65TB01T E9 Bygningsfysikk

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Bygg
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Bygg Førde
    • Startsemester
      2026 Haust

Om emnet

  • Bygningsfysikk

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  •      har kunnskap om bygningen sin energiflyt
  •      har kunnskap om internlaster i ulike bygningskategoriar
  •      har kunnskap om dei ulike ventilasjonsprinsippa
  •      har generell kunnskap om vassborne anlegg
  •      har generell kunnskap om kjøleanlegg
  •      har generell kunnskap om automasjon
  •      veit kva tekniske forskrifter og standardar som gjeld
  •      har kunnskap om konsekvensar av val av bygningsmateriale og byggemetodar
  •      kjenner til Enova sine støtteordningar
  •      kjenner til kva materialtekniske eigenskapar som ligg til grunn for brannteknisk klassifisering

Ferdigheter

Studenten:

  •      kan utføre manuelle varmetapsberekningar
  •      kan bruke berekningsprogrammet «Simien»
  •      kan tolke utdata frå Simien
  •      kan rekne doggpunkt i konstruksjonar
  •      kan gjere enkle termodynamiske berekningar
  •      kan bruke «Mollier-diagram»
  •      kan utføre energivurdering av bygg i samsvar med «energimerkelova»
  •      kan utføre energivurdering i samsvar med gjeldande teknisk forskrift (TEK)
  •      kan bruke gjeldande standard/spesifikasjon innan område energiberekning  (NS 3031/SN-NSPEK 3031 og NS 3700)
  •      kan gjere greie for gjeldande brann- og lydkrav
  •      kan bruke TEK og rettleiaren til TEK for å fastsette risikoklasse og brannklasse

Generell kompetanse

Studenten:

  •      kan bruke «Simien» på eit tverrfagleg nivå
  •      har ei generell tverrfagleg forståing for dei tekniske faga
  •      kan fungere som koordinator for dei tekniske faga
  •      kan vurdere branntryggleiken i eit bygg

Arbeidsinnsats

Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i vis. I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av evt eksamen, heildagsprøvar og framføring av hovudprosjekt.

Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.

Vurdering

Vurderingsmappe som inneheld minimum:

  •      ei innlevering
  •      ei prøve
  •      ei øving med skriftleg rapport

Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Timeplanfesta timer
41 Time(r)
Deltid
Egenstyrt aktivitet
242 Time(r)
Deltid

Fagressursar

Espedal, K.J. (2017) Bygningsfysikk, Byggenæringens forlag AS, Lillestrøm.

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

Alle studieprogram som bruker dette emnet

  • Bygg Førde

Emneansvarlig

Viggo Leikanger