Dekksoffiserutdanning på leiingsnivå Austevoll 24-26

  • Studiefakta

    • Fagområde
      Maritime Fag
    • Studiepoeng
      120
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Austevoll
    • Studieform
      Heiltid
    • Startsemester
      2024 Haust

Dekksoffiserutdanning på leiingsnivå Austevoll 24-26

Antall studieplasser

30

Om studiet

Norge er blant dei leiande maritime nasjonane i verda. I dag er mange menneske direkte sysselsett i maritime bedrifter i alle fylker i landet, og verdiskapinga er høg. Eit viktig grunnlag for å oppretthalde og vidareutvikle våre sterke maritime sektorar er at norske skip eigast og drivast frå Noreg. Fagskulen Vestland er landets største fagskule innan maritim utdanning

Behovet for maritimt personell må sjåast i eit langsiktig perspektiv, der kompetanse og erfaring opparbeidd i jobb på havet òg kan nyttast i landbaserte stillingar. Det vil derfor vere viktig å utvikle gode studietilbod i fagskulen som kan vedlikehalde og vidareutvikle den maritime kompetansen næringa har behov for.

Fagskulen Vestland tilbyr studie i dekksoffisersutdanning og maskinoffisersutdanning. Målet med studiet er å utdanna skipsoffiserar med moral, gode haldningar, kompetanse og yrkesetikk - som kjenneteiknar den kvaliteten som krevst for å møte morgondagens utfordringar. Fagskulen Vestland brukar moderne og avansert utstyr i undervisninga, som mellom anna maskinromsimulator, bru- og lastesimulator og radiosimulator.

Dekksoffiserutdanninga tilfredsstiller både STCW A-II/1 (og B-II/1) og STCW A-II/2 (og B-II/2) og vil saman med nødvendig fartstid gi grunnlag for kompetansesertifikat for dekksoffiser klasse 4, 3, 2 og 1. Etter fullført utdanning, og nødvendig opplæringstid om bord (kadett-tid), vil du kunne segle som navigatør/dekksoffiser på alle skip i verda. Med tilstrekkeleg fartstid vil du også kunne arbeide som skipsførar/kaptein. Kompetansen du opparbeider deg gjennom praksis og fagskuleutdanninga er attraktiv for framtidige jobbar i den maritime næringa som los, inspektør, hos sjøfartsmyndigheitene, klasseselskap eller reiarlag.

Opplæringa dekkjer kravet til teori for dei høgste maritime sertifikata i løpet av opplæringa, i høve til den internasjonale konvensjonen om normer for opplæring, sertifikat og vakthald for sjøfolk (STCW). Ein gjer derfor merksam på dei tilleggskrav om teori, praksis/fartstid, helse og vandel som gjeld for å løyse sertifikat. Helsekrav for offiserar og mannskap som skal tenestegjere på skip er spesifisert i «Forskrift om helseundersøking av arbeidstakar på skip» :

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-06-05-805

Læringsutbyte

Dekksoffiserutdanninga består av følgande emne:

  • Navigasjon
  • Lastehandtering, stuing og skipsteknikk
  • Kontroll av skipets drift og omsorg for personar om bord
  • Generell radiooperatøropplæring (General Operator Certificate)
  • Maritim engelsk
  • Fysikk
  • Matematikk
  • Norsk kommunikasjon

Kunnskap

Kandidaten

  1. har kunnskap om skipskonstruksjon, vedlikehald og drift av skip med tilhøyrande verktøy og system, samt behandling av last, tilsvarande krav satt i STCW for overstyrmann og skipsførar.
  2. har kunnskap om navigering og planlegging av ein seglas tilsvarande krav  i STCW for overstyrmenn og skipsførar
  3. har kunnskap om økonomi og leiing, norsk, engelsk, matematikk og fysikk tilsvarande krav beskrive i dei forskjellige funksjoner i STCW som gjelder for overstyrmenn og skipsførar
  4. har kunnskap om vern av havmiljøet, eit skips sikkerheit og omsorg for personar om bord på skip
  5. kan vurdere eige arbeid som leiande dekksoffiser i forhold til IMO sine  konvensjonar, regelverk, avtaleverk, prosedyrar og forskrifter
  6. har kunnskap om internasjonal skipsfart og kjennskap til maritim næring
  7. kan oppdatere sin yrkesfaglege kunnskap om marint miljø, maritim sikkerheit og drift av skip
  8. kjenner til skipsfartens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet både nasjonalt og internasjonalt
  9. har innsikt i egne utviklingsmoglegheiter i i bedrifta, hos verft og utstyrsleverandørar, samt relaterte yrker

