikling skal studentane utvikle evne til samarbeid, kommunikasjon og praktisk problemløysing. Gjennom studiet vert det lagt opp til varierte gruppe- og prosjektarbeid der samarbeidet er eit mål i seg sjølv. Skulen forventar at studentane viser initiativ, tar ansvar for eige studiearbeid og felles læringsmiljø og viser ei konstruktiv og kritisk haldning til studiet. Studentane har praktisk erfaring innan eigne fagområde frå tidlegare utdanning/praksis, og dette gjev høve til å legge til rette for erfaringsbaserte og studentsentrerte læringsformer. Gjennom pedagogisk leiing skal studentane trekkast aktivt med og trenast opp til refleksjon omkring eigen læringsprosess. Variasjon i val av læringsaktivitetar er nødvendig for at studentane skal oppnå heilskapleg kompetanse som omfattar både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Det vert nytta prosjektarbeid som læringsaktivitet i nokon emne, både individuelt og i grupper, tilpassa tema. Nokre prosjektarbeid vert avslutta med presentasjonar.
Studentane skal arbeide med teoretiske oppgåver, dokumentere demonstrasjonar og praksis med logg og refleksjon, samt diskusjonar i klassen. Læringsaktivitetane skal gjennom pedagogisk leiing motivere studentane til sjølvstendig og aktiv refleksjon over egne læringsprosess og bidra til at læringsutbytta for studiet vert nådd.
Læringsaktiviteter:
Skolen vil nytta mange ulike læringsaktiviteter for at studentane skal nå overordna læringsutbytte for utdanninga. Døme på læringsaktivitetar:
- Lærarstyrt undervisning og førelesningar i klasserom
- Simulatorbruk
- Praktisk arbeid i skule
- Praktiske demonstrasjonar med logg og refleksjon
- Individuelle arbeidsoppgåver
- Prosjektarbeid og prosjektoppgåver (både gruppe og individuelt)
- Presentasjonar
- Bedriftsbesøk og studieturar
- Diskusjonar
Vurdering
Kva obligatoriske arbeidskrav som vert nytta i dei einskilde emna kjem fram av emneoversikta.
Obligatoriske arbeidskrav vert vurdert som godkjend/ikkje-godkjend.
- Alle obligatoriske arbeidskrav må være godkjend for å behalda rett til å gå opp til eksamen.
- Det er to forsøk ved obligatoriske arbeidskrav.
- I særskilde tilfelle kan studenten søkje om eit tredje forsøk innan 5 dagar etter at studenten er gjort kjend med resultatet frå forsøk nr. 2, eller burde ha gjort seg kjend med dette.
Sluttvurdering
Emnekode | Fag | Eksamenform | Gjennomføres |
64TM05A | Avsluttende prosjekt i navigasjon og last | 5 dagens tverrfaglig prosjekt skriftlig innlevering og muntlig utspørring | 4.semester |
64TM05B | Sjøveisregler og brovakthold | Skriftig skoleeksamen | 1.semester |
64TM05C | Kystseilas og grunnleggende navigasjon | Skriftig skoleeksamen | 2.semester |
64TM05D | Navigasjonssystemer | 3 timers praktisk/teoretisk eksamen | 2.semester |
64TM05E | Manøvrering og operasjon av skip | Emnet vurderes bestått/ikke bestått basert på 80% fremmøte på simulator. | 2.semester |
64TM05F | Oversjøisk seilas og navigasjon | 5 timers skriftlig skoleeksamen sammenslått med 64TM05G | 4.semester |
64TM05G | Skipsmaskineri og meteorologi | 5 timers skoleeksamen sammenslått med 64TM05F | 4.semester |
64TM05H | Ny maritim teknologi | Emnet blir vurdert bestått/ikke bestått basert på en skriftlig semesteroppgave | 4.semester |
64TM05I | Helhetlige broøvelser i simulator | Praktisk eksamen på simulator | 4.semester |
64TM05J | Skipsteknikk og stabilitet | Fem timers skriftlig skoleeksamen sammenslått med 64TM05K | 2.semester |
64TM05K | Lasteteknikk, trim- og dypgangsberegninger | Fem timens skriftlig skoleeksamen sammenslått med 64TM05J | 2.semester |
64TM05L | Tanklasting | 5 timers skriftlig skoleeksamen sammenslått med 64TM05M | 4.semester |
64TM05M | Tørrlasting og lekkstabilitet | 5 timers skriftlig skoleeksamen sammenslått med 64TM05L | 4.semester |
64TM05N | Sjørett | To dagers hjemmeeksamen | 2.semester |
64TM05O | Ledelse | To dagers hjemmeeksamen med påfølgende muntlig eksamen | 4.semester |
64TM05P | Økonomi og rederidrift | 3 timers skriftlig skoleeksamen | 4.semester |
00TM05D | GMDSS/GOC | Bestått/ikkje bestått eksamen. | 1.semester |
00TM05I | Norsk | 4-timers skriftleg skuleeksamen | 3.semester |
00TM05F | Mar. engelsk | Munnleg eksamen | 3.semester |
00TM05G | Fysikk | 5 timer skriftlig skoleeksamen | 2.semester |
00TM05H | Matematikk | 5 timer skriftlig skoleeksamen | 2.semester |
Karakterskala
I samsvar med Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland nyttast fylgjande karakterskala og forklaring som grunnlag for karaktersetting:
Symbol | Nemning | Generell, ikkje-fagspesifikk beskriving av vurderingskriterier |
A | Framifrå | Framifrå prestasjon som skil seg klart ut. Studenten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende. |
B | Mykje god | Mykje god prestasjon. Studenten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende. |
C | God | Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Studenten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.. |
D | Nokså god | Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Studenten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende. |
E | Tilstrekkeleg | Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Studenten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende. |
F | Ikkje bestått | Prestasjon som ikkje tilfredsstiller minimumskrava. Studenten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende. |
Vurdering skal organiserast og gjennomførast i tråd med reglementet ved utdanningstilbodet og regel I/6 i STCW-konvensjonen. Vurderingar skal ta utgangspunkt i heilskapen og spegle kompetansen til studenten sett i forhold til dei måla og kriteria som er gitt.
