64TB79C E3 Økonomi
Emnefakta
- FagområdeGrøn omstilling
- Studiepoeng5
- StudiestadFørde
- StudieprogramGrøn omstilling i byggebransjen 2024
- Startsemester2024 Haust
Om emnet
- Grøn økonomi og marknadsføring
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om økonomifunksjonen si rolle i bedrifta og marknadsføringa sitt virkeområde
- har kunnskap om sentrale omgrep i økonomistyring og grøn marknadsføringsleiing
- har innsikt både i finansrekneskap og klima og -berekraftsrekneskap
- har kunnskap om kostnader, enkle kalkyler, budsjett, nøkkeltal og investeringsanalyse
- forstår tidsverdi av penger, samt omgrepa nåverdi og sluttverdi
- kjenner til konsepta livssyklusanalyse (LCA), livssykluskostnader (LCC), kost-nytte-analyse og grøne anskaffelser
- kjenner til forretningsmodellar for sirkularitet
- har kunnskap om grøn marknadsstrategi og stakeholderperspektivet
- kjenner til lovkrav og standardar på nasjonalt og internasjonalt nivå innanfor emnet
Ferdigheter
Studenten:
- kan støtte grøn omstilling i bedrifta ved å identifisere moglegheiter for overgangen frå ein lineær til ein sirkulær økonomi, og medverke i utforminga av sirkulære forretningsmodellar
- kan bidra til analyser og vurderingar som fremjar berekraftig utvikling på økonomisk, sosialt og miljømessige område
- kan kartleggje interne og eksterne arbeidsvilkår i bedrifta for å utforme strategiske val knytt til marknaden, stakeholder og klimarapportering
Generell kompetanse
Studenten:
- har verktøy til å ta gjennomtenkte val av samarbeidspartnar for bedrifta
- kan anvende og integrere teoretiske perspektiv og praktisk erfaring til å identifisere og diskutere faglege utfordringar, spesielt med tanke på berekraftige løysingar
- kan reflektere over og vurdere etiske og samfunnsmessige aspekta ved rapportering og standardisering/regulering. Forstår også viktigheita av kvaliteten på informasjon for berekraft og samfunnsansvar
Vurdering
Vurderingsmappe som inneheld:
Ei innlevering og ei munnleg prøve
Emnet blir vurdert godkjent / ikkje godkjent etter ei heilskapeleg vurdering av vurderingsmappa.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Timeplanfesta timer | 23 Time(r) | |
Egenstyrt aktivitet | 102 Time(r) |
Arbeidskrav
Ei innlevering som må vere bestått for å få vurdering i emnet.
Fagressursar
Lærebøker Grønn markedsføringsledelse av Arne Nygaard, 2. utg., Fagbokforlaget, ISBN 978-82-450-4963-3 Økonomi-illustrator, modul Entreprenør, utgitt av Learning by doing AS: Boka blir delt ut av faglærar, og rekning vil bli sendt frå Fagskulen Vestland. |
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Grøn omstilling i byggebransjen 2024
Emneansvarlig
Jytte Kristin Eikenes
Narayan Dungana
Karin Piel