65TT04Q E8 Konstruksjonsteknikk og berekning
Emnefakta
- FagområdeMaskinteknikk
- Studiepoeng13
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramMaskinteknikk Førde
- Startsemester2024 Haust
Om emnet
Konstruksjonsteknikk og berekning
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om korleis ytre krefter vert tatt opp i ulike materiale, avhengig av den konstruktive utforminga av den aktuelle delen
- har kunnskap om krefter og spenningar i konstruksjonar
- har kunnskap om matematiske modellar og berekningsmetodar for styrkeberekning av konstruksjonar og ulike maskindelar
- kan gjere greie for metodar for riktig val av materiale og design av konstruksjonar
- har kunnskap om aktuelle dataverktøy for dokumentering
Ferdigheter
Studenten:
- kan berekne krefter og spenningar i konstruksjonar, manuelt og ved hjelp av dataverktøy, og kunne dokumentere dette
- kan analysere verknaden av endra vilkår på konstruksjonen, enten det gjeld storleik og retning på krefter, eller endringar på konstruksjonsdelen
- kan velje riktige maskindelar til ulike løysingar
- kan finne, reflektere over og vise til relevant fagstoff
- kan dokumentere prosessar frå idé til ferdig produkt
- kan inngå formelle avtaler og samordne alle grupper av leverandørar og spesialistar
Generell kompetanse
Studenten:
- kan leie faglege grupper som arbeider med dokumentasjon, tryggleik, kvalitet og økonomi innan konstruksjonsteknikk
- kan vere prosjekteringsleiar for sveiste, skrudde og mekaniske konstruksjonar
- kan utarbeide relevant dokumentasjon innan konstruksjonsteknikk
- kan bidra til å utvikle og organisere konstruksjonsoppgåver i samsvar med styringssystem og HMT i bedrifta
- skal kunne vurdere samanhengane mellom val av materiale, styrke, funksjon og form
Vurdering
Resultatet av fire av testane i arbeidskravet, som tel inntil 30 % av emnekarakteren.
Avsluttande eksamen på fem timar, som tel omlag 70 % av emnekarakteren.
Emnekarakter vert sett med bakgrunn i ei heilheitsvurdering av studenten sitt arbeid gjennom året.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 198 Time(r) | |
Sjølvstudium | 171 Time(r) |
Arbeidskrav
Seks testar med læringsnotat der fire må vere godkjende.
Fagressursar
Litteraturliste E8 Konstruksjonsteknikk og berekning
Tabellar
Hartvigsen, H. & Lorentsen, R. & Michelsen, K. & Seljevoll, S. (2006) Verkstedhandboken. siste utg. Oslo, Gyldendal.
Pedersen, S. E. & Gustavsen, J. & Kaasa, S. & Olsen, O. (1998) Teknisk formelsamling med tabellar. 7. utg. Oslo, Gyldendal.
Utdelte kompendium.
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Maskinteknikk Førde
Emneansvarlig
Rolf Yksnøy
Stig Svendsen Savland