Dekksoffiserutdanning på leiingsnivå Austevoll 23-25
Studiefakta
- FagområdeMaritime Fag
- Studiepoeng120
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadAustevoll
- StudieformHeiltid
- Startsemester2023 Haust
Dekksoffiserutdanning på leiingsnivå Austevoll 23-25
Om studiet
Norge er blant dei leiande maritime nasjonane i verda. I dag er mange menneske direkte sysselsett i maritime bedrifter i alle fylker i landet, og verdiskapinga er høg. Eit viktig grunnlag for å oppretthalde og vidareutvikle våre sterke maritime sektorar er at norske skip eigast og drivast frå Noreg. Fagskulen Vestland er landets største fagskule innan maritim utdanning
Behovet for maritimt personell må sjåast i eit langsiktig perspektiv, der kompetanse og erfaring opparbeidd i jobb på havet òg kan nyttast i landbaserte stillingar. Det vil derfor vere viktig å utvikle gode studietilbod i fagskulen som kan vedlikehalde og vidareutvikle den maritime kompetansen næringa har behov for.
Fagskulen Vestland tilbyr studie i dekksoffisersutdanning og maskinoffisersutdanning. Målet med studiet er å utdanna skipsoffiserar med moral, gode haldningar, kompetanse og yrkesetikk - som kjenneteiknar den kvaliteten som krevst for å møte morgondagens utfordringar. Fagskulen Vestland brukar moderne og avansert utstyr i undervisninga, som mellom anna maskinromsimulator, bru- og lastesimulator og radiosimulator.
Dekksoffiserutdanninga tilfredsstiller både STCW A-II/1 (og B-II/1) og STCW A-II/2 (og B-II/2) og vil saman med nødvendig fartstid gi grunnlag for kompetansesertifikat for dekksoffiser klasse 4, 3, 2 og 1. Etter fullført utdanning, og nødvendig opplæringstid om bord (kadett-tid), vil du kunne segle som navigatør/dekksoffiser på alle skip i verda. Med tilstrekkeleg fartstid vil du også kunne arbeide som skipsførar/kaptein. Kompetansen du opparbeider deg gjennom praksis og fagskuleutdanninga er attraktiv for framtidige jobbar i den maritime næringa som los, inspektør, hos sjøfartsmyndigheitene, klasseselskap eller reiarlag.
Opplæringa dekkjer kravet til teori for dei høgste maritime sertifikata i løpet av opplæringa, i høve til den internasjonale konvensjonen om normer for opplæring, sertifikat og vakthald for sjøfolk (STCW). Ein gjer derfor merksam på dei tilleggskrav om teori, praksis/fartstid, helse og vandel som gjeld for å løyse sertifikat. Helsekrav for offiserar og mannskap som skal tenestegjere på skip er spesifisert i «Forskrift om helseundersøking av arbeidstakar på skip» :
Læringsutbyte
Dekksoffiserutdanninga består av følgande emne:
- Navigasjon
- Lastehandtering, stuing og skipsteknikk
- Kontroll av skipets drift og omsorg for personar om bord
- Generell radiooperatøropplæring (General Operator Certificate)
- Maritim engelsk
- Fysikk
- Matematikk
- Norsk kommunikasjon
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om skipskonstruksjon, vedlikehald og drift av skip med tilhøyrande verktøy og system, samt behandling av last, tilsvarande krav satt i STCW for overstyrmann og skipsførar.
