64HH95A Etikk, samhandling og kommunikasjon
Emnefakta
- FagområdeHelsefag
- StudiestadFørde, Nordnes
- StudieprogramPsykisk helsearbeid og rusarbeid
- Startsemester2024 Haust
Om emnet
Etikk og etiske dilemma
- Etiske teoriar og prinsipp
- Etiske dilemma og etisk refleksjon
- Etikk og teknologi
- Heilheitleg menneskesyn
Kommunikasjon og samhandling
- Brukarperspektivet
- Relasjonskompetanse og relasjonsbygging
- Kommunikasjon i samhandling med tenestemottakar og samarbeidspartnarar
- Gruppeprosess og konflikthandtering
Lover og forskrifter
- Relevante lover, forskrifter og offentlege dokument for utdanningas studentar og tenestemottakarar
Sosiologi og psykologi
- Utviklingspsykologi
- Sosiale roller
- Migrasjonshelse, kultur, mangfald og urfolk
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma, relevante teoriar og arbeidsmåtar, samt etisk refleksjon som verktøy
- forstår betydninga av kompetanse innan relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling i eige yrke, i møte med sårbare menneske, samt i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
- har bransjekunnskap og kjennskap til dei grunnleggande sosialpsykologiske prinsipp, og korleis desse kan påverka enkeltindividet, familien og deira sosiale nettverk
- har bransjekunnskap og kjennskap til dei grunnleggande sosialpsykologiske prinsipp, og korleis desse kan påverka enkeltindividet, familien og deira sosiale nettverk
- har kunnskap om gruppeprosessar, kriseteori og konflikthandtering
- har innsikt i relevant lovverk og offentlege dokument som regulerer fagfeltet, brukarmedverknad og organisering av tilbod i sektoren
- kan oppdatera sin yrkesfaglege kunnskap om teknologiske løysingar og korleis desse kan påverka samhandlinga med tenestemottakar, pårørande og samarbeidspartnarar
Ferdigheter
Studenten:
- kan anvenda fagleg kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma om grunnlag for refleksjon over teoretiske og praktiske problemstillingar
- kan anvenda fagleg kunnskap om teknologiske løysingar til å løysa praktiske teoretiske problemstillingar forsvarleg og med etisk bevisstheit
- kan anvenda teknikkar innan relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling, samt andre faglege verktøy som er relevante for yrkesutøvinga
- kan finna relevant informasjon og fagstoff, samt lovverk, forskrifter og stortingsmeldingar som er relevante for yrkesutøvinga
- kan kartlegga ein situasjon og identifisera faglege problemstillingar og behov for iverksetting av tiltak i forhold til mangfald og migrasjonshelse, samt i møte med ulike kulturar og urfolk
Generell kompetanse
Studenten:
- har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma, samt korleis desse kan påverka samhandlinga mellom tenesteytar og tenestemottakar
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøving av yrket som kjem til uttrykk gjennom refleksjon over eiga yrkesutøving, samt gjennom kommunikasjon og
- samhandling med tenestemottakar og samarbeidspartnarar
- kan bygga relasjonar med fagfeller, tenestemottakarar og samarbeidspartnarar basert på haldningar og verdiar knytt til eit heilheitleg menneskesyn, likeverd og respekt
- kan utføra arbeidet lovmessig, fagleg og etisk forsvarleg i forhold til tenestemottakarane sitt behov, og med fokus på å fremma eit heilheitleg menneskesyn
Vurdering
- 1 individuell oppgåve
- 1 gruppeoppgåve med framlegg
Vurderingsuttrykket er bestått/ikkje bestått.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 72 Time(r) | Deltid |
Asynkron undervisning | 111 Time(r) | Deltid |
Sjølvstudium | 116 Time(r) | Deltid |
Arbeidskrav
- 4 refleksjonsloggar
- 1 test deg sjølv
For å ha rett til å gå opp til vurdering i emnet, så må arbeidskrava vere fullført og bestått.
Fagressursar
Grasaas, K.K., Sjursen, M. og Stordalen, J. (2019) Fag, Etikk og kommunikasjon. Oslo, Cappelen Damm akademisk
Håkonsen, K.M. (2014) Psykologi og psykiske lidelser. Gyldendal Akademiske
Lauveng, A. (2020) Grunnbok i psykisk helsearbeid, Universitetsforlaget
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Administrasjon
- Psykisk helsearbeid og rusarbeid
Emneansvarlig
Bjarte Johnsen
kjersti.lyssand.lindbom@vlfk.no
Marianne Moberg
Rebecca Hoff Vangsnes