65TB01T E9 Bygningsfysikk
Emnefakta
- FagområdeBygg
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadFørde
- StudieprogramBygg Førde
- Startsemester2026 Haust
Om emnet
- Bygningsfysikk
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om bygningen sin energiflyt
- har kunnskap om internlaster i ulike bygningskategoriar
- har kunnskap om dei ulike ventilasjonsprinsippa
- har generell kunnskap om vassborne anlegg
- har generell kunnskap om kjøleanlegg
- har generell kunnskap om automasjon
- veit kva tekniske forskrifter og standardar som gjeld
- har kunnskap om konsekvensar av val av bygningsmateriale og byggemetodar
- kjenner til Enova sine støtteordningar
- kjenner til kva materialtekniske eigenskapar som ligg til grunn for brannteknisk klassifisering
Ferdigheter
Studenten:
- kan utføre manuelle varmetapsberekningar
- kan bruke berekningsprogrammet «Simien»
- kan tolke utdata frå Simien
- kan rekne doggpunkt i konstruksjonar
- kan gjere enkle termodynamiske berekningar
- kan bruke «Mollier-diagram»
- kan utføre energivurdering av bygg i samsvar med «energimerkelova»
- kan utføre energivurdering i samsvar med gjeldande teknisk forskrift (TEK)
- kan bruke gjeldande standard/spesifikasjon innan område energiberekning (NS 3031/SN-NSPEK 3031 og NS 3700)
- kan gjere greie for gjeldande brann- og lydkrav
- kan bruke TEK og rettleiaren til TEK for å fastsette risikoklasse og brannklasse
Generell kompetanse
Studenten:
- kan bruke «Simien» på eit tverrfagleg nivå
- har ei generell tverrfagleg forståing for dei tekniske faga
- kan fungere som koordinator for dei tekniske faga
- kan vurdere branntryggleiken i eit bygg
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid, følger samlingsplanen og ligg i timeplanen i vis. I tillegg kan det komme timar på dagtid for avvikling av evt eksamen, heildagsprøvar og framføring av hovudprosjekt.
Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld minimum:
- ei innlevering
- ei prøve
- ei øving med skriftleg rapport
Karakteren vert sett etter ei heilskapleg vurdering av mappeinnhaldet.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 41 Time(r) | Deltid |
Egenstyrt aktivitet | 242 Time(r) | Deltid |
Fagressursar
Espedal, K.J. (2017) Bygningsfysikk, Byggenæringens forlag AS, Lillestrøm.
Gjeldande lover og forskrifter, www.lovdata.no
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Bygg Førde