- har kunnskap om navigering og planlegging av ein seglas tilsvarande krav i STCW for overstyrmenn og skipsførar
- har kunnskap om økonomi og leiing, norsk, engelsk, matematikk og fysikk tilsvarande krav beskrive i dei forskjellige funksjoner i STCW som gjelder for overstyrmenn og skipsførar
- har kunnskap om vern av havmiljøet, eit skips sikkerheit og omsorg for personar om bord på skip
- kan vurdere eige arbeid som leiande dekksoffiser i forhold til IMO sine konvensjonar, regelverk, avtaleverk, prosedyrar og forskrifter
- har kunnskap om internasjonal skipsfart og kjennskap til maritim næring
- kan oppdatere sin yrkesfaglege kunnskap om marint miljø, maritim sikkerheit og drift av skip
- kjenner til skipsfartens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet både nasjonalt og internasjonalt
- har innsikt i egne utviklingsmoglegheiter i i bedrifta, hos verft og utstyrsleverandørar, samt relaterte yrker
Ferdigheter
Kandidaten
- kan gjere reie for sine faglege val av metodar, prosesser og teknikkar i leiinga av skipets navigering, lasting/lossing og drift
- kan reflektere over sin eigen utøving som leiande dekksoffiser og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff, regelverk, avtaleverk, prosedyrar og forskrifter og vurdere relevansen for drifta av skip
- kan kartlegge en situasjon som oppstår om bord, identifisere hvordan dette påvirker skipet sin sikkerheit og identifisere behov for å iverksette tiltak
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan planlegge og gjennomføre seglas, lasting og lossing samt andre prosjekt innan drift av skip, aleine og saman med kollegar om bord, i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan utføre arbeid med navigering, lasting/lossing, drift og overvaking av skip i tråd med lover, forskrifter, produsenten sine tilrådingar og verksemda sine interne regelverk
- kan bygge relasjonar med andre nautikarar, og på tvers av fag, samt med leverandørar av varer og tenester
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innan drift av skip, samt eksterne målgrupper som leverandørar, myndigheiter og klasseselskap, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis ved drift, vedlikehald og operasjon av skip
kan bidra til organisasjonsutvikling om bord ved å ta i bruk nye arbeidsmetodar og ny teknologi.
Opptak
Opptak av studentar til Fagskulen Vestland skjer gjennom Samordna opptak. Dette gir felles kvalifikasjonskrav og reglar for poengutrekning for søkarar frå heile landet. Opptak av studentar skjer berre på grunnlag av poengutrekning og rangering (realkompetanse blir regna om til poeng). Dette gjer det mogeleg å sjå både tall og poengnivå på søkarar ved opptak til kvar fagskuleutdanning.
Søkaren bli vurdert etter poeng. Det skilast ikkje mellom realkompetanse eller formalkompetanse. Ordinær søknadsfrist er 15. april og Fagskulen Vestland har eiga forskrift om opptak til skulen: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2021-09-17-2913
Formelle opptakskrav
Det generelle kravet for opptak til 2-årig maritim fagskule er:
- Fullført og greidd vidaregåande opplæring med fagbrev. Fagbrev som fiskar og matros til dekksoffiser. Fagbrev som motormann til maskinoffiser.
- Relevant praksis utan fagbrev, men med realkompetanse i felles allmenne fag tilsvarande læreplanane i Vg1 og Vg2 i yrkesfaglege studie.
- Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen.
Søkjarar til maritim utdanning må i tillegg dokumentere bestått grunnleggande sikkerheitsopplæring (IMO60).
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Fagskulen Vestland gjennomfører realkompetansevurdering i tråd med NOKUT-forskrift §5 og retningslinjer frå Kompetanse Norge. Søkaren sin kompetanse vert vurdert opp mot læreplan i vidaregåande opplæring innan relevante yrkesutdanningar. Opptak gjort på bakgrunn av realkompetanse vil berre kunne nyttast for den utdanninga realkompetansevurderinga gjeld.
Søkaren må dokumentere kompetanse i fellesfag tilsvarande nivå 4 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR), ha fylt 23 år i søknadsåret og ha mist 5 års relevant arbeidserfaring.
Søkar som skal ha vurdering av realkompetanse må ha minst fem års relevant yrkespraksis eller skulegang og vere fylt 22 år innan søkaråret.
Det er krav til kunnskapar i norsk og engelsk tilsvarande VG2 yrkesfagleg utdanningsprogram samt matematikk og naturfag tilsvarande VG1 på yrkesfagleg utdanningsprogram. Relevant praksis kan vere innanfor mekaniske fagområde (for eksempel verkstad, mekanisk industri, elektroinstallasjon), planlegging og innanfor logistikk og sjøfart.
- For søkarar til dekksoffisersutdanninga er det krav om minimum 30 månadar relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy. Relevant og bestått utdanning innanfor matrosfag eller fiske og fangst kan telle med inntil to år.
