64HH95C Psykiske lidingar og ruslidinga, symptom og behandling
Emnefakta
- FagområdeHelsefag
- Studiepoeng10
- StudiestadNordnes
- StudieprogramPsykisk helsearbeid og rusarbeid
- Startsemester2025 Vår
Om emnet
Emnet gir innsikt i ulike forståingsmodellar, samt kunnskap om kva som kan påverka den psykiske helsa i ulike utviklingsfasar. Emnet gir også kunnskap om ulike psykiske lidingar og ruslidingar i eit livsløpsperspektiv.
Tema som inngår i emnet:
- Normalitet og avvik
- Psykiske lidingar og ruslidingar i eit heilheitleg perspektiv (biologiske, psykologiske og sosiologiske forståingsmodellar)
- Psykiske lidingar og ruslidingar;
· Diagnosegrupper
· ROP-lidingar
· førebyggingsstrategiar og behandlingsmetodar
- Sjølvmord, sjølvmordsforsøk og sjølvskading
- Utviklingsforstyrringar, atferdsforstyrringar og kjenslemessige forstyrringar som oppstår i barndom og ungdomsalder
- Vald og seksuelle overgrep
- Barn som pårørande
- Aldring og sårbarheit for psykiske lidingar og ruslidingar, inklusive demens
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om dei ulike forståingsmodellane innan psykisk helsearbeid og rusarbeid, samt omgrep, prosessar og faglege verktøy som nyttast innan fagfeltet
- har innsikt i diagnosegrupper, særtrekk og relaterte tilstandar innan psykisk helsearbeid og rusarbeid, samt relevant regelverk knytt til oppfølging av menneske med problematikk innan psykisk helse og rus
- har bransjekunnskap og kjennskap til ulike psykiske lidingar og ruslidingar i ulike livsfasar og korleis ein førebygger og behandlar desse
- kan oppdatere sin yrkesfaglege kunnskap om sårbarheit for utvikling av psykiske lidingar og ruslidingar
- forstår eiga yrkesrolle og kompetansenivå i møte med menneske med sårbarheit for utvikling av psykiske lidingar og ruslidingar og deira pårørande
Ferdigheter
Studenten:
- kan anvenda fagleg kunnskap om utviklingsteori og ulike forstyrringar i møte med menneske med sårbarheit for utvikling av psykiske lidingar og ruslidingar, samt deira pårørande
- kan anvenda relevante faglege verktøy og teknikkar for å kartlegga symptom på, eller fare for, sjølvskading, sjølvmordsforsøk og sjølvmord hos ulike aldersgrupper
- kan finna relevant og fagleg informasjon og fagstoff om symptom på sårbarheit for utvikling av psykiske lidingar og ruslidingar, samt endringar i symptombildet
- kan kartlegga ein situasjon, identifisera tidlege teikn på psykiske plager i ulike aldersgrupper og livsfasar, samt identifisera behov for iverksetting av tiltak
Generell kompetanse
Studenten:
- har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp i møte med menneske med psykiske lidingar og ruslidingar samt deira pårørande
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i si yrkesutøving samt i møte med menneske med psykiske lidingar og ruslidingar
- kan utføra arbeid knytt til behov hos sårbare menneske med risiko for utvikling av, eller som alt har etablerte utfordringar knytt til psykisk helse og rus
- kan bygga relasjonar med fagfeller, og på tvers av fag, for å skapa rammer rundt menneske med psykiske lidingar eller ruslidingar
- kan utvikla arbeidsmetodar for å kartlegga og identifisera tidlege teikn på psykiske plager i ulike aldersgrupper og livsfasar
Vurdering
- 1 individuell oppgåve
- 1 gruppeoppgåve med framlegg
For å gå videre til neste emne må alle arbeidskrav være godkjent og alle vurderingskrav være bestått.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 72 Time(r) | Deltid |
Asynkron undervisning | 111 Time(r) | Deltid |
Sjølvstudium | 116 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
- 5 refleksjonsloggar
- 2 test deg sjølv
For å ha rett til å gå opp til vurdering i emnet, så må arbeidskrava vere fullført og bestått.
Fagressursar
Evjen, R., Kielland, K. B. og Øiern, T. (2018) Dobbelt opp. Oslo, Univ.forlaget
Fekjær, H.O. (2016) Rus ,4.utg., Oslo, Gyld. Akademiske, Del 4 KOMPENDIUM (ikkje kjøp)
Håkonsen, K.M. (2014) Psykologi og psykiske lidelser. Gyldendal Akademiske
(del 6)
Lossius, K. red. (2021) Håndbok i rusbehandling, Oslo, Gyldendal akademiske
Rokstad, A.M.M og Smebye K.L. red (2020) Personer med demens, Oslo, Cappelen Damm
Grøholt, B., Garløv, I., Weidle, B. og Ramleth, RK. (2022) Lærebok i barne- og ungdomspsykiatri. 6. utg. Oslo, Universitetsforlaget.
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Administrasjon
- Psykisk helsearbeid og rusarbeid