Når føremålstenleg, kan ein prosentskala være retningsgjevande for bruk av karakterskalaen. Det anbefalast ei tilnærma lineær skala med 40 % som minimum for å bestå.
Karakter | % |
A | 89 – 100 |
B | 76 – 88 |
C | 63 – 75 |
D | 50 – 62 |
E | 40 – 49 |
F | < 40 |
Sluttdokumentasjon
Fullført og bestått fagskuleutdanning på 120 stp gir vitnemål og ein høgare fagskulegrad.
Vitnemålet skal innehalda:
- Emne som inngår i utdanninga.
- Omfang av emne og oppnådd karakter.
- Overordna læringsutbytte.
- Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) 5.2 og kvalifikasjonen som ble oppnådd.
- Karaktersystemet som blir brukt og tal på studiepoeng.
- Namn på utdanning og tittel på hovudprosjektet.
Omgrepet Vocational Diploma (VD) brukast på vitnemålet for å sikre at det også kan nyttast internasjonalt.
Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan be om eit kompetansebevis som visar fullførte og beståtte emne og eventuelt eksamenar.
Pensumliste
Dekksoffiser på leiingsnivå Austevoll 25-27
Emnebeskrivelse | Pensumliste | ||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
64TM05B A Sjøveisreglar og Brovakthald | Vi anbefaler å avvente med å kjøpe faglitteratur til studiet starter, da endringer kan forekomme frem mot studiestart. Dette gjelder alle emner. Tor Gravdal, K52 Lærebok for sjøveisreglene, marfag.no Juni 2022, ISBN 978-82-93766-31-5 Lovdata.no Sjøveisreglene, 2015, Cappelen Damm akademisk, ISBN; 9788202495558
| ||||||||||||||||
00TM05D A GMDSS/GOC | GMDSS/GOC Robert Nilsen, Gunnar Totland m/fl 2023. tilgjengelig som PDF fil på it's learning Torbjørn Tombre, utstyrsavhengig kompendium, tilgjengelig på LAB
| ||||||||||||||||
64TM05J A Skipsteknikk og stabilitet | Skipsteknikk og stabilitet H. Bøe, K Grønseth, J.Johansen, Lasteberegning og behandling av last. K12. 2019. ISBN 9788293766247, tilgjengelig på mafarg.no N Kjerstad, Fremføring av skip med navigasjonskontroll for maritime studier, 5 utg, 2021, ISBN: 9788245035346
| ||||||||||||||||
64TM05N A Sjørett | Sjørett P. Aamundseth. Sjørett og økonoki, 4 utg. 2022, ISBN: 9788279972365 P. Aamundseth, Sjørtett og økonomi, oppgavesamling. i utg 2013. ISBN 9788292284773
| ||||||||||||||||
00TM05G A Fysikk | Fysikk T.ekern, Ø Guldahl, Fysikk for fagskolen. 2009, ISBN 9788256269518
| ||||||||||||||||
00TM05H A Matematikk | Matematikk T. Ekern, Ø. Guldahl, Matematikk for fagskolen, 2020, ISBN: 9788245034196
| ||||||||||||||||
64TM05C A Kystseilas og grunnleggande navigasjon | Kystseilas og grunnleggende navigasjon: O. H. Brandal, Terrestrisk Navigasjon, versjon 2, 13.01.2021. ISBN 978-82-93766-03-2, Tilgjengelig på Marfag.no N. Kjerstad, Navigasjon for maritime studier, 4 utg, 2020. ISBN:9788245034448
| ||||||||||||||||
64TM05D A Navigasjonssystem | Navigasjonssystemer N. Kjerstad, Elektroniske og akustiske navigasjonssystemer for maritime studier. 6 utg, 2019. ISBN 9788345025521
| ||||||||||||||||
64TM05E A Manøvrering og operasjon av skip | Manøvrering og operasjon av skip N. Kjerstad, Fremføring av skip med navigasjonskontroll for maritime studier, 5 utg 2021. ISBN 9788245035346