Organisering av studiet
Normert arbeidsmengde pr. studieår for dette studiet er 1700 timer pr. år (samla 3400 timer), som fordeler seg på følgande måte: 22 timer pr. fagskulepoeng til organiserte pedagogiske aktivitetar, derav 19 timeplanfesta timer og 3 timer til rettleiing av studentar. I tillegg kjem 6,3 timer pr. fagskulepoeng som studenten legg til rette for sjølv gjennom eigenstudie
Fagskulen Vestland nyttar digitale læringsplattformar. Plattformane har funksjonar til å ivareta informasjonsflyt, planar og fagstoff i alle emna. Plattforma har funksjonar for å lage individuelle oppgåver, testar og prøver. Det er også tilgjengeleg videokonferanseverktøy som kan nyttast til samarbeid og digitale grupperom..
Studenten må disponere eigen PC og kunne nytte vanlege dokumentasjonsverktøy. Studenten får lisens på Office 365+. Det er sterkt anbefalt med ekstern skjerm.
Refererer til STCW 78 med endringar, kapittel A-II/1 og B-II/1 samt tabell A-II/1 og i kapittel A-II/2 og B-II/2 samt tabellane A-III/1 og A-II/2 i forskrifta.
Emne- kode | Emnetype | Emnebeskriving | Ref. - STCW | Studie- poeng |
00TM05A | Konvensjons- emne | Navigasjon | A-II/1, B-II/1 A-II/2, B-II/2 | 42 |
00TM05B | Konvensjons- emne | Last handtering, stuing og skipsteknikk | A-II/1, B-II/1 A-II/2, B-II/2 | 31 |
00TM05C | Konvensjons- emne | Kontroll av skipets drift og omsorg for personar om bord | A-II/1, B-II/1 A-II/2, B-II/2 | 19 |
00TM05D | Konvensjons- emne | GMDSS (GOC) | A-I/7 | 5 |
00TM05F | Konvensjons- emne | Maritim engelsk | A-II/1, B-II/1 A-II/2, B-II/2 | 6 |
00TM05G | Reiskapsemne | Fysikk |
| 6 |
00TM05H | Reiskapsemne | Matematikk |
| 6 |
00TM05I | Reiskapsemne | Norsk kommunikasjon |
| 5 |
Sum 2 studieår | 120 |
Arbeidsmengde i Dekksoffiser på leiingsnivå Austevoll 23-25
Emnebeskrivelse | Timeplanfesta timer | Sjølvstudium | Sum |
---|---|---|---|
64TM05B A Sjøveisregler og Brovakthold | 50 | 35 | 85 |
00TM05D A GMDSS/GOC | 100 | 59 | 159 |
64TM05J A Skipsteknikk og stabilitet | 83 | 59 | 142 |
64TM05N A Sjørett | 83 | 59 | 142 |
00TM05G A Fysikk | 99 | 71 | 170 |
00TM05H A Matematikk | 99 | 71 | 170 |
64TM05C A Kystseilas og grunnleggende navigasjon | 116 | 83 | 199 |
64TM05D A Navigasjonssystemer | 99 | 71 | 170 |
64TM05E A Manøvrering og operasjon av skip | 99 | 71 | 170 |
64TM05K A Lasteteknikk, trim og dypgangsberegninger | 116 | 83 | 199 |
00TM05F A Maritim engelsk | 99 | 71 | 170 |
00TM05I A Norsk kommunikasjon | 99 | 71 | 170 |
64TM05F A Oversjøisk seilas og navigasjon | 83 | 59 | 142 |
64TM05L A Tanklasting | 132 | 95 | 227 |
64TM05I A Helhetlige broøvelser i simulator | 99 | 71 | 170 |
64TM05O A Ledelse | 182 | 130 | 312 |
64TM05A A Avsluttende prosjekt i navigasjon og last | 50 | 35 | 85 |
64TM05G A Skipsmaskineri og meterologi | 99 | 71 | 170 |
64TM05H A Ny maritim teknologi | 33 | 24 | 57 |
64TM05M A Tørrlasting og lekkstabilitet | 132 | 94 | 226 |
64TM05P A Økonomi og rederidrift | 50 | 35 | 85 |
Sum | 2002 | 1418 | 3420 |
Undervisningsformer
Undervisningsformene i studiet skal vere føremålstenlege i høve læringsutbytta for utdanninga og relevante for fagfeltet. Det vert lagt stor vekt varierte læringsaktiviteter og ei praktisk-teoretisk tilnærming i kvart emne. Det er viktig at studentane får både teoretisk og praktisk forståing av faget og bransjen.
