65TT04K E5 Prosessteknikk

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Maskinteknikk
    • Studiepoeng
      12
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Maskinteknikk Førde
    • Startsemester
      2024 Haust

Om emnet

Termodynamikk inkl. varme- og energiteknikk
Kjemi og miljølære
Materiallære

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskapar innanfor områda uorganisk og organisk kjemi som gjer studenten i stand til å vurdere kjemien og faremomenta i det som skjer i en valt prosess og kjenne til faktorar som påverkar miljøet lokalt og globalt
  • har kunnskapar om omgrep i teoriar, prosessar og verktøy som vert brukt i kjemi, vassbehandling og gassreinsing
  • har kunnskap om enkle trykk- og energiberekningar i væske og gassystem
  • har kunnskap om pumpetypar og berekningar for val av pumpe
  • har kunnskap om kjølemedia og kan dimensjonere kuldeanlegg
  • har kunnskap om ulike typar kompressorar og utstyr
  • har kunnskap om forskjellige typar varmevekslarar
  • har kunnskap om luftkondisjoneringsanlegg og tørkeprosessar med luft
  • har kunnskap om eigenskapar og bruksområde til materiale som stål, støypejern, aluminium, plast og keramer
  • kan vurdere bearbeidingseigenskapar, vekt kontra styrke, varigheit og miljøpåverking for ulike materiale både sett frå eit teknologisk og eit økonomisk perspektiv
  • kan vurdere kva materialkvalitetar som totalt sett eignar seg best for den aktuelle oppgåva og i høve til forhold som gjeld konstruksjon og tilverking
  • har kjennskap til teknologi og industriell produksjon og kan oppdatere sin yrkesfaglege kunnskap og har innsikt i eiga utvikling

Ferdigheter

Studenten:

  • kan gjere greie for val av materiale og energisystem innan prosessteknikk
  • kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere desse under rettleiing
  • kan finne, vise til og vurdere fagleg relevant informasjon
  • kan gjere berekningar og vurderingar ut frå temperatur, trykk og tilstand i prosessar
  • kan identifisere ein termisk prosess og setje i verk tiltak som reduserer miljøbelastningane i samsvar med norsk standard, maskindirektivet og HMT
  • kan spesifisere ønska materialkvalitet og foreslå relevante konstruksjons- og tilverkingsløysingar
  • kan, med bakgrunn i trykk- og energiberekningar, kartlegge ein situasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for å setje i verk tiltak i væske-, gass- og pumpesystem

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan gå inn i endringsprosessar som krevst for å følge med i den teknologiske utviklinga
  • kan planlegge og gjennomføre yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjekter innan prosessteknikk ålene og som deltakar i gruppe
  • har brei fagleg kompetanse innan teknologisk utvikling i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan utveksle synspunkt med andre i bransjen/yrket, delta i diskusjon om utvikling av god praksis og kan bidra til organisasjonsutvikling

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid. I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av evt eksamen, heildagsprøvar og framføring av hovudprosjekt.

Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.

Vurdering

Emnekarakteren vert sett etter ei vekta vurdering av arbeidet i delemna nedanfor.

Delkarakterene vert sett etter ei heilskapeleg vurdering.

Termodynamikk inkl. varme- og energiteknikk
To prøver som tel 40 % av emnekarakteren.

Kjemi og miljølære
To prøver som tel 25 % av emnekarakteren.

Materiallære
Fire prøver som tel 35 % av emnekarakteren.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
41 Time(r)
Deltid
Egenstyrt aktivitet
295 Time(r)
Deltid

Arbeidskrav

Termodynamikk inkl. varme- og energiteknikk
To innleveringar.

Kjemi og miljølære
Ei innlevering. 

Materiallære
To laboratorieøvingar med levert rapport.

Fagressursar

Lærebøker
Johannessen, K. (2014) Teknisk termodynamikk med strømningslære. 1.utg. Bergen, Fagbokforlaget.
Boye, A. C. (2009) Kjemi og miljølære. 4. utg. Oslo, Gyldendal.
Grøndalen, Ø. (2002) Materiallære. 1. utg. Oslo, Fagbokforlaget. (heile boka).

Tabellar
Hartvigsen, H. & Lorentsen, R. & Michelsen, K. & Seljevoll, S. (2006) Verkstedhandboken. 6. utg. Oslo, Gyldendal.
Pedersen, S. E. & Gustavsen, J. & Kaasa, S. & Olsen, O. (1998) Teknisk formelsamling med tabellar. 7. utg. Oslo, Gyldendal.

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Maskinteknikk Førde

Emneansvarlig

Kjell Håvard Fjeldsaunet
Stig Svendsen Savland