Ferdigheter

Kandidaten

  1. kan gjere reie for sine faglege val av metodar, prosesser og teknikkar i leiinga av skipets navigering, lasting/lossing og drift
  2. kan reflektere over sin eigen utøving som leiande dekksoffiser og justere denne under rettleiing
  3. kan finne og vise til informasjon og fagstoff, regelverk, avtaleverk, prosedyrar og forskrifter og vurdere relevansen for drifta av skip
  4. kan kartlegge en situasjon som oppstår om bord, identifisere hvordan dette påvirker skipet sin sikkerheit og identifisere behov for å iverksette tiltak

Generell kompetanse

Kandidaten

  1. kan planlegge og gjennomføre seglas, lasting og lossing samt andre prosjekt innan drift av skip, aleine og saman med kollegar om bord, i tråd med etiske krav og retningslinjer
  2. kan utføre arbeid med navigering, lasting/lossing, drift og overvaking av skip i tråd med lover, forskrifter, produsenten sine tilrådingar  og verksemda sine interne regelverk
  3. kan bygge relasjonar med andre nautikarar, og på tvers av fag, samt med leverandørar av varer og tenester
  4. kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innan drift av skip, samt eksterne målgrupper som leverandørar, myndigheiter og klasseselskap, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis ved drift, vedlikehald og operasjon av skip

kan bidra til organisasjonsutvikling om bord ved å ta i bruk nye arbeidsmetodar og ny teknologi.

Opptak

Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er anten relevant fag- eller sveinebrev eller treårig yrkesfagleg opplæring.

Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.

Søkjarar til maritim utdanning må i tillegg dokumentere bestått grunnleggande sikkerheitsopplæring (IMO60).

 

Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.

Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.

Det er krav til kunnskapar i norsk og engelsk tilsvarande VG2 yrkesfagleg utdanningsprogram samt matematikk og naturfag tilsvarande VG1 på yrkesfagleg utdanningsprogram.

Relevant praksis kan vere innanfor mekaniske fagområde (for eksempel verkstad, mekanisk industri, elektroinstallasjon), planlegging og innanfor logistikk og sjøfart.

  • For søkarar til dekksoffisersutdanninga er det krav om minimum 30 månadar relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy. Relevant og bestått utdanning innanfor matrosfag eller fiske og fangst kan telle med inntil to år.

Organisering av studiet

Normert arbeidsmengde pr. studieår for dette studiet er 1700 timer pr. år (samla 3400 timer), som fordeler seg på følgande måte: 22 timer pr. fagskulepoeng til organiserte pedagogiske aktivitetar, derav 19 timeplanfesta timer og 3 timer til rettleiing av studentar. I tillegg kjem 6,3 timer pr. fagskulepoeng som studenten legg til rette for sjølv gjennom eigenstudie

Fagskulen Vestland nyttar digitale læringsplattformar. Plattformane har funksjonar til å ivareta informasjonsflyt, planar og fagstoff i alle emna.  Plattforma har funksjonar for å lage individuelle oppgåver, testar og prøver.  Det er også tilgjengeleg videokonferanseverktøy som kan nyttast til samarbeid og digitale grupperom..

Studenten må disponere eigen PC og kunne nytte vanlege dokumentasjonsverktøy. Studenten får lisens på Office 365+. Det er sterkt anbefalt med ekstern skjerm.

Refererer til STCW 78 med endringar, kapittel A-II/1 og B-II/1 samt tabell A-II/1 og i kapittel A-II/2 og B-II/2 samt tabellane A-III/1 og A-II/2 i forskrifta.