I tillegg til fagleg utvikling skal studentane utvikle evne til samarbeid, kommunikasjon og praktisk problemløysing. Gjennom studiet vert det lagt opp til varierte gruppe- og prosjektarbeid der samarbeidet er eit mål i seg sjølv. Skulen forventar at studentane viser initiativ, tar ansvar for eige studiearbeid og felles læringsmiljø og viser ei konstruktiv og kritisk haldning til studiet. Studentane har praktisk erfaring innan eigne fagområde frå tidlegare utdanning/praksis, og dette gjev høve til å legge til rette for erfaringsbaserte og studentsentrerte læringsformer. Gjennom pedagogisk leiing skal studentane trekkast aktivt med og trenast opp til refleksjon omkring eigen læringsprosess. Variasjon i val av læringsaktivitetar er nødvendig for at studentane skal oppnå heilskapleg kompetanse som omfattar både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Det vert nytta prosjektarbeid som læringsaktivitet i nokon emne, både individuelt og i grupper, tilpassa tema. Nokre prosjektarbeid vert avslutta med presentasjonar.
Studentane skal arbeide med teoretiske oppgåver, dokumentere demonstrasjonar og praksis med logg og refleksjon, samt diskusjonar i klassen. Læringsaktivitetane skal gjennom pedagogisk leiing motivere studentane til sjølvstendig og aktiv refleksjon over egne læringsprosess og bidra til at læringsutbytta for studiet vert nådd.
Læringsaktiviteter:
Skolen vil nytta mange ulike læringsaktiviteter for at studentane skal nå overordna læringsutbytte for utdanninga. Døme på læringsaktivitetar:
- Lærarstyrt undervisning og førelesningar i klasserom
- Simulatorbruk
- Praktisk arbeid i skule
- Praktiske demonstrasjonar med logg og refleksjon
- Individuelle arbeidsoppgåver
- Prosjektarbeid og prosjektoppgåver (både gruppe og individuelt)
- Presentasjonar
- Bedriftsbesøk og studieturar
- Diskusjonar
Vurdering
Emnekarakteren skal setjast på grunnlag av dei obligatoriske arbeidskrava.
Obligatoriske arbeidskrav
- Obligatoriske arbeidskrav er omtalt i studieplanen sin del 3
- Obligatoriske arbeidskrav kan ha vurdering med karakter eller bestått/ikkje-bestått
- Alle obligatoriske arbeidskrav må være bestått for å behalda retta til å gå opp til eksamen.
- Det er to forsøk ved obligatoriske arbeidskrav.
- Ved særskilte tilfelle kan studenten søke rektor om et tredje forsøk innan 5 dagar etter at studenten er blitt kjent med resultatet frå forsøk nr. 2, eller burde ha gjort seg kjent med dette.
