58TK51B Mat og kommunikasjon
Emnefakta
- FagområdeGrøne og gastronomiske utdanningar
- Studiepoeng10
- StudienivåHøgare yrkesfagleg utdanning, nivå 5.2
- StudiestadHjeltnes
- StudieprogramLokal matkultur
- Startsemester2023 Haust
Om emnet
- Matkultur og mathistorie
- Kommunikasjon og formidling
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om hovudtrekka ved norsk og nordisk matkultur, tradisjon og konsum og kjennskap til særtrekka ved matkultur i andre land
- har kunnskap om formidlingsmetodar som promoterer mat og matprodukt, både med tekst og visuell presentasjon
- Forstår matfaglege omgrep
Ferdigheter
Studenten:
- kan formidle ulike profesjonar innan gastronomien, og kan ved ulike formidlingsmetodar nå eit breitt publikum
- kan bruke relevant fagterminologi og reflektere, drøfte og resonnere både munnleg og skriftleg
- kan planlegge, strukturere og gjennomføre ulike formar for presentasjonar av lokalmat
- kan hente informasjon frå ulike kjelder (tradisjonelle og digitale), og kunne reflektere over kjeldeopphav og kjeldebruk, både overfor eigne og andre
- kan vurdera og forstå viktigheita av god kommunikasjon og truverde i høve kunde og produsent
Generell kompetanse
Studenten:
- kan gjere greie for val av presentasjon og formidlingsmetodar for mat
- kan gjennomføre arbeidsoppgåver kor kommunikative (tekst) evner blir brukt til å formidle idear/informasjon om mat
- kan utføre oppgåver kor språk og formidlingsevner blir brukt til å presentere produkt, idear, og ferdige matrettar
- forstår viktigheita av at arbeid blir utført i tråd med lover og etiske prinsipp og kommunisert truverdig ovanfor kunde
- kan bruke all sin fagkunnskap og kjennskap til yrkesfeltet og delta i diskusjonar om god praksis
Undervisningsformer og aktivitet
Det vert ein del lærarstyrt undervisning med gjennomgang av nytt stoff med oppfølgande diskusjonar individuelt og i grupper. I dette emnet er det viktig å aktivisera studentane gjennom prosjekt, diskusjonar og praktiske øvingar i kommunikasjon både munnleg og skriftleg.
Vurdering
Karakter vert sett basert på innleveringar, prøvar og presentasjonar gjennom året.
Arbeidsmengde
Aktivitet | Varighet | Studieform |
---|---|---|
Undervisning | 166 Time(r) | |
Sjølvstudium | 126 Time(r) |
Arbeidskrav
Arbeidskrav i emnet vert gitt av faglærar i dei ulike tema. Ei plan for arbeidskrav blir utlevert til studentar på starten av kvart semester. Det vert spesifisert kva som tel inn på emnekarakter i planen.
Fagressursar
Mat og kommunikasjon
Fattigmenn, tilslørte bondepiker og rike riddere - mat og spisevaner i Norge fra 1500- tallet til vår tid (2019)
Alle studieprogram som bruker dette emnet
- Lokal matkultur
Emneansvarlig
Julie Gyllander
Andrid Solaas