Emne-

kode

Emnetype

Emnebeskriving

Ref. - STCW

Studie-

poeng

00TM05A

Konvensjons-

emne

Navigasjon

A-II/1, B-II/1

A-II/2, B-II/2

42

00TM05B

Konvensjons-

emne

Last handtering, stuing og skipsteknikk

A-II/1, B-II/1

A-II/2, B-II/2

31

00TM05C

Konvensjons-

emne

Kontroll av skipets drift og omsorg for personar om bord

A-II/1, B-II/1

A-II/2, B-II/2

19

00TM05D

Konvensjons-

emne

GMDSS (GOC)

A-I/7

5

00TM05F

 Konvensjons-

emne

Maritim engelsk

A-II/1, B-II/1

A-II/2, B-II/2

6

00TM05G

Reiskapsemne

Fysikk

 

6

00TM05H

Reiskapsemne

Matematikk

 

6

00TM05I

Reiskapsemne

Norsk kommunikasjon

 

5

Sum 2 studieår

120

Arbeidsmengde i Dekksoffiser på leiingsnivå Austevoll 24-26

EmnebeskrivelseTimeplanfesta
timer
SjølvstudiumSum
64TM05B A Sjøveisregler og Brovakthold503585
00TM05D A GMDSS/GOC10059159
64TM05J A Skipsteknikk og stabilitet8359142
64TM05N A Sjørett8359142
00TM05G A Fysikk9971170
00TM05H A Matematikk9971170
64TM05C A Kystseilas og grunnleggende navigasjon11683199
64TM05D A Navigasjonssystemer9971170
64TM05E A Manøvrering og operasjon av skip9971170
64TM05K A Lasteteknikk, trim og dypgangsberegninger11683199
00TM05F A Maritim engelsk9971170
00TM05I A Norsk kommunikasjon9971170
64TM05F A Oversjøisk seilas og navigasjon8359142
64TM05L A Tanklasting13295227
64TM05I A Helhetlige broøvelser i simulator9971170
64TM05O A Ledelse182130312
64TM05A A Avsluttende prosjekt i navigasjon og last503585
64TM05G A Skipsmaskineri og meterologi9971170
64TM05H A Ny maritim teknologi332457
64TM05M A Tørrlasting og lekkstabilitet13294226
64TM05P A Økonomi og rederidrift503585
Sum200214183420
Dekksoffiser på leiingsnivå Austevoll 24-26

Dekksoffiser på leiingsnivå Austevoll 24-26

Studiemodell

Dekksoffiser på leiingsnivå Austevoll 24-26

Undervisningsformer

Undervisningsformene i studiet skal vere føremålstenlege i høve læringsutbytta for utdanninga og  relevante for fagfeltet. Det vert lagt stor vekt varierte læringsaktiviteter og ei praktisk-teoretisk tilnærming i kvart emne. Det er viktig at studentane får både teoretisk og praktisk forståing av faget og bransjen.

I tillegg til fagleg utvikling skal studentane utvikle evne til samarbeid, kommunikasjon og praktisk problemløysing. Gjennom studiet vert det lagt opp til varierte gruppe- og prosjektarbeid der samarbeidet er eit mål i seg sjølv. Skulen forventar at studentane viser initiativ, tar ansvar for eige studiearbeid og felles læringsmiljø og viser ei konstruktiv og kritisk haldning til studiet. Studentane har praktisk erfaring innan eigne fagområde frå tidlegare utdanning/praksis, og dette gjev høve til å legge til rette for erfaringsbaserte og studentsentrerte læringsformer. Gjennom pedagogisk leiing skal studentane trekkast aktivt med og trenast opp til refleksjon omkring eigen læringsprosess. Variasjon i val av læringsaktivitetar er nødvendig for at studentane skal oppnå heilskapleg kompetanse som omfattar både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Det vert nytta prosjektarbeid som læringsaktivitet i nokon emne, både individuelt og i grupper, tilpassa tema. Nokre prosjektarbeid vert avslutta med presentasjonar. 

Studentane skal arbeide med teoretiske oppgåver, dokumentere demonstrasjonar og praksis med logg og refleksjon, samt diskusjonar i klassen. Læringsaktivitetane skal gjennom pedagogisk leiing motivere studentane til sjølvstendig og aktiv refleksjon over egne læringsprosess og bidra til at læringsutbytta for studiet vert nådd.

Læringsaktiviteter:

Skolen vil nytta mange ulike læringsaktiviteter for at studentane skal nå overordna læringsutbytte for utdanninga. Døme på læringsaktivitetar:

  • Lærarstyrt undervisning og førelesningar i klasserom
  • Simulatorbruk
  • Praktisk arbeid i skule
  • Praktiske demonstrasjonar med logg og refleksjon
  • Individuelle arbeidsoppgåver
  • Prosjektarbeid og prosjektoppgåver (både gruppe og individuelt)
  • Presentasjonar
  • Bedriftsbesøk og studieturar
  • Diskusjonar

Vurdering

Emnekarakteren skal setjast på grunnlag av dei obligatoriske arbeidskrava.

