2MNK171-4 Norsk 2, emne 4: Tekstar i norskfaget

    • Emnekode
      2MNK171-4
    • Studiepoeng
      15
    • Undervisningssemestre
      2026 Vår
    • Undervisningsspråk
      Norsk
    • Undervisningssted
      Hamar
    • Forkunnskapskrav

      Emna 2MNK171-1 Norsk 1, emne 1 og 2MNK171-2 Norsk 1, emne 2 eller tilsvarande, må vere bestått.

Emnets innhold
  • Skjønnlitteratur og sakprosa i tradisjonelle og moderne medium
  • Litteraturhistorie
  • Litteraturteori og multimodalitetsteori
  • Litteraturdidaktiske tilnærmingar
  • Leseferdigheiter og lesestrategiar
  • Elevtekstanalyse og respons
  • Akademiske tekstar og akademisk skriving

Læringsutbytte

Ved bestått emne har kandidaten oppnådd følgende læringsutbytte:

Kunnskapsmål

Studenten

  • har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar
  • har kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv
  • har kunnskap om litteraturhistorie
  • har brei kunnskap om skjønnlitteratur frå ulike tider, for barn, unge og vaksne
  • har kunnskap om samisk litteratur og kultur
  • har omfattande kunnskap om den vidare opplæringa i lesing
  • har omfattande kunnskap om den vidare opplæringa i skriving
Ferdighetsmål

Studenten

  • kan legge til rette for variert arbeid med skjønnlitteratur og sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium
  • kan bruke grammatikk- og språkkunnskap, tekst- og litteraturkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
  • kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
  • kan legge til rette for at elevar på trinn 1–7 lærer å lese, skrive og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium
  • kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i den vidare lese- og skriveopplæringa
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
  • kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 1–7 i samarbeid med andre
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert lagt opp i form av forelesingar, ulike seminar, arbeid i grupper og individuelt. Aktiv deltaking i undervisninga og på høgskulens IKT-baserte studiestøttesystem er ein viktig del av studiet. Arbeidsformene er vidare spesifiserte i undervisningsplanen.

Praksis

Praksisstudiet er ein integrert del av faga som inngår i utdanninga. Alle fag i utdanninga har saman med praksisstudiet ansvar for at studentane utviklar ein identitet som lærar. Det skal vere ei nær kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i lærarutdanningsfaga og praksisstudiet. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for faglærarane i grunnskulelærarutdanningane, praksislærar og rektor.

Studentane skal utføre oppgåver i praksisperioden ut frå undervisningsplanen og delta på profesjonsseminar på høgskulen.

Obligatoriske aktiviteter
  • Munnleg presentasjon i gruppe av ei fagleg problemstilling
  • Inntil tre individuelle skriftlege arbeidskrav (kort notat med prosjektskildring, resymé av relevant faglitteratur, drøfting av eit fagleg tema)
  • Korte faglege innspel knytt til emne i pensum eller til medstudentane si skriving og munnlege presentasjonar, som spesifisert i undervisningsplanen
  • 75 % obligatorisk frammøte til undervisning slik det går fram av undervisningsplanen. Studenten har sjølv ansvar for å bli registrert
Eksamen
VurderingsordningKarakterskalaGruppe/individuellVarighetHjelpemidlerAndelKommentar
Oppgåve
ECTS - A-F
Individuell
  • Alle
60 %
Munnleg eksamen
ECTS - A-F
Individuell
  • Ingen hjelpemidler
40 %
Eksamen

Del 1: Individuell FoU-oppgåve om eit tema studenten sjølv har valt. Eksamen tel 60 % av karakteren. Målform: Bokmål

Del 2: Individuell munnleg eksamen. Eksamen tel 40 % av karakteren.

Prestasjonen blir vurdert med graderte bokstavkaraktar frå A-F, der E er lågaste ståkarakter.

Emnenavn på engelsk: 
Norwegian: Literature and literacy practices
Emnenavn på bokmål: 
Norsk 2, emne 4: Tekster i norskfaget
Fakultet
Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk
Fagområde
5-årig masterprogram i grunnskolelærerutdanning 1-7 trinn
Studieprogram
Grunnskolelærarutdanning for trinn 1-7
Emnenivå
Foundation courses, level I (100-LN)