- HER MÅ VI LEGGE INN TEKST SOM KAN ERSTATTE FLYTSKJEMA
Sluttvurdering
Emnekode | Fag | Eksamenform | Gjennomføres |
64TM05A | Avsluttende prosjekt i navigasjon og last | 5 dagers tverrfaglig prosjekt skriftlig innlevering og muntlig utspørring | 4.semester |
64TM05B | Sjøveisregler og brovakthold | Skriftig skoleeksamen | 1.semester |
64TM05C | Kystseilas og grunnleggende navigasjon | Skriftig skoleeksamen | 2.semester |
64TM05D | Navigasjonssystemer | 3 timers praktisk/teoretisk eksamen | 2.semester |
64TM05E | Manøvrering og operasjon av skip | Emnet vurderes bestått/ikke bestått basert på 80% fremmøte på simulator. | 2.semester |
64TM05F | Oversjøisk seilas og navigasjon | 5 timers skriftlig skoleeksamen sammenslått med 64TM05G | 4.semester |
64TM05G | Skipsmaskineri og meteorologi | 5 timers skoleeksamen sammenslått med 64TM05F | 4.semester |
64TM05H | Ny maritim teknologi | Emnet blir vurdert bestått/ikke bestått basert på en skriftlig semesteroppgave | 4.semester |
64TM05I | Helhetlige broøvelser i simulator | Praktisk eksamen på simulator | 4.semester |
64TM05J | Skipsteknikk og stabilitet | Fem timers skriftlig skoleeksamen. | 1.semester |
64TM05K | Lasteteknikk, trim- og dypgangsberegninger | Fem timens skriftlig skoleeksamen. | 2.semester |
64TM05L | Tanklasting | 5 timers skriftlig skoleeksamen sammenslått med 64TM05M | 4.semester |
64TM05M | Tørrlasting og lekkstabilitet | 5 timers skriftlig skoleeksamen sammenslått med 64TM05L | 4.semester |
64TM05N | Sjørett | To dagers hjemmeeksamen | 2.semester |
64TM05O | Ledelse | To dagers hjemmeeksamen med påfølgende muntlig eksamen | 4.semester |
64TM05P | Økonomi og rederidrift | 3 timers skriftlig skoleeksamen | 4.semester |
00TM05D | GMDSS/GOC | Bestått/ikkje bestått eksamen. | 1.semester |
00TM05I | Norsk | 4-timers skriftleg skuleeksamen | 3.semester |
00TM05F | Mar. engelsk | Munnleg eksamen | 3.semester |
00TM05G | Fysikk | 5 timer skriftlig skoleeksamen | 2.semester |
00TM05H | Matematikk | 5 timer skriftlig skoleeksamen | 2.semester |
Karakterskala
I samsvar med Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland nyttast fylgjande karakterskala og forklaring som grunnlag for karaktersetting:
Symbol | Nemning | Generell, ikkje-fagspesifikk beskriving av vurderingskriterier |
A | Framifrå | Framifrå prestasjon som skil seg klart ut. Studenten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende. |
B | Mykje god | Mykje god prestasjon. Studenten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende. |
C | God | Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Studenten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.. |
D | Nokså god | Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Studenten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende. |
E | Tilstrekkeleg | Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Studenten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende. |
F | Ikkje bestått | Prestasjon som ikkje tilfredsstiller minimumskrava. Studenten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende. |
Vurdering skal organiserast og gjennomførast i tråd med reglementet ved utdanningstilbodet og regel I/6 i STCW-konvensjonen. Vurderingar skal ta utgangspunkt i heilskapen og spegle kompetansen til studenten sett i forhold til dei måla og kriteria som er gitt.
Når føremålstenleg, kan ein prosentskala være retningsgjevande for bruk av karakterskalaen. Det anbefalast ei tilnærma lineær skala med 40 % som minimum for å bestå.
Karakter | % |
A | 89 – 100 |
B | 76 – 88 |
C | 63 – 75 |
D | 50 – 62 |
E | 40 – 49 |
F | < 40 |
Sluttdokumentasjon
Studenten får vitnemål når emna for studiet er bestått. Studenten får graden: Høgare fagskulegrad. For at vitnemålet skal fungera internasjonalt, skal omgrepet Vocational Diploma (VD) stå på vitnemålet. Vitnemålet skal innehalde:
- Emne som inngår i utdanninga
- Omfang av emne og oppnådd karakter
- Overordna læringsutbytte
- Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk 5.2 og kvalifikasjonen som er nådd
- Karaktersystemet som vert nytta og tal studiepoeng
- Namn på utdanninga
Om delar av utdanninga ikkje er bestått, får studenten karakterutskrift.
Emneinnhold i Dekksoffiser på leiingsnivå Austevoll 23-25
Emnebeskrivelse | Innhold | Studiepoeng | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
64TM05B A Sjøveisregler og Brovakthold | Planen omfatter de krav som stilles i henhold til gjeldende STCW konvensjonens kapittel A-II/1, A-II/2 og B-II/1 og B-II/2, og kapittel A-III/1, A-III/2 og B-III/1 og B-III/2.
