58TK51E Produksjon og foredling av planter til mat
Emnefakta
- FagområdeGrøne og gastronomiske utdanningar
- Studiepoeng12
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadHjeltnes
- StudieprogramLokal matkultur
- Startsemester2024 Vår
Om emnet
- Korn og kornprodukt, frukt og bær, grønsaker, sopp og ville vekstar
- Baking
- Lagring, konservering og foredling av råvarer
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om planter som vert nytta til mat i Norge og Norden, både før og no
- har kjennskap til systematikk, morfologi, anatomi og fysiologi knytt til planter
- har kjennskap til produksjon av planter til mat, om ulike produksjonar og heile prosessen frå frø til ferdige planteprodukt
- har kunnskap om klima i Norden, vekstfaktorane og deira betyding for det ferdige planteprodukt
- har kunnskap om bruk av ville vekstar til mat, hausting og foredling
- har kunnskap om konserverings- og foredlingsmetodar og prosessar som vert nytta for ulike planteprodukt (tørking, safting, sylting, pasteurisering, forvelling, fermentering, sous vide m.m.) og har kunnskap om tilsetjingsstoff som eventuelt vert nytta i prosessane
- har kunnskap om ulike kornslag til mjøl, om kvalitet, fermentering og bruk til ulike bakverk og baketeknikkar
- har kunnskap om regelverk og kvalitetskriteriar for produksjon av planter til mat
- har kunnskap om ernæringsmessige forhold knytt til planter og planteprodukt
Ferdigheter
Studenten:
- kan delta i planteproduksjon frå frø til hausting
- kan handsama planter og planteprodukt på rett måte for best kvalitet og i tråd med gjeldande regelverk
- kan vidareforedla planter og sopp med ulike prosessar og foredlingsmetodar
- kan nytta kornprodukt til ulike bakverk og baketeknikkar
- kan kvalitetsbedømma ulike planteprodukt i høve regelverk og bruk
Generell kompetanse
Studenten:
- kan planlegge og gjennomføre planteproduksjon og foredling, aleine eller i lag med produsent, vurdere kvalitet og nytte produkta på ein god måte ovanfor kunde
- forstår kva produksjon, hausting og lagring har å bety for kvaliteten på produkta
- kan formidle og nytta planter til mat, i tråd med matkultur og historie samt sesongens variasjonar
- kan planlegge og gjennomføre produksjon av ulike bakevarer i tråd med regelverk, kvalitetskrav og kunden sine ønsker
Undervisningsformer og aktivitet
Det vert gjennomført førelesningar av teori som vert følgt opp av demonstrasjonar og / eller praktisk arbeid. Deler av undervisninga kan føregå ute i skulen sine praktiske avdelingar, inne på produksjonskjøkkenet eller ute hjå aktuelle samarbeidsbedrifter. Emnet er praktisk retta. Teori og førelesningar vert lagt ut på It`s learning, samt filmsnuttar /video av demonstrasjonar og praktisk arbeid.
Det vert besøke til ulike produksjons- og foredlingsbedrifter.
Vurdering
Karakter vert sett basert på innleveringar, prøvar og praktiske øvingar ein har hatt gjennom året, samt ein avsluttande emneprøve.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 200 Time(r) | |
Sjølvstudium | 50 Time(r) |
Arbeidskrav
Arbeidskrav i emnet vert gitt av faglærar i dei ulike tema. Ei plan for planlagde arbeidskrav blir utlevert til studentar på starten av kvart semester. Det vert spesifisert kva som tel inn på emnekarakter i planen.
Fagressursar
Fagressurser: Produksjon og foredling av planter til mat
Viken, Berit (2009), Plantelære for landbruk og gartnernæring, Tun Forlag, 9788252931723, 416 sider
Hemmer Ellen, (2002), KOnservering, Yrkeslitteratur as, 9788258403958, 108
Valgfri bok om konservering av frukt, bær og grønsaker.
Klassesett til utlån:
Grønne, ville nyttevekster i Norge (2021). Norges sopp- og nyttevekstforbund.
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Lokal matkultur