| ||||||||||||||||
64TM05K A Lasteteknikk, trim og dypgangsberekningar | Lasteteknikk, trim og dypgangsberegninger H. Bøe, K Grønseth, J.Johansen, K12 Lasteberegning og behandling av last. 2019. ISBN 9788293766247, tilgjengelig på mafarg.no O.H Brandal, K22 Lasting, lossing og stuing, 2018, ISBN: 9788293766049 Tilgjengelig på marfag.no H. Bøe, K48 Last, skipsteknikk og stabilitet, 2022 ISBN: 9788293766308 Tilgjengelig på marfag.no
| ||||||||||||||||
00TM05F A Maritim engelsk |
| ||||||||||||||||
00TM05I A Norsk kommunikasjon | Norsk kommunikasjon
| ||||||||||||||||
64TM05Q Oversjøisk navigasjon og meteorologi | Oversjøisk seilas og navigasjon
| ||||||||||||||||
64TM05L A Tanklasting | Tanklasting H. Bøe, K Grønseth, J.Johansen, K12 Lasteberegning og behandling av last. 2019. ISBN 9788293766247, tilgjengelig på mafarg.no O.H Brandal, K22 Lasting, lossing og stuing, 2018, ISBN: 9788293766049 Tilgjengelig på marfag.no H. Bøe, K48 Last, skipsteknikk og stabilitet, 2022 ISBN: 9788293766308 Tilgjengelig på marfag.no
| ||||||||||||||||
64TM05I A Heilskaplege broøvingar i simulator | Helhetlige broøvelser i simulator Tor Gravdal, K52 Lærebok i sjøveisreglene, Juni 2022. Tilgjengelig på marfag.no Cappelen Damm Akademisk, Sjøveisreglene, 2015 ISBN: 9788202495558 N. Kjerstad, Navigasjon for maritime studier, 4 utg, 2020, ISBN: 9788245034448 N. Kjerstad, Elektroniske og akustiske navigasjonssystemer for maritime studier, 6 utg, 2019, ISBN: 9788245025521 N. Kjerstad, Fremføring av skip med navigasjonskontroll for maritime studier, 5 utg, 2021, ISBN 9788245035346
| ||||||||||||||||
64TM05O A Leiing | Ledelse O.J. Borch, Fartøyledelse og kontroll av skipets drift. 1 utg 2016, ISBN 9788245020908 R. Hagerupsen. Kontroll av skipets drift og omsorg for personer ombord. 1 ug. 2019. ISBN: 9788293766001, Tilgjengelig på marfag.no H Ringstad og T. ødegård, Typeforståelse. 4 utg 2012. Diverse kompendier på læringsplattform
| ||||||||||||||||
64TM05A A Avsluttande prosjekt i navigasjon og last | Avsluttende prosjekt i navigasjon og last Litteratur fra tidligere emner innenfor navigasjon og last. | ||||||||||||||||
64TM05H A Ny maritim teknologi | Ny maritim teknologi Pensum vert gjort tilgjengeleg på læringsplattform av lærar | ||||||||||||||||
64TM05M A Tørrlasting og lekkstabilitet | Tørrlasting og lekkstabilitet
H. Bøe, K Grønseth, J.Johansen, K12 Lasteberegning og behandling av last. 2019. ISBN 9788293766247, tilgjengelig på mafarg.no O.H Brandal, K22 Lasting, lossing og stuing, 2018, ISBN: 9788293766049 Tilgjengelig på marfag.no H. Bøe, K48 Last, skipsteknikk og stabilitet, 2022 ISBN: 9788293766308 Tilgjengelig på marfag.no J.Johansen, K19 Lekkstabilitet, rev 1 2020, 978-82-93766-25-4, tilgjengelig på marfag.no
| ||||||||||||||||
64TM05P A Økonomi og reiarlagsdrift | Økonomi og rederidrift
P. Aamundseth. Sjørett og økonomi, 4 utg. 2022, ISBN: 9788279972365 P. Aamundseth, Sjørett og økonomi, oppgavesamling. i utg 2013. ISBN 9788292284773
| ||||||||||||||||
64TM05R Skipsmaskineri | Skipsmaskineri
|