*Gammel referanse viser til tidligere Emneplan «Emneplan - Navigasjon Dekksoffiser (42 studiepoeng)» rev.dato 11.06.2020 som er godkjent av NUMF og Sjøfartsdirektoratet. | 3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
00TM05D A GMDSS/GOC | Radiokommunikasjon | 5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
64TM05J A Skipsteknikk og stabilitet | Planen omfatter de krav som stilles i henhold til gjeldende STCW konvensjonens kapittel A-II/1, A-II/2 og B-II/1 og B-II/2, og kapittel A-III/1, A-III/2 og B-III/1 og B-III/2.
*Gammel referanse viser til tidligere Emneplan «Emneplan – Lasthåndtering, stuing og skipsteknikk Dekksoffiser (31,5 studiepoeng)» rev.dato 11.06.2020 som er godkjent av NUMF og Sjøfartsdirekto | 5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
64TM05N A Sjørett | Planen omfatter de krav som stilles i henhold til gjeldende STCW konvensjonens kapittel A-II/1, A-II/2 og B-II/1 og B-II/2, og kapittel A-III/1, A-III/2 og B-III/1 og B-III/2.
*Gammel referanse viser til tidligere Emneplan «Emneplan - Kontroll av skipets drift og omsorg for personer om bord Dekk- og Maskinoffiser (19 studiepoeng)» rev.dato 11.06.2020 som er godkjent av NUMF og Sjøfartsdirektoratet. | 5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
00TM05G A Fysikk | 0,5 stp. Grunnleggande omgrep 2 stp. Bevegelses lære 1 stp. Varme, energi, effekt og arbeid 1 stp. Statikk 1,5 stp. Fysikk i væsker og gassar | 6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
00TM05H A Matematikk | 2 stp. Rekning med tall og bokstaver 1 stp. Geometri 1 stp. Trigonometri 1 stp. Rette linjer 1 stp. Polynom funksjoner og derivasjon | 6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
64TM05C A Kystseilas og grunnleggende navigasjon | Planen omfatter de krav som stilles i henhold til gjeldende STCW konvensjonens kapittel A-II/1, A-II/2 og B-II/1 og B-II/2, og kapittel A-III/1, A-III/2 og B-III/1 og B-III/2.
| 7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
64TM05D A Navigasjonssystemer | Planen omfatter de krav som stilles i henhold til gjeldende STCW konvensjonens kapittel A-II/1, A-II/2 og B-II/1 og B-II/2, og kapittel A-III/1, A-III/2 og B-III/1 og B-III/2.
*Gammel referanse viser til tidligere Emneplan «Emneplan - Navigasjon Dekksoffiser (42 studiepoeng)» rev.dato 11.06.2020 som er godkjent av NUMF og Sjøfartsdirektoratet. | 6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
64TM05E A Manøvrering og operasjon av skip | Planen omfatter de krav som stilles i henhold til gjeldende STCW konvensjonens kapittel A-II/1, A-II/2 og B-II/1 og B-II/2, og kapittel A-III/1, A-III/2 og B-III/1 og B-III/2.
*Gammel referanse viser til tidligere Emneplan «Emneplan - Navigasjon Dekksoffiser (42 studiepoeng)» rev.dato 11.06.2020 som er godkjent av NUMF og Sjøfartsdirektoratet. | 6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
64TM05K A Lasteteknikk, trim og dypgangsberegninger | Planen omfatter de krav som stilles i henhold til gjeldende STCW konvensjonens kapittel A-II/1, A-II/2 og B-II/1 og B-II/2, og kapittel A-III/1, A-III/2 og B-III/1 og B-III/2.
*Gammel referanse viser til tidligere Emneplan «Emneplan – Lasthåndtering, stuing og skipsteknikk Dekksoffiser (31,5 studiepoeng)» rev.dato 11.06.2020 som er godkjent av NUMF og Sjøfartsdirektoratet. | 7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
00TM05F A Maritim engelsk | Utføre dekksoffiserens plikter Kart, meteorologisk informasjon og andre nautiske publikasjonar Skipets sjødyktigheit, sikkerheit og drift SMCP og kommunikasjon med andre skip, kyststasjonar og VTS-sentre Kommunisere med et fleirspråkleg mannskap | 6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
00TM05I A Norsk kommunikasjon | 0,5 stp. Studieteknikk og kjeldebruk 2 stp. Skriftleg og munnleg kommunikasjon 1 stp. Språk, retorikk og kommunikasjon 1 stp. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi 0,5 stp. Metode | 6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
64TM05F A Oversjøisk seilas og navigasjon | Planen omfatter de krav som stilles i henhold til gjeldende STCW konvensjonens kapittel A-II/1, A-II/2 og B-II/1 og B-II/2, og kapittel A-III/1, A-III/2 og B-III/1 og B-III/2.