Obligatoriske arbeidskrav

  • Obligatoriske arbeidskrav er omtalt i studieplanen sin del 3
  • Obligatoriske arbeidskrav kan ha vurdering med karakter eller bestått/ikkje-bestått
    • Alle obligatoriske arbeidskrav må være bestått for å behalda retta til å gå opp til eksamen.
    • Det er to forsøk ved obligatoriske arbeidskrav.
    • Ved særskilte tilfelle kan studenten søke rektor om et tredje forsøk innan 5 dagar etter at studenten er blitt kjent med resultatet frå forsøk nr. 2, eller burde ha gjort seg kjent med dette.

Sluttvurdering

Emnekode Fag Eksamenform Gjennomføres
64TM05A Avsluttende prosjekt i navigasjon og last 5 dagens tverrfaglig prosjekt skriftlig innlevering og muntlig utspørring 4.semester
64TM05B Sjøveisregler og brovakthold Skriftig skoleeksamen 1.semester
64TM05C Kystseilas og grunnleggende navigasjon Skriftig skoleeksamen 2.semester
64TM05D Navigasjonssystemer 3 timers praktisk/teoretisk eksamen  2.semester
64TM05E Manøvrering og operasjon av skip Emnet vurderes bestått/ikke bestått basert på 80% fremmøte på simulator. 2.semester
64TM05F Oversjøisk seilas og navigasjon  5 timers skriftlig skoleeksamen sammenslått med  64TM05G  4.semester
64TM05G Skipsmaskineri og meteorologi 5 timers skoleeksamen sammenslått med 64TM05F 4.semester
64TM05H Ny maritim teknologi Emnet blir vurdert bestått/ikke bestått basert på en skriftlig semesteroppgave  4.semester
64TM05I Helhetlige broøvelser i simulator Praktisk eksamen på simulator 4.semester
64TM05J Skipsteknikk og stabilitet Fem timers skriftlig skoleeksamen sammenslått med 64TM05K 2.semester
64TM05K Lasteteknikk, trim- og dypgangsberegninger Fem timens skriftlig skoleeksamen sammenslått med 64TM05J 2.semester
64TM05L Tanklasting 5 timers skriftlig skoleeksamen sammenslått med 64TM05M 4.semester
64TM05M Tørrlasting og lekkstabilitet 5 timers skriftlig skoleeksamen sammenslått med 64TM05L 4.semester
64TM05N Sjørett To dagers hjemmeeksamen 2.semester
64TM05O Ledelse To dagers hjemmeeksamen med påfølgende muntlig eksamen 4.semester
64TM05P Økonomi og rederidrift 3 timers skriftlig skoleeksamen 4.semester
00TM05D GMDSS/GOC  Bestått/ikkje bestått eksamen. 1.semester
00TM05I Norsk 4-timers skriftleg skuleeksamen 3.semester
00TM05F Mar. engelsk Munnleg eksamen 3.semester
00TM05G Fysikk 5 timer skriftlig skoleeksamen 2.semester
00TM05H Matematikk 5 timer skriftlig skoleeksamen 2.semester

 

Karakterskala

I samsvar med Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland nyttast fylgjande karakterskala og forklaring som grunnlag for karaktersetting:

Symbol

Nemning

Generell, ikkje-fagspesifikk beskriving av vurderingskriterier

A

Framifrå

Framifrå prestasjon som skil seg klart ut.

Studenten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.

B

Mykje god

Mykje god prestasjon.

Studenten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende.

C

God

Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda.

Studenten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda..

D

Nokså god

Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar.

Studenten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende.

E

Tilstrekkeleg

Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir.

Studenten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende.

F

Ikkje bestått

Prestasjon som ikkje tilfredsstiller minimumskrava.

Studenten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende.

 

Vurdering skal organiserast og gjennomførast i tråd med reglementet ved utdanningstilbodet og regel I/6 i STCW-konvensjonen. Vurderingar skal ta utgangspunkt i heilskapen og spegle kompetansen til studenten sett i forhold til dei måla og kriteria som er gitt.

Når føremålstenleg, kan ein prosentskala være retningsgjevande for bruk av karakterskalaen. Det anbefalast ei tilnærma lineær skala med 40 % som minimum for å bestå.

