65TT04Q E8 Konstruksjonsteknikk og berekning

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Maskinteknikk
    • Studiepoeng
      13
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Maskinteknikk Førde
    • Startsemester
      2026 Haust

Om emnet

Konstruksjonsteknikk og berekning

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om korleis ytre krefter vert tatt opp i ulike materiale, avhengig av den konstruktive utforminga av den aktuelle delen
  • har kunnskap om krefter og spenningar i konstruksjonar
  • har kunnskap om matematiske modellar og berekningsmetodar for styrkeberekning av konstruksjonar og ulike maskindelar
  • kan gjere greie for metodar for riktig val av materiale og design av konstruksjonar
  • har kunnskap om aktuelle dataverktøy for dokumentering

Ferdigheter

Studenten:

  • kan berekne krefter og spenningar i konstruksjonar, manuelt og ved hjelp av dataverktøy, og kunne dokumentere dette
  • kan analysere verknaden av endra vilkår på konstruksjonen, enten det gjeld storleik og retning på krefter, eller endringar på konstruksjonsdelen
  • kan velje riktige maskindelar til ulike løysingar
  • kan finne, reflektere over og vise til relevant fagstoff
  • kan dokumentere prosessar frå idé til ferdig produkt
  • kan inngå formelle avtaler og samordne alle grupper av leverandørar og spesialistar

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan leie faglege grupper som arbeider med dokumentasjon, tryggleik, kvalitet og økonomi innan konstruksjonsteknikk
  • kan vere prosjekteringsleiar for sveiste, skrudde og mekaniske konstruksjonar
  • kan utarbeide relevant dokumentasjon innan konstruksjonsteknikk
  • kan bidra til å utvikle og organisere konstruksjonsoppgåver i samsvar med styringssystem og HMT i bedrifta
  • skal kunne vurdere samanhengane mellom val av materiale, styrke, funksjon og form

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid.

Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.

Vurdering

Fire testar i emnet tel  30 % av emnekarakteren, og vert sett etter ei heilskapeleg vurdering

Avsluttande eksamen på fem timar tel  70 % av emnekarakteren.

 

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
60 Time(r)
Deltid
Egenstyrt aktivitet
300 Time(r)
Deltid

Fagressursar

Utdelte kompendium.

Tabellar
Hartvigsen, H. & Lorentsen, R. & Michelsen, K. & Seljevoll, S. (2006) Verkstedhandboken. siste utg. Oslo, Gyldendal.
Pedersen, S. E. & Gustavsen, J. & Kaasa, S. & Olsen, O. (1998) Teknisk formelsamling med tabellar. 7. utg. Oslo, Gyldendal.

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Maskinteknikk Førde

Emneansvarlig

Kjell Håvard Fjeldsaunet
Stig Svendsen Savland