64HH95F Fagleg fordjuping
Emnefakta
- FagområdeHelsefag
- Studiepoeng10
- StudiestadFørde, Nordnes
- StudieprogramPsykisk helsearbeid og rusarbeid
- Startsemester2024 Haust
Om emnet
Den faglege forjupinga skal vera praksisretta, og studenten skal anvenda kunnskap frå samtlege emne i utdanninga. Det er det overordna læringsutbyttet som skal vurderast i fordjupingsemne.
for oppgåva skal vera praksisretta, og konkret vera knytt til praksis og eit eller fleire tema i utdanningas emne. Studentane skal gjennom fordjupingsarbeidet visa refleksjon og bruka både teori og røynsler frå praksis.
Studentane skal velja tema for oppgåva og laga ei problemstilling innan temaet. Vidare må det utarbeidast ein framdriftsplan som inneheld metodeval og litteraturliste. Dette skal godkjennast innan ein tidsfrist. Dersom studentane skal innhenta data skal dette tillatast på førehand. Kvar gruppe/student vil få rettleiing av ein lærar. Kvar gruppe/student får 6 timars rettleiing totalt.
Studentane må avtala rettleiingstid og vera budd til rettleiingstimane. Gruppene kan få rettleiing på skulen eller digitalt.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om psykiske lidingar, psykisk helsearbeid og rusarbeid og kva omgrep, prosessar og verktøy som er sentrale innanfor dette fagområdet
- har innsikt i sentrale lover, forskrifter og rettleiarar som regulerer rettar og plikter og gir anbefalingar innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- har bransjekunnskap og kjennskap til korleis tenester er organiserte innan psykisk helsearbeid og rusarbeid i helse- og omsorgs- eller oppvekstsektoren
- kan oppdatera sin yrkesfaglege kunnskap om psykisk helsearbeid og rusarbeid
- forstår betydninga av arbeid med psykiske helse og rus i eit folkehelse- og samfunnsperspektiv
Ferdigheter
Studenten:
- kan anvenda fagleg kunnskap og samhandlingskompetanse ved praktiske og teoretiske problemstillingar innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan anvenda relevante faglege verktøy og teknikkar for å fremma psykisk helse, førebygga rusproblematikk og bidra til meistring hos ulike aldersgrupper
- kan finne informasjon og fagstoff innan psykisk helsearbeid og rusarbeid som er relevant for ei yrkesfaglig problemstilling
- kan kartlegga ein situasjon og identifisera faglege problemstillingar innan psykisk helsearbeid og rusarbeid og behov for iverksetting av tiltak
Generell kompetanse
Studenten:
- har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp, utfordringar og dilemma innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøving av yrket som kjem fram i refleksjonar og handlingar, samt i møte med mangfald, migrasjonshelse, ulike kulturar og urfolk
- kan utføra arbeidet innan psykisk helsearbeid og rusarbeid etter utvalgte målgruppers behov
- kan bygge relasjonar med pasient/brukar, pårørande, fagfeller, tverrfagleg og med eksterne målgrupper innan psykisk helsearbeid og rusarbeid
- kan utvikla arbeidsmetodar for å vidareutvikla beste praksis på eigen arbeidsplass
Vurdering
Informasjon mangler
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 18 | |
Asynkron undervisning | 6 | |
Sjølvstudium | 263 |
Arbeidskrav
· utarbeiding av problemstilling
· opponentdag
framlegg for 1. klasse
Fagressursar
Fagleg fordjuping
Litteraturliste kjem