*Gammel referanse viser til tidligere Emneplan «Emneplan - Navigasjon Dekksoffiser (42 studiepoeng)» rev.dato 11.06.2020 som er godkjent av NUMF og Sjøfartsdirektoratet. | 5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
64TM05L A Tanklasting | Planen omfatter de krav som stilles i henhold til gjeldende STCW konvensjonens kapittel A-II/1, A-II/2 og B-II/1 og B-II/2, og kapittel A-III/1, A-III/2 og B-III/1 og B-III/2.
*Gammel referanse viser til tidligere Emneplan «Emneplan – Lasthåndtering, stuing og skipsteknikk Dekksoffiser (31,5 studiepoeng)» rev.dato 11.06.2020 som er godkjent av N | 8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
64TM05I A Helhetlige broøvelser i simulator | Planen omfatter de krav som stilles i henhold til gjeldende STCW konvensjonens kapittel A-II/1, A-II/2 og B-II/1 og B-II/2, og kapittel A-III/1, A-III/2 og B-III/1 og B-III/2.
*Gammel referanse viser til tidligere Emneplan «Emneplan - Navigasjon Dekksoffiser (42 studiepoeng)» rev.dato 11.06.2020 som er godkjent av NUMF og Sjøfartsdirektoratet. | 6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
64TM05O A Ledelse | Planen omfatter de krav som stilles i henhold til gjeldende STCW konvensjonens kapittel A-II/1, A-II/2 og B-II/1 og B-II/2, og kapittel A-III/1, A-III/2 og B-III/1 og B-III/2.
*Gammel referanse viser til tidligere Emneplan «Emneplan - Kontroll av skipets drift og omsorg for personer om bord Dekk- og Maskinoffiser (19 studiepoeng)» rev.dato 11.06.2020 som er godkjent av NUMF og Sjøfartsdirektoratet. | 11 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
64TM05A A Avsluttende prosjekt i navigasjon og last | Planen omfatter de krav som stilles i henhold til gjeldende STCW konvensjonens kapittel A-II/1, A-II/2 og B-II/1 og B-II/2, og kapittel A-III/1, A-III/2 og B-III/1 og B-III/2. I dette emnet skal dere bearbeide og belyse spesifikke tema eller emneområder for deres studieretning gjennom bruk av aktuell litteratur og drøfting av ulike problemstillinger. Det er også et mål å samarbeide i grupper. Emnet skal sette søkelys på sammenhengen mellom ulike emner i navigasjon og last. I emnet skal dere skal vise at dere kan gjennomføre en bestemt seilas og gjøre helhetlige navigasjons- og lastevurderinger i tilknytning til seilasen.
| 3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
64TM05G A Skipsmaskineri og meterologi | Planen omfatter de krav som stilles i henhold til gjeldende STCW konvensjonens kapittel A-II/1, A-II/2 og B-II/1 og B-II/2, og kapittel A-III/1, A-III/2 og B-III/1 og B-III/2.
*Gammel referanse viser til tidligere Emneplan «Emneplan - Navigasjon Dekksoffiser (42 studiepoeng)» rev.dato 11.06.2020 som er godkjent av NUMF og Sjøfartsdirektoratet. | 6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
64TM05H A Ny maritim teknologi | Planen omfatter de krav som stilles i henhold til gjeldende STCW konvensjonens kapittel A-II/1, A-II/2 og B-II/1 og B-II/2, og kapittel A-III/1, A-III/2 og B-III/1 og B-III/2.