 

Karakter

%

A

89 – 100

B

76 – 88

C

63 – 75

D

50 – 62

E

40 – 49

F

< 40

Sluttdokumentasjon

Fullført og bestått fagskuleutdanning på 120 stp gir vitnemål og ein høgare fagskulegrad.

Vitnemålet skal innehalda:

  • Emne som inngår i utdanninga.
  • Omfang av emne og oppnådd karakter.
  • Overordna læringsutbytte.
  • Nivå i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) 5.2 og kvalifikasjonen som ble oppnådd.
  • Karaktersystemet som blir brukt og tal på studiepoeng.
  • Namn på utdanning og tittel på hovudprosjektet.

Omgrepet Vocational Diploma (VD) brukast på vitnemålet for å sikre at det også kan nyttast internasjonalt.

 Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan be om eit kompetansebevis som visar fullførte og beståtte emne og eventuelt eksamenar.

Pensumliste

Dekksoffiser på leiingsnivå Austevoll 24-26

EmnebeskrivelsePensumliste
64TM05B A Sjøveisregler og Brovakthold

Vi anbefaler å avvente med å kjøpe faglitteratur til studiet starter, da endringer kan forekomme frem mot studiestart. Dette gjelder alle emner.

Tor Gravdal, K52 Lærebok for sjøveisreglene, marfag.no Juni 2022, ISBN 978-82-93766-31-5

Lovdata.no

Sjøveisreglene, 2015, Cappelen Damm akademisk, ISBN; 9788202495558

 

00TM05D A GMDSS/GOC

GMDSS/GOC

Robert Nilsen, Gunnar Totland m/fl 2023. tilgjengelig som PDF fil på it's learning

Torbjørn Tombre, utstyrsavhengig kompendium, tilgjengelig på LAB

 

64TM05J A Skipsteknikk og stabilitet

Skipsteknikk og stabilitet

H. Bøe, K Grønseth, J.Johansen, Lasteberegning og behandling av last. K12. 2019. ISBN 9788293766247, tilgjengelig på mafarg.no

N Kjerstad, Fremføring av skip med navigasjonskontroll for maritime studier, 5 utg, 2021, ISBN: 9788245035346

 

 

 

64TM05N A Sjørett

Sjørett

P. Aamundseth. Sjørett og økonoki, 4 utg. 2022, ISBN: 9788279972365

P. Aamundseth, Sjørtett og økonomi, oppgavesamling. i utg 2013. ISBN 9788292284773

 

00TM05G A Fysikk

Fysikk

T.ekern, Ø Guldahl, Fysikk for fagskolen. 2009, ISBN 9788256269518

 

00TM05H A Matematikk

Matematikk

T. Ekern, Ø. Guldahl, Matematikk for fagskolen, 2020, ISBN: 9788245034196

 

64TM05C A Kystseilas og grunnleggende navigasjon

Kystseilas og grunnleggende navigasjon:

O. H. Brandal, Terrestrisk Navigasjon, versjon 2, 13.01.2021. ISBN 978-82-93766-03-2, Tilgjengelig på Marfag.no

N. Kjerstad, Navigasjon for maritime studier, 4 utg, 2020. ISBN:9788245034448

 

64TM05D A Navigasjonssystemer

Navigasjonssystemer

N. Kjerstad, Elektroniske og akustiske navigasjonssystemer for maritime studier. 6 utg, 2019. ISBN 9788345025521

 

64TM05E A Manøvrering og operasjon av skip

Manøvrering og operasjon av skip

N. Kjerstad, Fremføring av skip med navigasjonskontroll for maritime studier, 5 utg 2021. ISBN 9788245035346

 

64TM05K A Lasteteknikk, trim og dypgangsberegninger

Lasteteknikk, trim og dypgangsberegninger

H. Bøe, K Grønseth, J.Johansen, K12 Lasteberegning og behandling av last.  2019. ISBN 9788293766247, tilgjengelig på mafarg.no

O.H Brandal, K22 Lasting, lossing og stuing, 2018, ISBN: 9788293766049 Tilgjengelig på marfag.no

H. Bøe, K48 Last, skipsteknikk og stabilitet, 2022 ISBN: 9788293766308 Tilgjengelig på marfag.no

 

00TM05F A Maritim engelsk

 

LÆREBOK FORFATTER UTGIVELSE ISBN
 K16 Textbook Maritime English. Deck Officers  T. Amundsen, I. Slinning og B. Skar  2017 Tilgjengelig på Marfag.no 

