65TB01T E9 Bygningsfysikk

  • Emnefakta

    • Fagområde
      Bygg
    • Studiepoeng
      10
    • Studienivå
      Høgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
    • Studiestad
      Førde
    • Studieprogram
      Bygg Førde
    • Startsemester
      2023 Haust

Om emnet

Bygningsfysikk

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

·     har kunnskap om bygningen sin energiflyt

·     har kunnskap om internlaster i ulike bygningskategoriar

·     har kunnskap om dei ulike ventilasjonsprinsippa

·     har generell kunnskap om vassborne anlegg

·     har generell kunnskap om kjøleanlegg

·     har generell kunnskap om automasjon

·     veit kva tekniske forskrifter og standardar som gjeld

·     har kunnskap om konsekvensar av val av bygningsmateriale og byggemetodar

·     kjenner til Enova sine støtteordningar

·     kjenner til kva materialtekniske eigenskapar som ligg til grunn for brannteknisk klassifisering

Ferdigheter

Studenten:

·     kan utføre manuelle varmetapsberekningar

·     kan bruke berekningsprogrammet «Simien»

·     kan tolke utdata frå Simien

·     kan rekne doggpunkt i konstruksjonar

·     kan gjere enkle termodynamiske berekningar

·     kan bruke utvida «Mollier-diagram»

·     kan utføre energivurdering av bygg i samsvar med «energimerkelova»

·     kan utføre energivurdering i samsvar med TEK 17

·     kan bruke NS 3031 og NS 6450

·     kan gjere greie for gjeldande brann- og lydkrav

·     kan bruke TEK og rettleiaren til TEK for å fastsette risikoklasse og brannklasse

Generell kompetanse

Studenten:

·     kan bruke «Simien» på eit tverrfagleg nivå

·     har ei generell tverrfagleg forståing for dei tekniske faga

·     kan fungere som koordinator for dei tekniske faga

kan vurdere branntryggleiken i eit bygg

Vurdering

Vurderingsmappe som inneheld minimum:

·     ei innlevering

·     ei prøve

·     ei øving med skriftleg rapport

Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.

Arbeidsmengde

AktivitetVarighetStudieform
Undervisning
152 Time(r)
Sjølvstudium
131 Time(r)

Arbeidskrav

Tre innleveringar

Fagressursar

Lærebøker E9 Bygningsfysikk

Espedal, K.J. (2017) Bygningsfysikk, Byggenæringens forlag AS, Lillestrøm.

Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no

Emneansvarlig

Viggo Leikanger