*Gammel referanse viser til tidligere Emneplan «Emneplan - Navigasjon Dekksoffiser (42 studiepoeng)» rev.dato 11.06.2020 som er godkjent av NUMF og Sjøfartsdirektoratet. | 2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
64TM05M A Tørrlasting og lekkstabilitet | Planen omfatter de krav som stilles i henhold til gjeldende STCW konvensjonens kapittel A-II/1, A-II/2 og B-II/1 og B-II/2, og kapittel A-III/1, A-III/2 og B-III/1 og B-III/2.
*Gammel referanse viser til tidligere Emneplan «Emneplan – Lasthåndtering, stuing og skipsteknikk Dekksoffiser (31,5 studiepoeng)» rev.dato 11.06.2020 som er godkjent av NUMF og Sjøfartsdirek | 8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
64TM05P A Økonomi og rederidrift | Planen omfatter de krav som stilles i henhold til gjeldende STCW konvensjonens kapittel A-II/1, A-II/2 og B-II/1 og B-II/2, og kapittel A-III/1, A-III/2 og B-III/1 og B-III/2.
*Gammel referanse viser til tidligere Emneplan «Emneplan - Kontroll av skipets drift og omsorg for personer om bord Dekk- og Maskinoffiser (19 studiepoeng)» rev.dato 11.06.2020 som er godkjent av NUMF og Sjøfartsdirektoratet. | 3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum | 120 |
Pensumliste
Dekksoffiser på leiingsnivå Austevoll 23-25
Emnebeskrivelse | Pensumliste | ||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
64TM05B A Sjøveisregler og Brovakthold | Sjøveisregler og brovakthold
| ||||||||||||||||||||||||
00TM05D A GMDSS/GOC | GMDSS/GOC
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05J A Skipsteknikk og stabilitet | Skipsteknikk og stabilitet
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05N A Sjørett | Sjørett
| ||||||||||||||||||||||||
00TM05G A Fysikk | Fysikk
| ||||||||||||||||||||||||
00TM05H A Matematikk | Matematikk
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05C A Kystseilas og grunnleggende navigasjon |
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05D A Navigasjonssystemer | Navigasjonssystemer
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05E A Manøvrering og operasjon av skip | Manøvrering og operasjon av skip
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05K A Lasteteknikk, trim og dypgangsberegninger | Lasteteknikk, trim og dypgangsberegninger
| ||||||||||||||||||||||||
00TM05F A Maritim engelsk | Maritim engelsk
| ||||||||||||||||||||||||
00TM05I A Norsk kommunikasjon | Norsk kommunikasjon
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05F A Oversjøisk seilas og navigasjon | Oversjøisk seilas og navigasjon
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05L A Tanklasting | Tanklasting
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05I A Helhetlige broøvelser i simulator | Helhetlige broøvelser i simulator
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05O A Ledelse | Ledelse
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05A A Avsluttende prosjekt i navigasjon og last | Avsluttende prosjekt i navigasjon og last Litteratur fra tidligere emner innenfor navigasjon og last. | ||||||||||||||||||||||||
64TM05G A Skipsmaskineri og meterologi | Skipsmaskineri og meterologi N. Kjerstad, fremføring av skip med navigasjonskontroll, 5 utg 2021. ISBN 9788245035346 K.V. Dokkum, DOKMAR Maritime publications, Ship knowledge; ships design, construction and operation. 10th edition. ISBN 978-90-71500-40-4
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05H A Ny maritim teknologi | Ny maritim teknologi Pensum vert gjort tilgjengeleg på læringsplattform av lærar | ||||||||||||||||||||||||
64TM05M A Tørrlasting og lekkstabilitet | Tørrlasting og lekkstabilitet
H. Bøe, K Grønseth, J.Johansen, K12 Lasteberegning og behandling av last. 2019. ISBN 9788293766247, tilgjengelig på mafarg.no O.H Brandal, K22 Lasting, lossing og stuing, 2018, ISBN: 9788293766049 Tilgjengelig på marfag.no H. Bøe, K48 Last, skipsteknikk og stabilitet, 2022 ISBN: 9788293766308 Tilgjengelig på marfag.no J.Johansen, K19 Lekkstabilitet, rev 1 2020, 978-82-93766-25-4, tilgjengelig på marfag.no
| ||||||||||||||||||||||||
64TM05P A Økonomi og rederidrift | Økonomi og rederidrift
|