64HH95A Etikk, samhandling og kommunikasjon
Emnefakta
- FagområdeHelsefag
- StudiestadFørde, Nordnes
- StudieprogramPsykisk helsearbeid og rusarbeid
- Startsemester2023 Haust
Om emnet
1 a. Etikk
• Etiske teoriar og prinsipp
• Etiske dilemma
• Etikk og teknologi
• Heilheitleg menneskesyn
1b. Kommunikasjon og samhandling
• Brukarperspektivet
• Relasjonskompetanse og relasjonsbygging
• Kommunikasjon i samhandling med tenestemottakar og samarbeidspartnarar
• Gruppeprosess og konflikthandtering
1c. Lover og forskrifter
• Relevante lover, forskrifter og offentlege dokument for utdanningas studentar
og tenestemottakarar
1d. Sosiologi og psykologi
• Utviklingspsykologi
• Sosiale roller
• Migrasjonshelse, kultur, mangfald og urfolk
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma, relevante teoriar og arbeidsmåtar, samt etisk refleksjon som verktøy
- forstår betydninga av kompetanse innan relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling i eige yrke, i møte med sårbare menneske, samt i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
- har bransjekunnskap og kjennskap til dei grunnleggande sosialpsykologiske prinsipp, og korleis desse kan påverka enkeltindividet, familien og deira sosiale nettverk
- har kunnskap om mangfald, migrasjonshelse, ulike kulturar og urfolk i møte med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar.
- har kunnskap om gruppeprosessar, kriseteori og konflikthandtering
- har innsikt i relevant lovverk og offentlege dokument som regulerer fagfeltet, brukarmedverknad og organisering av tilbod i sektoren
- kan oppdatera sin yrkesfaglege kunnskap om teknologiske løysingar og korleis desse kan påverka samhandlinga med tenestemottakar, pårørande og samarbeidspartnarar
Ferdigheter
Studenten:
- kan anvenda fagleg kunnskap om yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma om grunnlag for refleksjon over teoretiske og praktiske problemstillingar
- kan anvenda fagleg kunnskap om teknologiske løysingar til å løysa praktiske teoretiske problemstillingar forsvarleg og med etisk bevisstheit
- kan anvenda teknikkar innan relasjonsbygging, kommunikasjon og samhandling, samt andre faglege verktøy som er relevante for yrkesutøvelsen
- kan finna relevant informasjon og fagstoff, samt lovverk, forskrifter og stortingsmeldingar som er relevante for yrkesutøvinga
- kan kartlegga ein situasjon og identifisera faglege problemstillingar og behov for iverksetting av tiltak i forhold til mangfald og migrasjonshelse, samt i møte med ulike kulturar og urfolk
Generell kompetanse
Studenten:
- har forståing for yrkes- og bransjeetiske prinsipp og dilemma, samt korleis desse kan påverka samhandlinga mellom tenesteytar og tenestemottakar
- har utvikla ei etisk grunnhaldning i utøving av yrket som kjem til uttrykk gjennom refleksjon over eiga yrkesutøving, samt gjennom kommunikasjon og
- samhandling med tenestemottakar og samarbeidspartnarar
- kan bygga relasjonar med fagfeller, tenestemottakarar og samarbeidspartnarar basert på haldningar og verdiar knytt til eit heilheitleg menneskesyn, likeverd og respekt
- kan utføra arbeidet lovmessig, fagleg og etisk forsvarleg i forhold til tenestemottakarane sitt behov, og med fokus på å fremma eit heilheitleg menneskesyn
- kan utvikla arbeidsmetodar produkt og/eller tenester basert på tenestemottakarens behov og utfordringar, og som har relevans for yrkesutøvinga
Vurdering
Det blir knytt læringsutbyttebeskrivelsar til kvart arbeidskrav. Det blir også gitt vurdringskriterium for kvart arbeidskrav. I kva grad studenten oppfylt vurderingskriteria vil avgjera om arbeidskravet blir vurdert til godkjend. Når arbeidskravet endar ut i ei framføring/presentasjon må studenten delta /gjennomføra denne for å få godkjend.
Alle arbeidskrav må vera leverte og godkjende for å få emnekarateren bestått = Jamt god prestasjon, som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 54 Time(r) | |
Asynkron undervisning | 111 Time(r) | |
Sjølvstudium | 116 Time(r) |
Arbeidskrav
· x antall refleksjonsloggar
· 1 individuell oppgåve
· 1 gruppeoppgåve med framlegg
Fagressursar
Grasaas, K.K., Sjursen, M. og Stordalen, J. (2019) Fag, Etikk og kommunikasjon. Oslo, Cappelen Damm akademisk
Håkonsen, K.M. (2014) Psykologi og psykiske lidelser. Gyldendal Akademiske ( del 2, 3, 4 og 5)
Lauveng, A. (2020) Grunnbok i psykisk helsearbeid, Universitetsforlaget
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Psykisk helsearbeid og rusarbeid