Maritime Standarduttrykk 

Sjøfartsdirektoratet  2.utg., 1999

9788200424017 

Tilgjengelig på nett på www.nb.no

Ship Knowledge   DOKMAR MARITIME PUBLISHERS B.V.   10.utg., 2020 978-90-71500-40-4
00TM05I A Norsk kommunikasjon

Norsk kommunikasjon

Lærebok Forfatter Utgivelse ISBN
 Norsk for Ingeniører T.M. Talmo, A. Stifoss-Hanssen og A. Ulstein  3.utg., 2022 9788215063171 
64TM05F A Oversjøisk seilas og navigasjon

Oversjøisk seilas og navigasjon

N. Kjerstad, Fremføring av skip med navigasjonskontroll for maritime studier, 5 utg 2021. ISBN 9788245035346

N. Kjerstad, Navigasjon for maritime studier, u utg 2020. ISBN 9788245034448

 

64TM05L A Tanklasting

Tanklasting

H. Bøe, K Grønseth, J.Johansen, K12 Lasteberegning og behandling av last.  2019. ISBN 9788293766247, tilgjengelig på mafarg.no

O.H Brandal, K22 Lasting, lossing og stuing, 2018, ISBN: 9788293766049 Tilgjengelig på marfag.no

H. Bøe, K48 Last, skipsteknikk og stabilitet, 2022 ISBN: 9788293766308 Tilgjengelig på marfag.no

 

64TM05I A Helhetlige broøvelser i simulator

Helhetlige broøvelser i simulator

Tor Gravdal, K52 Lærebok i sjøveisreglene, Juni 2022. Tilgjengelig på marfag.no

Cappelen Damm Akademisk, Sjøveisreglene, 2015 ISBN: 9788202495558

N. Kjerstad, Navigasjon for maritime studier, 4 utg, 2020, ISBN: 9788245034448

N. Kjerstad, Elektroniske og akustiske navigasjonssystemer for maritime studier, 6 utg, 2019, ISBN: 9788245025521

N. Kjerstad, Fremføring av skip med navigasjonskontroll for maritime studier, 5 utg, 2021, ISBN 9788245035346

 

64TM05O A Ledelse

Ledelse

O.J. Borch, Fartøyledelse og kontroll av skipets drift. 1 utg 2016, ISBN 9788245020908

R. Hagerupsen. Kontroll av skipets drift og omsorg for personer ombord. 1 ug. 2019. ISBN: 9788293766001, Tilgjengelig på marfag.no

H Ringstad og T. ødegård, Typeforståelse. 4 utg 2012.

Diverse kompendier på læringsplattform

 

 

64TM05A A Avsluttende prosjekt i navigasjon og last

Avsluttende prosjekt i navigasjon og last

Litteratur fra tidligere emner innenfor navigasjon og last.

64TM05G A Skipsmaskineri og meterologi

Skipsmaskineri og meterologi

N. Kjerstad, fremføring av skip med navigasjonskontroll, 5 utg 2021. ISBN 9788245035346

K.V. Dokkum, DOKMAR Maritime publications, Ship knowledge; ships design, construction and operation. 10th edition. ISBN 978-90-71500-40-4

 

64TM05H A Ny maritim teknologi

Ny maritim teknologi

Pensum vert gjort tilgjengeleg på læringsplattform av lærar

64TM05M A Tørrlasting og lekkstabilitet

Tørrlasting og lekkstabilitet

 

H. Bøe, K Grønseth, J.Johansen, K12 Lasteberegning og behandling av last.  2019. ISBN 9788293766247, tilgjengelig på mafarg.no

O.H Brandal, K22 Lasting, lossing og stuing, 2018, ISBN: 9788293766049 Tilgjengelig på marfag.no

H. Bøe, K48 Last, skipsteknikk og stabilitet, 2022 ISBN: 9788293766308 Tilgjengelig på marfag.no

J.Johansen, K19 Lekkstabilitet, rev 1 2020, 978-82-93766-25-4, tilgjengelig på marfag.no

 

64TM05P A Økonomi og rederidrift

Økonomi og rederidrift

 

P. Aamundseth. Sjørett og økonomi, 4 utg. 2022, ISBN: 9788279972365

P. Aamundseth, Sjørett og økonomi, oppgavesamling. i utg 2013. ISBN 9788292284773